Arkiv for juli, 2010

Fine Koster

30/07/2010

No er vi trygt på plass på Syd-Koster, installert på Ekenäs hotell.

Nesten alt har gått etter planen, bortsett frå ein lite samarbeidsvillig kakering rundt det midterste laget på bryllupskaka. Den lek når geléen som skal vere over og under bæra vert for tyntflytande, så ei stund hadde vi gelébad på benken. Når geléen hadde fått blitt litt stivare i bollen vart den meir samarbeidsvillig, og no står kaka stildra inn i kjøleskapet i von om at den er stiv og fin til i morgon.

I kveld inviterte brudeparet oss på grillfest på vestsida av øya, og vi har nikost oss med burgerar, pølser, svinefilet og bakte grønsaker. Familiekoret har opptrådt, delar av solistkoret, supplert med slike som meg, og det vert neppe stillare utover natta. Men i morgon er det frukost og så øving i kyrkja klokka 12. Då skal vi førebu innmarsj og utmarsj for brudeparet.

Etter det er det berre kakemonteringa som står att, det er alltid nervepirrande. Litt pynt med frukt langs kantane må til, elles er det meste gjort. Eg legg ut bilde når eg får teke dei og lasta over. Ha ein fin laurdag!

På veg

30/07/2010

Eg er på veg, ut i verda, inn i kjent og ukjent terreng. I dag er eg på ei øy på svenskekysten. Her er eg hos fine menneske som tok i mot meg i går kveld i regnet, med god mat, godt drikke og glad prat. Tre tenåringar sit med plirande blanke auge og høyrer på historier om kva foreldra fann på i ei ikkje altfor fjern fortid.

I dag skal eg vidare til ei ny øy, der det skal stå bryllup i morgon. Før det skal eg innom Konsum og ta med meg det dei har av fin frukt og bær som eg kan pynte bryllupskaka med. Det vert nærare hundre gjestar, så denne gongen er den i tre etasjar, i storleik XL. Men frykt ikkje, brudgommen er sunnmøring, så tante M kjem med minst åtte kaker, kjenner eg henne rett.

Brudeparet er songarar begge to, og det er ein god gjeng av gjestane og. Eg har fått utdelt notar til innmarsj og utmarsj, og eg vonar det vert høve til å øve undervegs i førebuingane. Noko av det er ukjent for meg, og for dei andre og, forsåvidt. Det er arrangert i høve bryllupet. Slikt er spennande, utfordringar er til for å handterast, akkurat som kaker i storleik XL.

I morgon kjem det ein fransk familie til oss, dei blir møtt av fjortenåringen, og skal vere hos oss medan vi er i deira husvere sentralt i Paris. Ferien har med andre ord byrja for fullt for meg, nærare ein månad etter at den byrja for dei fleste andre.

Det syns eg er heilt fint, denne julien har vore så ustadig at å jobbe har ikkje vore noko problem. Fine folk på jobb som tenker sameleis som meg har gjort at det har vore fire fine veker. I morgon vert to store kontrakter signert, og ei innstilling eg har forfatta vert vonaleg godkjent av sjefane oppe i systemet. Arbeidet med desse har teke månader, og det er godt å endeleg vere i mål med desse store prosjekta. Då følest det dobbelt meiningsfullt å kunne ta ferie med godt samvit.

Dette vart på ein måte ei juli-oppsummering. Korleis har din juli vore?

Kronprinshumor

29/07/2010

No er det mykje tøys og tull og filmar og slikt her inne, ber over med meg, eg skal snart bli seriøs igjen. Men dokke må berre sjå denne. Kva er det som skjer rundt 0:34? Der ved den -eh- fontena?

Gladtjukk?

28/07/2010

Denne er berre festleg.

Hjärtat

27/07/2010

Er det berre eg som syns det er litt snodig når ho som ekspederer meg i undertøysbutikken seier: “Hur går det med dej, hjärtat” når eg står i prøverommet? Eg har aldri møtt henne før.

(Når den vennlege svenske dama skulle inn til ho i naboprøverommet sa ho: “Nu kommer jag inn till dej, damen.” “Hjärtat” var kanskje betre.)

(Og det vart veldig fint (og dyrt) undertøy.)

Orakelet svarer

27/07/2010

Feriemodusen gjer nok at det ikkje haglar inn med spørsmål, eg ser at besøkstala går ned no i juli. Men eg set stor pris på dei spørsmåla eg har fått, og her er svara mine:

Solveig: Kva syltepulver anbefaler du? Eg brukte både Jam og Certo til røring av jordbær, Certoen gav mykje tjukkare sylte – før frysing. Elles har eg ikkje sett att sukker med syltepulver til koking i år. Håper det dukkar opp.

Alt godt: Eg brukar faktisk også Certo, av gamal vane, viss eg ikkje finn syltesukker. I år har livet mitt vore så fullt av ting som skjer så eg har ikkje fått sylta noko, så eg har ikkje vore ute og leita. Eg vonar dei ikkje har slutta med syltesukker, både du og eg har jo hatt suksess med det, Solveig.

Maiblomst: Me er i Marseilles på husbytte. Noko eg absolutt burde få med meg, eller shoppe eller smake på her nede? Og kor mykje vaskar og ryddar du før husbyttet? Etter å ha bytta med England og no Frankrike, verkar det som me nordmenn kanskje svinger vaskekosten litt meir?

Alt godt: Marseilles er ein by som eg ikkje har besøkt, så eg er kjempemisunneleg!  Aix og Avignon er fine stader å dra på ein dagstur, det same er middelalderbyen Arles, der Van Gogh, Gaugain og Picasso alle har arbeidd. 

Spis morbiere, den deilige mjuke osten der det eine laget er laga av den feite morgonmjølka, så stryk dei eit lag aske på, og så er det andre, øverste laget laga av kveldsmjølka. Vi hadde med eit heilt hjul heim frå Lunel då vi var der for nokre år sidan. Med eit glas rosé frå Languedoc til. Mmmm!

Når det gjeld reingjering så moppar eg alle golv, vaskar bada, tørkar over alle benkar og bord, og ryddar som til helga. Så fjernar eg stablar med papir, og andre private eignelutar, og ryddar unna sko i gangen. Eg let det vere to hyller/elfa-korger tomme per person som kjem. Eg tømmer slik at dei får ei skuff på kjøkkenet og to hyller på kvart bad for sine ting. Utover det gjer eg vel ikkje så mykje.

Nivået på reinhald varierer jo frå land til land, og innomhus er nok vi nordmenn nøye. Samstundes har eg sett veldig ulike nivå her og, så ingenting overraskar meg. Vi har bytta i Frankrike tre gongar, den eine gongen var det litt rotete, dei to andre var det heilt strøkent. Så eg trur kanskje variasjonane er personlege heller enn geografiske. Men det er klart, vi nordmenn har sjeldan veggtilvegg-teppe, det hjelper veldig. Og vi friterer lite, det gjer og sitt til at det ikkje er spesielt feittete og udelikat i husa våre.

Elisabeth: Når kommer du tilbake?  Neida. Men altså: Hvis du kunne dra hvor som helst og når som helst uten å tenke penger, ferie osv… Hvor ville du dratt da? Hvis anything was up for grabs?

Alt godt: Hehe, anytime, baby. Eg ville dratt til Afrika. Byrja i Kenya kanskje, dratt på teltsafari og sett store dyr, dratt til Zanzibar for å bade og så kanskje tog ned til Sør-Afrika for å sjå om eg kunne finne att nokre av dei vennane eg hadde der ein gong for lenge sidan. Det ville nok vore ein ideell ferie for meg.

Takk for gode spørsmål, alle saman!

Å, så kjedeleg…

26/07/2010

No er eg verkeleg fjortis her, eg kjedar meg.

Jada, eg skal sette på musikk, og ta ein runde og rydde i huset, vi skal snart byte hus og alt det der, men akkurat no sit eg her og kjedar meg. Så då må vi finne på noko. Skal vi ta ein spørsmålsrunde? Alle bloggarar har det, no også her.

Du skal spørje om det du vil, om matoppskrifter, hagetips, kva parfyme du burde prøve, strikkeoppskrifter (då vert du sendt vidare til Gryda eller Britt Åse) eller dei store spørsmåla i livet. Eg skal svare etter beste evne og skjønn. Kast deg utpå! Har du eit spørsmål eller tre til meg?

Chopard: Madness

26/07/2010

Chopard lanserte parfymen Madness i 2001, og akkurat idet dei skulle køyre i gang med ein internasjonal kampanje flaug det to fly inn i World Trade Center i New York. Det førte til at denne parfymen aldri fekk den merksemda den fortente, Chopard/Coty kansellerte kampanjen. Dei meinte vel at det ikkje var heilt passande med det namnet i den tida.

Dessverre har det ført til at dufta har levd eit “hemmeleg” liv i hyllene på kjøpesentera rundt omkring. Eg har ikkje sett Chopard-dufter i Norden i det heile tatt, faktisk.

I går regna det, og når det gjer det er bonusen at ein får utført litt indreteneste. Eg rydda og vaska begge bada i huset, og oppi ei korg som eg ikkje har hatt fingrane i på lang, lang tid fann eg ein liten prøve på Madness. Eg har ingen forklaring på kvar den kjem frå, viss nokon har vore på badet mitt og donert den til meg av rein og skjær glede så seier eg takk.

Dagen i dag har eg altså tilbrakt innhylla i Madness. Opninga er underleg fruktig, men langt frå søt. Eit hint av syrlege bringebær, noko sitrus og fleire ting eg ikkje klarer å identifisere dominerer dei første minutta.

Likevel er det ikkje tvil om kva som ligg under; rose og edelt treverk. Dette er ein stor woody floriental, ein av mine favorittkategoriar.

Det er ein moderne versjon av ei klassisk duft, androgyn og elegant, eg vil faktisk kalle den sexy. Den har noko animalsk over seg utan å ty til civet eller andre ting som kan bli for overveldande.

På meg vart denne dufta ikkje på noko tidspunkt overveldande, men den tek definitivt plass. Den er ikkje diskret. Det er ikkje ei sommarduft, med mindre det regnar tungt og ein treng litt varme. Utpå hausten og vinteren vil denne vere heilt perfekt for mi nase.

A rainy night

25/07/2010

Vegetarpizza med aubergine

25/07/2010

Eg er utruleg glad i alt av aubergine, og her ein kveld hadde eg ein liggande som måtte spisast fortare enn svint.

Eg hadde ikkje så mykje anna, så eg lagde ein vegetarisk pizza med auberginen i hovudrolla, og så supplerte eg med ting eg fann i desse glasa du veit, som står innerst i kjøleskapet og som det er litt for lite sirkulasjon på. Slik gjorde eg det:

Vegetarpizza med aubergine

Pizzabotn

3 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts sukker

3 ss olivenolje

2 ts basilikum

ca 7 dl kveitemjøl

Set omnen på 225 grader.

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle som du deler i to. Det vert to store pizzaer av denne oppskrifta. Strø godt med mjøl på benken og kjevl ut to pizzaer som er like store som bakeplatene i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg dei to deigane over på to mjølstrødde bakeplater.

Fyll:

Ein aubergine

Litt soltørka tomatar pluss oljen frå glaset dei låg i

Oliven, gjerne svarte kalamata

Ein liten løk

Oregano og svart peppar

Masse god ost

Skjer auberginen i ganske tynne skiver, og legg dei i ein stabel med salt strødd imellom i eit kvarters tid. Klem væta ut av den med eit kjøkkenpapir. Steik aubergineskivene i olje til dei er møre og lyst brune.

Ringle litt olje frå tomatglaset over pizzaen. Dette er den einaste sausen eg brukar på denne pizzaen. Fordel aubergineskivene utover pizzaen. Legg på oliven skore i skiver og soltørka tomatar i små bitar. Dryss på oregano og nykverna svart peppar, før du legg på osten.

Steik pizzaen på 225 grader i 10 minutt. Server med eit ruccoladryss på, viss du har. Mmmm!

Alt som er søtt

24/07/2010

Ja, eg elskar det. Som desse fjerdeklassingane frå ein skule ein plass i Asia som har øvd inn denne fine dansen…

Fredagsfred

23/07/2010

I bakgrunnen står det på noko Hannah Montana-greier, men i mitt sinn er det ganske roleg. Ei veke står att med jobbing, så er det ferie for meg og.

Elleveåringen ynskjer seg tikka masala til middag, det skal han få. Men først må eg inn her og ynskje dokke som stikk innom ei god og fredeleg helg.

Bildet ved sidan av her er ikkje av mine roser, men frå den hagen eg besøkte forrige helg. Nydelege, ikkje sant? Eg kryssar fingrane for at alle får mest mogeleg sol, og at regnet i nord tek til vett og flyg – lenger nord. Fin fredag! :-)

Radiomat

23/07/2010

Onde tunger kan omtale ein person som eit radiofjes, altså ein som bør jobbe i radio der ingen kan sjå åsynet til vedkommande.

I går lagde eg radiomat, altså mat som smakar heilt fantastisk, men som ikkje ser spesielt pen ut. Du kan til og med spise den medan du høyrer på radio, eg har prøvd.

Eg var hos Ovedia og rydda litt i kjøleskapet, og der fann eg eit beger seterrømme som hadde mugna i løpet av få dagar om eg ikkje hadde forbarma meg over det. Det at denne retten er lagd med seterrømme bidreg til at den ikkje er så vakker, den skiljer seg nemleg. Brukar du creme fraiche skjer ikkje det, og det heile blir langt lekrare å sjå på.

Dette er ein rett av typen minimalt med oppvask. All maten går i ei form, og du treng eigentleg ikkje eit litermål ein gong, det meste går på slump. Denne passar til to personar, for eksempel mamma og ein elleveåring. Slik gjorde eg det:

Lakseform med rømme

1/2 pakke lapskausblanding

2 stykke laksefilet, ca. 150 gram kvar

1 dl vatn

1/2 dl kvitvin

1 ss flytande buljong

4 toppa ss seterrømme eller creme fraiche

1 ts dill

Smør til steiking

Salt og peppar

Sett omnen på 225 grader. Ha lapskausblandinga i ei lita eldfast form, og slå på vatn, vin og buljong. Strø på dillen og kvern over peppar, og set forma i omnen. Har du ikkje/vil du ikkje ha vin i, så bruk meir vatn, og ha i ein sprut sitron.

Varm litt smør i ei steikepanne, og steik laksen fort, mest på oppsida (ikkje skinnsida). Den treng ikkje vere gjennomsteikt, for den skal i omnen etterpå. Salte og pepre filetane. Kok gjerne ut panna og ha avkoket i forma.

Ta forma ut av omnen, og legg på rømmeklattar og så fisken oppå der. Rør gjerne rømmen litt nedi før du legg på fisken. Bak det heile til det boblar fint og alt er gjennomvarmt, ca. 15 minutt. Server.

Moro med melon

22/07/2010

Er ikkje denne søt?

Gje blod – igjen!

22/07/2010

Eg har kome med denne oppmodinga før, og no kjem eg med den igjen.

Saka er den at det er krise i blodbanken. Akkurat no er det planlagte inngrep som vert avlyst fordi dei ikkje har nok blod i blodbankane rundt om i landet. Spesielt ille er det på Ullevål.

Har du allereie registrert deg, og ga blod i slutten av mai, så meld deg for ein ekstrarunde. Har du ikkje registrert deg som blodgjevar, så gjer det om du kan. Vilkåra for å gje blod finn du meir informasjon om på www.blodbanken.no eller på www.giblod.no.

Det er ingen grunn for vaksne, friske menneske som fyller vilkåra til å ikkje vere registrert som blodgjevar. I morgon, ja i ettermiddag, kan det vere du som treng blodoverføring. Fine gåver får du og, som ein liten bonus.

Eg oppfordrar også alle bloggarar som er innom her i dag til å ta utfordringa vidare i sin blogg. Viss alle gjer litt vert resultatet flott. Ha ein fin dag!

Sjølvmeldinga

21/07/2010

Ja, eg veit at alle innleveringsfristar er utløpt, men dette er ikkje skatteetaten sin, men Glamourbibliotekaren. Her er mine svar:

Dagens leppestift/lipgloss: Michael Kors gloss, Very Hollywood over bengalakk (max factor lipfinity spice)

Dagens duft (parfyme/lotion/shampoo/hva enn du dufter av): B by Boucheron EdP og bodylotion

Dagens sko: Svarte ballerinasko

Dagens smykker: Ein ring frå Armani

Dagens bok (altså den du leser nå): Akkurat ferdig med Eat Pray Love, har Sushi for beginners (jada, sommar) på vent.

Siste avis du leste: Dagens Næringsliv på do på jobb

Siste cd du hørte på: Stevie Wonder; den doble med Isn’t she lovely på.

Siste film du så: SATC2

Siste reise du var på (innenlands/utenlands): Kolbjørnsvik/Hisøya i helga, og Stockholm for to veker sidan med ein spennande mann….

Siste nettsted du var innom før denne bloggen: Underskog

Siste te/kaffe du drakk: Lipton Earl Grey

Siste setning du sa: Ha det bra, og god ferie! (til ein kollega som reiser nordover i morgon)

List opp tre ting fra veska di: Lommebok, Guerlain Kisskiss Sexy Tango og tre par solbriller

No kan du fylle ut din – i bloggen din eller i kommentarfeltet. :-)

Halvt nordlending

20/07/2010

Eg har fortalt at eg er det, ikkje sant? Her ei natt fann eg denne, og måtte berre dele den med dokke:

Du veit du e nordlending når:
Du har meir vinterklea enn sommerklea
Du syns engangsgrill e en tullat greie å lage mat på når du i stedet kan tenne opp bål
Du kalle orkan førr middels klestørk
Du veit det e 10 grader i lufta ute, og innser at dem sørpå har 20… I havet
Du veit at Svalbard ikke ligg rett på yttersida av Kvaløya for det om det ser sånn ut på værkartet
Du kan uttale fesk ordentlig ( ikke fæsk..)
Søringan automatisk går ut fra at du forstår samesendinga…
og fulle østlendinga snakke engelsk tel deg fordi dem nekte å tru at dialekten kan være norsk
Du treff en norlenning i utlandet og oppføre dokk som om dokk har kjent kverander hele livet
Når leggan dine e like kefir-blå etter sommarferien..og solkremen blir solgt for halv pris i Juni
Du må bruke laaang tid på å forklare ongan dine det der med 3 månda i hver årstid
Du bruker ordet ræva når ongan høre på og folk (les: Oslo og omegn + Møre og Romsdal) ser stygt på dæ og mene at du banne
Shorts, bikini og sandaler ikkje viser tegn til slitasje etter ti års “bruk”
Du spælle fotballkamp i snystorm
Du veit ka HAILL betyr
Du flire rått av kollegaen som får tre torsk på et og samme snøre og påstår han har hatt 3-kant. (haill)
Du går om bord i en sjark og ikke har no i mot å bli kalt Sjarkhora – det tar du som et kompliment
Du takker nei til sushi fordi du syns det minner for mye om kattemat og rister på hauet av søringa som ET makrell når det e nåkka vi sett på krokan når vi skal ha fersk fisk
Du har sett at repratøra ligg på rygg å skifte lyspæren på lysstolpan! (Hammerfest 6 å 90)
Du våkne kanon, me landslagsdrakten og vikinghjelm på en solstol i ibiza, ane ikke kor du e eller har kommet dæ dit, siste du huske e at du og di andre fra båten satt å drakk å feira at dokker va færdig me kvota, å diskuterte smått om å ikke ta en tur tel syden en gang.
Lyskryss, trikk og tog e en kuriositet
Du leve fint med at kollektivtrafikk begrenser sæ til en buss som går en gang for dagen unntatt mandagan
Du stopper bussen med å peive med armen
Du sir “æ elta skoan i gangen” og det IKKE har nokka med brødbaking å gjøre
Du har blitt stukket av mygg så store at du måtte ha blodoverføring etterpå
Du kan fint overdrive både på fiske og myggstørrelsa
Du går med votta og lue på på 17.mai, godt bøyd forover pga vinden og sneen som kommer sidelengs
Folk lure på om vi har isbjørna i hagen
Du omtal været som “han” va sterk idag
Alt over 20 grader i skyggen e VILLE tilstanda
(Mens 3 meter sny i november e “..Ikkje meir?”)
Du får spørsmål om det finnes gress under snyen
Du er enig i at om skarasneen bær til St.hans, da blir det sein sommer
Du e reddar før tollera enn terrorista
Mygga e så stor at d e gått når ho syg
Den største utgifta di e barnebidrag
Alle har scooter på hytta, blir den forbikjørt blir scooteren bytta
Du må prute, straks du e over grensa
Du ikkje gidd å kjøpe hagemøbla, men bare sett litt på sparken når sola skinn
Du kalle all tyggegummi for toy
Du etter å ha bodd sørpå ei stund fortsatt e overaska når du må klippe plenen
Du e sørpå å sir du e fra Hammerfest og får spørsmål om du kjenne han Ivar i Narvik
Du automatisk holder for lighterflammen når du skal tenne på en sigarett – INNE
Du måkke dæ vei ijænnom snøen ut på verrandaen å fyre i grillen når det e bekka tosiffra på gradestokken tidli i april førr å starte grillsesongen
Du får hjemmelengsel av å se Svolværpostei og tørrfisk i butikken
Du bor i Oslo, og bestiller billett hjem til juleferien i mai, og det fortsatt koster en liten formue
Du er sørpå og folk synes du er mer eksotisk enn en pakistaner
Man hører ordet”scooter” og det første man tenker på er IKKE noe som ligner en moped
Du forsvare det å bade i Nord-Norge med at “det gjør bærre ondt de ti første minuttan”
Du faktisk kan lev av å brøyte sny
Du må se på kallendern når sommern ska vær her
Du ikkje gidd å barber leggan fordi du treng den ekstra isolasjonen
Det endelig er sol springer man inn og tar på bikinien,når man kommer ut igjen er det blitt overskyet og kaldt
sommeren passerte mens du va på dass
Du legg vekk vinterklærn tel ongan, – å finn fræm sommarhua å sommarvottan
Det e finvær dagan før en stor dag som 17 mai, st.hans og påsken.. og du sier.. nu bruka vi opp finvere
Du går med joggesko og lett jakke i midten av desember og synes tempraturn e heilt grei
Du kan like gjerne grille i regnvær som i sol
Du kan spørre: “sei meg – e dokker fra selve tettstedet, eller huset attme”
Når det høljer som verst, så ser du ut av vinduet og konstaterer at det blir nok bedre i mårra
Du anser 2-3 mil som en liten svipptur
Du sover vinteren rundt, mens om sommeren så er du våken døgnet rundt
søringan lure på kor mange rein du har og om du e plaga med bjørn rundt husan… du veit i allefall kor du kjæm fra når du da svare: “Åh den der jævla isbjørnen..æ kan jo faen ikkje stekk hauet ut av døra uten å ha med mæg rifla”
Du kaller duskregn det regnet som først treff bakken og så sprett rett opp i dusken
Du må skyte isbjørn før at ongan skal komme sæ trygt på skola
Du bade når d e 12 grader i vanne, å du sei d e freskt
Du går me læsta i sandalan
Du e 25 før du ser dett første fortau
Du har tent på en karsk førr å få den litt varmare..å det funke
Du tar lappen ainnakvært år
Du lurer på om du skal ha på skinnhua og votta 17 mai
Naboen din har kaffen klar når du kommer hjem til deg selv
Du heller kommer for sent til flyet, enn ikke rekke og handle kvoten
Du bestiller drinker på Gardemoen kl 06:00 om morgenen
Du kjøper en kartong røyk selvom du ikke røyker, bare for å få med deg kvoten
Du bygger veranda på alle sider av huset
Du blir slapp etter to dager med sol
Du sier “Jaja, den går ned!” når du får servert dårlig vin
Du gleder deg til utenlandsferie, men leter opp norske turister på barer når du er kommet dit

Ei energibombe

20/07/2010

Det har vel ikkje gått nokon hus forbi at eg var ein av mange frivillige på konserten med Stavangerensemblet på Moringen pub i Kolbjørnsvik på laurdag.

Ovedia og eg hadde ansvar for catering til bandet, og vi ventar no på eit tilbod om å bli Stavangerensemblet sitt faste cateringcrew. Vi fekk iallfall litt skryt for maten og stellet forøvrig. (At eg nekta Frode øl før han skulle synge tok han med godt humør. Han innretta seg etter myndige sunnmørsdamer.)

Konserten var fantastisk, langt over mine forventningar. I mi bok er Stavangerensemblet eit band som spelte til dans i Gjerdsvika og i Ulsteinvik seint på syttitalet og litt utpå åttitalet, etter det har eg ikkje høyrt så mykje på dei, må eg innrømme.

Men dei gjorde eit forrykande show, og vokalisten (som på grunn av meg var nesten edru) er berre ei energibombe. Settet var tett, ingen pauser, kjappe skift og proft på alle måtar.

Dei serverte ei lang perlerad av gamle hits, mange hadde eg gløymt, men dei kom fram att når dei kjende riffa hjalla gjennom sentrum av Kolbjørnsvik.

Dei finaste fjortisane på Hisøya samla seg rike på tomflasker, vi vaksne fekk skjenke øl til gamle vennar og alt var fryd og glede.

Eg vonar komitéen gjer eit like bra artistvalg til neste år, for denne delen av cateringteamet stiller opp, heilt sikkert!

Som seg hør og bør vart det heile avslutta av eit forrykande fyrverkeri, heldigvis ikkje på vår rekning, det var dette båtracet som betalte for den moroa.

Men vi hadde perfekte plassar for å bivåne det heile, og det var ei perfekt avrunding av ein perfekt kveld.

Her er noko å mimre på:

Good news!

19/07/2010

-For oss duftgale, altså.

Heaven scent har endeleg fått på plass Parfumerie Generale i hyllene! Dei har inne 21 dufter frå hovudkolleksjonen, 10 frå the private collection og to limited editions i tillegg til seks ulike duftlys. Det kan ikkje bli lenge til eg tek ein ekskursjon dit i studieøyemed.

Denne veka har dei sommarope frå 11 til 16, og neste veke tek damene ferie. I august er dei attende med normal opningstid; 11-18. Eg får sjå om eg avspaserer ein time eller to på fredag. Ville ikkje det passe bra?

Kaker for ein regnversdag

19/07/2010

Uansett kor ein vrir og vender på det, det kjem alltid regnversdagar i ferien. Då passar det fint å lage regnverskaker.

Desse kakene vart til på ein slik dag, og dei vart også til ved at vi kikka oss rundt og såg kva vi hadde i huset. Vi hadde ein rest havregrynsgraut, vi hadde overmodne bananar og vi hadde peanøttsmør. Då var det berre å gå i gang med eksperimenteringa.

På toppen av det heile visste eg at ho som skulle kome på besøk ikkje toler mjølk. Då var det eit mål å ikkje stappe kakene fulle med smør eller kesam. Dette er altså mjølkefrie småkaker, eller ”cookies”, som det heiter på nynorsk. Sidan dei er smørfrie blir dei ikkje så sprø som vanlege kjeks, men dei smakar likevel veldig godt med eit glas mjølk eller ein god kopp te til.

Brune bananar er det ingen som vil spise hos oss, dei må vere nesten grøne for at barna skal like dei. Det er synd, for bananar er på sitt beste og sunnaste når dei er litt prikkete. Dei har til og med meir vitaminar og mineralar når dei er godt modne. Men når ingen vil spise dei må mor finne på oppskrifter som gjer at vi får brukt dei opp.

I oppskrifta står det at du skal ha i hakka, tørka frukt. Eg hadde tørka tranebær som eg hadde i, dei har ein fin raud farge, og gir god smak. Rosiner, dadlar eller korintar kan godt brukast i desse kakene, det same kan finhakka aprikosar. Du tek det du har i skapet, ganske enkelt. Hakka nøtter kan også brukast. Slik gjer du det:

Regnverskaker

3 dl havregrynsgraut

2 bananar

1 dl peanøttsmør

2 egg

4 ss honning

1,5 dl hakka, tørr frukt

4-5 dl kveitemjøl

½ ts salt

2 ts bakepulver

Sett omnen på 180 grader.

Skrell bananane, og kna dei mjuke med ein gaffel. Bland dei i havregrauten saman med peanøttsmøret, egga og honningen i ein bolle.

Bland mjøl, bakepulver, salt og tørka frukt i ein annan bolle. Vend det tørre inn i det våte litt og litt. Kor mykje mjøl som skal i vil avhenge av kor fast havregrauten din var. Min var ganske laus, og eg brukte sikkert 5 dl mjøl. Det kan hende du treng mindre, ha i litt og litt til røra er passe fast.

Legg bakepapir på ei steikeplate. Sett kakedeigen på bakepapiret med to skeier. Steik kakene midt i omnen på 180 grader i 12-15 minutt til dei er pent lysebrune. Server kakene med eit stort glas mjølk. Velbekomme!

Søndagshumor

18/07/2010

Du huskar hestefilmen? Her er meir herredufthumor, denne gongen av bartetypen. Men det er framleis Old Spice som er objektet.

Uveret

17/07/2010

Eg trudde at vi ikkje klarte å fange eit lyn på bilda vi tok natt til tirsdag, men jammen klarte vi det. Fjortisen og eg sprang frå rom til rom på loftet, med handkle og kamera på stativ, og tok bilde med lang lukkartid.

Vi treng nok eit kurs i korleis ein tek bilde av lynet, men her klarte vi iallfall å få bilde av eit, borte til venstre der, over eine pipa. Kult!

Feriefredag

16/07/2010

Denne lekre buketten lagde kjære tidlegare denne veka, og då ho tok ferie fekk eg den. Er den ikkje nydeleg? Når eg får blomar til fest er det fast rutine at eg ganske enkelt gir den til henne, og så arrangerer ho dei på lekraste vis. Eg lagar mat, ho ordnar med blomane. Grei arbeidsfordeling.

Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, og god ferie til dei som tek det no, eller er midt i den. Dersom feberen slepp taket er planen å reise til Arendal for å servere øl på Moringen. Sjåast vi der?

I morgon, i morgon

16/07/2010

-står Alt godt i baren på Moringen pub. Det skal ikkje bli ein vane, men akkurat denne dagen er spesiell.

Stavangerensemblet spelar i Kolbjørnsvik, og det blir ein deilig, nostalgisk åttitalsfest med masse gamle hits, slitne jeans og tynt hår på toppen.

Sjekk ut meir info her, og bli med om du er i området. Ha ein fin fredag! :-)

Jordbærsesong…

15/07/2010

Fniis…

(Foto: per_helge på underskog)


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers