Din eigen taco

Mi mjølkeallergiske venninne kunne konstatere at det var skummamjølkpulver i tacokrydderblandinga. Kva skal ein stakkar gjere?

Eg heiv meg utpå, og prøvde å lage mi eiga tacokrydderblanding. Den første runden heldt på å utløyse apoplektiske anfall rundt bordet, så sterk var den. Andre runde vart meir balansert, og smakte veldig godt. Slik gjorde eg det:

img_6233Heimelaga tacokrydder

2 ts chilipulver

1 ss paprikapulver

2 ts buljongpulver

1 ts urtesalt

1 ts peppar

1 ts spisskummen

1 ts malt koriander

1 ss maisenna

img_6236Bland alt det tørre. Oppbevar krydderblandinga på eit tett glas, det går med 1 ss krydderblanding til 400 g kjøt.

Hakk ein løk og to fedd kvitløk fint. Eg hakkar den grovt, og køyrer den saman med kvitløken i ei matmølle slik at det ikkje blir løkbitar i maten. Dette på grunn av dei pysete barna mine, som ikkje likar konsistensen på løk, berre smaken på den.

img_6238Brun 400 g kjøtdeig i steikepanna på høg varme. Ha i løken og 1 ss krydderblanding. Slå på 1,5 dl vatn, og rør det heile saman. La blandinga frese til den er ganske tørr og smulete i konsistens.

Server på tradisjonelt tex-mex-vis, med salat, hakka tomatar, rømme og salsa i skjell eller i wraps. Sunt og godt!

8 kommentarar til “Din eigen taco”

  1. mykstart seier:

    Takk for oppskrift til krydderblanding! Smurfane har ein kompis med bror og mor som har cøliaki. Hypersensitive sådanne, sjølv spormengder utløyser dævelskapen. Har tenkt å prøve å krote saman ei blanding sjøl, men no vert det jo enklare.. treng ikke eksperimentere så fælt. Men får finne alternativer til buljong og urtesalt.. der kan det nemlig være ting som kan være fy. Takk takk! Fin vår har du her inne på bloggen også. Lurer på om eg skal ta meg ein tur til Tøyen i dag og fotografere litt også. Ha ein strålande dag, sjøl om det er overskya.

  2. kjersti70 seier:

    Eg har også byrja med å lage eigen Taco-blanding, ikkje fordi den har gluten, men fordi den både er dyr og altfor salt! Oppskrifta di er ikkje ulik mi: http://sukkerungen.wordpress.com/2009/01/29/kjapp-middag/

    Eg brukar meir tacopulver da; ca. 1 dl. faktisk! Det går kanskje an når ein droppar chilipulveret; mine er så små at dei likar ikkje så mykje “kick”.

    Eg må prøve med litt koriander også!

    Taco er sundt ja (sjølv om skjella egentlige er fulle av palmefett, så er nå tilbehøret bra). Vi har det relativt ofte og varierer med skjell, lefser (glutenfrie potetlefser til Snuppa) eller Nachos. Hos oss er dette kvardagsmat! :) Artig at andre lagar eigne blandingar også!

  3. Alt godt seier:

    Mykstart: Eg lagar mitt eige urtesalt og. Det kjem til å kome oppskrift på det her utpå sommaren, men det er faktisk veldig enkelt. Og du kan droppe både buljong og urtesalt, og bruke vanleg salt i staden. Grunnen til at eg brukar buljong og urtesalt er at dei gir litt meir kompleks smak, men det er ikkje nødvendig.
    Kjersti70: Utan chili kan du vere rausare, ja. Då slepp du slike anfall ved bordet… :-)

  4. Jakob seier:

    Mysteriet med hva tacokrydder er løste du nå for meg. Takk!

  5. Alt godt seier:

    Jakob: Bra! ;-)

  6. Rullemat « Alt godt seier:

    [...] er kjempeenkel mat, særleg dersom du har ståande eit glas av min heimelaga tacomix. Den brukte eg for å få til denne fine laurdagsretten, som gjorde oss alle i godt [...]

  7. Meksikansk i alle land « Alt godt seier:

    [...] ss heimelaga tacoblanding medbrakt i [...]

  8. Helge seier:

    Denne ble kjempegod! Smakte ikke akkurat taco (jeg brukte sitron, kremfresj og slikt, i tillegg til at jeg pøste hele blandingen oppi :) ) da.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s