Arkiv for juli, 2009

Ikkje berre Guinness….

31/07/2009

IMG_9063Pubar på Jersey har ikkje berre Guinness og underleg lokalt øl som smakar krabbe. Dei har kjøleg fransk rosévin lagd på mi favorittdrue Pinot Grigio, saftig risotto med asparges, erter og dill, Cæsarsalat til trettenåringen og burger til tiåringen. 

Parfymebutikkane i St. Heliers har Vivienne Westwood, Miller Harris, Aqua di parma og masse anna spennande. Budouir, sex på ei flaske, blir med heim, saman med Sensuous, Davana Bloom frå Molton Brown og masse deilig hudpleie. Visste du at Jersey praktisk talt er tax-free sone? Halv pris på det meste.

Med nasen sørover att

31/07/2009

I dag reiser vi tilbake til Frankrike, og blir der nokre dagar til. Mennene i familien reiser til Oslo mandag kveld, medan damene skal sniffe seg gjennom Paris, og blir til onsdag.

Men før vi forlet Jersey gjer ein seg nokre tankar om denne underlege, sjølvstendige øya ein svipptur frå franskekysten. Den ligg jo mykje nærare Frankrike enn England. Jersey og søsterøya Guernsey har vore sjølvstyrt sidan 1200-talet, og det ber den preg av.

Den britiske dronninga er statssjef, og har oppnemnt sin viseguvernør, men er fogden, The Bailiff som styrer butikken. Her er ingen politiske parti, og har ingen statsminister. Bailiffen leiar både States of Jersey, det lokale styringsorganet, og The Royal Court.

IMG_8711Folk på Jersey lever tilsynelatande ganske uberørt av dette underlege politiske systemet, kanskje delvis fordi mange av dei som offisielt bur her er innom berre av og til for å besøke pengane sine. Øya ber preg av stor rikdom, her er det lite slum å sjå. Mange forlenga, svarte bilar, flotte hagar med velkomponerte bolmsterbed, gartnarbilar i oppkøyrselen og innleigde sikkerheitsvakter. 

Likevel er dei vi møter opne og pratesalige, og det er ei hjarteleg stemning så langt vi har erfart. Mange franskmenn jobbar her, mellom anna i turistbransjen, og jammen klarer dei ikkje å lære seg engelsk viss dei må.

IMG_9017Jersey er frodig, hortensiaene er på storleik med dei største middagstallerknane. Øya er kupert, vakker, full av ting å sjå og ting å gjere. Sjølv om ein sikkert har sett det meste i løpet av ei vekes tid så skulle eg ikkje ha noko problem med å tilbringe sommarane her.

Det blir omtrent som Kragerø eller Visby, om sommaren er det fullt liv, på vinteren er det noko gråare. Hotellet vi bur på er ope berre frå april til oktober, og det er nok vanleg både for hotell og butikkar. 

No har ikkje eg vore her så lenge, men inntrykket mitt er at øya har ein høg snittalder. Det er mange butikkar med klede for dei godt vaksne, og på bussar og i butikkar er det ein høg andel eldre. Det kan godt hende at engelskmenn bur her som pensjonistar, som eit alternativ til Spania.

Tempoet på Jersey er roleg, og folk tek seg tid til å hjelpe og gje råd viss du spør om ting. Vi kosar oss, og det ville sikkert du og gjere, om vegen din gjekk forbi her. -Og vi er ikkje sponsa av det lokale Turistrådet. ;-)

Vakre Jersey

30/07/2009

Vi kom med båten hit seint i går, saman med ein gjeng engelskmenn som hadde vore i Frankrike for å drikke seg fulle. Intet er nytt under solen. Den stormen som ifølge nettavisene herjar sørlandet i dag var her i går, så dei sleit litt på båten, desse fulle engelskmennene. Ein del krabbar vart mata under den ein og ein halv times lange overfarten.

IMG_9051Det lysna utover kvelden, og vi fekk ein ekstra time på grunn av GMT, så det var ein perfekt dag for familien B-menneske. Deilig mat på hotellet fekk vi og. Eg betalte ti pund ekstra for havutsikt, og det var det verd. 

I dag kjøpte vi eit universalkort med det lokale busselskapet, som gjev rett til å reise ubegrensa for 14 pund for ein familie. Ein god deal, spør du meg. 

Dei har tre turistruter, gul, raud og blå, som går innom forskjellige utsiktspunkt og attraksjonar, og som endar tilbake i “hovudstaden”, St. Helier.

IMG_9041Vi tok den blå til å byrje med, den går nordvestover. Der kom vi til eit gamalt slott som hadde ramla saman, etter at franskmennene okkuperte det seint på 1300-talet.

Slottet var berre ein ruin, men det låg midt i denne fantastiske enga av lyng! Fargane kan ein berre drøyme om å attgje med kamera, det var så intenst lilla, og så mange sjatteringar at vi vart berre ståande å glo. Vakkert!

Stien ned mot slottet var kransa av bjørnebærbusker, der vi fann mange modne bær. Krattet var heilt ugjennomtrengeleg, så det går mykje god bær tapt. 

Det var stor skilnad frå i går, då vi besøkte Mont St. Michel, og i dag, då vi besøkte denne gamle ruinen saman med fire-fem andre. Men det er litt av kosen syns eg, å sjå ulike ting, og å la seg overraske av det ein finn der ein kjem.

IMG_9045Det gjekk ein sti austover, og den gjekk vi. Stien gjekk langt oppå ei klippe, det minte meg mest om Runde, sjølv om det her er tettare og meir temperert vegetasjon.

Spaserturen tok ein halvtime, og då kom vi til ein liten kafé som serverte lekker heimelaga mat. Vi fekk oss eit deilig måltid der, med te i kanner og cherry poundcake til dessert. 

I kveld tek vi livet med ro, akkurat no er dei tre andre i bassenget medan eg held kontakta med omverda. Det kan godt hende vi et på hotellet, dei har veldig god mat her.

I morgon skal gutta bade meir, og jentene skal shoppe, før båten går tilbake til Bretagne på ettermiddagen. 

 

Le Mont St. Michel

30/07/2009

På hotels.com fann vi eit hotell berre to kilometer frå Mont St. Michel, men vi kom dit midt på natta, og fekk ikkje noko inntrykk av korleis heile området såg ut. Så då vi vakna og satte oss i bilen i dag tidleg var vi ikkje fullt ut budde på det imponerande synet som møtte oss etter berre eit par minutt.

Mont St. Michel er eit fjell med eit enormt byggverk midt i ei stor vidde av myr, hav, sand og gjørme. Det går rett til vers, og er så stort at det ligg ein heil liten landsby på dette fjellet. Ut til klosteret går det ein oppbygd veg, for å stå imot springflo når alle dei ulike faktorane som bestemmer tidevatnet verkar saman slik at havet stig voldsomt.

IMG_8921Vi kom ved full flo i dag, men den var ikkje spesielt imponerande. Utstrekninga av landskapet derimot, er heilt utruleg. Ein forstår godt at det fall seg naturleg å bygge eit kloster på denne øya tidleg i middelalderen. 

Eg kunne ha skrive side opp og side ned om dette fantastiske klosteret, men eg må berre seie: dra dit. Det er spektakulært, ein del av verdsarven, eit uttrykk for dei praktiske sidene ved religiøsiteten, justisen og politikken og eit fransk symbol. 

IMG_8884Bygningsmassen har gått frå å vere kloster til å bli ei politisk festning, til å bli fengsel, til å bli kloster igjen (som det er i dag, vi kom midt i ei gudsteneste) og ein turistattraksjon av dimensjonar, med trafikkork av menneske, bikkjer (kven tek med ein hund så stor at du må ha den i fempunktssele, det femte punktet er rundt snuten for å forhindre bittskadar på fingrane til småbarn, til eit kloster?) og barnevogner.

Viss ei familie stoppar og lurer på om dei skal ha ein is, stoppar alt opp. Øya er totalt utan universell utforming, full av til dels glatte og bratte trapper, så ein må vere godt skodd, og kome seg fram utan vogn, rullator eller rullestol.

Tidleg om morgonen og seint på ettermiddagen er beste tida å kome, vi kom kl. 10:30, og det var greit nok på veg til klosteret, men kaotisk ut derifrå. Der er masse hotell like ved, ikkje alle er på nett, men kjem du før det vert mørkt får du rom. Det finst også eitt par hotell ute på øya, men dei kostar sikkert flesk.

Vi brukte tre timar, og følte at vi fekk sett det meste. Vi droppa fengselskatakombene og museet, men sto i kø for billettar til sjølve klosteret i tre kvarter. Det var det verd. Audioguidar er fine. Ungane har stor glede av dei, instant interaktiv engelsktrening på sakte, velmodulert engelsk.

Dinard er næraste flyplass, 45 minutt unna, og det går båt frå England til St. Malo. Dette er ei reise verd.

IMG_8863

Ein attfunnen skatt

29/07/2009

Eg rasar rundt på dette internettet, og finn det eine og det andre som eg syns er artig, rart, rørande eller lattervekkande. Så tenker eg at det finn eg att, men så gjer eg ikkje det.

For all den tid sidan fann eg ein blogg med kaker som var lagd til eit bestemt høve, der kakedekoratøren hadde bomma, lagd noko heilt usmakeleg eller skrive noko heilt idiotisk. Desse kakene gjev verkeleg uttrykket “bad taste” eit heilt nytt innhald.

Eg kunne ikkje med min beste vilje finne den att, men brått her ein dag kom eg over den. Her er den: http://cakewrecks.blogspot.com/ No postar eg den her, slik at eg huskar det, og slik at dokke og kan få dokke ein god latter. Sjekk ut denne, til dømes, eller denne her. Hysterisk!

På sparket

29/07/2009

Vi hadde ein idé om at det hadde vore fint å sjå Mont St. Michel, men ingen klare planar, som vanleg. Vegen blir til medan ein går, ikkje sant? I går kveld vart vi einige om at i dag ville vere ein fin dag for langtur.

IMG_8850Vi køyrde til St. Malo, ein fantasisk liten festningsby litt aust for St. Michel. Der såg vi skilt om at det går ferjer til Jersey. Kanskje ein tur til England hadde vore fint?

Så vi stakk innom billettkontoret, og ved hjelp av medbrakt mac fekk vi ordna hotell og.

Så no sit vi på eit hotell like ved Mont St. Michel, og skal dit i morgon føremiddag, før vi går på båten til Jersey i morgon ettermiddag.

Vi har hotell på Jersey to netter, og så vender vi nasa mot Bretagne igjen. Rapportar følgjer så lenge vi har internett.

Nedanfor ser du forresten dagens middag, for dei vaksne vel å merke. Dei to ikkje fullt så vaksne fekk opplæring i at det ikkje er høfleg å lage grimasar og ukvemslydar når andre rundt dei spis rar mat. Slikt må ein og lære. ;-)

IMG_8860

Franske crepes

28/07/2009

Når vi byttar hus er det vanleg at dei vi er gjestar hos legg att noko mat som vi har å ete som første måltid.

pannekakerVårt vertskap la att crepes til oss, ferdigsteikte i ein pakke. Det er heilt vanleg å kjøpe crepes i pakke, dei står og steiker ferske crepes i matavdelinga i dei fleste store kjøpesenter.

Til skilnad frå norske pannekaker er franske crepes ekstremt tynne. Ifølge vår vertinne skuldast det at dei har mykje egg i røra, og røra er ganske tyntflytande. Dei lagar søte og nøytrale crepes, dei nøytrale kan fyllast med alt mellom himmel og jord. Sopp og eggeplomme er den raraste komboen til no.

Når dei steiker pannekakene brukar dei ei flat steikepanne som er større enn vår normale type, og med berre ein ørliten kant. I tillegg dreg dei røra utover med ein slags skyvespade, og snur pannekaka med ein spatel som minner meg om den som bestemor mi brukte når ho steikte lefser.

Vi lagde søte crepes til dessert i dag, og fylte dei med steikte nektarinar. Til dette hadde vi ein klatt rømmesaus. Slik gjorde eg det:

ferdigCrepes

2 dl mjøl

5 dl mjølk

30 g smelta smør

3 egg 

1/2 ts salt

Bland alt saman til ei lett, klumpfri røre. La røra kvile ein halvtimes tid. Ha skikkeleg varm steikepanne, og vri panna fort rundt slik at røra fordelar seg. Riktige crepes skal vere gjennomsiktige som kniplingar. Snu pannekaka når den er passe brun, og steik den litt til på andre sida. Legg pannekakene til side under eit klede. 

nektarinarSkjer to nektarinar i tynne skiver, og legg dei i smør i ei romsleg steikepanne. Steik til dei får fin farge, og er møre igjennom.

Til dette kan du godt bruke litt faste nektarinar. Legg dei på eit fat, og dryss litt sukker over.

i pannaLegg crepesen i steikepanna igjen med litt nytt smør. Legg i nektarinbåtane, og dryss over litt brunt sukker, eg brukte demerara, det smeltar fint.

Brett crepesen saman til ein pakke, og legg på ein tallerken. Server med ein klatt rømme rørt ut med litt vaniljesukker.

Ein fransk middag

27/07/2009

I går hadde vi ein fiskemiddag, det skulle berre mangle her vi bur ute i det franske havgapet.

skjellSaint Jacques har gitt namn til mykje, det er mellom anna det folkelege namnet på haneskjell, Chlamys islandica. Slike muslingar er veldig rimelege her nede, og vi tek for oss. Musklane vart steikt fort i smør og olivenolje, før dei fekk eit lite bad i urtesmør, omtrent som dette.

Hovudretten vart noko meir forseggjort, eg lagde brandade som eg bakte i omnen. Brandade er ein fransk potetmos med klippfisk og kvitløk i, ein klassikar i det franske kjøkkenet. Du kan få den som den er til forrett, på toast, som små fritterte ballar eller som tilbehør til steikt fisk.

Utfordringa er å gjere klar sjølve klippfisken. Den må bløytast, gjerne i fleire dagar, noko som kan vere ei utfordring i seg sjølv dersom ein bur trangt, og manglar grovkjøkken. På Carrefour hadde dei halvkilosposar med ferdig bløytt og rensa klippfisk, og eg meiner eg har sett det heime og. Då blir jobben atskillig enklare.

Eg serverte brandaden som hovudrett, med salat, grilla squash og urtesmør til. Slik gjorde eg det:

brandadeBrandade

500 g kokt klippfisk

600 g poteter, gjerne mjølne

1 dl olivenolje

4 fedd kvitløk

2 eller 5 dl mjølk

Salt og peppar

Kok potetene med skalet på til dei er møre. Varm opp oljen forsiktig, ha i kvitløksfedda og la dei trekke på svak varme til dei er mjuke.

Dersom fisken er rå, så kok den til den er ferdig (ca. 15 minutt) i mjølka. Ta vare på 2 dl av den etter at fisken er kokt.

Hakk fisken fint med kniv. Skrell potetene, og mos dei i ein bolle. Ha i fisken og kvitløksfedda. Spe med mjølka og oljen kvitløken har surra i. Kna det heile godt saman, og smak til.

Eg bakte brandaden i form, då får den ei deilig brun skorpe. Det er ikkje nødvendig, men eg syns det er godt. Sett omnen på 210 grader. Ha brandaden i ei form, og bak den i ca. 30 minutt til den er pent brun.

Server brandaden med urtesmør, skiver av squash steikt i olje og ein salat. Du kan også ha godt brød til.

Oceanopolis

27/07/2009

Fredag var vi i Brest, ein times køyring herfrå. Brest er ikkje ein særleg sjarmerande by. Den manglar den gamle bydelen som er mange europeiske småbyar sine trekkplaster, den vart øydelagd under slaget om Brest i 1944.

Grunnen til at Brest vart øydelagd var at den var ein viktig marinebase, som tyskerane tok i bruk som u-båthamn. Dei allierte styrkane bomba difor byen tilbake til ingenting, og den vart bygd oppatt, dels for tyske pengar, i betong på femtitalet. Ikkje eit vakkert syn, altså.

Men den har andre verdiar, mellom anna eit fantastisk akvarisk sjøanlegg, Oceanopolis. Der tilbrakte vi fredagen, og storkoste oss med rare, skumle, fine fiskar og havdyr.

Ein treig ein:

IMG_8410

Ein søt ein:

IMG_8391

Ein stygg og diger ein, sikkert nærare ein meter:

IMG_8503

Ein styggpen ein, og diger denne og:

IMG_8389

Ein skummel ein:

IMG_8327

Ein endå skumlare:

IMG_8348

Bagad i Quimper

26/07/2009

Vi har ei eiga evne til å treffe på festivalar og andre lokale hendingar når vi er ute og fartar på denne måten. Frå 18. til 26. juli pågår festival de Cournouaille Quimper, ein musikk- og dansefestival og folkefest med Sinéad O’Connor, Rokia Traoré og Buena Vista Social Club som toppnamn.

Festivalen ser ut til å ha hovudsakleg indremedisinske og lokalpolitiske formål, den er ikkje i særleg grad marknadsført utover det lokale miljøet. Quimper har 65 000 innbyggarar, så nærområdet er stort nok til at byen er stuvande full av folk heile veka igjennom. 

IMG_8668I dag var avslutningsparaden, og den var eit imponerande syn.

Den har visse likskapstrekk med 17. mai, men draktene er faktisk meir varierte, og ikkje så strømlinjeforma som dei norske bunadane.

bagadfløytespelarKorpsa som spelar har ein liten obo-liknande klarinett som leiande instrument, og så er det sekkepiper og trommer som utgjer volumet.

Ein bagad er eit slikt korps, men dei har også gjerne med seg dansarar og andre som finn på ablegøyer undervegs i paraden. 

Sambandet med den keltiske kulturen er sterk, både språkleg, visuelt og musikalsk. Det lokale språket Breton er eit keltisk språk på linje med walisisk, og har fint lite med fransk å gjere, utan at det gjer det meir forståeleg for oss stakkars turistar.

bigoudenI paraden kjem dette til uttrykk først og fremst i musikken, som har eit sterkt irsk preg.

I Quimper (eller Kemper som det heiter på Bretonsk) finn du mange butikkar med keltisk musikk, bøker eller berre keltisk skilt over døra, eit bretonsk namn og Guinness i ølkranene. 

Området akkurat her vi bur (utanfor Quimper) kallast Bigouden, etter ei høg blondelue som kvinner frå regionen har på seg når dei giftar seg.

Lua har vakse med tida, fram til andre verdskrigen var den ikkje så veldig høg, men no kan den vere opp mot 40 centimeter.

småjenterI paraden er barna med og, om enn ikkje like mykje som på 17. mai. Dei er utkledde med fine kostymer, og alle er over seg når dei passerer.

Eg var mest imponert over at dei klarte å halde motet oppe og halde seg på beina gjennom ein ein og ein halv time lang parade. Vi såg dei heilt på slutten, og då var det nokre som byrja å bli noko slitne.

fleire jenter

 

Middag i Bretagne

24/07/2009

No sit eg på McDonalds og skriv, nettforbindelsen i huset vårt er nede. Vi prøver å la vere å flyge i synet på kvarandre, les bøkene våre og fartar mykje rundt. I dag er vi i Brest, har besøkt eit fantastisk akvarium. 

Men det viktigaste først: Eg lagde noko kjempegodt til middag i går, så godt at dokke må få ta del i det. Vi var i fiskebutikken, og fann noko dei kallar Julienne, det er ein type brosme. Fin, kvit fisk, ikkje så kvit som hyse og litt fastare enn torsk. Eg bakte den i rømmesaus, og det er verd å gjenta. Slik gjorde eg det:

IMG_8313Rømmebakt fisk

800 g kvit, fast fisk

5 dl creme fraiche

1 ss sennep, gjerne fransk

1 ts sukker

2 vårløkar

Masse salt og peppar

IMG_8320Sett omnen på 200 grader. Rør saman rømmen med krydder og sennep. Legg fisken i ei eldfast form. Strø på salt, meir enn du trur. Strø hakka vårløk over og rundt omkring. Slå over rømmesausen.

Bak fisken i 30 minutt, til den er gjennomsteikt. Server med nypoteter og brokkoli.

Om å bytte hus

22/07/2009

Mange lurer på korleis det er å bytte hus, og korleis ein gjer det. Først og fremst så er husbytte ein effektiv og billig måte å bli godt kjent med kulturen i eit land på. Ein ser korleis folk bur, kva bøker dei les, kva utstyr dei har, kva som er vanleg levestandard. Det syns eg er noko av det mest interessante ved husbytte.

Ein hamnar som regel ikkje rett på stranda midt i turiststrøket, ein hamnar gjerne eit stykke utanfor desse sentra. Det gjer at ein kanskje må i bil for å kome på badestranda, men det er det verd for å sleppe fulle engelskmenn og tyskerar “i maten”. 

Vi sparer masse pengar fordi vi ikkje betalar for husvere og for leigebil. I tillegg lagar vi ofte våre eigne måltid, og det er også billegare enn å gå på restaurant to gongar for dag. 

Vi førebur oss til eit bytte ved å rydde i huset, støvsuge og å tømme ein matskuff på kjøkkenet. Eg nyttar også høvet til å vaske og rydde i kjøleskapet, det bør ein jo gjere med jamne mellomrom uansett, og hos oss er det altså årleg, før kvart boligbytte.

Når alle har pakka kofferten sin, fjernar eg tøy frå to skuffer for kvar person på dei soveromma som skal brukast, og legg tøyet i kasser som eg set på loftet. Då har dei som kjem plass til sitt tøy. Eg ryddar også fri ei hylle på badet, slik at dei kan ha sine toalettsaker der.

Så handlar vi inn til eit måltid, denne gongen handla vi brødmat. Jarlsbergost, god skinke og ferskt brød samt tomatar, ein fin salat og litt frukt. Då vi fekk egyptarar på besøk i fjor handla eg inn ein familiepakning med kylling, samt litt grønsaker. Dette er for at dei skal sleppe å dra avgarde på butikken med ein gong dei kjem, dei kan pakke ut og slappe av dei første timane før dei byrjar å gjere seg kjende i nabolaget.

Mange er skeptiske til å sleppe “framande” inn i huset. Til det må eg seie at dei følest ikkje som framande. Vi har maila fram og tilbake i nærare eit halvt år, og spurt om dette og hint, vi syns eigentleg vi kjenner kvarandre ganske godt. Spørsmål som “kva mobilladarar har dokke”, “er der trådlaust nett”, Vi legg att føne, har dokke ei vi kan bruke” , “kva joggeturar kan dokke anbefale i nabolaget” får vi svar på før vi reiser. På denne måten merker vi godt kva innstilling dei vi mailar med har. 

Dei mest vellykka bytta har vi med familier som har barn på vår alder. Då er der leiker, syklar, filmar, bøker og andre ting ungane kan ha glede av. I tillegg har dei ofte venner på same alder som stikk innom, og som våre barn kan bli kjent med. Bilstolar og anna sikkerheitsutstyr er det også greit å sleppe å dra på, når du veit at dei du byttar med har slikt utstyr.

Når vi reiser ser det altså reint og ryddig ut, sengene har nytt sengetøy og det er eit måltid i kjøleskapet. Det er det som skal til. Vi har også laga “house instructions”, der vi skriv litt om dei tekniske innretningane i huset, kva ein bør sjå i nabolaget og med telefonnummer til vaktmester, legevakt, brannvesenet og politi. Vi varslar også naboane, slik at dei er klar over at det kjem nokon hos oss medan vi er borte. Vi skriv ein kontrakt om bilbytet som dei kan ha med seg viss dei vert stansa av politiet. Mal for slike kontrakter ligg på www.boligbytte.no.

Syns du dette høyrest spennande ut, og har fleire spørsmål, så fyr laus. Eg skal svare så godt eg kan.

Nytt frå Bretagne

21/07/2009

IMG_8194Har du høyrt at det skal vere stor skilnad mellom flo og fjøre på Bretagne-kysten? Det er heilt sant. 

Vi kom køyrande gjennom Pont L’Abbé, og i kanalen var det nesten ikkje vatn. Derimot var det ei lang rekke båtar som sto og balanserte på kjølen, og venta på floa. 

Her gjeld det å bestemme seg for når ein vil på båttur, og når du først er på båttur så er det ikkje så lett å legge til sånn heilt utan vidare. 

Dagens lunch vart spist på eit tradisjonelt creperie, så tradisjonelt at dei ikkje hadde meny på engelsk. Men triveleg var det, og gode pannekaker.

IMG_8198Nyskapande må vi seie, vi som syns vi er originale fordi vi et pannekakene med sitron og sukker. Her fekk vi dei med fløtestua sjampinjong, skinke og ei eggeplomme midt i, for sikkerheits skuld.

For min del kunne dei spart seg den, men det var ein del av pakken.

IMG_8218Middagen fekk tiåringen bestemme, og då blir det biff. Han er jo kjend for utsegna “Mamma, vet du hva jeg ikke skal bli når jeg blir stor? Vegetarianer!”.

Biffen vart steikt slik biffar skal steikast, og med sopp og dampa bønner til vart alle mette og glade.

Kva vi gjer i morgon veit vi ikkje, vegen blir til medan vi går. 

 

Vi er framme

21/07/2009

No skal vi bruke dagen på å sjekke ut nabolaget, finne den lokale matbutikken, smake på det dei har i bakeriet og kose oss. Nærare rapport kjem! :D

utsikt

Kjapp ryddemiddag

20/07/2009

No er det like før vi reiser, og franskmennene som bur i dette huset skal bu her hos oss. Då gjeld det å spise seg ut av kjøleskapet, slik at dei skal ha plass til sitt der. Vi set att eit måltid som dei kan spise når dei kjem så dei slepp å springe rett i butikken, bortsett frå det så ordnar dei seg sjølve.

Vi hadde ei sommarskinke liggande, den dampa eg i krafta frå posen i form med folie over i omnen. Det går fint viss skinka er kokt og skoren i skiver, då blir den fort varm. Krafta frå forma hadde eg i sausen til slutt.

I skapet hadde eg durumkveitegryn på boks, sikkert kjøpt i Sverige på ei eller anna utflukt. Det har eg aldri prøvd før, men det smakte nydeleg. Eg lagde det til omtrent som når eg lagar bulghur eller couscous, bortsett frå at gryna er ferdig bløytte og kokte, så det trengst ikkje væske i blandinga. Det blir ein slags varm grynsalat, saftig og lett å variere. I salaten hadde eg tomatar og vårløk, for det var det som skulle spisast opp. Her kan du variere i det uendelege, med paprika, andre typar løk, soltørka tomatar, oliven, kapers eller korintar. Slik gjorde eg det:

IMG_8177Durumgrynsalat

1 boks durumkveitegryn

2 ss smør

2 fedd kvitløk

3 stilkar vårløk

3 tomatar

1 ss oksefond viss du har

Salt og peppar

Ferske urter viss du har, eg brukte basilikum.

Rens og hakk kvitløken og vårløken. Del tomatane i to rundt ekvator, og fjern frøa. Skjer tomatane i små terningar. Varm opp smøret i ei gryte, og ha i kvitløken. La den surre til den er mjuk, men ikkje brun. Ha i gryna, og ha over fonden, utan vatn. Ha i vårløken, og la de heile surre til det er gjennomvarmt. Ha i tomatterningane til slutt, for å unngå at dei går i oppløysing. Smak til med salt og peppar, og dryss over hakka, ferske urter. Eg dryssa på nokre frø frå ein pose med salatblanding og. Servert med nokre skiver grilla haloumi er denne salaten ein deilig vegetarmiddag.

IMG_8179Dampa sommarskinke

1 kg kokt sommarskinke

Set omnen på 140 grader med varmluft viss du har. Ta nettet av skinka, og skjer den i passe tynne skiver. Skal du servere mange bør du skjere den i tynnare skiver, då vert den drygare. (Gammalt husmortriks) Låg skinka i kraft, så ha krafta i ei eldfast form. Viss ikkje, ta litt vatn. Legg kjøtet i forma som takstein, og brett eit stykke folie tett rundt kanten. La skinka dampe i 20 minutt.

Når skinka er ferdig silar du av krafta oppi ei lita gryte. Rør i eit beger creme fraiche, og smak til med ei klype sennep, salt og peppar.

Hanae Mori: Magical Moon

19/07/2009

Ein av dei mange skattane du kan finne på Gimle parfymeri er parfymene til Hanae Mori. Hanae Mori (eigentleg Mori Hanae) er ein kvinneleg japansk tekstildesigner, fødd i 1926. Ho slo igjennom i Paris og New York på sekstitalet, og som alle designarar med respekt for seg sjølv lagde ho også ein serie dufter.

IMG_8069I tillegg til ei herreduft har Gimle tre damedufter; Butterfly, Haute couture og Magical Moon. Det var Magical moon som fanga mi interesse, den er kompleks men tiltalande, ei svært samansett duft. Her finn du krydder, frukt og kvite blomar, ein typisk “floriental”, som Karl Lagerfeld Kapsule Floriental, Sublime Balkiss og Miracle Forever.

Men eg opplever den ikkje som eksotisk, heller som ein lekker, velkomponert, ikkje for søt dessert. Denne parfymen er ein mannemagnet, viss ein mann først har byrja å lukte på deg når du har på deg denne parfymen skal det godt gjerast å få han til å slutte.

Likevel er den ikkje påtrengande, den er nær huda, du må inntil for å kjenne den. Eg kjøpte parfymen, og sjølv om den ikkje lagar ei sky rundt deg så sit den på heile dagen og utover kvelden. Heile tida dempa, men til stades.

Deilige, tjukke frukostpannekaker

19/07/2009

I dag skal vi ha fine amerikanske pannekaker til frukost. Vanlegvis vert desse heva med bakepulver, eller ved bruk av “self-raising flour”, altså mjøl tilsett bakepulver. Eg syns det kan bli ein litt kjemisk smak av bakepulver, så i dag let eg pannekakene heve med tørrgjær.

Eg lagar røra om kvelden, og set den i kjøleskapet over natta. Då er den klar til steiking om morgonen. Viss du lagar den same dag kan du la den stå ca. 40 minutt på benken før du steiker pannekakene. Tradisjonelt vert amerikanske pannekaker servert med smør over og under og i midten, eg droppar det. Men litt lønnesirup er godt viss du har det. Slik gjorde eg det:

IMG_8172Amerikanske pannekaker

200 gram kveitemjøl

2 egg

1 ss sukker

1 ts vaniljesukker

1/2 ts kardemomme

2,5 dl mjølk

10 gram gjær eller 1 ts tørrgjær

50 gram smelta, avkjølt smør eller flytande bremykt

IMG_8166Bland alt det tørre i ein romsleg bolle, hevinga gjer at røra tek litt plass utpå morgonkvisten. Ha i egg, mjølk og smør, og rør det heile glatt. La røra heve.

Steik pannekakene i smør på middels varme.  Pass på at det ikkje blir for varmt, då kan pannekakene bli ferdige på utsida medan dei framleis er rå utanpå inni. Å gje seg god tid er kunsten her. Server med sirup, nyrørte jordbær eller blåbær.

Eit bloggememe

18/07/2009

Her har internett (og tv-en og telefonen, men det er ikkje så viktig) vore borte heilt fram til no, så abstinensen er langt framskreden for iallfall tre av oss. På toppen av det heile har det pøsregna. Det har med andre ord gått på humøret laus. Men no er vi på nett, og på mi frenetiske ferd gjennom favorittbloggane mine fann eg dette morsomme memet inne hos Frk. Plosiv:

Hvilken post i bloggen din er bloggens mest kommenterte, og hvorfor?

Det er toalettfrustrasjonsinnlegget mitt, der eg fekk tømt meg for aggresjon bygd opp over lang tid over mine grisete, rotete og ubetenksomme medsøstre. Innlegget hang i utskrifts form på doveggen på damedo på jobb ei veke etterpå, og forholda har faktisk betra seg. ;-)

Hvilken post i bloggen din var den første som ble så mye kommentert at du ble overrasket?
Eg vart veldig glad for kommentarane til innlegget mitt om striskjortemat. Då hadde eg akkurat kome i gang, og eg fryda meg over å ha lesarar i det heile tatt.

Hvilken post i bloggen din ville du helst at statsministeren (eller en annen med makt) skulle lest?
Eg syns han og fleire med han bør lese om sitt fotavtrykk, Der eg seier noko om kva mat ein bør og ikkje bør ete dersom ein skal bidra til eit mindre skadeleg klima på denne kloden vår.

Hvilken post i bloggen din ville du helst at drømmedama/mannen skulle lest?
Eg er gift. ;-) Eg går ut frå at han les det meste.

Hvilken post i bloggen din har best bilder av deg selv?
Eg har så vidt eg veit berre eit bilde av meg her i bloggen, og det er ei litt ustelt, bustete og dårleg kledd utgåve av meg sjølv i hylleblomstposten.

Bloggemål for høsten
Keep up the good work…

Hvilken post i bloggen din har de beste kommentarene?
Eg syns at kommentarane på ammobokskjøpet mitt var morsomme, Det vart iallfall lagt merke til…

Hvilken post i bloggen din har kommentar fra den mest kjente personen?
Eg trur ikkje kjendisar les bloggen min i særleg grad, dei gir seg iallfall ikkje til kjenne. Men NRK gjeld kanskje? Då er det i så fall Jakob. Han er kjendis i Finnmark. ;-)

Hvilken post i bloggen din ligger på toppunktet i leseutviklingen?
Eg har enormt mange treff på rabarbraoppskriftene mine, og innlegget mitt om steiking av biff er på andre plass. Bryllupskaka har ein sterk tredjeplass.

Hvilken post i bloggen din blir oftest funnet av søkemotorene, og hva søker folk på?

Viss eg ser bort frå namnet på bloggen, er det rabarbra, sukkerbrød og pikekyss som får mest treff. Ein del underlege blir det også, kompliment i bogstadveien er det nokon som har søkt på fire-fem gongar, langt frå kvarandre i tid. lag ei fin dame sjølv gjorde meg heilt i villreie. Vanskeleg å lage damer. Her er tre søk som eg skreiv om inne hos Jakob:

kjøtt godtgjøres på benken – hæ?

fet av kanel i lompe – dobbelthæ?

norwegian humor calling the hotel – eg gir meg ende over.

Hvilken post i bloggen din er mest undervurdert?
Om den er undervurdert veit eg ikkje, men eg hadde eit lite håp om at denne posten skulle nå fleire.

Tag-o-rama

Kven taggar eg? Britt Åse, BipBap, Jakob, GundaM, Hajal og Serenidipity cat, kanskje? Og blir du inspirert så treng du ikkje stå på denne lista for å gripe utfordringa! :D

Ein juvel eller eit &%$?#% ugras?

18/07/2009

Eg veit at ein del ekspertar med grøne/svarte fingrar er innom bloggen min med jamne mellomrom, og i dag treng eg slik kompetanse.

I og med at eg plantar etter innfallsmetoden i ein del tilfelle har eg ikkje full oversikt over alt som står i hagen min. Denne planten veks opp midt i sitronmelissen min. Det vitnar om stor veksekraft og overlevingsevne. 

IMG_8146Først trudde eg det var solhatt, for eg har planta nokre solhattar der utan at eg tenkte på at det er dumt å plante solhatt der ein er plaga med ugrasklokke. Dei er ganske vanskelege å skilje frå kvarandre. Men no ser til og med eg at dette ikkje er solhatt. Den er nesten like høg som meg, altså snart 170 cm. Kva kan det vere?

Den har ikkje blomstra enno, men dersom den er frå “the dark side” har eg ikkje så veldig lyst til å la den blomstre og frø seg medan vi er i Frankrike. Er det ein snill plante, ein skatt frå gåvmilde hagegale, så skal den sjølvsagt få alt det stell den fortener. Anyone?

Huset

17/07/2009

huset

Feriefredag

17/07/2009

I dag, sånn rundt kl. 17:00 byrja ferien min! Siste mail er sendt, pulten er rydda (faktisk!) og rapport er skriven til han som skal ta over “leiinga”. Deilig!

liljeNo skal vi sette huset i god orden til franskmennene kjem på tirsdag, og  vi skal pakke tølene våre. Mandag litt utpå dagen reiser vi avgarde, og får treffe dei vi skal bu i huset til der nede før dei reiser hit. Det er alltid spennande med boligbytte, sjølv om ein har sett bilde så er det alltid ei glede å ta det “nye” huset i bruk. Eg fann forresten denne bloggen her om dagen, er du nysgjerrig på boligbytte kan du lese litt der. Ha ei fredeleg helg!

Meir søt og deilig gjærbakst

17/07/2009

Heidi har fleire oppskrifter med søt gjærdeig på lur, i dag får du ein tradisjonell klippekrans og gjærlengder med tre ulike sortar fyll. Her kan du variere med å bruke frukt og bær som er på sitt beste no, bringebæra er vel like rundt hjørnet? 

Alt godt

Klippekrans med vanilje

4 ss margarin

4 dl mjølk

50 gram gjær

5 ss sukker

1 egg

ca 10 dl kveitemjøl

Fyll:

Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt.

Alternativt fyll:

Sjå i teksten under.

Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. Rull leiven saman og legg skøyten ned mot steikebrettet. Klipp i kransen med ei saks og brett annankvar snipp til høgre og venstre.

Etterhev kransen i ca. 20 minutt og pensle han med samanpiska egg. Steik han på nederste rille i ca. 25 minutt på 190 grader. Når kransen har kolna har du melisglasur oppå.

Ønskjer du ikkje å klippe opp kransen kan du ha dette fyllet inni: 3-4 dl heile mandlar, 3 dl rosiner, 7 ss sukker og 7 ss margarin. Mal mandlane i ei matmølle og bland i resten. Smør fyllet utover leiven og rull han saman.

Gjærlengde

150 gram margarin

2 dl mjølk

50 gram gjær

4 ss sukker

1 egg

ca 400 gram kveitemjøl

Fyll 1

Vaniljekrem

Fyll 2

100 gram margarin/smør

1 dl sukker

2 ts vaniljesukker

50 gram hakka mandlar eller nøter

50 gram rosiner

Fyll 3

Syltetøy, for eksempel eplesylte, rabarbra eller stikkelsbær.

Bland 1 ss potetmjøl eller maisennamjøl i syltetøyet, det gjer fyllet meir stabilt.

Smelt margarin og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under eit klede.

Legg deigen på bakebordet og kjevl ut eit rektangel som er 40×25 cm. Legg fyllet du har valt midt på leiven og brett langsidene innover mot fyllet. Du får ei opning med fyll midt på der deigen ikkje er bretta i to. Hev gjærlengda i 30 minutt.

Pensl ho med egg og strø perlesukker over. Steikast på 225 grader i ca 20 -25 minutt. Pass på at ho ikkje vert brent. Som du veit er all gjærbakst best same dagen, så kaffien må vere klar når du tek stengene ut av omnen.

Ein liten tur i byen…

16/07/2009

… og litt shopping news. Heaven scent har -20% på 100ml store flasker frå The Different Company, så viss du går og siklar på Sublime Balkiss eller Jasmin de Nuit så er dette tida for å hive seg rundt.

jasmin_de_nuitDei har dei i nettbutikken og, viss du er i feil by (eller ikkje i ein by i det heile tatt), www.heavenscent.no. Eg var hos frisøren i dag, og han snuste meg i nakken :-o fordi eg lukta så godt, det var Sublime Balkiss. Neida, dette er ikkje reklame. ;-)

Ei magisk suppe

16/07/2009

Av og til finn ein enkle smakskombinasjonar som uventa og gledeleg løftar seg til store høgder. Ein slik kombinasjon er mamma si ostepanne, purre, blomkål og ost med eit paprikadryss gir eit øyeblikk av lykke. 

squashEin annan slik kombinasjon fann eg i dag; suppe med squash og kikerter. Eg brukar mykje kikerter, det er billig og enkelt å ty til, og smakar godt. Grilla eller steikt squash er også ein hit her hos oss, iallfall blant dei vaksne i huset. 

Men at kombinasjonen av desse to skulle smake så godt hadde eg ikkje trudd. Det er gøy når eit eksperiment slår til. Slik gjer du det: 

steiktSquash- og kikertsuppe

Ein squash

Ein løk

To fedd kvitløk

Ein boks kikerter

1 liter buljong

Olivenolje

Ein neve riven pecorino

1/2 ts rosmarin

Litt sitronsaft 

Salt og peppar

Skjer squashen i halvcentimetertjukke skiver. Grill eller steik skivene i olivenolje til dei har fått god farge. Legg dei til side, og kryst litt sitronsaft over. Skrell løk og kvitløk. Fres det mjukt saman med rosmarinen i litt olje i ei romsleg gryte. Ha i squashen og dei avrente kikertene. Slå på buljong, og la suppa småkoke på låg varme i 10-15 minutt.

Køyr suppa glatt med ein stavmiksar, og smak til med salt, peppar og eventuelt meir sitronsaft. rør inn osten. Server den kald eller varm, alt etter årstid og lyst. Garner den gjerne med litt brødkrutongar om du har.

Når du brukar pecorinoost kan mjølkeallergikarar og ete suppa. Utan osten er dette veganmat. 

Eg slit med å tilgje meg sjølv…

15/07/2009

at eg ikkje kasta meg opp på scena og dansa hjarta mitt ut då Angelique Kidjo spelte på Rockefeller i fjor, og ho inviterte alle som ville danse med henne til å bli med. 

Denne vesle, energiske, androgyne dama frå Benin er eit oppkome av musikk, rytme og sensualitet. Vi kjøpte plata hennar Ayé i 1996, eitt par år etter at den kom ut. Prinsessa som no er tretten dansa mykje til denne før ho kunne gå.

I 1998 var det fotball-VM, og det prega naturleg nok mediebildet ein del. NRK P2 hadde eit fint ettermiddagsprogram der Tango for tre hadde vignettane, og i dette programmet spelte dei Agolo, og vi dansa rundt på golvet på kjøkkenet slik vi brukte då vi høyrde den sangen.

Då sangen feida ut, sa programleiaren: Dette var Agolo Agolo Agolo med Angelique Kidjo. Det er beninsk, og betyr “Det der var vel for faen ikke frispark”. Eg huskar at eg hadde problem med å forklare ho på to kva det var som var så morsomt. 

Dette opptaket er frå Newport Folk i 2006, og eg går i oppløysing når eg ser den søte vesle jenta som kjem opp på scena. Nydeleg! Dette er ikkje den beste innspelinga av songen, finn du cd-en så kjøp den, eller kjøp den på Itunes.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers