Arkiv for september, 2010

Fårikål-dagen!

30/09/2010

I dag er det fårikålens dag, det heldt eg nesten på å gløyme!

Det er eit lykketreff at lammeslaktinga og haustinga av kålhovud kjem samstundes, syns du ikkje? Nokre eg kjenner vil ha ram vérasmak på fårikålen sin, men eg er ei smakspingle (eg har fortalt at eg ikkje et sild, ikkje sant?), og syns at den gode, milde smaken av lam kokt passe lenge i fersk kål er mykje betre enn den ramme ullsmaken du får når det er gamle dyr som er slakta.

Jada, vi hadde sikkert fårikål i fjor og, og året før der, men viss denne matspalta kan få ein ny tenåring eller nyboren hybelbuar til å forstå at fårikål er lett, billig og nydeleg mat så får dokke fårikålekspertane som har gjort dette år etter år bere over med meg.

Uansett løner seg å legge litt pengar i kjøtet. Dess meir kjøt i kjøtstykka, dess mindre griseri, bein og feitt. Men det må vere kjøt med bein, for mergen gjev mykje smak. Eg prøver å finne nokre fine bogskiver når eg lagar fårikål, det gjev nydeleg god fårikål.

Ein ting til: Om det skal jamnast eller ikkje er vel nærast eit matreligiøst spørsmål, enten høyrer du til dei som jamnar, eller så er du full av forakt for den slags. Eg jamnar.

Eg er til og med så rampete at eg først brunar (!!) kjøtstykka i smør i gryta, det rundar smaken, gjer krafta fyldig og gjev fårikålen ein fin, gylden farge. Feittet kan du sike av til slutt, då har det gjort nytta si.

Smør og margarin er forresten og grensande til eit matreligiøst spørsmål. Eg brukar smør, men Heidi brukar margarin. Dei som har møtt oss begge kan fastslå at skilnaden utgjer ca. 10 kg…

For meg er det smaken som avgjer, og då er smør overlegent best. Skal eg vere sunn, brukar eg olivenolje eller liknande. Syns du smaken av margarin er OK, så brukar du sjølvsagt det der eg skriv smør i mine oppskrifter. Nokre gongar MÅ ein ha smør, til dømes i nokre julekakeoppskrifter, men då seier eg det klart og tydeleg.

Her er oppskrifta på min norske originale fårikål:

Får i kål

2 kg fårekjøt, gjerne bog.

2 ss smør

2 kg hovudkål

1-2 ss salt

2 ss heil pepar

3 ss kveitemjøl

7-8 dl vatn

Varm smøret i ei gryte på høg temperatur. Legg i kjøtstykka slik at dei dekkjer botnen, og la dei frese på høg varme slik at dei får ei fin, brun steikeflate før du snur dei. Gjer dette med alle kjøtstykka.

Skjer kålen i båtar. Legg kjøt og kål lagvis i gryta. Vil du ha peparen laus i gryta drysser du den imellom laga. Eg legg peparen i eit lite teegg, då slepp ungane å misse motet fordi dei ikkje klarer å reinske ut alle peparkorna etterpå. Ein liten pose av gas kan du og bruke.

Slå over vatnet, dryss på salt og mjøl. Du kan droppe jamninga viss du vil at søet skal vere tynt. La det heile koke opp, sett ned varmen og la det heile koke på svak varme til kjøtet er mørt, ca 2 timar. Må det koke lenger tek det ingen skade av det.

Har du brukt smør, eller er kjøtet feitt, kan du sike av det øvste feittlaget. Server med kokte poteter.

Juks og bedrag

30/09/2010

Eg har tidlegare skrive om det å kjøpe inn, og korleis butikkane gjer sitt beste for å lure oss forbrukarar til å betale meir enn nødvendig.

Midt på sommaren i 2009 vart marknadsføringslova endra. Tidlegare var det eit ganske strengt forbod mot tilgift i Norge. Tilgift er når du får noko på kjøpet, noko som skal lokke deg til å kjøpe ein ting. Etter at den nye marknadsføringslova trådte i kraft, vart dette forbodet oppheva.

Dette har dei store matvarekjedene utnytta til fulle. Butikkane er fulle av tilbod om “deal”, der du får cola på kjøpet viss du kjøper pizza, eller saus på kjøpet når du kjøper kylling. Du får tre for prisen av to, og to bleiepakkar for prisen av ein.

Som innkjøpar mislikar eg tilgiftssystemet. Ja, det er flott å få noko. Men får du det du treng? Vil du ha cola? Kanskje du hadde tenkt å parmesangratinere kyllingfileten, kva skal du då med saus? Kanskje sausen går ut på dato før du får brukt han? Eller kanskje du ikkje likar den valgte typen saus? Du får heilt sikkert ikkje bytte den ut med ein annan. Leverandørane sponsar desse tilgiftene, og avtalen gjeld kun dei utvalde produkta.

Dette er eit klassisk døme på ein måte å forvirre forbrukaren på; uoversiktleg prissetting. Mennesket har ei sterk dragning mot ting som er eller som vi oppfattar som gratis. Det kan få oss til å kjøpe noko vi eigentleg ikkje treng eller vil ha, berre for å få tingen som følgjer gratis med.

Mennesket har ein tendens til å rasjonalisere sine valg i dei fleste situasjonar, også når ein kjøper inn. Cola er ikkje min favorittdrikk. Men eg tenker kanskje at eg kan spare colaen eg sjølv eigentleg ikkje drikk til ein gong eg får besøk av nokon som likar cola. Spørsmålet er berre; når får eg det? Og kanskje har butikken ein annan pizza, som er like god, som kostar mindre enn den i tilbodet, men som eg ikkje ser fordi eg er “blinda” av tilbodet på pizza pluss cola?

Denne måten å prissette varer på kan også vere miljøfiendtleg, fordi den skaper meir avfall. Eg irriterer meg grøn i Danmark, der er det tre for to-prising som er den vanlege måten å gje tilbod på. Det er vel og bra for store familiar med høgt forbruk. Men kva med oss småhushalda? Er ein ein eller to til bords har ein ikkje bruk for så mykje mat, og det heile endar med at ein kastar mat som ikkje har blitt spist.

Dersom ein kjøper berre ein av ein ting, eller vel bort tilgifta til det produktet ein kjøper, er ein på toppen av det heile med på å subsidiere dei som kjøper tre for prisen av to. Dette er også urettferdig overfor små hushald, som dermed ikkje nyt godt av dei rabattane butikken gir.

Tilgiftssystemet provoserer meg, eg syns det berre er egna til å forvirre oss som forbrukarar. Som innkjøpar på jobb kan eg sette mine eigne vilkår, eg kan be om tilbod utan tilgift og subsidierte produkt. Som forbrukar er eg prisgitt matvarekjedene sine skitne triks, og masse energi går med til å forstå og å gjennomskode systemet. Bortkasta energi, spør du meg.

Skikkeleg ille…

29/09/2010

Men av og til er ting så ille at det blir morsomt. Sjekk ut denne:

mammamat

29/09/2010

Mammamat er det mamma et når barna ikkje er der, eller barna vil ha søppelmat, og ikkje har lyst på mammamaten.

I går var mammamaten risotto med spekeskinke. Spekeskinka er ein skalk av sommarskinka, den syng på siste verset. Skinka skar eg tynt på kjøtskjeremaskinen min, ei fantastisk innretning som alle heimar burde ha. Slik lagde eg risottoen:

Enkel risotto

1 dl arborioris

3 dl kyllingbuljong

Ein skvett kvitvin

3 champinjongar eller annan sopp

Ein kvart løk

1 dl frosne, grøne erter

3 ss riven pecorino eller parmesan

Finhakk sopp og løk. Smelt smør i steikepanna, og ha i sopp og løk. La det frese til det er mjukt og blankt, men ikkje brunt. Hell vinskvetten i panns. Slå i risen, og la vinen koke inn. Slå på litt og litt kraft, og la den koke inn mellom kvar skvett.

Når risen er “al dente” (med ørlite tyggemotstand) har du i ertene, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med nyskoren spekeskinke.

Med pecorino er denne retten mjølke- og glutenfri. Mmmm…

I’m beautiful!

28/09/2010

-Og det er heilt sant, for fru Storlien har sagt det! Eg er i storfint selskap og, det forstår eg når eg ser dei andre ho har gitt prisen til.

Vilkåret for å motta denne prisen er at eg fortel sju tidlegare ukjente ting om meg sjølv. Så meddelsom som eg er så har eg ikkje så mange løyndommar, men eg prøver meg:

* Eg har ikkje bil, men av og til skulle eg ønske eg hadde. Men den må vere gratis, og det er veldig vanskeleg å finne har eg høyrt.

* Eg er veldig glad i å treffe nye menneske. Dersom ei dame pratar i veg til deg på trikken eller i butikken, kan det vere meg.

* Eg er usannsynleg gløymsk og distré. Sjølv om eg har passert førti legg eg att jakker (kvar er den kvite anorakken min?), mobiltelefonen eller handleposar på dei raraste plassar. Det verste er at eg stort sett har fått ting tilbake. Unntatt den anorakken, altså.

* Eg ser skrivefeil. Av og til skriv eg feil sjølv, men det er stort sett når eg ikkje har lese igjennom teksten etter at den er skriven.

* Eg er så barnsleg at eg syns msn er kjempegøy.

* Eg er ganske flink til å ikkje bruke pengar når eg ikkje har pengar å bruke. Når eg har pengar, derimot…

* Eg er lat. Opproten lat. Og propell. Vekselsvis.

Andre del av utfordringa er å sende prisen vidare til folk som fortener det. Då vil eg nemne HildeogHagen, Potentilla, Undreverset og Serenidipitycat. Alle fire er flotte bloggarar som gjer dagen min mindre kjedeleg. Ha ein fin dag, dokke og!  

Er enden nær?

28/09/2010

Det kan sjå slik ut.

Gjenoppta Treholt-saka?

27/09/2010

Det kan by på visse tekniske utfordringar…

Bilde

Lay all your love on me

27/09/2010

I wasn’t jealous before we met
Now every girl that I see is a potential threat
And I’m possessive, it isn’t nice
You’ve heard me saying that smoking was my only vice
But now it isn’t true, now everything is new
And all I’ve learned has overturned
I beg of you

Don’t go wasting your emotion
Lay all your love on me
Don’t go sharing your devotion
Lay all your love on me

It was like shooting a sitting duck
A little small talk, a smile and baby, I was stuck
I still don’t know what you’ve done with me
A grown-up woman should never fall so easily
I feel a kind of fear when I don’t have you near
Unsatisfied I skip my pride
I beg you dear

Don’t go wasting your emotion
Lay all your love on me
Don’t go sharing your devotion
Lay all your love on me

I’ve had a few little love affairs
They didn’t last very long and they’ve been pretty scarce
I used to think that was sensible
It makes the truth even more incomprehensible
‘Cause everything is new and everything is you
And all I’ve learned has overturned
What can I do?

I komitéen

26/09/2010

Som alltid er eg i komitén.

No dreg eg ut til festlokalet for å hjelpe førtiåringen med å rydde etter festen. Det må til, når 66 livlege førtisar har feira bursdag til seint på natt. I mellomtida regjerer mor mi på kjøkkenet, og lagar fårikål til heile familien.

Det blir ein slags drive-in-middag, der gjestane kjem innom mellom fotballkampar, sjukebesøk og utsoving for å få haustens favorittmiddag. Ha ein fin dag, du og!

Meir dessert…

25/09/2010

Denne helga har søstra mi førtiårsbursdag, gratulerer, kjære du! :-)

Eg lagar dessertar til eit selskap til sytti, og vertinna vil gjerne at folk skal få velge mellom forskjellige dessertar. Difor har eg laga 35 glass med appelsinsjokolademousse, 35 glas med mokkasjokolademousse, 40 porsjonar med pannacotta, denne gongen med multesaus, og sikkert nærare femti glas med god, gammaldags trollkrem.

Trollkrem er ein kjempefin allergikardessert, gluten- og mjølkefri.

Trollkremen lagde eg slik:

1,3 liter tyttebær

4 dl sukker

3 eggekviter

Pisk alt i ein diger kenwood på full fart til det blir ein fluffy krem. Denne oppskrifta fyller den største kenwooden fullstendig.

Del opp porsjonen viss du skal ha færre enn sytti gjestar. ;-) Have fun!

Not for the faint hearted

24/09/2010

Folk jobbar med mykje rart, dei to som er i denne filmen arbeider i toppen av master med teknisk vedlikehaldsarbeid. Det hadde ikkje vore meg, så mykje kan eg seie. Eg har ikkje høgdeskrekk, men eg har livet kjært.

For at vi skal ha fjernsyn, mobiltelefonar og andre duppedittar er det sikkert nødvendig med slike master. Og nokon må vedlikehalde dei. Eg er berre glad at nokon gjer den jobben, slik at eg slepp.

Denne filmen kjem med advarslar. Ikkje sjå den viss du har tendensar til høgdeskrekk. Og viss du ser den, husk å puste. Eg heldt på å svime av, eg trur eg holdt pusten nærare eit halvt minutt midtvegs. Unngå det. And have fun.

Heldige meg…

23/09/2010

Inni denne pakken låg det to prøver, den eine i voks og den andre i sprayform. Det er den nye Eau Duelle frå Diptyque som har kome til Heaven Scent.

Eau Duelle er ei lekker vaniljeduft, lett krydra, med litt sitrus i seg. Eg får ein følelse av å “ha på meg” ein deilig kopp varm te med mjølk og søte krydder. Den er ganske potent, men ikkje skarp.

Etterkvart får den eit preg av tobakk, ikkje røyk men den søtlege sydlandske lukta av ein tobakkspung. Når den tørkar inn vert musken meir framtredande, og den er ei utprega få-lukte-meir-duft. Du får lyst til å snuse heile tida – viss du likar vanilje.

Ein tanke slo meg, den luktar slik eg skulle ønske Shalimar lukta på meg. Eg elskar Shalimar på andre, men det er noko i den som ikkje fungerer. Eau Duelle er Shalimar si høflege og lett androgyne kusine.

Sidan eg har D&G The One, Acqva e Zucchero og Havana Vanille kjem nok ikkje denne til å kome inn i mitt skap med det første, men den er meir lettboren enn Acqva, og meir feminin enn Havana. Me like.

Don’t let the sun catch you crying

22/09/2010

Ei av mine heltinner; Rickie Lee Jones.

Don’t let the sun catch you crying
The night’s the time for all your tears
Your heart may be broken tonight
But tomorrow in the morning light
Don’t let the sun catch you crying

The nighttime shadows disappear
And with that go all your tears, baby
For the morning will bring joy
For every girl and boy

Don’t don’t don’t don’t let the sun catch you crying
Oooo baby

You know that crying’s not a bad thing
But stop your crying when the birds sing
Oh no no no

Just don’t forget that love’s just a game
And it can always come again
So don’t let the sun catch you crying
Don’t let the sun catch you crying, baby

Tomorrow in the morning light
Everything gonna be all right

Styr unna twitter…

21/09/2010

Til høgre her ser du ein knapp som fører deg til Alt godt på twitter, der du kan følge meg og mine meir eller mindre kloke utsegner.

Men dropp det i dag. Det er eit virusangrep på Twitter as I type, og berre du fører pila over lenka så retweetar du viruset. Kom heller innom igjen i morgon, då har ekspertane sikkert klart å fikse problemet.

Klassisk minestrone

21/09/2010

Minestronesuppe er ei av våre familiesupper. Den har blitt servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje til dei fine festane, men til kvardagsfestane, og dei er vel så viktige som dei fine.

Fordelen med denne suppa er at den er veldig lett å utvide. Kjem det fleire gjestar vippar eg oppi meir pastasaus, meir bønner og meir buljong/kraft, og så blir det mat til to eller fire til. Den kan varierast i det uendelege. Dette er ein slags italiensk lapskaus, der ein tek dei grønsakene ein har i huset.

Har du eit juliennejern eller ein mandolin kan du gjerne kutte grønsakene på den. Då blir dei alle i stilig, langsmal suppefasong. Dei kokar fort og, når dei ikkje er så tjukke. Slik gjer du det:

Minestronesuppe

1,5 liter vatn

To buljongterningar

100 g bacon

Matolje

Ein løk

To-tre fedd kvitløk

To-tre stilkar stangselleri

To gulrøtter

Ein kålskalk viss du har

Eit glas pastasaus

Ein boks bønner i tomatsaus (eller ein boks hermetiske erter)

Sukker, salt og peppar

½ ts timian

150 g tørr pasta, til dømes vanleg spagetti brukke i korte bitar

Kutt alle grønsakene fint (altså i små bitar/strimlar), og skjer baconet smått. Fres baconet i ørlite olje i ei stor gryte. Ha grønsakene oppi gryta, og fres dei blanke i baconfeittet. Ha i vatn, timian og buljong, og la det koke opp. Slå i  pastasausen, ha i pastabitane, og la det koke i 10 minutt. Ha i tomatbønnene/ertene til slutt, og smak til med sukker, salt og peppar. Sukkeret må med for å balansere syra i tomatane.

Server med godt brød og riven parmesan over, viss du har.

Life is a minestrone

20/09/2010

Deilig surrealistisk 10cc, inspirert av at eg hadde kald lasagne til middag…

I’m dancing on the white house lawn
Sipping tea by the taj mahal at dawn
Hanging round the gardens of babylon
Minnie mouse has got it all sewn up
She gets more fan mail than the pope
She takes the mickey out of all my phobias
Like signing cheques to ward off double pneumonia

Life is a minestrone
Served up with parmesan cheese
Death is a cold lasagne
Suspended in deep freeze

I’m leaning on the tower of pisa
Had an eyeful of the tower in france
I’m hanging round the gardens of madison

And the seat of learning
And the flush of success
Relieves a constipated mind
I’m like a gourmet in a skid row diner
A fitting menu for a dilettante

Life is a minestrone
Served up with parmesan cheese
Death is a cold lasagne
Suspended in deep freeze
Love is a fire of flaming brandy
Upon a crepe suzette
Let’s get this romance cooking, honey
But let us not forget

Life is a minestrone
Served up with parmesan cheese
Death is a cold lasagne
Suspended in deep freeze

Pizza på nye vegar

20/09/2010

Sidan pizzaen kom inn i mitt liv tidleg på syttitalet har den endra seg på mange vis.

Det byrja med tjukk botn, langsteiking på 200 grader og skiver med tomat. Blæh. Etter kvart fann eg ut at tynn botn var tingen, og at fyllet heller ikkje skulle vere i tjukke lag. Tomatsaus og bacon vart ein favoritt, barna vil ha mais, og vi vaksne vil ha løk og kanskje oliven. Alle mine pizzaer endrar seg frå gong til gong. Vegen blir til medan ein går frå komfyren til kjøleskapet.

Sist eg var på pizzarestaurant fekk eg ein såkalla kvit pizza, og den smakte heilt fantastisk. Sidan då har eg leita etter den perfekte oppskrifta. No kjenner eg at eg byrjar å nærme meg.

Den kvite varianten har som regel rømme eller kesam som base. Begge delar funkar fint, du treng ikkje bruke ein feit type. Rømmen/kesamen kan krydrast eller smaksettast  med andre ting. Ost er også alltid med, gjerne fleire ulike i blanding.

Ost og rømme må ha noko meir å spele på smaksmessig, denne gongen brukte eg ganske enkelt løk og spekeskinke. Løken får surre i smør, og får til slutt litt sukker på seg. Det gjer at løken for ein kompleks, karamellisert smak. Pass på at du ikkje brenn den, brent smak har ikkje same effekten.

Spekeskinka er dei siste restane av sommarskinka mi, som eg skjer heilt tynt på skjeremaskinen. Den er gull verd, har du ein slik så ta den fram, og bruk den. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du sjølvsagt skinka.

Eg krydrar også deigen litt når eg lagar kvit pizza,  denne gongen brukte eg basilikum.  Bakeplata strør eg alltid med eit tynt lag mjøl i staden for å bruke bakepapir eller smøring. Det gir ein kjempegod ”steinomnsmak”. . Det vert ein stor pizza av denne oppskrifta. Pizzaen er nok til to veldig svoltne eller tre passe svoltne. Slik gjorde eg det:

Kvit pizza

Pizzabotn

2 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts sukker

3 ss olivenolje

2 ts basilikum

ca 5 dl kveitemjøl

Set omnen på 225 grader.

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle som du deler i to. Strø godt med mjøl på benken og kjevl ut leiven til den er like store som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg  deigen over på ei mjølstrødd bakeplate.

Fyll:

4-5 ss rømme eller kesam

1 ts urtesalt

Litt nykverna peppar

Ein raud løk

2 ss smør

Tre sortar ost, eg brukte chevre, riven jarlsberg og pecorino

Spekeskinke

Skrell løken, og skjer den i tynne skiver. Smelt  smøret på middels varme, og legg i løken.  La den surre til den er mjuk og gylden. Strø på litt sukker, og la det smelte forsiktig. Ta steikepanna av varmen, og la det stå litt. Smak til med litt salt.

Ha rømmen i ei skål, og ha i urtesaltet og litt peppar. Bland godt.  Smør dette på pizzaleiven.

Ha løken på pizzaen. Riv osten, og strø den på. Legg skiver av spekeskinke utover pizzaen,  og steik den på 225 grader i 8-10 minutt. Server med ein grøn salat.

Ei duftande gåve

19/09/2010

Ein kollega av meg hadde vore med på å rydde etter eit dødsbo i familien, og sidan ho veit at eg er oppteken av parfyme tok ho det som ingen ville ha med til meg. O lykke! Dette var ein skatt.

Eg fekk ei flaske med Choc av Cardin, ei klassisk 4711, den bestemora vår brukte og ein ambercologne frå Honoré Payan, eit Grasse-firma som har gått ut av soga. I tillegg fekk eg to miniar, som eg elskar, nemleg Madame Rochas og Champagne frå Yves Saint Laurent.

Då Champagne vart lansert i 1993 slo vinbøndene frå distriktet Champagne seg vrange, og kravde at YSL skulle endre namnet. Det gjorde dei etter rettsleg pålegg, no heiter dufta Yvresse, og den er reformulert mange gongar. Den eg fekk er frå før bøndene fekk gjennomslag.

Så viss du vil lukte på originalen, så får du stikke innom på ein kopp te ein dag, så skal det nok bli ei råd. Er eg ikkje heldig?

Note to self

18/09/2010

Ikkje drive med fotpleie med skarpe gjenstandar.

Konsekvensane kan vere store, i form av blødningar, akutt behov for plaster og sterk smerte der den skarpe gjenstanden har gjort skade.

Også veldig dumt å gjere skade på finger eit og eit halvt døgn før det skal kokast rømmegraut til 70 menneske. Husk å kjøpe gummihanskar.

Fin fredag

17/09/2010

Det er deilig når sola skin, og energien er der sjølv om arbeidsveka er slutt.

Og det kjem godt med, på søndag er det ny konfirmasjon, denne gongen med sytti gjestar, og rømmegraut med tilbehør, dessert og kakebord.

Eg har allereie hatt ein runde i hagen, rydda og fjerna daude plantar og til og med fått luka litt. Eg lærer aldri, gjekk i gang før eg hadde vore oppe og skifta, så den kvite, pene jobbuksa er ikkje så kvit og pen lenger. Det har eg etter far min, han har hatt (og har) mange rundar i bussgarasjen i findressen.

No skal eg avgarde og planlegge konfirmasjon, eg vil berre aller først ynskje deg som stikk innom ein fin fredag, og ei fin helg.

Gratis Dag og Tid, anyone?

17/09/2010

Eg har fått lov til å gi bort tre vekers gratis abonnement på Dag og Tid, den fine nynorskavisa som eg vaks opp med, som alltid kom på laurdag (no kjem den på fredag) og som eg likar så godt.

Viss du har lyst på tre fredag med Dag og Tid gratis, så send meg ein mail. Då kan du tre fredagar på rad kose deg med ein intellektuell og humoristisk gåvepakke. God fredag!

Are you fantasy prone?

16/09/2010

Eg prøvde lenge å tru. Når ein veks opp på vestlandet med pinsehuset og kyrkja i gangavstand og vegg i vegg er det ein heilt naturleg del av livet. I mi næraste familie er det flust med prestar, og iallfall to av besteforeldra mine (på kvar si side) hadde ei sterk personleg tru til sin siste dag. Men trass i tapre forsøk ga det meg ikkje stort.

Dette har fått meg til å filosofere litt rundt det med tru og realisme. Enkelte finn inspirasjon og mystikk i ting som eg finn heilt naturleg og matter-of-factly. I mi verd har det meste ei naturleg forklaring, og har det ikkje det ved første augekast er eg ganske sikker på at om ein forskar nok på det så finn ein ei.

Slik er det ikkje for alle. Enkelte menneske har ei sterk søking etter overnaturlege fenomen og opplevingar i seg. Det er ifølge ikkje så ny  amerikansk forsking eit kjent fenomen i psykologien at ein andel av oss menneske har denne eigenskapen i oss. Den heng saman med forestillingar om og leik med fantasidyr, levandegjering av dokker og andre leiker og ei sterk interesse for eventyr og fablar.

Desse menneska er ei gruppe som i nyare tid har funne heilt andre vegar å uttrykke seg på. Før var dette så og seie utelukkande kanalisert gjennom religiøsitet, og ei og anna klok kone eller sannseiarar. No for tida veltar dei kommersielle tv-kanalane seg i overtru, vampyrar og spådommar, og har til og med konkurranse om kvan som er best til å “sjå”.

TvNorge FEM sendte Gro Helen Tørum til England for å leite etter kornsirklar, og ho var nær ekstase i den ho fann. Fri tanke har gjort research, og kunne enkelt konstatere at kornsirkelen, som eigentleg var ein rapssirkel, var reklame for QI, Quite interesting, eit satireprogram på BBC som let det gå sport i å avsløre humbug og åndejuksing.

Så seier mange: Er ikkje dette uskuldig? Kan ikkje folk få gå på engleskule viss dei vil, kan ikkje Märtha få snakke med englar, hestar og bestefaren sin viss ho har lyst, og det kjennest rett for henne? Det er ein vakker tanke, men eg har ein del motforestillingar. Ei av dei handlar om økonomi. Healing og åndeleg rettleiing har blitt storindustri. Det er eit faktum at folk må leve av noko, og når ein skal skaffe seg ei inntekt tyr ein til det som er lettast for seg. Har ein “syner” eller “varme hender” er det nærliggande å kommersialisere dei.

Mange menneske er usikre og søkande, dei har ikkje funne sine svar på meininga med livet, eller dei har ting som plagar dei. Så kjem det ein lurendreiar og seier at han eller ho kan hjelpe. Hjelpa kan vere i form av forbønn, “healing”, krystallar, englekurs, sukkerpillar eller vatn med kopimolekyl i. Det er sjølvsagt frivillig å ta imot hjelpa, men veldig mange av desse lurendreiarane framstår som tillitvekkande, dei talar til kjenslene til den søkande, og dei framstiller sin kur som akkurat det den søkande treng. Så vert “hjelpa” gitt, og hjelparen får sitt vederlag i ei eller anna form.

Det er dette eg meiner er uredeleg. Å gi seg ut for å ha svaret på livets store spørsmål, eller evne til å løfte bører og sjukdom bort frå mennesket som søker hjelp når det ein tilbyr er humbug, er svik og bedrag. Ingen av desse tenestene har dokumentert effekt, ingen av dei ynskjer å underkaste seg vitskapeleg kontroll, og i dei tilfella dei har det har det ikkje vore mogeleg å konstatere noko effekt utover placebo.

Og så må ein ikkje sjå bort frå at enkelte av oss er “fantasy prone”, dei er genetisk disponert for å ha større åndelege opplevingar enn andre. Og viss det gir ein glede så kan ein jo sløse pengane sine bort på det mest utrulege. Dilemmaet er når behandlarane, dei synske og innehavarane av dei varme hendene skal forsvare det dei driv med overfor oss kritiske, og blir hatske og let det hagle med til dels grove skuldingar.

Det finst sikkert to kategoriar av slike behandlarar eller synske, dei som trur fullt og heilt på det dei driv med, og dei som veit at det dei driv med er lureri. Dei første er det kanskje ikkje så mykje å gjere med, sjølv om eg skulle ønske dei kunne akseptere det når vitskapelege analyser motbeviser det dei held på med. Dei kan etter mitt syn ikkje ein gong påberope seg at dei ikkje visste, så mykje dokumentasjon finst det på at metodane i denne bransjen er pill rotne.

Dei andre har eg ingenting anna enn forakt overfor, det er dei sanne bedragarane. Eg stiller dei i same kategori som religiøse leiarar som har pengeinnsamling med bankautomatar på vekkelsesmøte, som manipulerer folk til å bryte med familiane sine, og som sjølv bur i digre hus kjøpt for innsamla pengar.

Det totalt uetiske er når dei bevegar seg inn på det medisinske feltet, eller når det dei driv med utvilsomt kan trigge psykiske reaksjonar, som når det er snakk om kontakt med døde. Då har dei passert ei grense eg meiner må stå fast. Kva skal ein behandlar gjere viss ein psykisk ustabil person med eit konfliktfylt forhold til sine avdøde foreldre kjem og vil ha hjelp til å kome i dialog med dei? Kva viss denne psykisk ustabile personen har ein velfylt bankkonto, og er villig til å betale kva det skulle vere? Eller kva viss h*n har elendig økonomi, men prioriterer åndemaning framfor eit sunt kosthold?  Kva med kreftpasienten som kjenner ein som seier at svulsten vart borte etter behandling hos ein healer? Kor mykje er h*n villig til å betale for vona?

Det einaste som kan gjerast for å stå imot alternativ-vaset er stadig forsking, stadig kontroll og aktiv bruk av regelverket om medisinsk behandling. Og at vi som er reality prone aldri held opp med å snakke og å skrive om det, slik at dei iallfall ikkje kan påberope seg at dei ikkje veit.

Alt godt prøver å rydde opp

16/09/2010

Det er tydeleg at bortsett frå den magiske konvolutten som kom igjennom til Elisabeth har ingen fått stokkrosefrø. Noko har skjedd, men kva veit eg ikkje.

Eg har sendt ein mail til mi franske venninne som bur der frøa er, og spurt henne om ho kan sende ei ny ladning, viss det framleis sit frø på stokken. Er vi heldige så kjem det nye frø frå France før vi veit ordet av det. Kryss fingrane, og lytt til litt tolmodigheitsmusikk/puddelrock i mellomtida.

Frøtrøbbel?

15/09/2010

Kvann- og matremfrøa har gått i posten, så der burde alt vere i rute. Men to av dei som eg sendte stokkrosefrø til har ikkje fått sine.

Kan dokke andre som skulle få stokkrosefrø melde frå om dei har hamna i postkassa eller ikkje? Eg gjekk ikkje til posten med dei sjølv, eg sende dei med ein som eg trudde var ærendsfør, men han var kanskje ikkje det?

Ikkjenoke

14/09/2010

Eg ville berre vise deg dette. 13.09: 1000 innlegg, 4000 kommentarar. Kult!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers