No får ein omtrent kasta etter seg graskar rundt omkring. Dette er ei fin grønnsak, og eg syns det er synd at vi berre kasta innmaten på desse flotte fruktene.
Eg kjøpte noko eg trudde var eit graskar, men det viste seg at det vert kalla butternut squash. Du ser den midt på dette bildet av ulike graskartypar. Butternut squash har lys “hud”, oransje kjøt og nesten ingen smak, som alle sine slektningar.
At den ikkje har så mykje eigensmak er berre fint, det betyr at ein kan trikse og mikse som ein vil. Eg hadde mange til bords i helga, når ein blir elleve er det framleis viktig med alle tanter og onklar, fetrar og kusiner, for ikkje å snakke om besteforeldre og vennar. Difor hadde vi stor oppvask etterpå, og alle vart glade.
Eg serverte kyllinglår som vart delt i to og steikt i omnen, ris og ein salat. I tillegg serverte eg desse deilige bakte grønsakene, basert på nykomlingen butternut squash.
Nykomlingen vart delt i passe store bitar. Så skrelte eg og delte opp åtte gulrøtter og seks løk. Eg la bakepapir i ei langpanne. Så tok eg 1 dl heilt vanleg grillolje i ei skål, du veit den mørke på flaske, Santa Maria, trur eg. Så hadde eg i ein halv dl lønnesirup saman med masse svart peppar.
Normalt ville eg sjølvsagt ha brukt extra virgin, supplert med urter frå hagen og ei velkomponert krydderblanding. Men når ein har mange til bords og tida er knapp får ferdiggrillolje duge.
Eg pensla grønnsakene med grilloljeblandinga, og bakte dei på 180 grader i 50 minutt. Det såg ikkje så stilig ut, men det smakte fantastisk! Du kan bruke denne varianten med ulike grønsaker, eg trur for eksempel at sellereirot, persillerot og søtpotet ville vere kjempegodt saman med graskar.
Eg hadde berre daude kvitløksfedd, viss ikkje ville eg definitivt hatt nokre av dei i blandinga. Prøv deg fram, og sjå om dine middagsgjestar vert like nøgde som mine. Dette er av den typen mat som ikkje ser så stilig ut, men som smakar nydeleg. Ta med eit graskar heim, og prøv denne oppskrifta.
28/10/2009 ved 14:58 |
Nam! bakte grønnsaker er i det hele tatt en smaksåpenbaring. Vi har det ofte til grillmat om sommeren, også som bestanddel i middagssalater med pasta og grillet kylling. Åh, nå ble jeg sulten!
28/10/2009 ved 17:02 |
Denne oppskriften skal jeg jammen prøve-jeg er veldig glad i gresskarmat! Ett tips til knallgodt tilbehør til feks lammestek er salat av bakt gresskar( stek i biter til den er mør i ovnen, 200 grader) som du blander med ruccola, litt hakka hvitløk og smuldret chevre. Dressing til lager du av creme fraiche som du har litt hvitløk og chevre i. Snaddersnask!