Arkiv for mars, 2010

På plass!

31/03/2010

Vi er på plass i husværet vårt i København, det er romsleg, lyst og fint, møblert med masse danske designklassikarar. No smyg vårvinden seg inn frå altandøra, ein bukett med rosa buskroser står på bordet og alt er på G.

Elleveåringen har funne Viasat 4 med Homer og gjengen på tv-en, så til og med når det gjeld underhaldninga er alt i orden. Det var verre i Kairo, med Transformers teksta på arabisk…

No skal vi varme dei lekre små frikadellene som vertinna vår har lagt klar til oss, og kose oss med litt dansk sjokolade. Livet er ikke det værste man har!

Påskekake til fjells

31/03/2010

”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant?

Appelsinkake

200 g mjukt smør

2 dl sukker

4 egg

1 appelsin

1 1/2 ts bakepulver

4 dl mjøl

1/2 dl appelsinjuice

4-5 ss appelsinjuice til dynking

Glasur:

2,5 dl melis

4 ss appelsinjuice

Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer det i strimlar. Vend det i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert. Press ut appelsinsafta.

Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong.

Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt rund eller avlang form på ca. 1,5 liter. Steik kaka i ca. 50 minutt.

Dynk kaka med nokre skeier appelsinjuice medan den framleis er varm, og la den kolne.

Bland saman melis og 4 ss juice til glasur, og brei det over kaka. Juster med melismengda om den blir for tjukk eller tynn. Pynt med appelsinskal.

Surprise…

30/03/2010

Rekk opp handa, den som har sett Ricky Martin, og ikkje tenkt på dette… Er det ikkje snodig, dette at ein føler behov for å stå fram som homofil når resten av verda har tenkt at slik er det alltid? Det same skjedde med Erlend Bratland for nokre veker sidan.

OK, eg godtek at det vert brukt som eit marknadsføringstriks, all ære. Men bortsett frå det? Kva er greia? Alle kunne jo konstatere dette med det blotte auga?

Singelmiddag

29/03/2010

Her er ein singelmiddag eg lagde i helga, og den vart så god at eg må berre dele den med dokke.

Eg tok ein pakke tortellini, og delte den i to. Så lagde eg ein deilig, krema saus av det eg hadde i kjøleskapet, litt kvitvin som vart kokt inn, smelta ost og litt rømmedressing. Det er dei raraste ting som kan bli ein god saus.

Toppingen er bacon og dampa sukkererter. Slik gjorde eg det:

Tortellini med bacon og ostesaus

1/2 pakke tortellini

1 dl kvitvin

1 dl buljong

50 g brie

50 g kremost med krydder

50 g riven kvitost

2 ss rømmedressing

100 g bacon

10 sukkererter

Damp sukkerertene i salta vatn i tre minutt. Hell av vatnet, avkjøl dei fort i kaldt vatn og set til side.

Kok tortellinien slik det står anvist på pakken.

Steik baconet i tørr panne til det er sprøtt.

Ha vin og buljong i ei gryte. La det koke inn litt. Ha i osten og rør godt medan den smeltar. Ha i rømmen og rør godt. Ha tortellinien i ei skål, slå over sausen og dryss på bacon. Snitt sukkerertene på skrå i passe store bitar, og ha på toppen. Server.

Æ ror aleina

28/03/2010

Er ikkje denne fin? Den går på NRK 1 akkurat no.

Speilegg til dessert

28/03/2010

Neida, det er ikkje eit speilegg. Men ved første augekast kan det sjå ut som det!

Dette er altså ein appelsinpavlova med fløtekrem og appelsinkompott. Som alltid, eit resultat av eit kjøkkeneksperiment basert på ein vill idé.

Eg hadde lagd aioli, som vanleg, og hadde to eggekviter til overs, som vanleg. På fruktfatet låg det to appelsiner på veg mot forråtning, eg måtte kaste kameraten deira i går. Då var vegen ikkje lang til ein deilig dessert. Slik gjorde eg det:

Appelsinpavlova

2 eggekviter

1,5 dl sukker

Ei klype salt

Litt sitronsaft

To appelsiner

2 ss sukker

2 strøkne ts maisenna

3 ss vatn

Vask appelsinene grundig, og tørk dei godt. Riv av skalet på appelsinene så fint som råd er. Eg brukte det finaste jernet på eit Microplane-rivjern. Ønsk deg det til bursdagen, det er heilt fantastisk.

Skjer det kvite skalet av appelsinene, og skjer ut filetar mellom hinnene med ein skarp kniv, slik eg gjer det her. Hald appelsinen over ei skål medan du gjer det, slik at saftene vert samla opp. Press til slutt “skjelettet” over skåla, det inneheld mykje saft.

Hell filetane og safta over i ein liten kjele, og set på middels høg varme. Ha i sukker, og la det få eit oppkok. Rør maisennamjølet ut i litt vatn, og ha det i den kokande kjelen slik at det tjuknar til ein kompott. Set til side for å kolne.

Pisk eggekvitene stive med litt salt og sitronsaft. Ha i sukkeret litt og litt, slik at det formar seg ein tjukk marengsmasse. Vend til slutt forsiktig inn appelsinskalet.

Brei marengsmassen i ein fin ring ut over eit bakepapir med ein slikkepott. Set omnen på 120 grader med varmluft. La pavlovaen bake i ein snau time. Den kjem til å falle litt saman på grunn av oljen i appelsinskalet, men det gjer ingenting.

Legg pavlovaen på eit fat. Pisk krem med litt vaniljesukker og brei over. Legg til slutt på appelsinkompotten. Server umiddelbart. Opplev spontan lykke og tilfredsstillelse på grunn av smaken og gleda rundt bordet. ;-)

Gerilja-haging

27/03/2010

No for tida handlar alle småpotter med løkblomar, påskeliljer, muscari og krokus vert selt i hopetal frå blomsterbutikkar rundt omkring. Primula og juleroser får du også kjøpt i potter. På bildet ser du mine avblomstra tète a tète-påskeliljer, dei små du veit.

Difor vil eg slå eit slag for geriljahaging! Desse løkane og blomane er nemleg levedyktige i mange år framover. Dei må berre få kome i jorda.

Juleroser og primula må få kome i jorda så snart den er tint. Løkane treng du ikkje grave ned no med ein gong snøen går, legg dei heller i ein pose på ein mørk og kjøleg stad, typisk i kjellaren eller liknande. Når skulen har begynt etter sommarferien, og bjørkelauvet fell, grev du løkane ned i jorda. Har du ikkje hage, seier du? Løkane kan gravast ned utanfor oppgangen din, på eit jorde som ingen brukar til noko eller i ei veggrøft. Neste år spirer dei, og kjem med dei nydelegaste blomar. Lykke til med geriljahaginga!

Åleinefredag

26/03/2010

-trudde eg det skulle vere. Så feil kan ein ta. Mannen måtte innom, få ei underskrift og hente masse greier til bilen, som skal selgast.

Fjortenåringen måtte innom med ein pose sart undertøy og anna småtteri som ho må lære å vaske sjølv. Ho tek ikkje sjansen på å overlate den til pappaen. Så folk for ut og inn. Men no har freden senka seg, og eg trur eg er åleine i huset.

No kjenner eg at eg har sakna det. Balanse er viktig, også balansen mellom å vere blant folk og å vere åleine. I kveld treng eg å vere litt åleine.

Men det varer ikkje lenge. I morgon treff eg først ei parfymevenninne, vi skal på ein liten sniffetur, kortare enn den vi hadde forrige helg, og med mindre bagasje. Etterpå kjem ei av mine kjæraste hit, det gler eg meg til. Ha ei fin helg, alle som stikk innom!

Focaccia

26/03/2010

No har vi nokre deilige fridagar framfor oss, og eg planlegg å bruke dei mellom anna til å bake.

Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia.

Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. Slik gjorde eg det:

Focaccia-brød

3 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts sukker eller honning

ca 7 dl kveitemjøl

2 ts tørka eller frisk rosmarin

3 ss olivenolje

Flaksalt til å drysse på toppen

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og sukker eller honning. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand.

Tilset mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus.  Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Set omnen på 225 grader. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle. Strø godt med mjøl på benken og kjevl leiven slik at den er like stor som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg leiven over på ei mjølstrødd bakeplate. Du treng ikkje bakepapir eller smør på plata når du har strødd den med mjøl. Eg syns også at mjølstrødd bakeplate gjev den gode, steinovnaktige smaken.

Dytt godt vaska fingertuppar ned i deigen slik at det vert masse groper i den. Knus rosmarin i ein mortar og dryss over. Ringle over olivenolje, og dryss på raust med flaksalt til slutt. Bak brødet på 225 grader i ca. 15-20 minutt. Dette brødet er mjølkefritt.

Akkurat det eg trengte…

25/03/2010

Heldigvis har barna her i huset aldri hatt noko lidenskapeleg forhold til Hello Kitty. Det er mogeleg dei første augeskuggane og lipglossane var det, bortsett frå det har vi vore spart for denne manien.

Men for dei av dokke som har eller bur saman med personar med slike fetisjar: Her er det ultimate søndagsfrukosttilbehøret. Ein dings som formar eit blautkokt egg til Hello Kitty-fasong. Go figure! (For meg ser det mest ut som ei potte…)

Where corals lie

24/03/2010

“Du har sunget med mange”, sa sonen min til meg, i eit av dei mange tilfella der vi høyrde nokon synge på tv eller radio, og eg sa h*n har eg sunge i kor med! 

Eg var altså så heldig at eg fekk synge i eit fantastisk kor tidleg på nittitalet. Mange av dei som var med der var sangstudentar på musikkhøgskulen, og har seinare fått suksessrike karrierer.

Ei av dei flottaste stemmene eg sto skulder ved skulder med var Marianne Beate Kielland. Ho bur i Nord-Norge, men fartar land og strand rundt og syng med si flotte mezzosopranstemme. Her syng ho “Where corals lie” frå Edvard Elgar sin syklus “Sea pictures”. Nydeleg.

Eg noterer

23/03/2010

- at mykje er likt og mykje er annleis.

- at eg har eit større behov for å vere åleine.

- at støv og rot samlar seg meir eller mindre over det heile

- at den gamle støvsugaren var meir effektiv, men den nye er kulare.

- at fjortenåringar legg seg seint.

- at det vert lite vaksentid uansett

- at eg har gløymt å sjekke om det blomstrar i hagen.

- at ekte kjærleik er vanskeleg å finne.

- at eg finn det hos nokre kjære vennar.

- at eg fortener ein liten ferie no.

Ha ein fin dag! 

Dei velluktande sin tur gjennom byen

22/03/2010

Laurdag var det klart for sniffetreff i byen. Vi møttest på Scandic Edderkoppen, og fekk servert ein fantastisk lunchbuffet. Masse deilig mat, og høgdepunktet for meg var den sanselaust gode sjokolademoussen med hasselnøtter. To die for!

Vi trakk oss tilbake til vår eiga suite, Tom Sterri 2, der vi hadde plassert ut duftene vi hadde medbrakt. Vi fylte eit heilt spisebord med brett med spennande dufter, og lukta oss igjennom det meste. Christine og eg fekk kartlagt at alt ho likte likte ikkje eg, og omvendt. Det kom til nytte seinare.

Så kasta vi oss i to drosjer for å prøve å rekke Gimle før dei stengte. Det gjorde vi med eit nødskrik, og eg distraherte innehavaren, som eigentleg ville stenge, med å kjøpe lipgloss og neglelakk medan resten av gjengen fekk sniffa seg igjennom iallfall Byredo, Acqua di Parma og litt Profumo.

På vegen vidare hadde vi betre tid, og rakk både grønn te og caffe latte i tillegg til ein liten svipptur innom Lille Vinkel sko. På Heaven Scent traff vi resten av gjengen, og lukta oss igjennom L’Artisan, Diptyque, The Different Company og Miller Harris. Nokre skattar derfrå vart med heim. :-)

Vi fann ut at vi hadde eigentleg ganske god tid, så vi droppa innom Hermes på vegen mot Glasmagasinet for å gjere oss kjent med alt dei har å by på. Tigeranda jobba strukturert og planmessig, og noterte flittig. Vi andre var muligens litt meir kaotiske i vår tilnærming.

Etter ein snau halvtime i fri dressur kom vi fram til Glasmagasinet, og fekk også plukka opp Kirsitn på vegen. Der venta parfymefolka på oss med drikke, frukt og søtsaker, noko vi verkeleg trengte etter ein anstrengande tur rundt i byen. Dei hadde til og med funne fram stolar så vi fekk sitte. Bliss.

Eg presenterte dei viktigaste duftgruppene, og våre nye vennar frå Glasmagasinet si duftavdeling, Marit, Maria og Jan Erik sprang til og frå med døme på notane.

Til slutt gjekk korta varme, og vi gjorde nokre kupp, trur eg. Masse deilige dufter fekk vere med heim, saman med rause goodie-bags. Det var ein strålande tur, vi må gjere det igjen! Men då skal eg ha trillekoffert…

Noko av det kulaste

21/03/2010

Eg har fortalt tidlegare om når eg høyrde Ave Verum Corpus for første gong, og det gjorde eit enormt inntrykk på meg. Men eg møtte nok klassisk musikk før, når eg tenker meg om. Eg budde i hus med relativt unge onklar, og ein av dei spelte dette til meg. Flabbergasted, seier dei på engelsk, det var det eg var.

Eg klarer fortsatt ikkje å høyre Erbarme dich frå Mattheuspasjonen utan å høyre Ekseption sin versjon i bakgrunnen. Rick van den Linden leia bandet, og du finn meir på Wikipedia og youtube (men ikkje Erbarme dich, dessverre).

Litt sliten…

20/03/2010

men veldig glad! Det kjem referat, eg må berre kvile meg litt først. Kos dokke med denne så lenge. Flinke Mark.

In no particular order

20/03/2010

Eg har pakka, og som overskrifta seier er det kanskje noko kaotisk.

Eg vonar at eg klarer å få systematisert det sånn nokolunde før sniffedamene får sleppe seg laus og leike med samlinga mi.

Dette blir ein fin dag, sola skin og eg får halde på med dei to tinga eg syns er aller mest gøy: parfyme og å snakke i forsamlingar. Vi er så ulike, for mange ville begge delar vere ganske lite tiltalande, men for meg er dette lukke. Ha ein flott dag!

Fredag igjen – og eit shoppingtips

19/03/2010

Eg har vore ute ein liten runde, henta ting eg treng til treffet i morgon, avklart detaljar med damene på Glasmagasinet og vore innom på Gimle og advart om at vi kanskje kan kome innom ein tur viss vi får tid.

I kjellaren på Glasmagasinet fann eg eit ekte kupp, Victorinox kokkeknivar og konditorknivar til halv pris! Det er eit kupp, ingenting anna å seie om det. Vil du ha slike knivar, så sjekk ut dette. (Eg er ikkje sponsa av Glasmagasinet, underleg nok.)

Eg har dei knivane eg treng, men eg fekk med meg heim nye grytelappar, forkle og to nye kakespadar til halv pris.

Til sniffetreffdeltakarane: Eg gler meg til å sjå dokke i morgon kl. 13 på Edderkoppen! Vi møtast i restauranten.

Til alle dokke andre: Ha ei fredeleg helg, og send oss ein lett misunneleg tanke! :-)

Danmarkspåske

19/03/2010

Vi har fått boligbytte i Danmark!

Det har vel eigentleg blitt ein tradisjon i vår familie, og eg er veldig glad for at eg fekk det til sjølv om eg er åleine, og til dømes ikkje har bil å by på.

Turen går med Oslo-båden, som danskane kallar den, tirsdag i påskeveka. Vi skal bu midt i København, og dei vi bur hos låner oss syklar slik at vi kan ta oss fram på eiga hand.

København er ein av dei tre byane i mitt hjarte, saman med Berlin og New York. (Unnskyld, Paris. Det kjem av fransken.)

Vi gler oss til å bade i DGI-byen, shoppe på Illums, beundre krokusane i Kongens have og nyte livet på balkongen på fjerde sal. Fortell gjerne om dine påskeferieplanar!

Bildet er frå souvenirbutikken i Tivoli, tatt i fjor på same tid.

Denne hadde eg heilt gløymt…

18/03/2010

Dette er den første lydfila som eg fekk tilsendt etter at eg fekk lydkort i datamaskinen min på jobb. Urinternett, altså. Alt krasja, sjølvsagt.

Men til slutt fekk eg lasta den ned. Sjeldan har eg ledd så godt, og har du relasjonar til Nord-Norge på ein eller annan måte, for eksempel slekt der eller langvarige ferieopphald, så blir det endå artigare. Enjoy.

Ein ny gnocchi-vri

18/03/2010

Som eg har fortalt tidlegare lagde eg ein gigaporsjon med gnocchi på laurdag. Hovuddelen gratinerte eg i den ikkje pene med gode tomatsausforma, men ein del vart liggande att i ein boks i kjøleskapet.

Restane lagde eg til middag i dag. Eg var ikkje motivert for ein tur i butikken, så det vart ein “ta det ein har”-middag. I kjøleskapet fann eg bacon, creme fraiche, paprika og løk, og dette vart det ein slags saus av. Slik gjorde eg det:

Gnocchi med baconsaus

200 g gnocchi

100 g bacon

1/2 paprika

1 løk

3 ss creme fraiche

2 dl vatn eller 1 dl vatn og 1 dl vin viss du har

2 ss olje til steiking

1/2 ss flytande oksebuljong

Steik baconet på middels varme til det er brunt. Ta det ut av panna, og legg i gnocchien. La den bli brun og fin. Fordel den på to tallerknar.

Rens og finhakk løk og paprika. Fres det i olje til det er blankt og fint.

Slå på vin og/eller vatn, og la det koke inn litt.  Ha i creme fraiche og kok litt til.

Slå sausen over dei steikte gnocchiane og server med ein liten salat. Utan bacon er dette ein deilig veggisrett.

Vandrekake

17/03/2010

Enkelte kakeoppskrifter vandrar  frå syklubb til syklubb, frå idrettslag til idrettslag, frå korps til korps. Slike oppskrifter er eg ekstra glad i, dei er uttesta over lang tid, bakt mange gongar, og resultatet vert heilt sikkert godt.

Heidi ga meg ei slik oppskrift her for ei stund sidan, diktert på telefonen ein laurdags føremiddag. “Denne må du ha i avisa før påske”, sa ho. Og det får vi vel til. Førebels er den bakt til fjortenåringen sin bursdagsfest, der både store og små likte den veldig godt.

I Heidi si oppskrift skal smør, kakao og  vatn kokast opp først. Sidan eg hadde lite tid droppa eg det, og blanda det rett i røra. Eg skal bake den ein gong til før påske, og då skal eg koke og sjå om det blir skilnad på den. Denne oppskrifta er diger, og fyller ei stor langpanne. Appelsinvrien på glasuren er min, det vart kjempegodt med appelsinsaft og skal i glasuren. Slik gjorde eg det denne gongen:

Sjokoladekake på vandring

400 g flytande smør, eg brukte bremykt på flaske

8 ss kakao

4 dl vatn

9 dl sukker

9 dl mjøl

2 ts natron

1 beger lettrømme

4 egg

Set omnen på 175 grader. Bland smør, kakao og vatn i ein stor bakebolle. Eg brukte Kenwooden til dette. Ha natron i mjølet, og rør godt. Ha sukker og mjøl i blandinga, og til slutt eit beger lettrømme. Ha egga i eitt og eitt, og rør godt mellom kvart egg.

Ha kakerøra i ei langpanne som er kledd med bakepapir. Steik den i 40 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om den er gjennomsteikt. Vend kaka på rist, og la den kolne.

Glasur

100 g flytande/smelta smør

350 g melis

1 ss ekte vaniljesukker

3 ss kakao

Skal og saft av ein appelsin

Bland alt i ein bolle, og rør det glatt. Brei glasuren ut over kaka når den er sånn nokolunde kald. Pynt med det du har i hus, hos oss vart det sure skrikarungar. Eit bursdagstriks er å skjere kaka opp i stykke før du tek på glasuren. La den ligge på fat eller skjerfjøl slik eg gjer det, og del den i passe stykke. Så smører du på glasuren.

Stikk kakespaden under kaka og løft der den naturleg deler seg. Det blir mykje mindre grisete enn om du skal utpå med brødkniven gjennom glasuren.

Ein liten tur

16/03/2010

Eg sveipa ein liten tur innom Glasmagasinet i går, for å sjekke ut kva nytt dei har fått inn som vi kan presentere på laurdag. Svaret er: Masse! Og dei driv og pakkar fine goodie bags til oss…

 Eg gler meg veldig til å sjå dokke og presentere gamle og nye dufter for dokke!

Ikkje pent

15/03/2010

Eg har klaga før på mat som smakar fantastisk, men som ser ut som eit ope sår når eg skal ta bilde av det. I helga lagde eg ein slik rett igjen.

For lenge sidan lagde eg italienske gnocchi. Eg gjorde det på nytt no i helga, og så gratinerte eg dei med bolognese-saus og ost på toppen. Det var kjempesuksess både for store og små. Når du først lagar gnocchi så lag ein stor porsjon, og frys i porsjonar. Med frosne gnocchi og ein enkel saus blir dette ein kjapp kvardagsmiddag. Ikkje pen, men veldig god. Som så mykje her i livet. ;-)

Coming around again

14/03/2010

Det søte

14/03/2010

Søndag er det lov med dessert, ikkje sant? Desserten i dag er ein slags fruktsalat med blodappelsin og mango. Blodappelsinene er berre å få tak i i februar og mars, så då får vi nytte høvet. Eg lagar ein saus av appelsinsafta som liknar på den du fekk oppskrift på til rispudding for ei stund sidan, bortsett frå at denne søtar eg med honning. Den er så god at den kan godt få vere med ein runde til. Slik gjorde eg det:

Fruktsalat med mango og blodappelsin

To mangoar

Tre blodappelsinar

1 ts maisenna

1 ss vatn

1 ss honning

Skjer topp og botn av appelsinene. Skjer skalet av appelsinen frå topp til botnar slik at alt det kvite unntatt hinnene mellom båtane blir borte. Skjer ut appelsinfiletar av båtane mellom hinnene. Legg dei til side.

Kryst safta ut av det som er att når filetane er skorne ut, og det skalet du har skore bort.

Ta vare på all safta. Ha den i ein kjele med ei skei honning, og la det koke opp. Skum av, og rør ut maisenna i 1 ss vatn. Ha det i kjelen og la det heile koke opp. Set til side.

Snitt mangoen langs yttersida av steinen, altså langs ”kanten” på mangoen. Skjer med ein liten, skarp kniv inn på oversida og undersida av steinen. Då får du laus fruktkjøtet, som sit fast i skalet. Eg legg opp denne salaten i stjerneform, så då ville eg behalde den i båtar. Snitt lange snitt ned i skalet, og ”grav” ut båtane. Legg båtane i ei skål, og legg appelsinfiletar imellom.

Kutt resten av filetane og mangoen i terningar, bland saman og legg i midten. Du kan sjølvsagt også berre blande utan å drive med dessertformasjonar.

Hell saus over fruktsalaten og server. Du kan også ha ein kremklatt til. Velbekomme!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers