Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort.
Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat.
I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri.
Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det:
8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra
175 g sukker
100 g smør eller margarin
100 g mandlar
3 små egg
Sett omnen på 175 grader.
Ta fram ei paiform som du smører godt. Ha den finhakka rabarbraen i forma, og dryss over litt sukker. Ta unna litt av den raudaste rabarbraen til pynt, eg skjer den i tynne skiver og legg den i mønster oppå røra.
Skill to av egga, og ha to kviter for seg i ein stor bolle, og to plommer for seg i ei lita skål. Knekk det siste egget i den vesle skåla. Pisk eggekvitene stive med ei lita klype salt.
Mal mandlane til fint mandelmjøl i ei matmølle. Ha smelta/flytande smør og sukker i ein bolle, og pisk det fort saman. Ha i eggeplommene og det heile egget litt og litt. Når dette er godt blanda vender du inn mandelmjølet til det blir ei glatt røre. Vend til slutt inn dei stivpiska eggekvitene. Hell røra over rabarbraen, og pynt eventuelt med litt raud rabarbra viss du har.
Steik kaka i 30-35 minutt. Den skal vere ganske fast i midten når den er ferdig. Skjelv den, så la den få nokre minutt til. Server den med vaniljekesam, is eller piska krem.
























