Som du ser nede til høgre her lenkar eg til ei morsom amerikansk bakeside, Bakerella. Ho hjalp ein mann som skulle fri til kjærasten sin, og det er ei søt historie. Eg måtte berre fortelje om det. Du finn sjølve frieriet her, http://www.bakerella.com/wedding-cake-pops/ og historie om “the making of it” her: http://www.bakerella.com/she-said%e2%80%a6/ Nusseleg!
Arkiv for oktober, 2009
I’m a sucker for romance…
31/10/2009Min favorittkokk
31/10/2009-Eg har vore hos min favorittkokk igjen, Jarle Baer på Oslo Spiseforretning.
Han har ein fantastisk fin restaurant i gamlebyen, og i tredje etasje har han ei finstove med plass til 12-16, ein liten privat salong og nydeleg, norsk mat. Om sommaren serverer han byens beste burgerar med utsikt til middelalderparken.
Under Øya-festivalen er det stuvande fullt, men resten av sommaren er dette ein av dei plassane der du kan slappe av, drikke frisk eplemost og ha byen nær og likevel ikkje oppå deg.
Her er det ikkje mykje prat og kokebøker, berre god, god mat og deilig vin. Kjem du til byen og skal spise berre eitt måltid, så ta det her. 18-trikken går dit.
Tunfiskgreier
30/10/2009Eg har fortalt før om mitt lidenskapelege forhold til tunfisk på boks. Denne oppskrifta har også tunfisk som hovudingrediens. Kvar eg har den frå veit eg ikkje, eg har brukt å lage den til meg sjølv når eg skal kose meg. Men eigentleg er smaken god nok til at dette skal bli noko meir enn berre kosemat for ein.
Problemet er at denne røra ikkje er vakker å sjå til. Eg skal ikkje seie kva den liknar på, men brunfargen seier sitt. Det er mange døme på mat som ikkje er vakker, men som smakar fantastisk. Baba ganoush er ein slik rett, den grå, triste gugga som sonen min meiner liknar på hjernemasse. Men den smakar så godt at eg alltid angrar på at eg ikkje spiste litt til.
Dagens tunfiskrøre er rar på fleire måtar, også ved at det skal smør i den. Smøret gjev ein rund, fyldig smak, så ikkje dropp det. Du kan blande inn hakka urter, det vert sikkert kjempegodt. På nyrista, tynne baguettskiver er dette eit deilig lite tiltygg, så du får heller pynte den med litt salat, ei skive cherrytomat eller eit persilleblad for å skjule den lite tiltalande fargen. Eg hadde ingenting å pynte med når eg lagde den i dag, så difor får du ikkje bilde av den. Eg legg ut eit viss eg klarer å ta eit lekkert bilde av den.
Tunfiskrøre
2 ts soyasaus
2 ts balsamico
2 ts sitronsaft
1 boks naturell tunfisk
Ei klype chilipulver
3 ss mjukt smør
1 ss rømme
La tunfisken renne av viss den er i vatn eller olje, fjern mesteparten av geléen viss den er i gelé. Kna den mjuk med smøret i ei skål. Tunfisken skal vere ganske mosa. Ha i soyasaus, eddik og sitronsaft, og smak til med chilipulver. Ver forsiktig, så du ikkje overdoserer chilien. Bland inn ei skei rømme til slutt.
Server røra på rista brød, kjeks eller baguettar. Skal du ha fest, så kan du lage denne røra eitt par dagar i førvegen. Den kan fint stå i kjøleskapet to-tre dagar med plast over.
Å lage gresskarlykter
29/10/2009Det er mulig det er litt mykje halloweenmas her no, men eg syns faktisk at å lage ein halloweenfest for ungane er gøy.
Det er ein amerikansk skikk, men ein må ikkje kaste seg på kjøpebølga med oransje bøtter og godteskåler som lagar skumle lydar for det.
Men graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom.
Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel.
Eg fann det fine skrekkens hus som du ser øverst i trappa på ei amerikansk nettside, og dei andre to har eg lagd på frihand etter teikningar. Og eg er ikkje spesielt kunstnerisk begava!
Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti og førti kroner kiloen. Når eit graskar veg fem kilo har kiloprisen litt å seie for utgiftene. Innvandrarbutikkane er billegast, no som alltid.
Det første eg gjer er å skjere av loket. Skjer det med kniven skrått innover i graskaret, ikkje rett ned i det.
Den skrå kanten hindrar at loket fell nedi når du legg det på til slutt.
Loket kan også skjerast i mønster.
Det største av mine har eg kutta i stjernemønster. Begynn med å lage to prikkar ovanfor kvarandre passe langt frå stilken.
Lag så to til, nitti grader på dei to første. Så lagar du to til midt imellom dei igjen.
Då kan du lett skjere ei jamn stjerneform ved å kutte skrått inn mot stilken frå kvar prikk.
Ikkje gjer som meg, og kjøp eit graskar utan stilk. Eg hadde eit svare strev med å få loket ut av graskaret. Inni det ligg det nemleg tusen oransje, seige trådar som held loket fast, og eg måtte verkeleg lirke for å få det av. Då er det lettare å ta tak i stilken, og vippe det opp.
Når du så har fått eit fint hol må du grave ut dei oransje trådane og fjerne frømassen. Eg tek det grøvste med hendene, og finrensar med melonkulejern. Eg driv og tørkar og styrer med mine frø, eg skal melde tilbake dersom eg fekk til å lage noko godt med dei.
Når dei oransje trådane er borte går eg laus på fruktkjøtet med melonkulejernet mitt. Du kan også bruke ei isskei dersom du har ei med ganske skarp kant.
Eit gjennomsnitts graskar har fire-fem cm tjukt kjøt, og klarer du å skrape deg ned til to cm er mykje arbeid med sjølve kuttinga spart. Det er mykje lettare å skjere eit pent mønster i graskaret når veggane er tynne. Fruktkjøtet tek du til side, det går an å lage mykje spennande med det.
Når eg finn eit mønster eg kan skrive ut, festar eg det på graskaret med to nåler. Pass på at du plasserer eller teiknar motivet på øvre del av graskaret. Lyset fell finare, og du ser ikkje telyset i “munnen” på lykta dersom motivet sit eit stykke opp på lykta.
Så tek eg den skarpaste gaffelen i skuffen (den var ny…) og stikk med nokre millimeters mellomrom langsmed der eg skal kutte.
Då ser eg lett kvar eg skal føre kniven når eg går i gang med sjølve kuttinga. Sjølve huset har eg farga svart med tusj.
Her som på dei fleste andre område i livet gjer eg det relativt enkelt for meg sjølv, og vel enkle motiv. Det finst motiv som er så sofistikerte at ein må vere heimeverande med hushjelp og kunstutdanning for å få dei til. Har du eit slikt Dremel-verktøy finst det eigne videoar og ikkje minst eigne kuttejern for halloweenmoro. Dit kjem aldri eg, det kan eg love.
Frihandsteikningane mine er endå enklare, standard Jack o’ lantern med skråstilte auge og munn med taggete tanngard eller tannfelling.
Eg teiknar på med penn, og har som hovudmål å få det nokolunde symmetrisk.
Ta fram det du har av små knivar, det varierer kva som er godt å bruke. Jobb med kniven innover i graskaret, ikkje nedover eller oppover. Du har betre kontroll når du lar kniven gli innover og så forsiktig i rett retning. Elles kan du fort kutte for langt, og når du har lys i lykta visest slike lange kutt.
Kutt på utsida av pennestrekane, og dytt det du skjer ut inn i graskaret med enden av skaftet på ei tresleiv eller liknande. Skjer gjerne reint rundt opningane viss fruktkjøtet har flisa seg opp, og det ser stygt ut. Vil du at lykta skal vare lenge og ikkje mygle, kan du gni den inn med vaselin både utanpå og inni.
Set lys i lyktene, og legg på loket. Ha ein koseleg halloween!
Ny vri på graskar
28/10/2009No får ein omtrent kasta etter seg graskar rundt omkring. Dette er ei fin grønnsak, og eg syns det er synd at vi berre kasta innmaten på desse flotte fruktene.
Eg kjøpte noko eg trudde var eit graskar, men det viste seg at det vert kalla butternut squash. Du ser den midt på dette bildet av ulike graskartypar. Butternut squash har lys “hud”, oransje kjøt og nesten ingen smak, som alle sine slektningar.
At den ikkje har så mykje eigensmak er berre fint, det betyr at ein kan trikse og mikse som ein vil. Eg hadde mange til bords i helga, når ein blir elleve er det framleis viktig med alle tanter og onklar, fetrar og kusiner, for ikkje å snakke om besteforeldre og vennar. Difor hadde vi stor oppvask etterpå, og alle vart glade.
Eg serverte kyllinglår som vart delt i to og steikt i omnen, ris og ein salat. I tillegg serverte eg desse deilige bakte grønsakene, basert på nykomlingen butternut squash.
Nykomlingen vart delt i passe store bitar. Så skrelte eg og delte opp åtte gulrøtter og seks løk. Eg la bakepapir i ei langpanne. Så tok eg 1 dl heilt vanleg grillolje i ei skål, du veit den mørke på flaske, Santa Maria, trur eg. Så hadde eg i ein halv dl lønnesirup saman med masse svart peppar.
Normalt ville eg sjølvsagt ha brukt extra virgin, supplert med urter frå hagen og ei velkomponert krydderblanding. Men når ein har mange til bords og tida er knapp får ferdiggrillolje duge.
Eg pensla grønnsakene med grilloljeblandinga, og bakte dei på 180 grader i 50 minutt. Det såg ikkje så stilig ut, men det smakte fantastisk! Du kan bruke denne varianten med ulike grønsaker, eg trur for eksempel at sellereirot, persillerot og søtpotet ville vere kjempegodt saman med graskar.
Eg hadde berre daude kvitløksfedd, viss ikkje ville eg definitivt hatt nokre av dei i blandinga. Prøv deg fram, og sjå om dine middagsgjestar vert like nøgde som mine. Dette er av den typen mat som ikkje ser så stilig ut, men som smakar nydeleg. Ta med eit graskar heim, og prøv denne oppskrifta.
Award og sju ting om meg
27/10/2009
Eg har fått ein award, ein slags pris,altså, frå RandiF. Den vart eg veldig glad for! Med prisen følgde det med ei utfordring om å fortelje sju ting om meg sjølv. Eg syns slikt er vanskeleg, men eg skal prøve:
1. Eg elskar Oslo. Punktum.
2. Eg er stort sett i godt humør.
3. Eg ser på Lipstick jungle på mandagane, og tenker at jammen lever eg eit enkelt liv.
4. Når eg blir forkjøla blir eg VELDIG forkjøla.
5. Eg stiller opp viss du ber meg om det, eller eg ser at du treng det.
6. Eg er ei stolt mor.
7. Eg likar godt å skrive, men eg kan ha litt tungt for å kome i gang.
Mange har allereie hatt denne utfordringa, så eg let den stå open. Viss du vil svare, så hent både prisen og utfordringa herfrå. Ha ein fin dag!
Noko av det vakraste XXI
26/10/2009Eg var (og er) veldig glad i den gamle Fame-filmen. Tre gongar såg eg den då den gjekk på kino, siste gongen haika eg til Hareid for å sjå den, og eg fekk ikkje med meg nokon heller. Det hadde ikkje min trettenåring fått lov til, det er heilt sikkert.
Korleis den nye er veit eg ikkje, eg tør nesten ikkje sjå den. Men her er ei av dei mest rørande scenene frå den gamle, når Montgomery sit i vindauga over Times square og syng “is it OK if I call you mine”.
Litt oppmuntring?
26/10/2009Denne gjorde iallfall meg i godt humør. Ha ein fin dag!
No er den her
25/10/2009-Iallfall kan det synest som om at svineinfluensaen har inntatt huset.
Førebels er det berre eg som er pjusk, og alle symptoma stemmer ikkje. Den har ikkje slått seg på magen, men halsen er sår og eg hostar. Feberen er låg, men det legane kallar subfebril, altså små temperaturskilnader rundt normalpunktet.
I og med at eg er i risikogruppa (astma) så kjem eg til å ta det med ro, og så får vi sjå kva dette er. I mellomtida må dokke sende meg varme tankar, det hjelper heilt sikkert. Det blir ikkje så mykje matlaging og fotografering heller, det er familien som skal ete det eg lagar, og eg får prøve å la vere å smitte dei. Ha ein fin dag, alle som stikk innom!
Halloween
23/10/2009Ja, eg veit det er neste helg, men no får du oppskriftene, så kan du planlegge det heile, ikkje sant?
Elleveåringen min har bestilt halloweenfest av mora si neste helg. Det inneber graskarsuppe, edderkoppmuffins, huset fullt av ungar i skumle antrekk og draculablod på badet.
Halloween er ei høgtid som har fått ny form i moderne tid. Opprinneleg var halloween ei feiring av katolske martyrar og helgenar. Helgensmess eller allehelgensdag er den første søndagen i november. Allehelgensaftan eller halloween er altså kvelden før allehelgensdag. Mange blandar saman helgensmess og mikkelsmess, eller hausttakkefesten. Hausttakkefesten er 29. september, og då feirar ein grøda som er i ferd med å kome i hus.
Det faste elementet i halloweenfeiringa slik vi kjenner det i dag er ”knask eller knep”. Ungane går frå dør til dør, og tigg godteri. Får dei det ikkje finn dei på ein rampestrek. Så det gjeld å ha godteriet klar. Det er også fint å sette opp nokre lykter slik at det er lett å finne vegen til dei som er positivt innstilt til denne nye skikken. For dei små ungane er det stor stas å gå rundt saman med store søsken eller venner i mørkna.
Hos oss samlar altså klasse 6A seg, og eg serverer graskarsuppe med godt brød til. Eg har også servert linsesuppe, det viktigaste er at den er gul og fin på farge (og at det ikkje er klumpar i den, goes without saying). Eg brukar eit stort, oransje graskar, og byrjar med å skjere toppen av. Mønster til graskarutskjering finn du på internett, eit søk på pumpkin carving ga meg mange gode idéar.
Det er praktisk å skave ut or graskaret så mykje som mogeleg av fruktkjøtet før du byrjar å skjere mønster. Det er lettare å skjere mønster når graskaret ikkje er så tjukt. Eg brukte ein liten, tynn kniv med fleksibelt blad, og avslutta med melonkulejernet.
Skjer av toppen, slik at du får ei god opning å jobbe i. Skjer først ned i frukta for å få ut frømassen. Frøa i graskaret sit inne i eit nett av hinner og trådar, og alt dette må ut. Skav ut så mykje som du får til av fruktkjøtet, og legg det for seg sjølv. Eg hadde eit graskar på ca. 4 kg, og ut av det fekk eg ca. 1,5 kilo fruktkjøt til suppa.
Skjer ut det mønsteret du vil ha på graskaret. Pass på at du berre skjer igjennom der du vil skjere igjennom. Når du set lys i graskaret viser det dersom du har vore nær å kunne igjennom skinnet der du ikkje ville kutte igjennom.
Graskarsuppe
Ca. 1,5 kg graskarkjøt
To løkar
4 fedd kvitløk
1 ss tomatpuré
2 ts gurkemeie
1 ts paprika
Smør eller olje
1,5 liter vatn
Buljong
Saft og skal av ein appelsin
Fire-fem salvieblad
Riven muskat
Salt, peppar og sukker
Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og gurkemeie. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i.
Vask appelsinen godt, og riv av det ytterste gule av appelsinskalet. Det kvite skal ikkje med, det smakar bittert. Press appelsinen. Ha appelsinsafta og ca. ei spiseskei av det rivne skalet i suppa.
La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til.
Noko søtt og godt
22/10/2009Heidi driv med avansert gjærbakst framimot helga, i dag lagar ho farmors wienerkringle. Eg skal lage guttebursdag, så då blir det nok litt enklare kaker enn denne. Men prøv oppskrifta hennar, dette er sånt som er gøy å få til.
Alt godt
Likar du gjærbakst likar du truleg denne kringla. Det er ein kaldheva gjærdeig der smøret/margarinen vert kjevla inni. Det vert nesten som ein wienerdeig. Har du ikkje prøvd å lage ein slik deig før kan det faktisk vere litt artig å prøve. Du kan godt fryse ho og varme ho litt i omnen når du tek ho opp. Då vert kringla som nybakt.
Farmors kringle
2 dl kaldt vatn
50 gram gjær
1 egg
2 ss sukker
2 ss halvsmelta smør eller margarin
ca 400-450 gram kveitemjøl.
200 gram kjøleskåpkaldt smør eller margarin.
Denne margarinen skal kjevlast inni deigen i to omganger og det krevst dermed to gonger med bretting.
Rør gjæra ut i kaldt vatn og tilsett egget. Ha i sukker, halvsmelta smør eller margarin og kveitemjølet. Denne deigen skal no kunne kjevlast ut og må derfor vere litt fast men ikkje hard. Bearbeid han heller ikkje så mykje, då kan han verte seig. Kjevl deigen ut til ein firkanta leiv. Ha rikeleg med mjøl under slik at han ikkje set seg fast i bordet.
Ta smøret eller margarinen ut av kjøleskåpet, det skal vere så kaldt som råd er. (Bruke ikkje soyamargarin, det er for blautt). Høvl smøret med ein ostehøvel og dekk 2/3 av leiven med smørskivene. La den siste nederste 1/3 vere utan smør. No skal leiven brettast i tre og start med den leiven som det ikkje er smør på. Brett han over der det er smør. Så tek du den andre delen av leiven og brettar han over denne igjen.
Du får ein avlang leiv som består av tre lag. Prøv å brett eit firekanta papir for å øve deg om du no blei litt usikker. Sjølv om smørskivene ikkje blir heilt fine gjer det ingen ting. Du kan og sette smøret litt i frysaren for å få det kaldt. Dess kaldare dess betre. Kjevl deigen på nytt ut til ein firekant like stor som sist og brett på same måte ein gong til. Denne deigen skal ikkje forheve, men du kan la han kvile til du er ferdig å lage fyllet.
Fyll:
200 gram mandlar
200 gram melis
1 eggekvite
Køyr i matmølle med litt vatn til du får eit fyll som kan smørjast utover.
Trill deigen utover til ei lang pølse som du så kjevlar flat. Bredda på pølsa skal vere om lag 25-30 cm brei. Smør på fyllet. Rull deigen saman, og form den til ei kringle. Eg brukar ikkje å legge delane over kvarandre i midten, berre ved sidan av kvarandre. Blir dei liggande oppå kvarandre vert kringla lett litt rå der. La kringla heve i 45 minutt.
Eg klipper kringla på ein spesiell måte. Klipp først ganske små hakk i kringla på utsida og deretter på innsida heile vegen rundt. Toppen blir altså klipt i to rader som går ved sidan av kvarandre..Men du kan og berre klippe små hakk heilt på toppen av kringla utan at det vert to rader av det. Pensle kringla med ei blanding av egg og mjølk og strø perlesukker og evt.litt hakka mandlar oppå. Steik kringla midt i omnen på 200 grader i 30-40 minutt. Ho skal skal få fin brunfarge når ho er ferdig.
Det er den dagen
21/10/2009-då alle grafsar i andres privatliv, og brukar kvelden på å sitte og søke på vennar, uvennar og kjendisar frå heile alfabetet for å finne ut kva dei tener.
Eg vaks opp i ei familie med eige firma, og inntektene gjekk opp og ned på meir eller mindre forutsigbart vis. Framleis huskar eg skamma ved det å bli konfrontert med kva far min tente eller ikkje tente av folk i klassa mi og på bygda. Då hadde altså einkvan stilt seg opp på kommunehuset og gått igjennom skattelistene som var lagt ut, og notert seg inntekt og formue på folk dei var nysgjerrige på. Så bar dei det til gards, og informasjonen spreidde seg fortare enn influensasmitte.
Du kan blokkere deg for inntektssøk på Facebook. Det gjer du ved å klikke på desse lenkene, som eg fann inne hos Moseplassen:
Tv2:
Klikk.no:
Skattelisten:
Dagbladet/ Kjendis.no:
Ekteskapelege utfordringar…
21/10/2009Høneslakt i Ørsta
20/10/2009Heidi har høner i hagen, og på eit eller anna tidspunkt har hønene verpa ferdig. Då er det ingen nåde, dei må til hønehimmelen, det vil seie i ei god suppegryte. Suppa han også lagast med ein stor rå kylling, då får du kyllingsuppe, verre er det ikkje. Til suppa serverer Heidi deilige valnøttbrød. Dette kan du prøve ut til helga, for dette er fin søndagsmat!
Alt godt
Dei siste åra har vi hatt hagehøns her i Ørsta. Etter at vi fekk hagehøns er hønsesuppe ein delikatesse her i huset.
Hønsesuppe
Bruk ei høne på vel eit kilo. Legg ho i ein stor kjele og fyll på med vatn slik at det dekker høna og tilsett deretter:
1 ss salt
1 laubærblad
1 ts timian
5 kvite peparkorn
1 gulrot
1/2 purre
1 bit sellerirot
2 fedd kvitløk
2 terningar hønsebuljong (som smaksforsterkar)
La alt dette koke i 2 1/2 time. Ta vekk skummet som legg seg på toppen. Kok høna til ho vert mør og kjøtet slepper beina. Då tek du høna opp og legg ho i langpanna som tilhøyrer komfyren din. Den er super å rense høna i.
Plukk kjøtet frå beina medan høna er mest mogleg heil. Deler du høna i mindre bitar har du ikkje så god kontroll over dei små beina.
Eg er uhyre nøye med renskinga, for ørsmå bein skal ikkje vere i mi suppe. Sil deretter krafta for å få ho mest mogleg rein. Grønsakene som du har kokt kraft på har vorte ganske slappe etter all denne kokinga så dei skal ikkje i suppa ein gong til. Men dei er gode å maule.
Jamning:
4 ss margarin
2 ss karri
3-4 ss kveitemjøl
Smelt margarinen i ei kaserolle og fres karri og margarin saman. Rør inn kveitemjølet og spe med hønsekrafta som du no har sila. Du bør passe på å ha 11/2 -2 liter kraft. Har du fått mindre må du berre tilsette litt vatn for å få nok væske. I suppa skal no:
Det ferdigrensa kjøtet i små terningar
Ca 2 dl ris og for all del ikkje hurtigris
2 dl djupfrosne erter eller ferske sukkererter
1 raud paprika i små bitar
Litt timian
Litt oregano
Smak til med salt og peppar. Vil du ha meir karrismak tilset du meir.
Desse valnøttbrøda er gode til suppe, men og til anna mat.
Valnøttbrød
50 gram margarin
1/2 l vatn
50 gram gjær
2 ts salt
2 ts sukker
50 gram hakka valnøtter
250 gram sammalt rug, fin
ca 450 gram kveitemjøl
Smelt margarin og ha i vatnet. La dette verte fingervarmt, og ha det over i ein bakebolle. Rør ut gjæra og tilset salt, sukker og hakka valnøtter. Ha mjølet i til slutt til det vert ein passe fin deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Du skal alltid tilsette det fine kveitemjølet til slutt, slik at du brukar det mjølet til å regulere fastheita på deigen.
Forhev deigen i 30 minutt. Kna ut to avlange brød som du former som to horn. Dei blir ikkje så veldig store. Etterhev dei i 35 minutt og snitt dei på skrå med ein skarp kniv og sikt litt kveitemjøl over dei. Steik dei på nederste rille i omnen på 200 grader i ca 40 minutt.
Mysterier
19/10/2009Når eg skriv om mat samlar eg inspirasjon herfrå og derfrå, og dermed endar eg opp med masse oppskrifter som eg ikkje heilt veit opphavet til. Har eg funne på dette sjølv? I tilfelle ikkje, kvar kjem den frå? Når den ikkje er eit utklipp, er den som originalen, eller har eg endra på den? Forvirringa er komplett.
Her er ei slik, det står ikkje ein gong på kva det er. Men all sunn fornuft tilseier at det er ein laksepai som ikkje skal steikast. Eg kan ikkje huske å ha lagd den, og gjorde eg det tok eg ikkje bilde, så her er det rein tekst som gjeld. Meld frå om du lagar den før meg, og er fornøgd. Eller misfornøgd. Finn du ut kvar den stammar frå, så gjer vel å seie ifrå, så skal eg be om samtykke og kreditere.
Laksepai
300 g kavring eller knekkebrød
75 g smør
2 pakkar Philadelphiaost
2 dl lettrømme
250 g røykalaks
2 små, gule løkar eller ein stor
3-4 ss finklipt grasløk eller dill
Salt, peppar og sitronsaft
150 g raud kaviar, dei i glas
Sitronskiver til pynt
Smelt smøret. Køyr brødet glatt i ei matmølle. Vend saman smør og brødsmular. Trykk det ut i ringen til ei kakeform som du set på det fatet du vil servere paien på.
Skjer laksen i små bitar, og finhakk løken og urtene. Bland ost og rømme, og vend inn laksen, løken og urtene.
Smak til med salt, peppar og sitronsaft. Ha røra i forma, og brei den utover. Dekorer med kaviar/rogn, sitronskiver og meir urter.
Server med ruccolasaus.
Ruccolasaus
1 liter tyrkisk yoghurt
50 g ruccola
Salt og nymalen peppar
Finhakk ruccolaen, og bland den i yoghurten. Smak til med salt og peppar.
Denne må eg prøve ein dag.
Solnedgang
19/10/2009Det er kanskje feil å starte dagen og veka med ein solnedgang, eg gjer det berre for å minne deg om at det i dag er 64 dagar til sola snur. Det er slikt som får meg til å halde ut vinteren. Ha ein fin dag!

Den gyldne Q
18/10/2009Esquil som skriv rølarbloggen står bak kåringa Den gyldne Q, altså ei kåring av den beste norske bloggen.
Mange stjernebloggar er nominert, deriblant Hjorthen, Ida Wulff og Virrvarr, men også småbloggar som min. Den går etter eit slags turneringsprinsipp, der ti og ti bloggar er oppe til votering. Det er også framleis mogeleg å nominere fleire.
Gå inn og besøk dei nominerte bloggane, stem på dei du syns er best, og følg med vidare!
Bond no. 9 i Oslo
17/10/2009
Gimle har teke inn New York-merket Bond no. 9. Parfymøren Patrice Rahme, opprinneleg frå Frankrike, har budd i New York i 25 år, og har latt byen og menneska inspirere seg til å lage ei rekke på 39 dufter.
Gimle har fått inn 35 av desse, som har dei kulaste flaskene du kan tenke deg. Bond no. 9 har samarbeidd med kjente kunstnarar for å lage flaskene, og sjølv om alle har same stjerneforma fasong så framstår dei som forskjellige.
Duftene er velkomponerte, spennande, varierte og moderne. Ta ein tur innom og sniff deg igjennom dei!
Frø av bjørk
16/10/2009Eit slikt som dei som flyg i lufta no, veit du.
Eg kom syklande inn i gården, den er vakkert beplanta som ein engelsk hage, med bjørketre i symmetrisk formasjon. Før eg visste ordet av det hadde eg noko i auget. Eg prøvde å få det bort, men det førte berre til at det kom på innsida av augeloket.
Noko så vondt! Eg fekk parkert sykkelen, låst opp døra og så virra eg oppover trappa som ei skada høne. Trettenåringen var heime, og vi fann kontaktlinsevæske til å skylle med. Men ingenting kom ut.
Eg måtte legge meg på sofaen, det gjorde så vondt at eg berre måtte halde auget lukka. Eg ringde til legevakta, det tok lang tid å få svar, og dei kunne fortelje at det var laaang ventetid.
Til slutt, etter litt lirking og meir hjelp frå trettenåringen, kom altså bjørkefrøet fram. No er smertene stort sett borte, men auget renn og produserer puss. Stilig. Eg er glad eg klarte å fikse det sjølv, ein fredagskveld på legevakta er ikkje draumen.
Moralen er; bruk solbriller under sykling, også om ikkje sola stikk i augene, spesielt i bjørkefrøsesongen. God helg til alle som stikk innom!
Fantastisk!
16/10/2009Her var vi: http://www.rockefeller.no/rf151009.html
Og høyrte på denne bedårande, elegante, musikalske mannen:
Han har gitt ut ei kjempefin plate som ein blir i godt humør av. Løp og kjøp!
Farvel til deg
15/10/2009Unattended children…
14/10/2009I USA er det å gjete sine eigne ungar ei æressak, gjerne til dei er langt oppi tenåra. Dei er av det engstelege slaget der borte, i nokre område med god grunn. Det fører med seg oppslag i ballrom og leikeområde av denne typen:
http://www.passiveaggressivenotes.com/2009/09/13/unattended-children-will-be-shot/
Urtesteikt laks
14/10/2009Eg og mange med meg lagar vårt eige urtesalt. Det kan brukast på mange måtar, og i dag brukte eg det til å panere nokre fine laksestykke i. Du kan framleis lage urtesalt viss ikkje kuldegradene har herja altfor gale, hos meg står både salvie, løpstikke, timian og persille fine og klare til å bli til heimelaga urtesalt.
Å krydre mjølet er ein fin måte å gje smak til panert fisk på. Eg var raus med urtesaltet i dag, to spiseskeier til fire-fem spiseskeier kveitemjøl.
Panering skjer i tre steg. Først skal det du panerer vendast i krydra mjøl. Så kjem turen innom eit bad av samanpiska egg, før siste runde med griljermjøl gjer stykka klare for steikepanna. Denne teknikken kan du bruke både på kjøt (snitslar eller tynt skorne svinekotelettar) og fisk av alle slag.
I steikepanna brukar eg halvparten soya- eller maisolje og margarin. Smør vert fort brent, så det egnar seg ikkje så godt til denne bruken, der steikinga skjer på høg varme. Steik fiskestykka i to minutt på kvar side, og la dei ligge lunt medan du dekker bordet.
Eg serverte laksen med kokte poteter og tsatsiki. Her burde det vore noko meir grønt, men det er ein heil agurk i tsatsikien, så det får halde for i dag. Eg lagde den med lett creme fraiche, men den originale utgåva er med matyoghurt. Slik gjorde eg det:
Tsatsiki
1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt
1 agurk
1 ts salt
to klyper svart peppar
1 fedd kvitløk utan det grøne
1 ts dill
Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt.
Forøvrig er dette ein klassisk kvardagsmiddagmetode, Sett potetene på kok først, lag tsatsikien, bland tallerkeninnhaldet og paner og steik fisken. Velbekomme!
Det ein ikkje får til å seie
13/10/2009Eg skal snart byrje å slutte med å poste youtube-videoar, og byrje med ordentleg blogging. Men denne måtte eg berre dele. Noko så vakkert.
Edderkoppmuffins