Arkiv for november, 2009

I Bodø

30/11/2009

Eg er ein liten svipptur til Bodø for å halde eit kurs her. Bodø har mange gleder, her er nokre av dei: 

Utsikta frå eit herverande kontorbygg: 

Ei parfymesamling eg kom over, dei femten på første rekke blir med meg heim for nesten ingen pengar:

Og ein parfyme eg aldri har sett før. Markant tonkapreg, har ikkje sjekka ut notane enno. Fekk litt sånn clinton-følelse…

Ein fin tur, altså! :D

Hello Kitty-helvete

30/11/2009

Hello Kitty påverkar livet til mange jenter og damer, og dermed så får det også ein effekt på dei som er glade i desse damene og jentene. Denne nettsida presenterer dei kjenslemessige påkjenningane desse mennene meir eller mindre frivillig på tole. Eg syns han nederst er morsomast, der han står i Hello Kitty-pysjen sin med eit fast grep om utstyret… 

Eg har trekt!

29/11/2009

No har eg trekt ut vinnarane som skal få ein pakke med parfymeprøver kvar.

Eg var innom Glasmagasinet, og dei putta så mange prøver oppi posen min at eg gir bort to damepakkar, har eg kome fram til.

Vinnarane blant damene var Mayblomst og GundaM, og herrevinnaren er Helge. Du får få din pakke gjennom vår felles forbindelse Ovedia, tenker eg, Helge.

Mayblomst og GundaM: Ta kontakt, slik at vi får snakka litt om preferansar og slikt, og ikkje minst at eg får adresse å sende pakken til.

Takk til alle som deltok!

Tre damer

29/11/2009

Eg vil skrive om tre damer i dag. Den første er Molly. Molly har vore igjennom mykje, Og la bloggen sin på is for nokre månader sidan på grunn av trugsmål og angrep frå folk som ho har valt ut av livet sitt. No er ho tilbake, og eg blir varm om hjarta ved å sjå at ho er tilbake i bloggverda. Ingen skal trugast til å slutte å skrive om seg, familien sin og livet sitt slik ein har valt det. Go Molly!

Dei to neste er Rosemarie og Susanne. Dei har funne kjærleiken, Rosemarie er 70 og Susanne er 56, men det hindrar dei ikkje. Rosemarie seier dette om  å ha draumar:

- Det gjelder å ha de gode drømmene i seg og forsøke å gi dem til andre. Noen mennesker synker hen i fortvilelse og klarer ikke stable seg på beina, men vi må hjelpe hverandre til å drømme det gode og innrette livet slik at det blir mulig å virkeliggjøre det.

Velkomne ut, Molly, Rosemarie og Susanne.

Det er von

28/11/2009

No rett før advent treng eg minne meg sjølv om at det lysnar. Snart. Det blir vår denne gongen og.

Dette bildet hjalp litt, det er ein flott magnolia som står utanfor Park hotell i Sandefjord.

Endeleg helg!

27/11/2009

Freden har senka seg, men ikkje for meg.

No skal eg farte rundt og fikse ting til i morgon, og så blir det bursdagsselskap og vaksenfest og tur til Bodø søndag kveld for å halde kurs mandag morgon. Og sånn går no dagan.

Konkurransen min er fortsatt i gang, Så har du ikkje meldt deg på enno har du framleis sjansen. Eg reknar med at eg trekker søndag føremiddag.

Då vil eg berre ynskje alle som stikk innom her ei deilig helg med dei fine clementinene du ser her. Eg får julestemning berre av bildet!

Meir juledill

27/11/2009

I dag tenkte eg å inspirere deg til å lage dine eigne pakkelappar. Det er både enkelt, koseleg og ein fin måte å få brukt opp papirrestar på. Det skal ikkje så mykje til for å lage ein fin til- og fra-lapp.

Eg fann ein butikk, Steffens hobby i Kongens gate i Oslo, som har ei utstansingsmaskin du kan låne per halvtime. Dei har fine utstansingsmalar som stansar ut pakkelappar av papir. Stort sett brukar eg 160 gram papir til dette.

Som du ser har eg dekorert med utstansa stjerne og hjarte. Eg likar å jobbe med litt utradisjonelle fargar. Eitt år var alle julekorta våre brune, lyseblå og rosa. Dekoren på lappane over her er at det same rosa og lyseblå papiret.

Som du ser brukar eg også papirstrimmelen som eg stansa ut frå. Rundt stjernene og langs kantane har eg dekorert med gullpenn.

Men eg gir meg ikkje med dei eg får stansa ut. eg tek vare på papirlappen dei vart stansa ut frå, limer den på eit nytt ark, og klipper rundt. Då får du den typen lappar som du ser til høgre her.

Englemotivet og hjarta til høgre  har eg stempla på med kvit stempelfarge, og framheva enkeltdetaljar med glittertusj og andre pennar.

Her er eit anna døme på “annleis” julefargar. Eg fann det gammelrosa papiret i ei tilbodskorg. Det hadde stjernemotiv, så eg syntest det passa fint som julenattshimmel.

Trea stansa eg ut med ein stansar eg har kjøpt sjølv, den til høgre, og ein som eg lånte i butikken. Englane er stempla på, den eine med kvitt og den andre med eit klassisk raudt kontorstempel. Til slutt fekk kjolen og stjerna litt gulltusj på seg.

Dei siste lappane lagde eg av restane av julekorta våre, som måtte kuttast litt for å få ei fin kvadratisk form. Strimmelen som vart til overs delte eg i tre, og klipte skrått inn slik at den ser “ferdiglaga” ut.

Her har eg stempla på God jul med gullstempelfarge, og hjarta er stansa ut, eit større og eit mindre. Så har eg limt dei oppå kvarandre og til slutt på ein kvit firkant med litt gull i papiret.

Gullstjernene på den midterste lappen er også limt på ein liten rest av det fine papiret med bladgull i. Det kjøpte eg på Norli bokhandel.

Snøfnugga på lappen lengst til venstre stansa eg ut med ein utstansar som eg lånte i butikken i vanleg kvitt papir, og stjernene er slike som du drysser på bordet på nyttårsaftan.

Du kan seie at det tok litt av. Når eg først hadde byrja klarte eg ikkje å stoppe med å lage pakkelappar. Så eg trur vi har for nokre juler framover. Eg blir så ivrig skjønar du, når eg først går i gang. Puh…

Grønt på kontoret!

26/11/2009

Eg julepyntar ikkje kontoret mitt akkurat. Eit stykke inn mot midten av desember byrjar det å få julepreg på grunn av alle julekorta som kjem, men eg bidreg lite.

Men slik treng det ikkje vere. I år har eg fått meg ein amaryllis på kontoret, ein vakker kvit utan sortsnamn. Der skal den få stå og spreie glede til meg og dei som kjem innom.

Den skal ha lite vatn, det vesle den får skal den ha på jorda, ikkje på løken. Den skal heller ikkje ha gjødning, det den treng sit i løken. Får den det for bra blomstrar den berre altfor kort.

Så viss du vil ha litt jul på kontoret bortsett frå julekortet frå DnBNor og NSB, så er ein vakker amaryllis ein god idé, ikkje sant?

Før julematen

26/11/2009

Dokke skal  få julematoppskrifter, altså. Men eg syns julematen smakar best nylaga, og dessutan reduserer ein svinnet ved å lage den nær opptil jul. Det blir mindre mumsing i boksane, ganske enkelt.

Det blir julemat i dag og, men til småfuglane. Eg fann nokre fine, små blomsterpotter i keramikk på salg på IKEA, og kjøpte med meg ei ladning. Då eg kom heim kom eg til at dei var for små til plantar, og byrja å sjå etter andre bruksområde.

Oppned og fylt med feitt og fuglefrø ser dei liksom ut som små bjeller, der dei heng på trea ute. Du kan godt bruke dei omatt, og fylle på meir feitt og frø når fuglane har fått i seg første runde med fuglemat.

