Arkiv for august, 2010

Matstell i tunge tider

31/08/2010

Kjære gifta seg var eg fattig student, og hadde ikkje råd til så fin gåve. Dei fekk eit lite grafisk trykk som framleis heng i gangen deira. På det står det: De dagene da alt står på hodet er gode dager.

Det siste halvåret har eg hatt mange dagar då livet ikkje har stått på hodet. Å bryte opp frå vande rammer er stritt, og sjølv om det skjedde i fredelege former er det tunge tak på så mange måtar. Eg har mange gongar gitt meg sjølv eit spark bak for å kome i gang med ting, og ofte har eg ikkje ein gong klart å gje meg sjølv sparket som skulle til.

Dette gir seg mellom anna utslag i matstellet. Vi har ikkje ete dårleg mat, men bloggeverdig har den ofte ikkje vore. Eg kjenner på kroppen korleis slike omveltingar gjer at ein får mindre overskot og mindre krefter. Tunge tankar tek overhand, utan at det alltid visest her i bloggen.

Bloggen har blitt fjerna over enkelte lister over matbloggar, heilt på sin plass, sikkert. Dette har nok ikkje vore ein matblogg dei siste månadane, det var vore ein sikkerheitsventil for meg, eit vindauge mot verda som eg kunne få respons og støtte gjennom. Det har eg verkeleg fått, og eg er uendeleg glad for det.

Eg kan ikkje love store framsteg dei næraste månadane heller, eg må berre be om tolmod og oppmuntrande tilrop, så skal eg nok kome på rett kjøl igjen både på eine og andre måten.

Men inkje er så gale at det ei er godt for noko, eg lærer noko om matstell i krise. Det er noko av det som fortast ramlar saman når grunnmuren sviktar. Det er noko å tenke på for dei som skal støtte folk i krise og. Eg kjenner at eg har ei heil bok i magen om dette. Men som sagt: Ha tol med meg, eg kjem tilbake. :-)

Den aller beste plommekaka

30/08/2010

I går lagde eg ei enkel og veldig god plommekake. Eg trur ikkje eg lyg når eg seier at det er den beste plommekaka eg har smakt. Og sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjarta. Den er så god at eg åt berre ei fiskekake til middag i dag for å kunne ta eit flak av denne magiske plommekaka til dessert.

Trikset her er at smøret som eg har i kaka vert bruna først. Det brune smøret gjev kaka ein nydeleg, nøtteaktig smak. På toppen av det heile, bokstaveleg tala, karamelliserer eg kaka dei siste minutta i omnen. Enkle grep som gjer at denne kaka smakar betre enn andre plommekaker eg har lagd.

Denne er eggefri, så har du eggeallergikarar i nærleiken er denne perfekt for dei. Det som tek tid med denne kaka er at den skal lagast med bruna smør. Her er det smør som gjeld, ikkje margarin.

Dette er ein ganske liten porsjon, eg har ei form som er 20×20 cm som eg brukar til denne oppskrifta. Den passar fint i ei 20-22 cm rund form. Skal du lage den til ein fin fest, til dømes som dessert, vil eg anbefale å lage den i småformer om du har. Det blir lekkert. Slik gjer du det:

Plommekake

150 g smør

2,5 dl kveitemjøl

2,5 dl vanleg sukker

1 ts bakepulver

1,5 dl mjølk

Ei klype salt

4-5 plommer

1 ss brunt sukker

Smelt smøret i ei gryte, og la det stå på middels varme medan du rører av og til. Smøret skal stå til det får ein nøtteaktig farge. Pass på at mjølkestoffa som fell til botnar ikkje vert brent. La smøret kolne litt.

Sett omnen på 190 grader. Skyll og tørk plommene, fjern steinane og del dei i båtar.

Bland mjøl, vanleg sukker, bakepulver og salt i ein bolle. Ha mjølka i smøret, og ha det i det turre. Smør forma godt, og rist strøkavring eller semulegryn rundt i den slik at den vert godt dekt på innsida. Ha i røra. Legg plommebåtar tett i tett i røra. Steik kaka på 190 grader i 20 minutt.

Ta kaka ut, og strø på 1 ss brunt sukker. Sett temperaturen opp til 200 grader, og la kaka stå i ti minutt til. Sjekk om den er gjennomsteikt med ein kakepinne. Viss sukkeret ikkje er karamellisert enno, så set temperaturen endå litt opp, og la den få eitt par minutt til med varmluft.

La kaka kolne, og server den med ei kule vaniljeis eller litt vaniljekesam. Velbekomme!

Litt energi

30/08/2010

-på  ein mandags morgon? Eg får energi av dette, iallfall. Ha ei fin veke!

Fantastisk film i kveld!

29/08/2010

NRK2 viser You and me and everyone I know i kveld. Sjå den! Den er så bra! Det var berre det eg ville seie.

Idylle i ny versjon

29/08/2010

Guerlain Idylle vert i kvart øyeblikk introdusert i ny versjon, ei lettare utgåve, eau de toilette. Den har blitt samanlikna med Narciso Rodriguez EdT og Sarah Jessica Parker Lovely, og for min del er den vel den einaste Guerlain-dufta eg kan gå med. Den er ein grøn floral chypre med ein base av patchuli og kvit musk.

Dei florale notane er dominert av rose, liljekonvall og peon. Det er nok liljekonvallen som gjer at eg opplever den som grøn, den har dette elegante, vegetale utan at forråtnelsen er nær foreståande, slik det kan vere med enkelte grøne dufter.

Men eg har ikkje kjøpt den enno, kjærleiken er ikkje så sterk. Det er så mange andre dufter som fortener å bli elska meir. Den vart lansert med ein fin reklamefilm i dei landa der dei har budsjett til å marknadsføre dufter på tv, her har du den:

Litt laurdagshumor

28/08/2010

Eg måtte berre dele denne, sjølv om den byrjar å dra på åra så ler eg like mykje kvar gong…

Critical mass

27/08/2010

I ettermiddag møtest byens syklistar på Slottsplassen kl. 17, til arrangementet Critical mass. Critical mass er eit arrangement som har til formål å promotere sykling som framkomstmiddel i trafikken.

Fenomenet byrja i San Francisco i 1992, og som har spredd seg til fleire hundre byar over heile verda. Aksjonen har til formål å vise kor dårleg byen er tilrettelagt for syklistar.

Sykkelturane går kvar siste fredag i månaden rundt omkring i byen, og vil du vere med så heng deg på. Er ikkje dette ein fin måte å sykle helga inn på, så veit ikkje eg!

Helgemoro

27/08/2010

Helga nærmar seg, og for min del er den første jobbveka etter ferien ferdig om nokre timar.

Det var heftig å kome tilbake på jobb, med nye prosjekt og full fart. Dei dagane då alt står på hovudet er gode dagar, så eg heng med som best eg kan.

Eg har to tips til deg som er i Oslo og som er glad i bøker. Det er nemleg to marknader denne helga, like ved kvarandre.

Aschehoug har sin bokmarknad på Sehesteds plass, og Tronsmo har sitt i Christian Augusts gate. Begge delar er vel verd å stikke innom. Eg kan vel berre nemne fenomenet julegåver?

Fredagens bilde er frå ein fin park i Paris, berre for å minne om deilige feriedagar.

Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, ta vare på deg sjølv og dine!

Ingen engel

26/08/2010

Eit av byens beste konditori er i vinden for tida.

Pascal Dupuy har mista retten til å ha lærlingar, etter at utdanningsetaten har gripe inn. Han skal ha opptrådt ubehøvla mot lærlingane, og nekta dei overtidsbetaling.

At franskmenn har temperament er kanskje ikkje noko nytt, og eg forstår samtidig at unge lærlingar har opplevd det som ubehageleg og stressande å ha ein hissig sjef.

Likevel syns eg det er litt “tidig”, som bergenserane seier, at ei anna av skuldingane mot han, som VG sjølvsagt ikkje siterer, for då blir det heile litt mindre saftig, at ein annan ting dei skuldar han for er å ikkje vere til stades. Ein av lærlingane hadde uttalt at vedkommande hadde hatt Pascal til stades i til saman to dagar over to års læretid. Å ha ein hissig og kjeftete sjef kan vel ikkje vere så ille når han nesten aldri er der?

Meir deling

26/08/2010

Som eg skreiv i går, har samlarar også heldigvis lett for å dele goda.

Eg er med på eit internasjonalt parfymeforum, og der har vi dei siste vekene hatt “The Scent Trail” gåande.

Det byrjar ganske enkelt med at vi vart delt inn i grupper, og kvar av desse gruppene har ein “starter”. Startaren leiter gjennom sine småprøver og dufter, og lagar eller finn fram fem prøver på minimum 1,5 ml av ulike parfymer, og sender dei til nr. 2 på lista. Så tek nr. 2 det han eller ho vil ha, legg i nye prøver og sender vidare fem prøver til nr. 3.

Sidan vi bur over heile verda tek dette litt tid, eg fekk min pakke frå Australia i går, og skal sende vidare til USA i morgon. Pakken frå Australia inneheldt fem skattar, fire av dei er dufter eg aldri har prøvd før, og som ikkje er råd å få tak i her i landet.

Eg fekk desse duftene:

Donna Karan: Gold
Keiko Mecheri: White Petals
Nasomatto: Silver musk
Bornard: Lelande Bleu
Fresh Scents: My Lulu by Terri

Eg har allereie hatt på meg Nasomatto, My lulu og White Petals, alle tre er deilige. My Lulu er ei potent muskduft med gardenia og Koelreuteria elegans, eit tre i same familie som blåregn og gullregn. Dufta blir runda av med vanilje. Så vidt eg har klart å funne ut er produksjonen av desse duftene opphørt, så her sit eg på ein skatt.

Nasomatto er ei kjøleg muskduft, ikkje på langt nær så søt som My Lulu. White Petals er lett, floral, minner meg om Magnolia nobile.

Som eg har sagt tidlegare: Er eg ikkje heldig? :-)

Kva skal ein med fiendar…

25/08/2010

…når ein har slike kollegaer? Vår økonomiansvarlege sit innerst i gangen, og finn stadig på rampestrekar av ulik art. Denne gongen vart han offeret.

Eit defekt tastatur dukka opp, det fekk dytta bomull ned mellom tastane, og den vart samvitsfullt fukta. Torsdag kveld vart karsefrøa sådd i den våte bomulla, så når han kom på jobb tirsdag morgon var karsen allereie klar til å bli hausta. Han har framleis ikkje funne ut kven syndaren er, og eg seier berre: I know nothing, I’m from Barcelona…

Shake it, baby, shake it!

25/08/2010

Earth, Wind and Fire var mine syttitalsheltar. Eg lagde meg ein radio i valgfag elektronikk, hadde ei skyteledning som antenne og låg med denne vesle dingsen under puta lenge etter leggetid.

Eg klarte å få inn Radio Luxembourg, og der oppdaga eg denne energiske gjengen. På diskoteket i kjellaren under kaféen i Ulsteinvik spelte dei også EWF, og vi dansa oss støle. Høyr kva vokalisten gjer rundt 4:00, det er berre veldig bra – framleis!

Del godene!

24/08/2010

Nei, dette har ikkje blitt ein politisk blogg, sjølv om eg kan kome med eitt og anna drypp.

No handlar det om folk som er lidenskapeleg opptekne av eit eller anna, som parfyme, haging eller kva veit eg. Eg har nemleg oppdaga eit fellestrekk for slike menneske; dei likar å dele lidenskapen sin med andre. Og det gjer seg reint fysiske utslag, i form av Hemmelig Hagevenn-prosjekt, Secret santa eller The Scent Trail.

Men det gjer seg også utslag i at når eg er i Paris så er det ei rein glede for meg å gå inn i Palais Royal og handle Bas de Soie og Tubereuse Criminelle til ByP. Det vart han så glad for at han har sendt meg ei miniskattkiste med småflasker! I skattkista fann eg:

Serge Lutens:
- Fumerie Turque
- Borneo 1834
- Sarrasin
- Tubereuse Criminelle

Christian Dior:
- Diorissimo EdT
- Bois d’Argent

Montale: Amber & Spices
Prada: no. 3 Cuir Ambrée
Guerlain: Vol de Nuit Parfum
Caron: Nocturnes
Atelier Cologne: Bois Blonds
Gucci: Rush
Byredo: Rose Noir
Maison Martin: Untitled
Aroma M: Geisha Blanche
Rosine: Poussiere de Rose

Er eg ikkje heldig? :-) Note to self: Kjøp fleire ammunisjonsboksar…

Fredag kveld

23/08/2010

Ja, eg veit det er seint å fortelje om det, men eg var altså på Rådhusplassen og høyrde Oslo-filharmonien framføre Beethovens niande symfoni, den som vert avslutta med Ode til gleden. Strålande!

Slik sår du stokkrosene!

23/08/2010

No er frøa i posten, så i løpet av denne veka burde alle ha sine.

Det enklaste er å så stokkrosefrøa no i haust. Ha dei i ei potte med alminneleg jord, som er fri for ugrasfrø. Fukt jorda, og strø frøa utover. Dekk med eit tynt lag jord. Så gjerne alle frøa i same potte, det er ikkje sikkert at alle slår til.

Sett potta ute, du kan gjerne grave den litt ned i jorda slik at den syg væte frå jorda. Dekk den med litt fiberduk eller liknande, slik at væte går igjennom, men ugrasfrø ikkje kjem oppi. La potta stå ute over vinteren. Pass på på våren, så den ikkje tørkar. Den bør ikkje stå i steikande sol. Vandrande skugge er fint.

Når spirane ser ut til å tole det kan du prikle kvar spire i ei potte. La dei stå på same måte som tidlegare.

Når rosettane har fått litt storleik kan du plante dei der du vil ha stokkrosene. Første året får du ein stor rosett med ein stilk som er ca. 30-40 cm.

Neste år vil den strekke seg i veret, og kanskje bli like lang som mammaen sin, som var to meter. Det betyr at den bør stå inntil ein vegg. Stokkrose er ikkje akkurat ein kantplante. Lykke til!

Stokkrosefrø på veg til deg!

22/08/2010

Eg har pakka stokkrosefrøa frå Paris, så i morgon går dei i posten.

Innpakninga kjem også frå Paris, men det er mogeleg den er å få tak i her i landet og. Du kan iallfall bestille den frå Palais des Thees sin nettbutikk. Det er små tefilterposar som du kan fylle opp med den teen du vil ha, eller med frø. 2,9 euro, altså 24 kroner for 100 posar er vel ikkje ille? Eg syns iallfall dei var ganske smarte.

Eg har lova bort 10 porsjonar frø, men eg har over tjue. så viss du melder deg i kveld på altgodtblogg ætt gmail dått com og skriv adressa di, så får du frø, du og. Eg treng ikkje så mange. Ha ein fin kveld!

Dei glade tjueåra

22/08/2010

Eg såg The Great Gatsby i natt. Ein flott film, som beskriv boomen i USA etter første verdskrigen, då folk som gjorde dei rette trekka på rett tidspunkt bygde seg opp store formuer på kort tid.

Mot slutten av filmen spelar dei denne vakre valsen, “When you and I were seventeen”. Eg har ikkje funne den med vokal, men her er den i instrumentalversjon. Eit stykke utover i sangen kan du høyre eit musikalsk sitat, “Drink to me only with thine eyes”, viss du lyttar nøye. Sjå filmen, den har tolt å bli gamal.

Det glade sekstitalet

21/08/2010

NRK feira femtiårsjubileet for opninga av fjernsynet i Norge i går. Det gjekk ein morsom dokumentar i natt med engelske rockeband frå sekstitalet.

Der fann eg denne gjengen her, Freddie and the Dreamers. Eg postar den her som eit døme på heilt håplaus koreografi. Kven var det som sa at alle band måtte danse? Eg berre spyr.

Eit viktig bilde!

21/08/2010

Det ser ut til å bli ei strålande helg, og då skal vi ut på tur, slik er det berre.

Eg planlegg ein sopptur, for å prøve å finne litt steinsopp, kantarellar, traktkantarellar og kanskje litt piggsopp. Det er mine trygge sortar, dei kjenner eg igjen uansett lysforhold og skogbotn, og eg er sikker på at ingen vert sjuke av det eg plukkar. Soppbøker går ut på dato, så skaff deg ei ny viss du har arva den du har av bestefaren din. Oppdatert kunnskap fordrar oppdaterte soppbøker.

Eg kjenner folk som har blitt alvorleg sjuke av spiss giftslørsopp. Difor postar eg dette bildet. Sjå nøye på det, på bildet er det to giftslørsoppar og ei lita rekke med traktkantarellar – side om side. Det er altså lett å ta feil, men viss du lærer deg skilnaden så er du trygg. Giftslørsopp skal du ikkje ta i ein gong, dei tre traktkantarellane her hadde fått stå i fred for meg. Ha ein fin tur i skogen!

Bildet er lånt frå vg.no.

Priceless…

20/08/2010

Sjekk ut denne Finn-annonsa. Heilt fantastisk. Opphørssalg i ein tapetbutikk? Blomstereksplosjonar? Eg har aldri sett noko liknande, har du?

Siste feriefredag!

20/08/2010

Denne fredagen er siste dagen i min ferie, og eg nyt den i langdrag. I kveld tenkte eg å dra med meg nokre av dei eg har rundt meg ned på rådhusplassen for å høyre Oslo-filharmonien framføre Beethovens niande symfoni, det trur eg blir strålande fint.

I morgon får eg kanskje til ein sopptur, og så er eg open for alt som skjer. Eg ynskjer alle som stikk innom ei strålande fin helg, ikkje med eit blomebilde som vanleg men med eit regnbilde frå Paris. Det er teke inne i hagen til Palais Royal der du finn både Serge Lutens, Marc Jacobs og andre morsomme ting. Ta vare på deg sjølv og dei du er glad i!

Parisisk salat

20/08/2010

Ikkje eit vondt ord om norske grønsaker, men utvalet, kvaliteten og prisane på alt grønt i Paris er fantastisk.

Sommarferien og eit boligbytte med ein fransk familie gjorde at vi hamna i 20. arrondissement, altså ein av dei austlege bydelane i Paris. I kvar ende av gata vi budde i er det stor grønsaksmarknad to dagar i veka. Der kan ein handle inn alt ein treng av frukt og grønsaker til resten av veka. Slikt inspirerer meg til å lage store salatar, som er perfekt å servere ein sval sommarkveld etter ein varm dag. Gryterettar og gratengar er ikkje tingen no.

Ei anna glede ved å vere i Paris er bakverket. Dei klassiske baguettane vert borne heim to gongar for dag, ein til lunch og ein til middag. Heldigvis har dei lært seg å lage Pain Complet, altså noko som minner om grovbrød, som vi kan få til frukost. Men til middagen høyrer det liksom med å servere ein deilig, lang baguett.

Barna og eg filosoferte over kor mange baguettar som vert bakt i Frankrike kvar dag, og kom til at det må vere ca. 60 millionar, altså cirka ein per person. Å bake sine eigne er nok heilt uaktuelt, dei i butikken kostar ein femmar, så det er bortkasta krefter.

For at salaten skal bli mettande likar eg å ha i litt kokte erter eller bønner. Dei vanlegaste å finne på marknaden her er haricot vert, altså vanlege lange grøne bønner, eller mange tout, altså sukkererter. I dag vart det haricot vert på oss, dei vart rensa og så fekk dei eit raskt oppkok i eitt par minutt i godt salta vatn.

Avocado er også fin å bruke i salatar, den er mettande, og inneheld mange nyttige mineralar, vitaminar og feittsyrer. Avocadoen får eit løft i møte med den syrlege vinaigretten som eg lagar for å servere til salaten. Det feite, grøne fruktkjøtet tek til seg syra i vineddiken, og det heile får ein frisk og sommarleg smak.

Eg serverer to ulike dressingar til salaten. Vinaigretten har eg allereie nemnt, den er ein fransk klassikar. Men ikkje alle likar eddiksmaken, så difor har eg også laga ein yoghurtbasert tzatziki. Då kan gjestane velge kva slags dressing dei vil ha på sommarsalaten sin.

På marknaden fann eg og flotte buntar med småløk. Dei er for store til å vere vårløk, men for små til å vere vanleg løk. Eg skjer dei i tynne skiver, og marinerer dei litt i eddik før eg har dei i salaten. På den måten vert den skarpe svovelsmaken borte, men løksmaken lever vidare på beste vis i salaten. Om sommaren når eg lagar mykje salat fyller eg berre på i skåla med løk og eddik, så kan eg ta ferdigmarinert løk til salatane mine når eg vil. Slik gjer eg det:

Sommarsalat til fire

Eit stort salathovud, eller blanda salat

200 g cherrytomatar

200 g grøne bønner, lettkokte

100 g skinke i strimlar

Ein liten løk eller to stilkar vårløk

Raudvinseddik til marinering

Ein avocado

50 g pinjekjerner

Skjer løken i tynne skiver, og legg den i eddik i ei skål. Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei er gyldne. Dryss litt salt på, kast dei rundt og ha dei på ein tallerken så dei kolnar. Rens bønnene, og kok dei i 2-3 minutt i godt salta vatn. La dei renne av, og kolne.

Skyll salaten, og tørk den. Legg den på eit passande fat. Del avocadoen i to, og fjern steinen. Skjer skiver med ein bordkniv (ikkje spiss) ned i avocadoen. Slik får du pene skiver. Skrap ut alt avocadokjøtet med ei skei, og fordel det utover salaten. Legg på bønner, løk, skinke og dei rista pinjekjernene. Har du ein potent ost kan du putte det på og, ein comte eller ein godt modna emmertaler passar godt.

Tzatziki skal helst lagast av tyrkisk eller gresk yoghurt, den er tjukkare enn den norske. Alternativet er å la den norske renne av litt i eit kaffifilter før du blandar ingrediensane. Slik lagar du tzatziki;

Tzatziki

3 dl naturell yoghurt

1 slangeagurk

Hakka mynte eller dill

Salt og peppar

Ei klype sukker

Hell yoghurten i eit stort kaffifilter, sett det oppi ei trakt eller liknande og la yoghurten renne av slik at den vert tjukk. Viss du får tak i tyrkisk eller gresk yoghurt slepp du denne prosessen.

Riv agurken på den grove sida av rivjernet. Legg agurken ut over ei skjerfjøl, og trykk eit dobbelt handklepapir mot det for å få ut væta. Still fjøla på skrå i oppvaskkummen slik at det våte renn av. Bland agurken oppi yoghurten, og smak til med salt, peppar og bittelitt sukker. Hakk urtene, og bland inn.

Vinaigrette

1 dl raudvinseddik

2 dl extra virgin olivenolje

1 ts sennep

2 ts hakka friske eller tørka urter, som persille, basilikum eller timian

1 ts honning

Salt og peppar

Ha alt unntatt salt i eit glas med lok, og rist godt til alt har blanda seg. Smak til om det trengst meir salt eller honning. La den kvile litt. Server i ei skål.

Desserten i dag er varm. Eg har blanda nektarinar, aprikosar og fiken i steikepanna med litt smør, og gitt dei ein god runde varme. Med litt kjærleik blir dette ein fantastisk dessert etter ein lett hovudrett. Slik gjer du det:

Sautert frukt

3 nektarinar

4 aprikosar

4 fiknar

1 dl eplejuice eller kvitvin

2-3 ss sukker

2 ss smør til steiking

Skjer fiknane, nektarinane og aprikosane i båtar. Smelt smøret i ei vid steikepanne. Legg frukta i steikepanna og la den surre litt. Kast den rundt slik at fruktbitane snur seg, og dryss på sukker. Idet sukkeret byrjar å karamellisere slår du på juice eller vin. La det koke inn litt. Server med ei kule vaniljeis til kvar, eventuelt ein klatt vispa krem.

Snart, snart

19/08/2010

kjem det noko mat her. Og kanskje noko hage og. Det må berre slutte å regne først. No går eg ut i den våte Oslo-verda, og i mellomtida kan du kose deg med denne:

Språkforvirring?

18/08/2010

No er det vel ikkje så ofte nordmenn les danske aviser, men les du denne vil du få deg ein god latter. Enjoy.

Siste paparazzi-bilde

18/08/2010

I går, før vi sette oss på flyet, rakk vi å få med oss Yves Saint Laurent-utstillinga i Petit Palais. Den er sommarens store mote-snakkis i Paris, og er konstant utselt.

Vi var innom Fnac, ei elkjøp-liknande forretning som også har eit billettkontor der du får kjøpt billettar til alt mellom himmel og jord. Eg anbefalar deg å bruke dei viss du skal til Paris, og skal planlegge kva du skal gå på av utstillingar og konsertar. Du kan bestille billettar via nettsidene deira, eller gå i ein butikk i Paris, viss arrangementet du skal på er meir enn 48 timar fram i tid.

Her ser du køen då vi gjekk frå utstillinga, det var ein tjue meter lang kø for dei som hadde førehandskjøpt billettar, og køen som du ser mest av her, er for dei som ikkje hadde førehandskjøpt. Den køen strakk seg i periodar heilt ned til Champs Elysées. Berekna ventetid: ca. to timar…

Denne utstillinga var også belagt med eit veldig strengt praktisert fotoforbod, og med så mykje vakter som vandra rundt var det å dra fram canon-kameraet mitt var heilt uaktuelt. Dermed måtte eg ty til iphonen min.

Fotokvaliteten vart elendig, og bildet her til høgre er det einaste som yter den fantastiske utstillinga eit snev av rettferd.

Eit av dei mest interessante aspekta ved utstillinga var presentasjonen av den rolla Yves Saint Laurent spelte i kvinnefrigjeringa på femti- og sekstitalet. Elleveåringen var heilt i sjokk over at det at damer skulle gå i bukser var kontroversielt på denne tida.

Sosietetsdama Nan Kempner gjorde furore då ho i 1968 vart nekta å kome inn på ein restaurant i New York fordi ho hadde på seg bukser, og ikkje kva som helst slags bukser, men ein dress designa av Yves Saint Laurent. Ho tok enkelt og greitt av seg buksene, og gjekk inn med dressjakka som ein minikjole. Ein tilsvarande dress som den ho hadde på seg er sjølvsagt utstilt i Petit Palais.

Avslutninga er fantastisk, med “The Grand Ball Room”, nærare 100 av dei vakraste kjolane utstilte som på eit gamaldags ball. På veggen overfor ballrommet er “The Smoking Room”, ein vegg dekka av smokingantrekk av Yves Saint Laurent, i alle variantar. Alle er svarte, nokre av dei med små besetningar av kvitt, og det gjer faktisk ein utruleg imponerande og samtidig subtil effekt på svart vegg. Antrekka blir som ein tekstur på veggen, og når du ser nærare ser du fleire og fleire vakre detaljar og variasjonar på det enkle utgangspunktet; ein smoking.

Til slutt blir vi leia igjennom ein gang der tekstilprøver i alle fargar, teksturar og kvalitetar er stilt ut oppover veggane. Det gir ei fantastisk regnbogeeffekt og viser også kor grundig Yves Saint Laurent jobba med å velge tekstilar til kreasjonane sine.

Planlegg du ein tur til Paris dei næraste dagane så er denne utstillinga eit must. Den er open til 29. august.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers