Den aller beste plommekaka

I går lagde eg ei enkel og veldig god plommekake. Eg trur ikkje eg lyg når eg seier at det er den beste plommekaka eg har smakt. Og sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjarta. Den er så god at eg åt berre ei fiskekake til middag i dag for å kunne ta eit flak av denne magiske plommekaka til dessert.

Trikset her er at smøret som eg har i kaka vert bruna først. Det brune smøret gjev kaka ein nydeleg, nøtteaktig smak. På toppen av det heile, bokstaveleg tala, karamelliserer eg kaka dei siste minutta i omnen. Enkle grep som gjer at denne kaka smakar betre enn andre plommekaker eg har lagd.

Denne er eggefri, så har du eggeallergikarar i nærleiken er denne perfekt for dei. Det som tek tid med denne kaka er at den skal lagast med bruna smør. Her er det smør som gjeld, ikkje margarin.

Dette er ein ganske liten porsjon, eg har ei form som er 20×20 cm som eg brukar til denne oppskrifta. Den passar fint i ei 20-22 cm rund form. Skal du lage den til ein fin fest, til dømes som dessert, vil eg anbefale å lage den i småformer om du har. Det blir lekkert. Slik gjer du det:

Plommekake

150 g smør

2,5 dl kveitemjøl

2,5 dl vanleg sukker

1 ts bakepulver

1,5 dl mjølk

Ei klype salt

4-5 plommer

1 ss brunt sukker

Smelt smøret i ei gryte, og la det stå på middels varme medan du rører av og til. Smøret skal stå til det får ein nøtteaktig farge. Pass på at mjølkestoffa som fell til botnar ikkje vert brent. La smøret kolne litt.

Sett omnen på 190 grader. Skyll og tørk plommene, fjern steinane og del dei i båtar.

Bland mjøl, vanleg sukker, bakepulver og salt i ein bolle. Ha mjølka i smøret, og ha det i det turre. Smør forma godt, og rist strøkavring eller semulegryn rundt i den slik at den vert godt dekt på innsida. Ha i røra. Legg plommebåtar tett i tett i røra. Steik kaka på 190 grader i 20 minutt.

Ta kaka ut, og strø på 1 ss brunt sukker. Sett temperaturen opp til 200 grader, og la kaka stå i ti minutt til. Sjekk om den er gjennomsteikt med ein kakepinne. Viss sukkeret ikkje er karamellisert enno, så set temperaturen endå litt opp, og la den få eitt par minutt til med varmluft.

La kaka kolne, og server den med ei kule vaniljeis eller litt vaniljekesam. Velbekomme!

5 kommentarar til “Den aller beste plommekaka”

  1. maiblomst seier:

    Denne skal prøvast!

  2. Fra kontorfronten seier:

    Fra kontorfronten er svært glade i kaker. Denne så spesielt fristende ut. Vi vurderer å logge ut snarest for å kjøpe plommer på torvet.

  3. Idun Stokka seier:

    Plommetreet vårt har svært lite plommer i år ( hadde mykje i fjor då), men det er sikkert nok til ei slik kake.
    Kan sikkert bruke same røre til epler også – trur du ikkje?

  4. lined seier:

    Åh, så fantastisk deilig kaka ble!! Måtte prøvesmake deigen, litt karamellaktig på grunn av det bruna smøret, helt perfekt. Jeg hadde ikke så mye hvetemel igjen, brukte 2/3 fint sammalt istedet, og tilsatte en liten dæsj vaniljeekstrakt. Nam!

  5. eselpels seier:

    Helt villt god!!!
    Anbefales på det aller sterkeste :-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s