Endetida

Eg hamna opp i ein stor diskusjon her for ei tid sidan med nokre amerikanarar eg kjenner på nett om å lagre mat.

For konservative kristne i USA er det å lagre mat eit teikn på at dei tek bibelens ord om endetida på alvor. For oss vanlege nordmenn som er vande med at alt ordnar seg, så er dette ganske fjernt. Det er altså hushald i USA som har lagra tørrmat og vatn for å klare seg utan forsyningar i fleire år. Dei eg diskuterte med meinte eg var heilt uansvarleg, som ikkje hadde mat- og vasslager heime. Better safe than sorry, var deira slagord. Eg lurer på kvar dei tenker eg skulle hatt dette lageret.

Denne karen her er meir til å le av, spør du meg, med sine bøtter med kveite som han kan bruke som vekter, spire til c-vitaminberande spirar og til å så. Om han har kvern heime, slik at han faktisk kan få bakt brød av det er uklart. Gjær, har han tenkt på det??

Heldigvis er han ikkje meir mismodig enn at han skal avgarde og sjå Mr. Olympia-konkurransen og bu i sitt gratis hotellrom som nokre snille folk betalar for han. Så han held motet oppe sjølv om enden er nær. At vi lever på same planet er eigentleg heilt utruleg.

3 kommentarar til “Endetida”

  1. RandiF seier:

    Planeten er stor og mange tek endetida på alvor. I Guatemala f eks markerer dei kvart år nedteljinga til 21.12.2012, som er siste dag i den 5000 år gamle maya-kalenderen…..Og kva veit vi? Syns det kan verke som at planeten vår går mot ein smell, eg…..

  2. Anita K. seier:

    Jehovas har vel varslet endetida noen ganger allerede.
    Merkelig innstilling – og de har ikke vært verken bomba eller okkupert, unnskyld meg – men sånn tenker vi fra “den gamle verden”…. ;)

  3. smgj seier:

    Vi som HAR vært bombet og okkupert – vet at ukrutt ikke forgår så lett…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s