Denne auberginretten har eg fått mange søketreff på, sjølv om eg ikkje har hatt oppskrift på den, berre nemnt den i forbifarta ved nokre høve. Baba ganoush finst under mange namn, i Hellas kallast den melitzanosalata. Du finn den også i India, då under namnet Baingan Bartha.
Eg må med ein gong understreke at Baba et ein ikkje fordi den ser så lekker ut. Den blir ein gråleg masse, tiåringen min meiner det må vere slik det ser ut inni hovudet… Men den smakar fantastisk, og då skal ikkje utsjånaden spele ei rolle, skal den vel?
I Baba spelar tahine ei viktig rolle, den framhevar den røykte smaken du får når du varmebehandlar auberginen. Tahine er malte sesamfrø, og er ein fast ingrediens i middelhavskjøkkenet frå Hellas og rundt med klokka til Marokko. Slik gjorde eg det:
Baba Ganoush
2 auberginar
3 fedd kvitløk, knust
Saft av to sitronar
1 ts malt spisskummen
Salt og peppar
1,5 dl tahine
Ei ss honning
Sett omnen på 200 grader med varmluft. Legg auberginane på eit bakepapir, og bak dei i omnen på 200 grader i 40 minutt. Du kan også gjere det raskare på høgare temperatur, men eg likar å ha kontroll på varmen. altfor svidd aubergine kan bli for heftig, litt svidd er OK. Ta ut auberginane, og la dei kolne litt under eit klede. Fjern skalet med fingrane, det går lett viss du får ein finger på innsida og let den gli mellom skinnet og kjøtet.
Ha auberginekjøtet i ein bolle saman med alle ingrediensane, men hald tilbake litt sitron og salt for å justere smaken. Bland saman med ein gaffel, mosen skal vere mjuk, men ikkje heilt glatt. smak til om det trengst meir salt og sitron. Garner med litt urter, olivenolje og kanskje nokre svarte oliven til pynt. Server som ein dipp med pitagrød, focaccia eller grovskive for den del.
26/06/2009 ved 18:53 |
Du og mat!!! Herlig;D
Inne etter en tur i sola for å avkjøle meg, forrige uke bar jeg ved til ovnen…Snakk om kontrast og det er jo det vi elsker! God helg!
15/07/2009 ved 23:22 |
[...] av rista sesamfrø. Eg har eit glas i kjøleskapet, og brukar det berre når eg skal lage hummus og baba ganoush, men det held seg i minst eitt år så det går fint. Slik lagar du [...]