Eg dekorerte pottene først. Det er lettare enn å drive og skulle pynte på dei fulle av feitt. Dekoren er ganske enkelt teikningar i sølvtusj. Eg har fint lite teiknetalent, så eg begrensa meg til stjerner og slagordet God Jul. Har du større talent enn meg så er det berre å ta han ut her.

Som feitt brukte eg vanleg delfiafeitt. Eg lot det ligge på benken over natta, slik at det vart mjukt og fint. Så hadde eg det i ein bolle, og knadde inn ei god ladning solsikkefrø. Her finst det mange forskjellige blandingar, så ta det du finn. Har du solsikker som har vore i hagen kan du tørke frøa og bruke dei.

Ta ein lang tråd i eit solid materiale, noko hyssingaktig, og legg tråden dobbelt. Ha endane inne i potta. Knytt ei fyrstikk nederst der du har dei to endane. Dytt tråden og dermed fyrstikka tilbake i potta slik at den ligg midtvegs i potta. Dytt feitt inn på eine sida. Vipp potta rundt, og dytt feitt inn på andre sida og. Dette må du gjere for å få fyrstikka og dermed tauenden midt inne i feittet. Dyttar du feittet rett ned i potta utan å stappe det rundt tauet og fyrstikka dett feittklumpen lett ut når den vert hengt oppned.

Pakk klokkene fint inn, gjerne med ein plastpose innerst, slik at dei ikkje set flekkar med smeltande feitt viss dei vert liggande slik at feittet smeltar.

Årets mamma

25/11/2009

Arachne har blitt årets mamma.  Det syns eg er heilt strålande!

Måten ho gjennom ulike portrettintervju og gjennom bloggen sin har formidla sorga, utfordringane og gledene (for dei finst også) som kom i kjølvatnet av at ho mista mannen sin imponerer meg stort.  Stikk innom bloggen hennar om du ikkje har vore der før, klikk deg bakover og sjå det kloke ho har skrive.

Meir rare ting…

25/11/2009

Som eg har fortalt før, så finn eg mykje rart rundt omkring på dette internettet.

Sjekk ut desse identitetskorta. Søte, ikkje sant? Spesielt han som tok med kjæresten sin. Og så har vi herr Fett, som er dobbelt så morsom på norsk som på andre språk. Enjoy!

Heim frå korøving

24/11/2009

-og høg på livet. I dag har vi øvd på Abba og julesongar, og begge delar gjekk fint. Her skal du få høyre ei gruppe som har øvd litt meir enn oss. Dei kallar seg Pust, og har gitt ut to plater, Pust og Kry. Begge er vel verd å lytte til. Dette er ein halling som møter ein irsk reel til venskapeleg kappestrid.

 

Krutongar – og to kamera og ingen bilde

24/11/2009

Då mitt kjære EOS 300D vart rappa frå kofferten på veg til Nepal i 2006 var eg ikkje treg med å dra kortet. Eg kjøpte eit nytt 350D i Kathmandu. Å vere i Nepal utan kamera var heilt uaktuelt. Dette kameraet har jobba saman med meg sidan då, og levd eit hardt liv, må eg innrømme.

I august nekta det å samarbeide, og eg måtte ut på marknaden. 500D kom i hus, og 350 D vart sendt til Kameraproffen for å sjekke om det var von. Etter ein månads tid ringte eg dei, og kameraet var redda for 1300,-. Glad og fornøgd henta eg det, og ga det som for tidleg julegåve til trettenåringen. Så no er det to kamera i bruk her i huset. Stort sett går det greitt,  mitt bur på kjøkkenbenken, og hennar vandrar litt rundt omkring.

Men av og til blir det teke bilde av trettenåringen med mitt kamera. Eg har oppdaga at trettenåringar har eit svært bestemt forhold til retten til eige bilde. Bilde av trettenåringar er trettenåringen sin eigedom, og vert lasta over på trettenåringen sin del av harddisken. Det hindrar resten av verda tilgang til dei. Ulempa er viss mor har teke bilde av spennande matprosjekt innimellom trettenåringsbilda. Då vert matbilda slukt inn på trettenåringsdelane av harddisken, og er dermed borte.

Det var det som skjedde med krutongbilda mine. Difor får du no ei krutongoppskrift utan illustrasjonar. Drit irriterande, spesielt for forfattaren. Eg kan berre beklage.

Men iallfall: Krutongar er kjempegodt, men det irriterer meg grenselaust at ein pose i butikken kostar ein femtilapp når det eigentleg er laga av gamalt brød. Krutongar er til og med ganske haldbart, så du kan fint lage ein porsjon, putte i ein boks, og oppbevare dei mørkt og kjøleg og spreie glede stadig vekk.

Krutongar er altså berre brødterningar med krydder og litt olje. Eg har ei fin lita sprayflaske til oljen, då brukar eg mykje mindre enn dersom eg skal ringle oljen over. Sprayflaska kan også brukast til å ha olje i steikepanna dersom du vil unngå å bruke for mykje.

Slik gjer du det:

Eit halvt brød

Salt og peppar

Urtekrydder etter smak

2 ss olivenolje

Sett steikeomnen på 200 grader  med varmluft. Skjer brødet først i skiver, og så skjer du skorpa av brødet. Kutt brødet i terningar. Ha terningane over på eit vidt fat. Spray på olje slik at det er tynt spreidd utover. Dryss over salt, peppar og urtekrydder. Det skal meir til enn du trur. Vend brødterningane rundt nokre gongar, og ha på meir.

Legg bakepapir i ei langpanne. Sprei brødterningane utover langpanna, og fordel dei slik at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Sett langpanna inn i omnen, og la brødkrutongane tørke på 200 grader i 8-10 minutt. Ta ut ein, la den kolne litt og smak. Er den mjuk i midten, så gi dei litt meir tid. Pass på at dei ikkje vert brent.

La krutongane tørke ytterlegare på bakebrettet, og ha dei over i ein tett boks eller eit glas når dei er heilt kolna. Viss du legg lok på medan dei framleis er varme mjuknar dei igjen på grunn av kondensen. Bruk krutongane i salatar, i supper og på pastarettar. Det gir ei deilig kjensle av luksus å ha ein stor boks med krutongar ståande som kan løfte dei enklaste rettane.

Er det ingen menn her?

23/11/2009

Eg lovte to  ”jubileumsgåver” i går, både til menn og kvinner. Men mennene manglar! Berre SveinV har meldt si interesse for herreduftene. Har eg berre kvinnelege lesarar? Eller kan det hende at dei mennene som er innom gjev drallen i å lukte godt? Overraskande.  Hmmm, her må eg tenke ut noko lurt.

I mellomtida, medan eg tenker: Kast dokke på, så er dokke med i trekninga. Ha ein fin kveld!

Novemberhagen

23/11/2009

Når Svein etterlyser hageblogging her så får eg hive meg utpå. Eg tok ein tur i hagen på laurdag, og det var ikkje mykje å hoppe i taket for. Men nokre få optimistar står og blomstrar.

Rosene held ut. Dei er litt slitne, men det er framleis liv.

Denne rosa sto her då eg flytta inn, er det nokon som har forslag til kva sort det kan vere?

Eg har to bed, på kvar si side av inngangsdøra. Denne står på den sida med kalde fargar, og det var rosa som bestemte det. Rundt seg har den hortensia, nellikar og allium av ulike slag.

I tillegg har den rukkola om tærne. (og den lever i beste velgåande, eg henta inn masse salat her om dagen.)

Ved sidan av rosa står det ein pjuskete liten nellik. Men den er optimistisk, og ser ut til å ha planar om å produsere knuppar snart.

Den er jo dømt til å mislukkast, men eg har ikkje hjarte til å fortelje den det.

Det siste eg fann var ein stakkars liten knautia-blomst. Den vil nok ikkje leve lenge, men eg kjem til å få mange frøplantar. Så eg blir nok knautialeverandør neste år som i år og i fjor!

Eg har blitt veldig glad i knautiaen. Den blomstrar utan nykkar, og svevar så flott over bedet. Den er ei flott staude.

Sei frå viss du vil ha frøplante til sommaren, eg delar ut med raus hand.

Gårsdagens pizza

22/11/2009

Dette er ikkje den mest sofistikerte oppskrifta du vil finne her, men eg gjorde noko lurt, så eg tenkte eg skulle dele det. På fredag hadde vi nemleg taco. Då steikte eg opp 600 g kjøtdeig (omtrent) i staden for 400g slik eg brukar. Det gjorde at eg kunne ta til side ein god porsjon ferdigkrydra kjøtdeig etter at alle var mette. (Og vi unngjekk samstundes at nokon kjøleskapsdyret mumsa på det om natta.)

Laurdag sto pizza på ønskelista, og det måtte skje fort, for vi var svoltne. Eg køyrde saman deigen etter denne oppskrifta:

Pizzadeig:

Ein pakke tørrgjær

5 dl lunka vatn

4 ss olivenolje

1 ts salt

Mjøl til passe deig

Bland tørrgjæra i mjølet. Ha vatnet, saltet og oljen i ein bakebolle (eg brukar Kenwooden til dette). Elt inn mjølet litt og litt, heller litt mindre enn litt meir. Deigen skal sleppe bollen til slutt, men den må ikkje vere for fast heller. La deigen heve så lenge du gidd å vente.

På den utkjevla deigen hadde eg halvparten av eit glas med tomatsaus, og så strødde eg på det som var att av tacokjøtet. Vi hadde ikkje så stort utval av stilige pizzaingrediensar, så purre fekk duge, i tillegg til eit raust lag med ost. Det vart kjempegodt!

Så tipset er: Når du lagar taco, så steik opp litt ekstra kjøtdeig, ta det til side i ein boks, kjøl det eller frys det (det tinar kjempefort i så små porsjonar, 150-200 g er meir enn nok til ein langpannepizza) og ta det fram når du treng det. Smart, ikkje sant?

Snart 100 000!

22/11/2009

I løpet av den neste veka rundar eg sannsynlegvis 100 000! Fantastisk. Dette hadde ikkje vore noko gøy å halde på med om det ikkje var for dokke strålande flotte lesarane mine som les, kommenterer og inspirerer.

Eg vil gjere noko liknande eg gjorde sist eg feira, nemleg å gi bort ei parfymegåve. Denne gongen blir det to kategoriar, damedufter og herredufter.

For å bli med i trekninga vil eg høyre frå deg kva du vil lese meir om her i bloggen. Skriv dine tips til meg  i kommentarfeltet nedanfor. Dersom du lenkar til dette innlegget frå din eigen blogg får du to sjansar, altså to “lodd” i trekninga. Kast deg utpå!

(Viss du vert trekt ut vil eg spørje litt om kva du likar og ikkje likar, og så vel eg ut småprøver som eg trur du vil like basert på det.)

Huskar du denne?

21/11/2009

Denne?  No kjem den til Oslo! Forestillingar på Black Box 21., 22. og 24.-29. november, og 1. desember. Ta ei pause frå det heile, og sjå denne vakre forestillinga, som har fått flotte kritikkar. Det skal iallfall eg! Billettar på www.billettservice.no.

Meir svart og kvitt

21/11/2009

Det svarte og kvite i dag er ein deilig dessert som passar fint til torsken du fekk oppskrift på i går. Det er ein pannacotta som eg har lagd med matfløte og yoghurt for å få den litt lettare. Pannacotta, som betyr kokt fløte på italiensk, vert normalt lagd med kremfløte. Det kan bli i heftigaste laget no i november. Det blir nok tunge dessertar når jula nærmar seg.

Eg hadde frosne blåbær bakerst i frysaren som eg lagde ein mørk bærsaus av. Det er ein lekker kontrast mellom den milde, lyse pannacottaen og den svarte blåbærsausen. Slik gjer du det:

Yoghurtpannacotta med blåbærsaus

1,5 dl fløte

3 ss sukker

2 ts vaniljesukker

2 blad gelatin

Ei kanelstang

3 dl yoghurt utan smak, eg brukte Biola

Bærsaus:

2,5 dl frosne blåbær

3 ss sukker

2 ts sitronsaft

Kok opp fløten med sukker og kanelstanga. La dette stå og trekke i eit kvarters tid, lenger viss du vil ha meir intens kanelsmak. Legg gelatinblada i bløyt i kaldt vatn i nokre minutt. Når dei er mjuke og fine krystar du vatnet ut av dei, og legg dei i gryta med fløteblandinga, etter at du har fiska ut kanelstanga. Rør godt slik at dei går heilt i oppløysing. Ha i yoghurten, og rør den ut i fløteblandinga.

Hell pannacottarøra i fire pene serveringsglas. Pass på at det er plass att til sausen. Sett kaldt, dette stivnar ganske bra på 5-6 timar.

Ha blåbæra i ei lita gryte saman med sukkeret og sitronsafta. La det trekke på svak varme til bæra har safta seg godt, og det heile har fått eit oppkok. Køyr gjerne blandinga glatt med stavmiksar for å få ut mest mogeleg saft. Sil frå frø og skal, og la blåbærsausen kolne. Hell den på toppen av pannacottaen ved servering. Velbekomme!

Trist å høyre

20/11/2009

Eg syns det er trist at Oprah vil legge inn årene. Ho er ein gudbenåda formidlar, har hatt stor innverknad på amerikansk politikk i ei positiv retning, og er ei flott forretningskvinne.

Ho har hatt stor innverknad på boksalet i USA, gjennom sin bokklubb. Når ho løftar fram ei bok er den garantert eit enormt sal, og ho har stort sett alltid funne fine bøker å velge ut.

Eg har sansen for damer som tek dei sjansane dei får, og gjer det beste ut av det. Oprah er ei slik dame.

Svart og kvitt

20/11/2009

Eine dagen snør det, og det lysnar så vakkert. Dagen etter kjem det pøsregn, og det er svart som i ein sekk. Det er godt vi kan lage litt god mat for å halde humøret oppe.

Eg var hos den lokale fiskehandlaren, og han skar dei lekraste ryggfiletane av torsk til meg. Det er fantastisk godt fiskekjøt, og lett å variere med andre smakar. Du har sikkert fått med deg at eg er glad i sopp, og i dag brukte eg den mørke, lekre aromasoppen til ein smakfull soppstuing til torsken.

Du kan velje korleis du vil bruke denne stuingen, det går fint å varme opp torsken i den og lage dette som ein ragu. Men eg lagde stuingen ved sidan av, og serverte den som saus til fisken saman med ein grøn salat til. Både poteter, ris eller fersk pasta går fint til denne torskeretten.

Torsk skal ikkje ha så veldig høg kjernetemperatur, den skal ikkje høgare enn ca. 55-60 grader. Difor vert den fort kald. Lag stuingen og resten av tilbehøret klart, og så bakar du torsken til slutt og legg den rett på varme tallerknar. Slik gjorde eg det:

Bakt torsk med soppstuing

600 g ryggfilet (loin) av torsk

10 cm purre, berre det lyse

Ein liten løk

250 g aromasopp eller annan sopp

2 dl kvitvin

2 dl matfløte

Smør til steiking

Salt og peppar

Eitt par sitronbåtar

Rens sopp og løk. Skjer den gule løken i båtar, og purren i fine ringar. Del soppen i kvarte bitar. Steik soppen i godt med smør. Når den har fått fin farge har du i løken og purren, og let det frese til det er mjukt og fint. Slå på vin, og la det koke litt. Hit kan du førebu sausen i god tid, gjerne fleire timar før de går til bords.

Slå på fløten, og la sausen koke til den tjuknar. Det tek ikkje meir enn nokre få minutt. Smak til med salt og peppar. Blir sausen for tjukk, så spe med litt vatn eller mjølk. Hald den varm.

Sett omnen på 175 grader. Legg ryggfiletane i ei eldfast form. Strø dei med salt og peppar, og kryst over litt sitronsaft. Dekk med folie, og bak torsken i 18-20 minutt. Del torskestykka i fine serveringsstykke, legg på tallerken og legg stuing, salat og evnt poteter ved sidan av.

Nattsurfing

19/11/2009

Ein finn dei raraste ting… Kan nokon fortelje meg kva den kaka til venstre har i ein barnebursdag å gjere?

Jula nærmar seg

19/11/2009

No nærmar jula seg, og det er godt med alt som er gjort i god tid. Småkakene likar eg å lage tett oppunder jul, då er dei ferske når høgtidsdagane kjem, og det vert ikkje så mykje nasking frå boksane.

Nokre kaker vert best av å verte lagde i god tid, og dei fine, engelske fruktkakene er av dette slaget. Dei vert betre av å stå litt, og engelskmennene er til og med så formastelege at dei fyller brandy i kakene med jamne mellomrom, slik at dei er godt gjennomtrukne når høgtida nærmar seg og kaka skal fortærast. Så langt har ikkje eg gått, for eg vil at alle skulle kunne smake den, både sjåførar, barn og fråhaldsfolk.

Rosinene i kaka derimot, dei har fått godgjort seg i sterke saker i kjøleskapet i fleire veker. Når rosinene nederst i boksen byrjar bli tørre og triste, heller eg dei på eit glas med skrulok. Så slår eg på det eg måtte finne av sterke saker. No brukte eg rom, men du kan og bruke portvin, madeira, sherry, vodka eller brandy. Så får dei trekke til seg væta i lengre tid, og dei smakar kjempegodt i fruktkaka. Romen eg har hatt rosinene i rører eg ut med sirup og har i røra. Det som blir til overs av rosiner og rom kan du servere på vaniljeis som ein deilig vaksendessert.

Fruktkake er ikkje den einaste formkaka som kan serverast til jul. Eg brukar å lage banankake, som eg tek ein god osteglasur på. Er eg ekstra sjangdobel lagar eg ei rein krydderkake og, den er fin fordi den er utan egg. Då kan gjestar med eggeallergi våge seg på den og.

Krydderkaka og banankaka er også kaker som toler å ligge litt i ein tett boks. Banankaka er ein fin måte å bli kvitt brune bananar på. Når dei har blitt for udelikate til å servere kan dei framleis bli med i ei god kakerøre.

Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja at for mykje av det gode kan vere heilt fantastisk.

Du kan variere frukta i kaka etter kva du har i huset. Eg lagde ein porsjon med sylta kirsebær, det vart nydeleg, og vakkert med raude bær i kaka. Tørka tranebær (cranberries) kan og brukast, berre totalvekta på frukt er som i oppskrifta. Ta deg ein tur i ein velassortert butikk, til dømes ein som er driven av våre nye landsmenn, og sjå kva du finn.

Engelsk fruktkake

300 g meierismør

300 g sukker

5 egg

350 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts kanel

¾ ts malt nellik

¾ ts malt ingefær

3 ss sirup

3 ss rom eller annan alkohol frå rosinbløytinga

100 g hakka valnøtter

150 g hakka mandlar

100 g aprikosar

100 g sukat

200 g rosiner som er bløytte i alkohol

Set omnen på 150 grader. Smør to store ( 1 ½ litersformer) eller tre mindre former med smør, og vend nokre skeier mjøl rundt i dei til alt er dekt. Bank ut overflødig mjøl.

Rør smør og sukker lyst og luftig. Pisk inn egga, eitt og eitt. Bland halvparten av mjølet med krydder og bakepulver. Ha det i røra vekselsvis med den utrørte sirupen. Ha resten av mjølet i ein bolle, og vend inn frukt og nøtter. Dette gjer at frukta og nøttene ikkje søkk til botnar i kakeforma. Vend fruktblandinga inn i røra, og rør det glatt.

Fordel røra i formene slik at dei vert ca. ¾ fulle. Steik kakene på 150 grader i 1 time og 20 minutt. Sjekk at dei er ferdige med ei kakenål eller ein spagettipinne. La dei kolne på rist, og pakk dei tett i aluminiumsfolie før du legg dei i ein tett boks. Når du skal servere kaka kan du gje den eit lett melisdryss. Vil du gjere det på engelsk vis skal kaka ha to spiseskeier brandy annakvar dag, og den skal serverast med ein melisglasur eller med marsipantrekk (!).

Bloggmoro

18/11/2009

OK, eg kjedar meg. Då tyr eg til søkeordlista mi, alltid like gøy. Heng med:

finn din økologisk fotavtrykk: Dårleg grammatikk, men du finn info her: www.myfootprint.org

fløte utgått på dato i vaffelrøre? Pøs på. Så lenge den ikkje er mugla eller skilt seg kan du bruke den.

beste pannekaker: Eg meiner det er desse: http://altgodt.wordpress.com/2009/01/20/25/

lettvint skaldyr suppe: Eg likar denne, smakfull, billig og god.

fører bvlgari i norge: Estetique har litt, men manglar mange av dei beste. Gardermoen sitt utval er ikkje så ille.

“den gyldne q”: http://hjartesmil.blogg.no/

alt godt blogg: Jepp, du har kome rett!

jordskokk må den skrellas? Ja, det må den. Det kan vere litt kronglete, men det er verd det.

zepter kasseroller: Juks og bedrag. Grisedyre, ikkje noko betre enn mange andre merke som er billegare, og mykje prat og lite ull. Styr unna.

sveler kefir: Alltid. Utan kefir, ingen sveler.

gjær utgått på dato: Gjer ingenting. Så lenge du klarer å løyse den opp i lunka deigvæske går det fint.

hvorfor panerer vi snitzel: Fordi viss du ikkje panerer den er det ingen snitzel.

jordskokk luft i magen: Ja, dessverre.

byredo gimle: Nei, dessverre.

hva heter gaten som går forbi inngangen: Her treng eg meir info, kjære.

hvordan lage aspik: To måtar: Bruk pose med pulver, safe og delikat. Mørk finst ikkje lenger, bruk sukkerkulør for å farge den. Naturmetoden: Kok kraft på bein og grønsaker, kok den inn lenge. La krafta kolne. Fjern feittet. Når krafta har fått stå ei stund og er skikkeleg kald har den også blitt til gelé.

Fleire spørsmål? Still dei gjerne nedanfor her! Eg elskar slikt. ;-)

Årets julekort

17/11/2009

Eg syns det å lage julekort er noko av det koselegaste med jula. Designet er ikkje så veldig komplisert, og eg likar å jobbe med begrensa alternativ og få virkemiddel. I år har eg raudt, grønt og mørkeblått papir som eg klipte til slik at dei vart ca. 15 cm i kvadrat.

Eg har lagd tre variantar, og alle tre startar med ein firkant i ein kontrastfarge, gjerne også eit kontrasterande materiale. Dei grønne har fått eit grovt strieaktig papir som eg fann i ein restekonvolutt hos Norway Designs. Der finn eg mange skattar, små restar med papir som kan brukast til dekor. På firkanten limte eg eit lite rustraud juletre med gull på.

Dei raude fekk firkantar av eit kvitt bøttepapir med paisley-mønster som eg kjøpte på Lousiana i påska. (!!) På den kvite firkanten limte eg eit raudt blankt hjarte, eg trur det kjem frå kremmerhuset. Eg elskar å kjøpe slikt småtteri, særleg på salg etter jul.

Den siste varianten er den blå, der limte eg berre på firkantar av eit ujamnt sølvfarga papir, også frå ein restekonvolutt.

Teksten printar eg ut på vanleg papir, liggande i to spalter, og limer inni. Vi har bikka femti kort for lenge sidan, så berre helsinga blir handskriven. Eg veit det ikkje er heilt comme il faut, men det får vere. Her ser du utstyrsrotet mitt:


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers