-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården.

For ikkje å snakke om denne:

-Og til slutt denne stjerna her:

Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!
-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården.

For ikkje å snakke om denne:

-Og til slutt denne stjerna her:

Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!
Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske.
Mange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den.
Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen.
I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda.
Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim.
Den er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral sommarparfyme.
Det er rose, neroli (appelsinblomst), frangipani og gardenia som er dei berande blomenotane i parfymen. Reine blomenotar kan fort bli kvalmande, og difor er det avgjerande korleis dei øvrige notane harmonerer og føyer seg inn rundt blomane for om ein slik komposisjon vert vellukka.
Kenzo Amour Florale har fått eit friskt hint av grapefrukt, og kardemomme gir den eit innslag av varme. Dette rammar inn blomenotane på ein lekker måte. Det gjer at dufta framstår som velbalansert grøn og floral. Å gå med den er som å gå gjennom ein hage, med deilige, kvite blomar overalt rundt seg.
Det vil nok variere frå person til person kor lenge den held, på meg sit den i fire-fem timar, og det er lenger enn mange tilsvarande dufter. Eg prøvde fire ulike på huda i går, og to av dei var borte etter ein halvtime.
Flaska er lekkert dels opak, dels gjennomskinneleg glas, og kjem i 40 ml og 85 ml.
Eigentleg har vi hatt bremsene på, var vi einige om der vi sykla heimover ned Gothers gade. Men nokre innkjøp må ein gjere når ein er i store byar. Heidi går rundt og akkar og ojar seg over kor stort det er her, og kor mykje folk det er her. Fast på ett bra sätt.
Det kan ha ein samanheng med at det er pinse, og dermed pinsekarneval. Vi syntest vi var tidleg oppe, og var klare på Kongens Nytorv klokka elleve.
Der kokte det, med trommer, lettkledde damer og eit folkeliv utan sidestykke.
Han karen til høgre leia eit trommekorps ved hjelp av armane, si eiga tromme og ei fløyte. Han og gjengen hans lagde mykje bråk, kan ein seie.
Som du ser leia han det raude laget, i tillegg var det grøne, det turkise, det kvite og det meksikanske der.
Alle tromma i sambatakt, og var imponerande samkøyrde. Det grøne laget hadde med seg denne dama, eg trur ho sto opp tidleg for å byrje stylinga.
Ho var nærare 190 cm høg, rett nok på eit par ganske imponerande hælar. Eg måtte berre sende henne ein vennleg tanke, og ynskje henne lykke til med å danse bortover det brusteinslagde Strøget.
Det einaste fornuftige var altså å styre unna Strøget, så det gjorde vi.
Heidi fann seg ein snyta fin regnparkas, som garantert vil vekke åtgaum i gatene i Ørsta.
Og eg fann meg nokre parfymer, sjølvsagt. Her ser du dagens fangst.
Ei lita gåve til ein trettenåring i familien, Kenzo Amour Florale, Paul Smith Floral, småprøver på Juliette has a gun Citizen queen og Miss Charming, Bulgari Omnia Green Jade, Delices de Cartier Eau Fruitèe, silkeband og prøve på Gucci Flora, prøve på Diesel Fuel for life (ja, du skal få den, Agnete…) Juicy Couture, Kenzo Amour Florale, Paul Smith Woman og kremprøver på Eau de Soir og Soir de Lune. Puh. Ein heil del, altså.
Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel.
Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet.
Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell “tea tier” med tre etasjar.
Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse.
Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si.
Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime.
Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!
I dag blir det ikkje blomar frå heimen i Oslo, men frå København, naturleg nok. Blomane inne fekk dokke sjå tidlegare i dag, så no ynskjer eg dokke ei fredeleg og lang helg med denne baljen som eg fann i går.
Lyset er betre enn eg kunne ha arrangert sjølv, ettermiddagssol speila i vindauga på den andre sida av gata. Ein flott idé til dekorasjon, stilkane gjer at rosene held seg på plass. Varme helsingar til alle som stikk innom frå København!

Å, kor eg kosar meg i denne byen! Full av fine fotomotiv er den og. Eg ventar på Heidi, så i mellomtida postar eg nokre fleire bilde til dokke. (Eg har fått meg kortlesar, då gjekk eg rundt drivarproblemet, til dokke som hjalp og trøsta meg i påska…)
Ei utsikt i botanisk hage:
Dei slit med å få fart på den variegerte mynten sin i Botanisk. Jaja, noko skal vi vere åleine om å få til på Lindern og…
Fire dagar på same hotellrom, då må eg ha blomar på romet. Ein dansk femtilapp ga eg for desse, vasen er den minste hotellet fann.
…do as the romans, har eg lært. Så eg syklar rundt i København, hotellet tilbyr utleigesyklar. Fine greier. Her er nokre københavnrelevante lenker:
Sykling i København (og andre fine byar): http://www.copenhagencyclechic.com/
Ein amerikanar i København: http://lbstadler.wordpress.com/
God stil i København: http://www.copenhagenstreetstyle.dk/
Ein dansk musikkblogg: http://docopenhagen.blogspot.com/
Rhododendronane i Kongens have blomstrar.

To andrikkar held lag.
Fint rom!
Cindy Lauper er ei av mine heltinner, ho skriv vakker og uttrykksfull musikk med tekster som rører meg. Time after time er i ferd med å bli ein moderne klassikar, det finst allereie ei lang rekke coverversjonar av den. Miles Davis var blant dei første til å plukke den opp, og han valde ikkje kva som helst.
Teksten på Time after time er vemodig, lengtande, full av ettertanke, etterpåklokskap kanskje, og kampvilje. Ei sterk oppmoding til å prøve igjen og å finne attende til kvarandre dersom det ein har er verd å kjempe for.
No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen!
Alt godt
I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord.
Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. Dei som driv gardsmat må få brenneslesuppe og sufflé på menyen. Bruk mi oppskrift på ostesufflé, men bytt osten ut med brennesle og få brenneslesufflé.
Når eg laga denne suppa så brukte eg ca 10 cm av planta målt frå toppen av. Brukar du større del av planta blir stilken gjerne grovare og er ikkje fult så god å ete. Desse fibra har vorte brukt til å veve stoff av. Du kan bruke berre blada, men eg brukte stilken og. Til denne porsjonen brukte eg ca. 80 gram nyplukka brennesle.
Legg nyplukka planter i ein stor balje med vatn og skyll dei godt. Rens ut svarte blad og forvell dei i kokande vatn i 3 minutt for så å ha dei over i kaldt vatn. No når planta er på sitt beste kan du henge opp bukettar til tørk. Dei tørka blada kan du legge på glas og bruke brennesle i supper og gryterettar heile vinteren gjennom.
Brenneslesuppe
2 store ss margarin
3 ss kveitemjøl
1 liter vatn
2 dl kremfløyte
2 ts buljongpulver
Ca 50-80 gram hakka forvella brennesler
Smelt margarinen og strø mjølet over. Tilsett vatn, kremfløyte og buljong. Kok dette under omrøring i ca 8 minutt slik at mjølsmaken forsvinn. Tilsett brenneslene til slutt. Dette er eigentlig utgangspunktet for andre supper og. Vil du bruke hakka forvella skvallerkål er det og ei svært god suppe. Skvallerkål har truleg dei fleste av oss rett rundt hjørnet. Bruk dei unge blada av skvallerkål.
Laks er sommarmat for mange av oss. Her er ei god oppskrift som kan lagast i god tid før gjestane kjem. Lag alt til på førehand og legg pakkane i omnen når gjestane går inn døra.
Laksepakke i aluminiumsfolie
Ca 800 gram laksefilet utan skinn og bein
Ein god smørklatt.
1 sellerirot
2-4 gulrøter
½ purre
2 stk neper
½ brokkoli
Litt tørka estragon
Litt sitronsaft
Salt og pepar.
Du må ha salt og pepar på bordet for det kan lett bli for lite.
Skjer fisken i 4×4 cm og legg nokre terningar på eit stykke aluminiumsfolie saman med ein god smørklatt. Skjer grønsakene i strimler og steik dei på steikepanna i ca 5-8 minutt og strø estragon, sitronsaft, salt og pepar over. Legg litt steikte grønsaker over lakseterningane og pakk folien rundt. Steik laksen i omnen på 180 grader i 20-25 minutt. Server kokte poteter og rømme til.
Litt kake må oss unne oss no om sommaren, og kva er vel betre enn å ete ei eplekake, medan vi venter på at våre eigne eple skal bli modne!
Tysk eplekake med kesam
125 gram margarin
200 gram sukker
3 eggeplommer
2 ½ boks kesam orginal
75 gram semulegryn
2 ss potetmjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
4 epler
3 stivpiska eggekviter.
Set omnen på 175 grader. Rør margarin og sukker kvitt og tilsett eggeplommene. Ha i kesam og dei andre tørre ingrediensane. Skrell epla, skjer dei i tynne båtar og bland dei inn i deigen. Vend stivpiska eggekviter inn til slutt. Ha deigen i ei 26 cm rund form og steik kaka på nederste rille i 60 minutt på 175 grader. Legg då eit bakepapir på toppen og steik ho i 15 minutt til. Pass på og vurder sjølv. Kanskje du skal steike ho 10 minutt til dersom ho er svært geléaktig på toppen.
-når det gjeld parfyme. Eg besøkte ei av mine duftande venninner i Grimstad, og her er bevisa. Eg trudde eg var sprø med min halve kvadratmeter med parfyme. Vertinna har omtrent så mykje som meg, men ho har eit minikjøleskap å ha dei i!!! Kult?
Eg er ganske misunneleg, ja. Kunsten er altså å følge med når hotell pussar opp, og kastar ut gamle minibarar. Dei vert perfekte heime-parfymekjøleskap, til trygg oppbevaring av duftande skattar.
Her er mange kjende dufter, Narciso Rodriguez EdT, Dolce Vita, Delice de Cartier, Eau de Jatamansi og den lyse, lette Burberry Brit Sheer, som trettenåringen min kosar seg med.
Her ser du heile samlinga, iallfall dei flaskene som det er noko storleik på.
L’Occitane Cedre er ei heilt magisk duft, basert på reine trenotar, og den er noko av det mest sexy eg kan tenke meg.
Kanskje helst på ein mann, men eg følte eg pusta gjennom armen min då eg hadde den på, så den funkar på damer og.
Den store irissåpa som ligg fremst luktar som ein heil sommarhage. Eg likar eigentleg ikkje så godt iris, men denne kunne eg sove med under puta. Nydeleg!
Dune oppdaga eg og litt på nytt, den er vaksen utan å vere pudrete og kjedeleg. Patchuly Dolce var og eit spennande møte, varmare og meir kompleks enn Cedre.
I bilen på veg attende til Arendal var vi vel kanskje noko trafikkfarlege, der vi sat og lukta på eigne og kvarandres armar. Deilig!
- og eg tenker at eigentleg burde eg vere glad for det. Det er bra for hagen, for aspargesane, for blomane som står i ein pose ved inngangsdøra og ventar på å bli planta. For ikkje å snakke om dei som står der dei skal stå i bedet sitt, men enno ikkje er tekne ut av potta. Uff, eg har vore ein dårleg hagebrukar i år.
Men det regnar, det bergar dei kanskje til eg får avslutta korøvinga, generalforsamlinga, pakkinga, vitninga i retten, seminaret på danskebåten, foredraget om cash management (!!) på danskebåten, shoppingturen med Heidi i København, flyturen heim, rekneskapen og sjølvmeldinga. Puh. Kan verda bli normal etter dette, ver så snill?
Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen.
Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere.
Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret.
Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det:
Skinkegratinert brokkoli
800 g (to “hovud”) brokkoli
100 g ost
8 dl mjølk
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
Salt, peppar og muskat
Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og legg i brokkolien. La den koke i 3-5 minutt. Hell av vatnet, og la den dampe tørr.
Smelt smøret i gryta, rør inn mjøl og slå på mjølk. Rør glatt, og la det heile koke opp medan du rørar. Smak til med salt, peppar og muskat. Ta sausegryta av plata, og rør inn osten. Smak at sausen er passe salt. Eg har også gjerne i ein sprut sitron.
Skjer skinka i passe bitar, og ha dei i sausen. Ha brokkolien i ei eldfast form. Ha over skinkesausen. Har du litt ekstra ost, så strø den over før du set forma i omnen. Steik gratengen på 200 grader i 18-20 minutt.
Server med rista brødskiver, og litt salat viss du har.
Vi har hatt ei deilig, lang helg på Sørlandet, med gode vener, god mat og turar hit og dit. I Grimstad hagla det, men heldigvis gjekk det fort over. På Mærdø vart vi solbrende, og spiste deilig is. Vi gjekk på tur i skogane på Hisøya, og såg på dei gamle NATO-anlegga, på fine hus i Sandviga og fann teppe av natt og dag. Fint!
Vertinna langt der oppe:

Natt og dag i fjøresteinane:

No veit vi kvar han parkerer:

Vakre sørlandet:

Det er berre ein ting å gjere: Skap di eiga moro. Slik som denne karen gjorde.
http://www.sol.no/klipps/video/flyvert_som_er_lei_av_rutiner
I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først.
Der fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre.
Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg.
Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme.
I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg enno.
Frankford Arsenal heiter vidunderet, til rifleammunisjon av kaliber 243 til 308. 39 kroner per boks var akkurat passe pris, syns eg. Jammen er vi lette å glede, vi damene!
Når du les dette er vi i Arendal, utan datanett og har det sikkert heilt strålande. Vi held til i eit hus ikkje så langt frå havet, med utsikt til Torungen fyr.
Vertinna har sikkert bada, det kan eg love at eg ikkje har. Vi har vore inn til byen med båten, kjøpt god vin og mørt kjøt, eller kanskje litt kveite eller ferske reker, og nikosar oss. Eg fotograferer, slik at eg har noko å skrive om når eg kjem tilbake til den store byen.
Nelliken på bildet er det svigermor som brakte i hus. Nellikar er nedvurderte, det er flotte, fløyelsmjuke blomar som toler ein støyt.
Då søstra gifta seg var buketten hennar ein ball lagd av nellikar akkurat like metta raude som den svigermor tok med seg til meg.
Eg syns denne er nydeleg, og let den stå her og lyse opp bloggen min til eg kjem heim. I mellomtida ynskjer eg alle som kjem innom her ein fredeleg kveld.
Dei som kjenner meg veit at eg har vakse opp i ein bilverkstad. Dei som kjenner meg verkeleg godt veit at familien min har hatt to privatbilar. Den eine er ein Peugeot 404 Familiare, kjøpt i 1970, og parkert for godt etter at eg hadde den som russebil midt på åttitalet. Den andre, ein Seat, rullar og går for dei som bur i barndomsheimen framleis. Førarkortet tok eg som privatist, og eg er ein entusiastisk bilist. Skal det køyrast fort og lenge i vår familie, er det ofte eg som gjer det.
Eg har lurt på om vi skal sjå på ein miljøvennleg hybridbil neste gong vi skal ut på marknaden. Denne anmeldelsen av Honda sitt nye hybridvidunder har imidlertid gjort meg i tvil. Jeremy Clarkson, den bilglade programleiaren i Topgear, har hatt ein til uttesting, og gjeve si vurdering. Den var så morsom at eg må poste den her. Britar er utruleg slagferdige, nesten uansett kva dei skriv om, og her går det altså ut over ein stakkars Honda.
Much has been written about the Insight, Honda’s new low-priced hybrid. We’ve been told how much carbon dioxide it produces, how its dashboard encourages frugal driving by glowing green when you’re easy on the throttle and how it is the dawn of all things. The beginning of days.
So far, though, you have not been told what it’s like as a car; as a tool for moving you, your friends and your things from place to place.
So here goes. It’s terrible. Biblically terrible. Possibly the worst new car money can buy. It’s the first car I’ve ever considered crashing into a tree, on purpose, so I didn’t have to drive it any more.
The biggest problem, and it’s taken me a while to work this out, because all the other problems are so vast and so cancerous, is the gearbox. For reasons known only to itself, Honda has fitted the Insight with something called constantly variable transmission (CVT).
It doesn’t work. Put your foot down in a normal car and the revs climb in tandem with the speed. In a CVT car, the revs spool up quickly and then the speed rises to match them. It feels like the clutch is slipping. It feels horrid.
And the sound is worse. The Honda’s petrol engine is a much-shaved, built-for-economy, low-friction 1.3 that, at full chat, makes a noise worse than someone else’s crying baby on an airliner. It’s worse than the sound of your parachute failing to open. Really, to get an idea of how awful it is, you’d have to sit a dog on a ham slicer.
So you’re sitting there with the engine screaming its head off, and your ears bleeding, and you’re doing only 23mph because that’s about the top speed, and you’re thinking things can’t get any worse, and then they do because you run over a small piece of grit.
Because the Honda has two motors, one that runs on petrol and one that runs on batteries, it is more expensive to make than a car that has one. But since the whole point of this car is that it could be sold for less than Toyota’s Smugmobile, the engineers have plainly peeled the suspension components to the bone. The result is a ride that beggars belief.
There’s more. Normally, Hondas feel as though they have been screwed together by eye surgeons. This one, however, feels as if it’s been made from steel so thin, you could read through it. And the seats, finished in pleblon, are designed specifically, it seems, to ruin your skeleton. This is hairy-shirted eco-ism at its very worst.
However, as a result of all this, prices start at £15,490 — that’s £3,000 or so less than the cost of the Prius. But at least with the Toyota there is no indication that you’re driving a car with two motors. In the Insight you are constantly reminded, not only by the idiotic dashboard, which shows leaves growing on a tree when you ease off the throttle (pass the sick bucket), but by the noise and the ride and the seats. And also by the hybrid system Honda has fitted.
In a Prius the electric motor can, though almost never does, power the car on its own. In the Honda the electric motor is designed to “assist” the petrol engine, providing more get-up-and-go when the need arises. The net result is this: in a Prius the transformation from electricity to petrol is subtle. In the Honda there are all sorts of jerks and clunks.
And for what? For sure, you could get 60 or more mpg if you were careful. And that’s not bad for a spacious five-door hatchback. But for the same money
you could have a Golf diesel, which
will be even more economical. And hasn’t been built out of rice paper to keep costs down.
Of course, I am well aware that there are a great many people in the world who believe that the burning of fossil fuels will one day kill all the Dutch and that something must be done.
They will see the poor ride, the woeful performance, the awful noise and the spine-bending seats as a price worth paying. But what about the eco-cost of building the car in the first place?
Honda has produced a graph that seems to suggest that making the Insight is only marginally more energy-hungry than making a normal car. And that the slight difference is more than negated by the resultant fuel savings.
Hmmm. I would not accuse Honda of telling porkies. That would be foolish. But I cannot see how making a car with two motors costs the same in terms of resources as making a car with one.
The nickel for the battery has to come from somewhere. Canada, usually. It has to be shipped to Japan, not on a sailing boat, I presume. And then it must be converted, not in a tree house, into a battery, and then that battery must be transported, not on an ox cart, to the Insight production plant in Suzuka. And then the finished car has to be shipped, not by Thor Heyerdahl, to Britain, where it can be transported, not by wind, to the home of a man with a beard who thinks he’s doing the world a favour.
Why doesn’t he just buy a Range Rover, which is made from local components, just down the road? No, really — weird-beards buy locally produced meat and vegetables for eco-reasons. So why not apply the same logic to cars?
At this point you will probably dismiss what I’m saying as the rantings of a petrolhead, and think that I have my head in the sand.
That’s not true. While I have yet to be convinced that man’s 3% contribution to the planet’s greenhouse gases affects the climate, I do recognise that oil is a finite resource and that as it becomes more scarce, the political ramifications could well be dire. I therefore absolutely accept the urgent need for alternative fuels.
But let me be clear that hybrid cars are designed solely to milk the guilt genes of the smug and the foolish. And that pure electric cars, such as the G-Wiz and the Tesla, don’t work at all because they are just too inconvenient.
Since about 1917 the car industry has not had a technological revolution — unlike, say, the world of communications or film. There has never been a 3G moment at Peugeot nor a need to embrace DVD at Nissan. There has been no VHS/Betamax battle between Fiat and Renault.
Car makers, then, have had nearly a century to develop and hone the principles of suck, squeeze, bang, blow. And they have become very good at it.
But now comes the need to throw away the heart of the beast, the internal combustion engine, and start again. And, critically, the first of the new cars with their new power systems must be better than the last of the old ones. Or no one will buy them. That’s a tall order. That’s like dragging Didier Drogba onto a cricket pitch and expecting him to be better than Ian Botham.
And here’s the kicker. That’s exactly what Honda has done with its other eco-car, the Clarity. Instead of using a petrol engine to charge up the electric motor’s batteries, as happens on the Insight, the Clarity uses hydrogen: the most abundant gas in the universe.
The only waste product is water. The car feels like a car. And, best of all, the power it produces is so enormous, it can be used by day to get you to 120mph and by night to run all the electrical appliances in your house. This is not science fiction. There is a fleet of Claritys running around California right now.
There are problems to be overcome. Making hydrogen is a fuel-hungry process, and there is no infrastructure. But Alexander Fleming didn’t look at his mould and think, “Oh dear, no one will put that in their mouth”, and give up.
I would have hoped, therefore, that Honda had diverted every penny it had into making hydrogen work rather than stopping off on the way to make a half-arsed halfway house for fools and madmen.
The only hope I have is that there are enough fools and madmen out there who will buy an Insight to look sanctimonious outside the school gates. And that the cash this generates can be used to develop something a bit more constructive.
The Clarksometer
Honda Insight 1.3 IMA SE Hybrid
Engine 1399cc, four cylinders
Power 87bhp@5800rpm
Torque 89 lb ft @ 4500rpm
Transmission CVT
Fuel 64.2mpg (combined)
CO2 101g/km
Acceleration 0-62mph: 12.5sec
Top speed 113mph
Price £15,490
Road tax band B (£15 a year)
Clarkson’s verdict
Good only for parting the smug from their money
Frå “mein Berliner Bruder” har eg fått denne samtalen. Eit kroneksempel på språkleg samarbeidsevne frå begge partar.
Protocol of a phone call between guest and room-service in a hotel somewhere in Asia:
Room Service: “Morny. Ruin sorbees.”
Guest: “Sorry, I thought I dialled room-service.”
Room Service: “Rye…Ruin sorbees…morny! Djewish to odor sunteen??”
Guest: “Uh…yes…I’d like some bacon and eggs.”
Room Service: “Ow July den?”
Guest: “What??”
Room Service: “Ow July den? …pry, boy, pooch?”
Guest: “Oh, the eggs! How do you like them? Sorry, scrambled please.”
Room Service: “Ow July dee baychem…crease?”
Guest: “Crisp will be fine.”
Room Service: “Hokay. An san toes?”
Guest: “What?”
Room Service: “San tos. July san toes?”
Guest: “I don’t think so.”
Room Service: “No? Judo one toes?”
Guest: “I feel really bad about this, but I don’t know what ‘judo one toes’ means.”
Room Service: “Toes! toes! …why djew Don Juan toes? Ow bow singlish mopping we bother?”
Guest: “English muffin!! I’ve got it! You were saying ‘Toast’. Fine. Yes, an English muffin will be fine.”
Room Service: “We bother?”
Guest: “No, just put the bother on the side.”
Room Service: “Wad?”
Guest: “I mean butter…just put it on the side.”
Room Service: “Copy?”
Guest: “Sorry?”
Room Service: “Copy…tea…mill?”
Guest: “Yes, coffee please, and that’s all.”
Room Service: “One Minnie. Ass ruin torino fee, strangle ache, crease baychem, tossy singlish mopping we bother honey sigh, and copy…rye??”
Guest: “Whatever you say.”
Room Service: “Tendjewberrymud.”
Guest: “You’re welcome.”
–
Brazz Brothers vaks eg og opp med. Dei av vennane mine som spelte i korps var kvar sommar i Ørsta på sommarkurs med desse førde-brødrene, og kom heimatt høge på livet etter å ha jamma i ei tid då jamming ikkje ein gong hadde med syltetøy å gjere.
Eg var skitmisunneleg, men verken piano eller chello hadde noko i korps å gjere. Og å synge var heilt utenkeleg, då måtte ein i allfall vere grimsting og synge kristelege songar, då var det greitt. Elles var det berre å vise seg fram, og det skulle ein ikkje. Dermed basta.
Bruremarsjen til Jan Magne Førde er ei perle, og desse karane improviserer på ein måte som er heilt nydeleg. Sjå trommisen, han er berre strålande. Eg diggar dei, eg diggar dei! Opptaket er frå Landsfestivalen for korps i 2008 i Stavanger.
…eg har alltid kost meg med bursdagar, min eigen eller andres. Så eg står fram: I dag har eg bursdag! Eg fyller 29 for n’te gong, og nyt det! Dagen er tilbragt på jobb og i bilen langs den sørlandske hovedvei, og det er heilt OK.
Denne flotte kaka “fekk eg” av ei venninne over dammen, så no delar eg den med dokke.
Ha ein fortsatt fin kveld, og send meg ein tanke her eg sit i Flødevigen med ein nettforbindelse på dimensjon med ein sytråd.
Vi gler oss til sola i morgon, for det er alltid pent vær på Sørlandet!
Mai og desember er dei to store festmånadane for meg. Vi har mange bursdagar i mai, og dei mange fridagane er fine høve til å invitere huset fullt.
Men det er ikkje alltid ein har lyst til å invitere til sitt ned-middag. Av og til er det deilig å berre mingle, danse, drikke sjampanje eller liknande og kose seg på ein meir uformell måte.
Dei siste åra har ei tapas-bølge ridd landet. Uansett kvar du skal får du servert tapas, og det er langt frå den spanske tapasen, som berre er eit lite tiltygg til eit glas sherry. I dag prøver eg å fjerne meg frå tapas-bølga, men eg serverer likevel fingermat. Menyen du får her er utan kjøttbollar og aioli. Dette er ekte fingermat, som ein kan spise utan å sitte ned.
Det kan vere vanskeleg å berekne kor mange bitar ein skal planlegge per person. Dersom ein serverer berre fingermat, bør ein ha sju bitar per person, og så noko søtt til slutt. Dersom ein har dette til ein drink før maten, er det nok med tre-fire. Generelt kan ein seie at ein ”dings” består av 5 gram brød/kjeks, og 10-15 gram fyll. Ventar du 20 gjestar og lagar fem sortar fingermat utan middag må du altså ha 140 ”dingsar”, 28 av kvar viss du lagar likt antall. Pass på at du har nokon med kjøt og nokon med fisk, samt minst ein, helst to sortar vegetarisk. Prøv også å finne ut om nokon er allergiske blant gjestane dine.
I dag har eg laga fem variantar av fingermat: Lefserullar med kremost og skinke eller laks, terter med søt løkkompott, chevrefylte cherrytomatar, toast med eggesalat og gullsprø med ostekrem. Gullsprø er eit aldeles nydeleg flatbrød som egnar seg svært godt til slike anretningar. Det held godt på fasongen, smakar nøytralt og er mogeleg å dele utan alt for mykje svinn.
I lefserullane får du brukt dei saltsylta sitronane som eg lagde for nokre veker sidan, viss du heiv deg på den galskapen. Gjorde du ikkje det så lag lefserullane utan. Vil du ha noko som sparkar litt i rullane kan du hakke litt sylta ingefær og ha i, det får du kjøpt i innvandrarbutikkar og velassorterte kolonialar med asiahylle.
Som alltid når eg lagar mat, prøver eg å gjere det enkelt. Dette skal ikkje ta lang tid, det som tek lengst tid er løkkompotten, som må stå og surre ein times tid. Men det kan den gjere medan du gjer andre ting, berre du ser til den av og til. Eg lagar mine eigne terter på enklaste vis, ved å stikke ut ringar av brød og tørke dei i sandkakeformer. Du kan også kjøpe småterter ferdige. Eg tek utgangspunkt i 20 personar, så er det lett å gange opp og ned for å få rett mengde mat.
Terter med løkkompott
28 brødskiver, gjerne daggamalt brød
500 g løk
2 fedd kvitløk
3-4 ss olivenolje
2 ss salt soyasaus
2 ts sukker
2 ss raudvinseddik
50 g korintar eller rosiner
Salt og peppar
Stikk ut ringar av brødskivene med eit glas med skarp kant. Hald i klokka på glaset, ikkje i stetten, den knekk lett. Trykk kvar runding ned i ei sandkakeform. ”Tørk” dei i steikeomnen på 200 grader, gjerne varmluft, i 8-10 minutt. Vend dei på rist og la dei kolne. Har du glutenallergikarar til stades så lag nokre terter med glutenfritt brød.
Rens løken og kvitløken, og hakk den fint. Ha olje i ei vid steikepanne, og sett den på middels varme. La løken surre til den er mjuk og blank. Brukar du korintar kan dei gå i heile, brukar du rosiner bør dei hakkast litt.
Ha i korintar eller rosiner, og slå på soyasaus, sukker og eddik. La det heile surre til løken er brun men ikkje brend. Slå på ein liten skvett vatn ein gong i blant så det ikkje kokar tørt og brenn seg. Når løken har fått fin farge smakar du til med salt, peppar og eventuelt meir sukker, og let det heile kolne.
Rett før servering legg du to teskeier kompott i kvar terte. Pynt med ein liten klatt naturell kremost. Viss du har mjølkeallergikarar i selskapet, så la nokre terter vere utan ost, eller bruk chevrekremen frå tomatane.
Chevrefylte cherrytomatar
300 g sota chevre
3-4 ss kvit balsamico
28 cherrytomatar, ikkje dei aller minste
Skrap soten av chevren, og rør den glatt med balsamico. Er ingen allergiske mot mjølk kan du bruke Snøfrisk, den inneheld ein del kumjølk. Skjer toppen ved stilkfestet av tomatane, og skrap ut frø og væske med ei lita teskei. Kutt eit ørlite skal av undersida på tomatane og, så står dei stødigare på fatet. Fyll ostekremen i ein krempose, og sprøyt den i tomatane.
Lefserullar
5 lomper eller tre store firkanta potetlefser
200 g kremost
10 skiver skinke eller laks
Tre saltsylta sitronbåtar (viss du har)
Eit lite knippe grasløk
Legg lompene på ei fjøl, og smør på kremost. Det er lettare å gjere viss kremosten har stått ute litt først. Legg på skinke eller laks i tynne skiver. Fjern fruktkjøtet på sitronbåtane (fersk sitron kan IKKJE brukast), skyll og skjer skalet i svært tynne skiver og legg det ”igjennom” rullen.
Strø på hakka grasløk, har du ikkje det kan du bruke andre urter. Rull lefsa tett saman, og sett inn tannpirkarar (utan mentol) med jamne mellomrom. Skjer mellom tannpirkarane, og legg på fat.
Toast med eggesalat
2 grove baguettar
5 egg
6 artisjokkhjarte frå boks eller glas
4-6 ss majones
3 ss hakka basilikum eller persille
4 ss finhakka purre
2 ts honning
Salt og peppar
Set omnen på 200 grader. Skjer baguettane i tynne skiver, og legg skivene på ei rist. Rist dei i omnen i 6-8 minutt. Pass godt på så dei ikkje blir brent.
Kok egga i ti minutt. La dei kolne i rennande, kaldt vatn. Del dei først på langs og så på tvers i ein eggedelar. Ha egga i ein bolle saman med majones, urter, og purre. La artisjokkhjerta renne av. Finhakk dei, og ha dei i bollen. Bland alt. Smak til med honning, salt og peppar. Legg 2 ts eggesalat på kvar minitoast, og legg på fat.
Gullsprø med ostekrem
8 skiver gullsprø
100 g skinke i tynne skiver
250 g kremost, gjerne krydder eller urter
3-4 ss mjølk
Eit raudt eple
Rør kremosten mjuk med mjølka. Den skal vere smidig, men ikkje blaut. Hakk skinkeskivene fint. Bland alt. Skjer tynne skalkar av eplet, og skjer tynne skiver av skalkane til pynt.
Legg gullsprøskivene slik at bøyen er ned mot fjøla. Bruk ein brødkniv med taggar eller bølgeblad, og del forsiktig kvar skive i fire bitar på tvers. Legg ostekremen på flatbrødbitane, og pynt med ei epleskive. Viss du har og likar det, kan du ringle litt eplesirup eller balsamicosirup (glacée) over rett før servering.
Dette ser ut som mykje arbeid, men det er ikkje så ille. Det meste av fyllet kan du lage klart på førehand, og sett gode hjelparar til å anrette, pynte og rense tomatar. Gjestane dine kjem til å bli kjempefornøgde, og du kan sole deg i glansen. God maifest!
Eg har tydelegvis lesarar utanlands og, einkvan har brukt google sitt omsetjingsverktøy for å omsette innlegget mitt om 17- mai-oppskrifter til engelsk.
Etter å ha stava meg igjennom dette sat eg att i krampelatter/-gråt. Dette vart overmåte festleg. Eg har klipt litt i verket. Enjoy.
… Some do well at it to get any such mail or backpack may be a little cake-like police. It may well happen, but most that were there were giant Norwegian, and for once we got off skuld cakes delivered so that we could organize the sale in a good way. It is a first time for everything, also there to deliver the cake to 17. mai, May, and then it may be wise to have a bookmarks to relate to, and not least, may be motivated by. We got to the instance to get posar hard step full of young knortar of some bollar that had not improved and that was useljelege.
All good
Can you make cinnamon balls and ordinary bollar, so they also quite large, so that they are worth 10 million. Shipping like muffins and bowl on a tray or in a basket, so that they are not pressed together. Can you make cinnamon bollar without pearl sugar, you can send with the sugar glaze on the glass with a screw lid, so we can add the glaze on. Otherwise, the bollane fort very sticky during transport.
It is also very good if you bakar with cake mix. Make sure you buy the cake mix package that is to langpanne. Toro langpanne chocolate cake (puh!) is mjølkefri. Floating butter is ideal both for the pattern you get here and to the cake mix, it is easy to use. I recommend floating Bremykt (yellow bottle), it gives extra good flavor.
Check with kakenål or knitting needle on the cake is done. Sit back on the stir stick must be a bit of cake. Do not kakenål you can use a spaghetti stick, it goes just as well!
If you create a cake that egnar for allergic, so check the special, so that we know about it, and can offer these cakes to those who ask about it. It is terrific if someone td creates a cake without milk, without nuts (chocolate) or without egg.
It is important that we all are pure when we bakar cakes for sale, actually be the bakast on “government kitchen”, and it is probably none of us at home … I think we will not have the cake with whipped cream, and wash hands and equipment frequently while you held on to bake.
I write about zestjern a couple of places in the pattern, it is a tool that you use to happen strips of the scale of citrus fruit without having to get it with white. It has a metal piece with small round Ingar or loops in which you want to go over the scale. Do you have it not, then use the fine side of your grater instead. It goes just as well. Do you have such a zestjern, and have wondered what you would use it, so can you for once skuld get “air” it!
The decorative and can vary, especially the muffins, it is popular with strøssel, non-stop, seigmenn or other fun.You can also color coconut with lots of pastry and spread the color over, it is reasonable and simple solution that looks good. It is only to try them out, good luck!
…spesielt i utlandet. Eg må berre dele desse to med dokke. Dei stammar frå Egyptturen vår i fjor. Den eine er frå toget til Aswan, 1. klasse.
Den andre er frå ein restaurant i Alexandria som vi gjekk inn på, men tilhøva gjorde at vi gjekk før vi hadde fått bestilt men etter at vi hadde fotografert menyen. Ein del mystiske greier her.

Eg har skrive om Joni Mitchell tidlegare, og ho er ein av mine musikalske favorittar. Both sides now er ein del av arven min, den har alltid vore der, i sangbøker, på radioen og på plate.
Den fekk ein oppsving i Love Actually, der Alan Rickman gir Emma Thompson ein cd med Joni Mitchell der ho syng Both sides now. Emma Thompson har sett han kjøpe eit halssmykke, og forstår plutseleg at det er ei som i hans hjarte fortener halssmykket meir.
Opptaket her er frå ein hyllingskonsert i 2000, der mange artistar framførte Joni Mitchell sin musikk. Dette er avsluttinga av konserten. Joni har lagt sangen ned ein kvart, men den er endå meir rørande enn slik ho sang den tidleg på syttitalet. Dette er levd liv.