Når eg er fortvila høyrer du på meg. Du er ikkje alltid einig, men du lyttar.
Når eg rotar og tullar kjem du med konstruktive forslag og idéar.
Når dei store overgangane i livet skal feirast er vi der for kvarandre med mat, gåver og praktisk hjelp.
Når eg treng å fortelle det same ein gong til så lyttar du framleis.
Når vi skal sjå dårleg tv saman veit eg at du likar sørlandschips, den oransje, og French fries frå Kims. Og grøn Bris.
Når kvelden nærmar seg tek du eit glas vin, og eg ein kopp te.
Når vi kjem heim frå reise har vi stort sett alltid med ei gåve til kvarandre, sist Victoria og Daniel-oppvaskklut frå Stockholm.
Når du er borte vatnar eg blomane dine og matar den fine fisken.
Når du har overskot i hagen hamnar det hos meg, og omvendt.
Når du har ei mørk sky over hovudet ditt prøver eg å vere der for deg.
Når du går tur spør du om eg vil vere med.
Når du ikkje har høyrt frå meg på to dagar er du bekymra.
Når eg finn på ville ting er du entusiastisk støttande.
Når eg har store prosjekt på gang tek du fri frå jobben, reiser med og hjelper meg.
Når eg stikk hovudet inn døra har du middag til overs.
Du er gull verd for meg, kjære venn. Kanskje les du bloggen i dag?
13/07/2010 ved 07:33 |
Aåååhhh! Så kooooselig.
Klem til dere begge.
13/07/2010 ved 08:30 |
Du er verdt din vekt i gull du også! Klem.
13/07/2010 ved 20:50 |
Jeg stemmer i. Dette var strikoselig
14/07/2010 ved 21:04 |
Hulk!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
14/07/2010 ved 21:30 |
hildeovedia: :storklem: Eg er heldig som har deg.
17/07/2010 ved 09:54 |
[...] Av Alt godt Denne lekre buketten lagde kjære tidlegare denne veka, og då ho tok ferie fekk eg den. Er den ikkje nydeleg? Når eg får blomar [...]
01/09/2010 ved 07:17 |
[...] i tunge tider Av Alt godt Då Kjære gifta seg var eg fattig student, og hadde ikkje råd til så fin gåve. Dei fekk eit lite grafisk [...]
02/10/2010 ved 12:54 |
[...] Av Alt godt Denne lagde eg ikkje sjølv, eg fekk den servert på andre sida av plenen. Men ikkje desto mindre, den er så god at eg må berre dele den med dokke. Slik gjer du [...]
15/10/2010 ved 18:06 |
[...] det vert ei fin helg likevel. Kjære, den flotte mannen hennar og eg vender nasa mot sørlandet, og den fine lokalpuben Moringen i [...]