Ovedia og eg var og høyrde på Thomas Dybdahl i går kveld, det var så nydeleg. Denne videoen riv hjarta mitt ut. God helg likevel, alle de fine som kjem innom.
Arkiv for april, 2010
Fine mannen
30/04/2010To deilige dessertar
30/04/2010Konfirmanten var oppteken av at alle som var i konfirmasjonen skulle finne ein dessert som dei likte. Mi erfaring med desserbuffetar er at eg er redd for at det skal bli for lite, folk forsyner seg over evne, og det vert masse restar både i serveringsskålene og på dessertasjettane.
Difor fann eg ut at eg skulle servere fem ulike dessertar i småskåler/koppar. Eg har tidlegare brukt IKEA-telysestakar til å servere buffet-porsjonar med suppe, så eg har bygd meg opp eit lite lager av desse. I tillegg gjekk eg bananas på nyttårssalget på Åhlens, og kjøpte søte små telysestakar der og til ingen pengar. Så då konfirmasjonen opprann var eg vel utstyrt til å lage dessert i porsjonar.
Konfirmanten ynskte seg ein dessert som likna på dei appelsinsjokoladane du finn i butikkane før påske. Den utfordringa kunne eg ikkje motstå, så eg lagde ein appelsinsjokolademousse. Slik gjorde eg det:
200 g mjølkesjokolade
3 ss melis
3 egg
3 dl kremfløte
Saft og skal av ein appelsin
Skill to av egga, og pisk to eggekv iter heilt stive medan du har i litt og litt melis. Pisk kremfløten stiv. Smelt sjokoladen i vannbad, altså i ein liten bolle over ein kjele med kokande vatn på svak varme.
Vask appelsinen godt, og riv av det ytterste av skalet. Eg brukar eit Microplane-rivjern, ønsk deg det til jul. Eller til påske. Eller til når som helst. Det er berre fantastisk. Press safta ut av appelsinen, og ha det i ei skål saman med det rivne skalet.
Når sjokoladen har smelta rører du først inn appelsinsafta og skalet, og deretter eit egg og dei to eggeplommene. Det treng ikkje vere heilt glatt. Bland sjokoladeblandinga inn i dei stivpiska eggekvitene, og vend så inn kremen forsiktig. Ha i små glas, denne oppskrifta blir nærare tjue porsjonar viss du brukar glas med plass til ca. 0,8 dl.
Den andre sjokolademoussen er mjølkefri, og er ein mokkavariant. Slik lagar du den:
Mokkasjokolademousse
200 g mørk, mjølkefri sjokolade
4 eggekviter
200 g melis
1 ss balsamicoeddik eller ein annan søt eddik
1/2 ts salt
2 ts pulverkaffe løyst opp i 1 ss kokande vatn
Grovhakk sjokoladen, og smelt den forsiktig i vassbad saman med kaffen.
Pisk eggekvitene med eddiken og saltet. Saltet må med for å framheve sjokoladesmaken. Når eggekvita er halvstiv kan du byrje ha i melisen litt og litt.
Pisk til massen er blank og fast. Vend inn sjokoladeblandinga i eggekvitemassen. Ha røra i små porsjonsglas, og pynt med ei mokkabønne, for eksempel.
Dei enkle rettane
29/04/2010Her får du dei rettane som kom på bordet som krevde lite arbeid. Eg serverte varmrøykt pepparlaks som eg kjøpte ferdig. Den vart servert på ei seng av ruccola.
Til pepparlaksen lagde eg ein appelsinvinaigrette. Den syrleg-søte vinaigretten var heilt rett til den salte og pepra laksen.
Eg har tidlegare eksperimentert med appelsinmarmelade i dressingar. I denne oppskrifta hadde eg tenkt å koke inn appelsinsaft og alt det der, men i staden varma eg opp appelsinmarmelade og blanda den med sitroneddik. Oppvarminga gjorde at marmeladen smelta, og blanda seg heilt med eddiken.
Så køyrde eg det med stavmiksar med god olivenolje, og krydra med nokre klyper heimelaga urtesalt. Det vart kjempegodt! På toppen av det heile emulgerte marmeladen vinaigretten, slik at den vart stabil. Perfekt! Å ta bilde av den klarte eg ikkje, så du får tru meg på mitt ord.
Vinaigretten var også kjempegod å dyppe saltkokte poteter i, som eit alternativ til aioli. Slik gjorde eg det:
Appelsinvinaigrette
3 ss appelsinmarmelade
2 ss sitroneddik eller annan kvit eddik
2,5 dl olivenolje, extra virgin
Urtesalt og nymalt peppar
Varm opp marmeladen med eddiken. Det skal ikkje koke, berre varmast opp slik at marmeladen smeltar. Ha i eit blenderglas og køyr glatt med olivenoljen. Smak til med urtesalt og peppar.
Den siste saltmaten (i tillegg til kjøttbollar til barna) er asparges med parmaskinke. Slik gjorde eg det:
12 grønne asparges
4 skiver parmaskinke
Balsamico-glace
Knekk aspargesen der den naturleg gir etter. Kok aspargesane i godt salta vatn i tre minutt. Ha eit kar med kaldt vatn klart, slik at når du tek dei opp av kokevatnet kan du legge dei rett til kjøling. Slik stoppar kokinga, og du beheld den fine, grøne fargen. La dei renne av på eit reint kjøkkenhandkle eller på kjøkkenpapir.
Lind ei skive parmaskinke rundt tre aspargesar, og legg dei på fat, tett i tett. Rett før gjestane går til bords ringlar du over balsamico-glace. Glace er innkokt balsamico, som får ein veldig intens og deilig smak.
Begge desse rettane er mjølke-, gluten- og eggefrie.
Kyllingrullader
28/04/2010På konfirmasjonsbordet sto det kyllingrullader med spekeskinke og basilikum.
Kyllingrullader er lette å lage, og du kan lage dei ferdige på førehand og varme dei opp.
Kyllingbrysta blir banka flate, og så rullar eg dei med basilikumblad og ei skive strandaskinke og festar med tannpirkar utan mentolsmak. Eg serverte dei med ein mørk, krydra honningvinaigrette som eg vart veldig fornøgd med. Slik gjer du det:
Eit kyllingbryst per person
Ei skive spekeskinke per filet
Tre-fire basilikumblad per filet
Salt og peppar
Margarin til steiking
Skjer indrefileten av fileten, og legg den til side. Bank kvar filet mellom to flak plastfolie, det gjer jobben lettare og meir reinsleg. Vend på fileten iblant slik at du bankar det heile jamt utover. Fileten skal vere snautt 1 cm tjukk over det heile.
Ta øverste folielag av, og legg på ei spekeskinkeskive og basilikumblad. Rull fileten tett saman og fest med ein tannpirkar. Steik fileten rundt det heile til den er gjennomsteikt. Dersom du lagar den på førehand bør du kjøle den så fort som råd er.
Varm rulladane opp att ved å legge dei i ei eldfast form, ha på litt væske, som vatn med buljong eller liknande, og dekk med folie. Du kan godt putte i litt bladpersille og vårløk og slik eg gjorde. La rulladane dampe på 175 grader i ca. 15-20 minutt. Server med saltkokte poteter og honningvinaigrette.
Tre indrefiletane på små grillspyd og steik dei i steikepanna. Barna elskar slike, så lag mange.
Honningvinaigrette
1 dl balsamico
3 dl olivenolje, extra virgin
1 ss flytande honning
1/2 ts timian
Salt og peppar (eller peppar/korianderblanding)
Ha alt i ein blender, og køyr det glatt. Ha i ei pen flaske, og sett ved sidan av fatet med kyllingrullader.
Eg hadde att av blandinga av poppa (rista) svart peppar og koriander som eg knuste og brukte som dry-rub då eg hadde is i rubben for ei stund sidan. Den pepparblandinga gjorde underverk med denne dressingen, så prøv det om du er klar for litt spenning i kvardagen. Rist 1 ss peppar og 1 ss korianderfrø i tørr steikepanne til dei poppar. La dei kolne, og knus dei i mortar. Ha 1 ts av denne blandinga i honningvinaigretten før du blendar den. Denne retten er gluten-, mjølke- og eggefri.
Skagenrøre
27/04/2010På festbordet sto det også ein stor bolle skagenrøre. Skagenrøre er ein majonessalat med lodderogn, reker og dill. Den er deilig på godt brød, og er mjølkefri. Vil du lage den ekstra fin pillar du ferske eller nytina reker. Eg brukte reker i lake fordi det måtte gå fort. Slik lagde eg den:
5 dl majones
2 dl nyklipt og finhakka dill
1 dl finhakka grasløk eller sjalottløk
300 gram avrente eller nypilla reker
100 g avrente krepsehalar
100 g raud lodderogn
Nymalt peppar
Litt sitronsaft
Ørlite sukker viss du brukar reker frå lake
Bland saman majones, urter, løk, sitronsaft og sukker. Vend forsiktig inn lodderogn, reker og krepsehalar. Pynt med dillduskar og litt meir lodderogn.
Heilt annleis kaker
26/04/2010og det vil eg berre ha sagt: Ingen av desse vart servert i konfirmasjonen.
Grønsaksterte
26/04/2010Grønsaksterta var det vegetariske alternativet i konfirmasjonen no på laurdag, og den var også mjølkefri. Den smakte så godt at den vart borte på null tid, så den bør du prøve.
Treng du ikkje ta omsyn til mjølk eller ikkje mjølk kan du bytte ut soyarømmen med vanleg kesam eller lettrømme, det blir billigare. Slik gjorde eg det:
1 gul løk
2 gulrøtter
2 pastinakkar eller persillerot
½ squash
2 poteter
4 sjampinjongar
Ein vårløk
4 ss olivenolje
Salt og peppar
5 egg
1 boks soyarømme
Nokre kvistar bladpersille
2 dl riven pecorino
1 ss sitronsaft
Hakk sjampinjongen fint, og riv dei andre grønsakene grovt. Fres først soppen og så dei andre grønsakene til dei er blanke og løken er gjennomskinneleg. Smak til med salt og nykverna peppar.
Smør ei paiform, og fordel grønsakene utover. Bland saman rømme, egg, ost, sitronsaft og hakka urter, og hell det over.
Bak paien i omnen på 175 grader i ca. 50 minutt. La den stå litt før servering. Server med tomataioli.
Vel blåst!
25/04/2010Så er det heile over, med ein fornøgd og nyrik konfirmant, stolte og glade foreldre og besteforeldre og gjestar som eg trur er mette til langt utpå søndagen.
No ligg dukane i vaskemaskinen, festlokalet er reingjort, matrestane er på kjøl og huset er tomt for folk, bortsett frå meg. Akkurat no følest det heilt fint.
Eg er veldig glad for at vi hadde konfirmasjon på laurdag, det hadde vore tøft å gå på jobb i dag.
Utover i veka kjem eg attende med oppskrifter og andre godbitar, no får du ein detalj frå bordet. Konfirmanten ønska seg gerbera, og Ovedia pynta på nydeleg vis. Ha ein fin dag!
Tru det eller ei
23/04/2010-Eg har altså gjort alt som står på lista frå i dag tidleg, unntatt det som skal gjerast i festlokalet. Det skal vi avgarde og ordne no.
Den nydelege buketten ved sidan av her har eg fått av skjønne Ovedia, som var innom på onsdag til middag saman med to andre flotte damer. Astrantia major, eukalyptus og roser, og til og med ein nellik har lista seg inn der. Er den ikkje fin? Camilla hos Fem sanser har laga den.
No er skjortene strøkne, dressen pressa og det som skal bakast er bakt. Kjøkkenhjelparane har vore innom og fått lange lister med instruksjonar, og eg har full tillit til at dei ordnar det som skal ordnast og meir til.
Til morgondagen har konfirmanten ønska seg gerbera, dei har Ovedia henta, og skal lage fine dekorasjonar. Hurra! Eg er så glad fordi eg har ei nær meg som får til slikt!
Eg ynskjer alle som stikk innom ein fin kveld og ei fredeleg helg.
Den store planen
23/04/2010Eg planlegg aldri så nøye som når eg skal lage mat til fest. Det hadde sikkert lønt seg for meg å planlegge nøyare i andre situasjonar og, men der har eg nokre utfordringar. Men iallfall: Her er planen for morgondagen og laurdagen:
Fredag heime G&K:
Lage grønnsaksterte
Bake cheesecake brownie
Lage sjokolademousse
Lage pannacotta
Lage gelé
Lage hummus
Hente gravlaks og sennepssaus hos H
Avtale blomsterhenting med H
Kjøpe vaniljesaus til geléen
Finn ut kven som kan kjøpe brød laurdag morgon
Hente mineralvatn hos Singh
Fredag i festlokalet G&E:
Ha aioli, dressingar og hummus i skåler med plast over. Merk med kva dei tilhøyrer
Sette alt på kjøl
Finne fram eldfaste former til kjøttbollar og kyllingfilet
Finne fram serveringsfat og serveringsbestikk
Legge på dukar
Legge på glas, bestikk, serviettar og bordkort
Sette lysestakar med telys i på bordet
Laurdag kl. 10 M&I:
Knekke asparges, koke dei i godt salta vatn i 3 minutt, rett i kaldt vatn. La renne av. Ta tre og tre, lind saman med parmaskinke. Legg på fat. Dekk og kjøl.
Skjere opp gravlaks, legge på fat, pynte med dill, dekk og kjøl
Kl. 11:00 M&I:
Skrelle og kutte poteter i små terningar til dillstua poteter.
Dampe i 15 minutt
Saus av 4 ss smør, 3 ss mjøl, 1 l mjølk, salt og peppar, hakka dill
Anrette skagenrøre med dill og lodderogn, dekk og kjøl.
12:00 M&I:
Kok opp saltvatn til potetene
Kok potetene i 15 minutt
Hell av vatn og la dei dampe under lok.
Ovnssteke scampi, 15 minutt på 180 grader i varmluftsovn
Skylle og fjerne stilkar av tomatar, kutte redikkar
Ha kjøttbollane i eldfast form, slå over tomatsaus, salte og sukre og sett på 180 grader.
Kl. 13:00 M&I:
Legge salaten på fat, ha på cherrytomatar, sukkererter, redikkar og pecorino
Sett kyllingfiletane i omnen, slå på væske og la dampe.
Legge ørret på fat oppå ruccola
Sette fram champagneglas
Sette alt utover
Tenne lys
13:30, Rett før vi går til bords:
Anrett kyllingen på fat med bladpersille
Ringle balsamico over aspargesane
Sjekke at alt er på plass, inkl. serveringsbestikk
Sette fram mineralvatn og vin
Puh…
Dessert- og kakemenyen
22/04/2010Vi planlegg altså ein buffet i denne konfirmasjonen. Det er ikkje eit koldtbord, her manglar både karbonader og råsjbiff. Det er heller ikkje tapas. Det er ganske enkelt ein buffet sett saman i samråd med konfirmanten av ting som ho likar, og som ho trur at dei andre gjestane vil like.
Nokre av kakene blir medbrakt av vennlege gjestar som syns det er hyggeleg å bidra med noko. Eg snakka med kona til Singh her om dagen, ho har slikt eit komplisert namn at eg aldri har fått det med meg. Det er noko på K. Ho fortalte at i Kashmir der ho kjem frå er det å ta med mat ikkje vanleg. Det som derimot er vanleg er å kome dagen før og hjelpe til med å gjere klart til festen. Men for å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord er ein plent nøydd til å basere seg delvis på bidrag frå gjestane.
Dessertane vert servert i små porsjonsglas, og til 40 personar lagar eg 30 porsjonar av kvar dessert. På den måten får dei fleste smakt på alle dessertane. I tillegg lagar eg gelé i små glas til barna. Her er det gjestane vil få:
Dessert:
Sjokolademousse (mjølkefri)
Pannacotta
Bondepiker med marengs, krem og eplesyltetøy
Gelé
Kaker:
Sjokolademoussekake med mandelbotn- eg bakar
Brownies – veslesøster bakar
Kvæfjordkake – Fadder U bakar
Suksessterte – mellomste bror bakar
Ostekake -veslesøster bakar
Cheesecake-brownies – eg bakar
Rullekake – bestemor bakar
Ost med rosegelé og fikenmarmelade
Å prokrastinere
21/04/2010Prokrastinering er et uttrykk innen for psykologi som innebærer fremskyving eller unnvikelse av en handling som skal avsluttes. Dette innebærer at fokus forflyttes til andre handlinger som vil føre til at personen ikke får utført sitt opprinnelige arbeide.
Prokrastinering kan føre til stress, dårlig samvittighet og minsket produktivitet. Det er normalt for de fleste mennesker å prokrastinere til en viss grad, men det kan bli et problem når det går ut over sosiale og daglige funksjoner. Kronisk prokrastinering kan være et tegn på at en psykisk eller fysisk sykdom ligger bak. Eksempel på slike psykiske sykdommer kan være ulike fobier, depresjon og angst. Hyperaktivitet (ADHD) kan også lede til prokrastinering.
Ordet prokrastinering er dannet av de latinske leddene pro, som betyr «for», og crastinus, «det som angår morgendagen» (av cras, «i morgen»). Begrepet kan fritt oversettes med «utsettelsesatferd».
Kjelde: Wikipedia
Roskilde! 4th of July!
20/04/2010Be there or be square… Prince spelar. Kjem eg meg dit? Eg veit ikkje. Det er veldig fristande, iallfall. Nyt denne medan du loggar deg på billettservice.
For dei som sit askefast
20/04/2010No byrjar mange å kome seg dit dei skal, men mange slit framleis med å kome seg over frå New York og heim. Viss du er der, og ikkje har fly tilbake før på søndag, så tilbyr min strålande flotte venn Jay Hoffman gratis billettar til denne konserten. How cool is that?
| FREE TICKET OFFER FOR STRANDED EUROPEANS FROM AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA FOR SATURDAY, APRIL 24 |
BEETHOVEN’S 9TH IS THE FINALE OF THE AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA’S SILVER ANNIVERSARY SEASON; PROGRAM TO FEATURE 250 MUSICIANS AND DANCERS AT ST. JOHN THE DIVINE FOR IMMEDIATE RELEASE: All European-nationals who are stranded in the NYC area are invited by the American Classical Orchestra (“ACO”) to be their guest at the finale concert of their 25th anniversary season on Saturday, April 24 (8 PM). Bring your European-country passports and you’ll receive 1 (one) free ticket per person. The music director Thomas Crawford stated “Some of our musicians are stranded in Europe. We are re-enacting a European coronation in a stunning cathedral (help them feel at home!). Beethoven Ninth is a people-uniter, prompts people to want to reach out with gestures of love and humanity. It refers to the power of nature (not volcanoes but the starry firmament). This is an overwhelmingly ‘happy’ concert, thrilling, uplifting, so it will bring joy and familiar ground to those stuck here.” The American Classical Orchestra will also feature Handel’s Coronation Anthems with 60 dancers, and for the Beethoven 9th, four soloists will be joined by three different choirs, totaling 150 singers. The Coronation Anthems were written for Westminster Abbey, on the occasion of the coronation of King George II in 1727. The performance at St. John the Divine will feature dancers from the Purchase Dance Corps from the Conservatory of Dance at Purchase College, SUNY, and students from the Ballet Hispanico School. Beethoven’s 9th Symphony will feature 150 choristers from Trinity Princeton, Trinity New Haven, and the Cathedral Choir (of St. John the Divine), joined by soloists Arianna Zukerman (soprano), Heather Johnson (alto), Choong Lee (tenor) and Camille Reno (bass). For more information, please visit www.aconyc.org. About the church: The Cathedral Church of St. John the Divine contains the largest nave in the world, and has been the site of some of New York City’s most breathtaking concerts. Its recent renovation was completed in November 2009, restoring the Cathedral to its original glory, following substantial damage from a fire in 2001. About ACO: Founded by Mr. Crawford in 1985, the ACO performs classical music on authentic period instruments, specializing in repertoire from the 17th to 19th centuries. The orchestra’s mission is to render music faithful to the Baroque, Classical, and early Romantic eras. Tickets are $75, $50, $35, Student $15 and can be purchased through the website at www.aconyc.org or please call (212) 362-2727. St. John the Divine: 1047 Amsterdam Ave, New York, NY 10025 ### |
Tomt hus
18/04/2010No er eg åleine att her, og det einaste som lagar lyd er oppvaskmaskinen som jobbar for å hjelpe til etter ein middag som fjortenåringen lagde.
Det blir slik i byrjinga av denne veka, men frå torsdag og utover byrjar folk å kome til konfirmasjonen som er neste laurdag. Eg syns det er fint å ha litt tid for meg sjølv, men ikkje for lenge. Slik er det vel for dei fleste av oss som er åleine i periodar.
Allereie i morgon skal pappaen og eg ut og handle inn matvarer til den store festen. Eg skal lage all maten, og planlegg å legge ut framdriftsplan og oppskrifter her etter kvart som eg held på. I dag får dokke “saltmatmenyen”, eg kjem attende med dessertane og kakene. Dette skal vi servere:
Kaldt:
Gravlaks med dillstua poteter og sennepssaus
Asparges med parmaskinke og balsamico
Grønnsaksterte
Stor salat med bacon, pecorino, cherrytomatar og sukkererter
Varmrøykt ørret med honningvinaigrette og ruccola
Varmt:
Scampi på spyd med sursøt saus
Kjøttbollar med tomatsaus
Fylt kyllingbryst med urter og kvit balsamico/appelsinvinaigrette
Go away, little boy
18/04/2010Her har du dronninga av sakte tempi: Shirley Horn. Dette er så bra!.
Parfymesnakk er på nett!
17/04/2010Jorid har opna eit skandinavisk parfymeforum, Parfymesnakk! Dersom du syns at duft er gøy, så gå inn og registrer deg, og delta i parfymesnakket. Bra initiativ!
Androgyn energi
17/04/2010To gongar den siste veka har eg høyrt denne, og eg blir like glad kvar gong eg høyrer den.
Eg elska denne songen frå første gong eg høyrde den, den er ein deilig eksplosjon av speleglede og ekvilibristisk vokalkunst. Eg syns det androgyne uttrykket til Mika er strålande, og kryssar fingrane for at han klarer å gjenta suksessen han hadde med denne songen.
God helg!
16/04/2010Fine byen
15/04/2010Sola skein. Vi var ute i ein slik flat båt med glasstak som vi kunne ta ned eller dytte opp alt etter temperaturen. Dei serverte lakserogn med blini og ytrefilet av okse til lunch ombord. Det er eit slit, dette livet…
Eg har teke eit bilde eg eigentleg ikkje har lov til å ta. Dette er Tage Andersen sin verkstad. Grunnen til at det var så stille der og så lite blomar er at han er på slottet og lagar oppsatsar til dronninga sine mange festar, no når ho fyller 70. Gratulerer med dagen i morgon, Margrete! Vonar blomane vert fine. Eg skulle veldig gjerne ha sett dei.
-Og her er det som vart med heim. Eg har ein liten pasjon for miniflasker. Så heim til Oslo tok eg med sju Bulgari-flasker og sju Victorias secret-flasker, Ondé Mystére frå Armani, som var ei gåve frå DFDS, og Annick Goutal Petit Cherie. Petit Cherie blir fjortenåringen sin konfirmasjonsparfyme. Kryss av, då er det i orden. Viktige ting. Pluss eit lass med prøver, sjølvsagt. Eg fekk lov til å kikke i skuffen på Illums.
Nyhende frå Illums, forresten: Dei har fått inn Bond, Ineke frå San Fransisco, Laura Mercier-duftene, E. Coudray og Etro. Pluss eit økologisk merke som eg no i farta ikkje huskar. Mykje nytt, altså!
Kva gjer ein-
14/04/2010-for å fortene dette?
Frukt på rommet, ein romsleg lugar ombord i båten til København i niande etasje, med utsikt fram over baugen?
Ein held foredrag om parfyme på tampen av dagen for 100 forretningsfolk.
Butikken på båten melder tilbake at dei sel masse parfyme i dag, og andre typar parfyme enn dei vanlegvis sel.
100 elles fornuftige forretningsfolk går rundt og snusar på kvarandre, og diskuterer parfyme over den lekre middagsmenyen. Det gjer ein for å fortene dette. Ha ein fin dag, du og!
Meksikansk i alle land
13/04/2010Familien vår har ein tendens til alltid å ville spise meksikansk mat. Det gjer vi uavhengig av kva land vi er i. Vi har spist meksikansk i Egypt, i Kathmandu og i Edinburgh.
Så når vi no var i København så hindra det oss ikkje i å lage ein deilig porsjon burritos. Slik gjorde vi det:
2 ss heimelaga tacoblanding medbrakt i ziplockpose
1 dl vatn
400 g kjøtdeig
1 boks hermetiske tomatar
2 vårløk
Salt og peppar
Fem burritoslefser
Masse riven ost
Varm opp ei steikepanne, og ha i litt steikefeitt. Ha i kjøtdeigen, og smuldre den med ein steikespade eller liknande. Ha i krydderet og slå på vatn. Ha i tomatane og den hakka vårløken. La det koke inn til ein tjukk saus. Smak til med salt og peppar, og kanskje ei klype sukker.
Legg lefsene i ei form, og legg to-tre skeier røre i kvar lefse. Rull dei saman, og dryss på rikeleg med ost.
Bak burritosane i omnen til osten har smelta og er pent gylden. Server med rømme, salat og guacamole.
Ei tilståing
12/04/2010Eg må berre innrømme det; eg var eigentleg ganske hagelei i fjor.
Det var ingen særleg grunn til det så vidt eg kan huske, eg huskar berre at hagen gjekk for lut og kaldt vatn, lite nye plantar, lite stell og lite hageglede.
Eg innrømte det ikkje til nokon, mrs. Bouquet som eg kan vere, men når eg no går laus på beda mine ser eg det klart og tydeleg.
Det har gått meir enn eit år sidan sist ei kjærleg hand for over hagen.
Det gror sitronmelisse over alt, den ville ruccolaen har spredd seg ut i plenen med lange strantar, og eg er redd det framleis ligg nokre løkar på loftet.
Men i år skal ræva leggast i andre folde, som bestefaren min ville sagt om han hadde levd.
Eg har fjerna ugras og haustasters på ville vegar, eg har raka plenen og når eg berre kjem attende frå diverse jobbreiser skal eg få kjøpt noko fint å ha på trappa slik at det vert koseleg her.
Så i år er det fare for at du kanskje vil finne meg slik du ser humla ved sidan av her, hardt arbeidande, med rumpa i veret. Det trur eg blir bra!
Deilige søte saker
11/04/2010Heidi har lagd søt gjærbakst i dag, og eg sit her med vassflog i munnen. Dette er noko av det beste eg veit! Slik bakst er ikkje komplisert, så lenge du har råvarene i huset set du deigen medan du held på med andre ting. Perfekt søndagsbakst!
Alt godt
Klippekrans med vanilje
4 ss margarin
4 dl mjølk
50 gram gjær
5 ss sukker
1 egg
ca 10 dl kveitemjøl
Fyll:
Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt.
Alternativt fyll:
Sjå i teksten under.
Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt.
Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. Rull leiven saman og legg skøyten ned mot steikebrettet. Klipp i kransen med ei saks og brett annankvar snipp til høgre og venstre. Etterhev kransen i ca. 20 minutt og pensle han med samanpiska egg.
Steik han på nederste rille i ca. 25 minutt på 190 grader. Når kransen har kolna har du melisglasur oppå. Ønskjer du ikkje å klippe opp kransen kan du ha dette fyllet inni: 3-4 dl heile mandlar, 3 dl rosiner, 7 ss sukker og 7 ss margarin. Mal mandlane i ei matmølle og bland i resten. Smør fyllet utover leiven og rull han saman.
Gjærlengde
150 gram margarin
2 dl mjølk
50 gram gjær
4 ss sukker
1 egg
ca 400 gram kveitemjøl
Fyll 1
Vaniljekrem
Fyll 2
100 gram margarin/smør
1 dl sukker
2 ts vaniljesukker
50 gram hakka mandlar eller nøter
50 gram rosiner
Fyll 3
Syltetøy, for eksempel eplesylte, rabarbra eller stikkelsbær.
Bland 1 ss potetmjøl inni syltetøyet.
Smelt margarin og ha i mjølka og varm dette til 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Tilsett sukker og egg. Ha i kveitemjølet til slutt, og lag ein deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Hev deigen i 40 minutt under eit klede.
Legg deigen på bakebordet og kjevl ut eit rektangel som er 40×25 cm. Legg fyllet du har valt midt på leiven og brett langsidene innover mot fyllet. Du får ei opning med fyll midt på der deigen ikkje er bretta i to. Hev gjærlengda i 30 minutt. Pensl ho med egg og strø perlesukker over.
Steikast på 225 grader i ca 20 -25 minutt. Pass på at ho ikkje vert brent. Som du veit er all gjærbakst best same dagen, så kaffien må vere klar når du tek stengene ut av omnen. Lykke til!
Ein fin dag
10/04/2010I dag skal eg saman med kjære Ovedia til hagemessa på Lillestrøm, så det blir lite blogging. Eg vil berre minne om denne, som er ein fin måte å få brukt opp restar etter påska på.
Eg kjem tilbake seinare, med rapport frå Lillestrøm!










