Fin fredag

No er det roleg i huset, blomane står på bordet og middagsplanane er klare.

Det blir ei aktiv helg, i kveld får eg vonaleg besøk, og i morgon skal elleveåringen og eg på Grand Prix – i salen! Eg har snakka med folk som var der på torsdag, og dei fortel at det  var kjempestemning. Så det gler vi oss til, sjølv om øyrepropper visstnok er obligatorisk for å beskytte seg mot dei sure tonane til han frå Israel.

Søndag blir det litt forsinka bursdagsfeiring, så eg må vel lage noko god mat, tenker eg. Akkurat no er eg tom for idéar, men eg finn vel på noko, iallfall når eg kjem i butikken.

Og så trur eg neste veke blir ei fin veke. Det er litt lysare stemning i heimen no enn det var ei periode. :-) Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, med eller utan Grand Prix!

6 kommentarar til “Fin fredag”

  1. Embla seier:

    Å, så spennende! I salen! Ha ei vakker helg og fortell, fortell etterpå :)

  2. smgj seier:

    Fin bukett! Er det zinnia? God GP!

  3. Alt godt seier:

    Takk! Ja, eg skal fortelje. ;-) Det er gerbera, direkte frå Mester Grønn.

  4. Elisabeth seier:

    Kan jeg foreslå en enkel forrett…? ;-)

  5. Ståle seier:

    Fredager er aller aller best. Hele helga foran :-)
    God helg til deg – og takk for trivelig kommentar inne hos meg.

  6. ritahoge seier:

    God helg, Alt godt. :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s