I dag handlar vi blomar!

I dag drar Ovedia og eg avgarde for å kjøpe inn blomar til krukkene i burettslaget. Det gjer vi på blomsterutsalget hos Raell i Carl Kjelsens vei 79. Ho har flott utvalg, alle fuchsiaer du kan tenke deg og litt til, og friske og fine planter.

Der skal vi plukke med oss litt forskjellig som kan lyse opp og spreie glede i bakgården vår. Etterpå er det tilbake og plante, beskjære roser og ikkje minst stolhage litt.

Du veit kva det betyr å stolhage? Ikkje det? Å stolhage betyr ganske enkelt å sitte i hagen og nyte den, i ein god stol med ein kopp kaffe eller te til. Er vi i det rampete hjørnet hender det faktisk også at vi tek eit glas vin. Skål!

Ei tilbakemelding til “I dag handlar vi blomar!”

  1. Embla seier:

    Åh! Stolhager litt, jeg også :) Nais!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s