Ho sat der og tenkte korleis ho skulle kome seg unna ved å forklare at det snart tomme glaset måtte fyllast opp.
Han såg det ledige setet, eit kjent andlet på andre sida av bordet, og sette seg ved sidan av henne. Eg veit kven du er, sa han. Eg har lese det du har skrive. Du hadde så klare svar, svar eg har brukt seinare.
Eg veit kven far din og søstra di er, sa ho. Eg kjenner att haka di, tenkte ho. Treng du noko i glaset, spurte han.
Etter ein time hadde begge fortalt den andre ting dei ikkje hadde fortalt nokon før. Tilståingar, manglar, lyster og lengtar. Eg likar at du held rundt meg, sa ho. Han heldt fram med det.
Kysset varte eviglenge. Kan det vere så enkelt, at det er du, spurte dei i munnen på kvarandre. Ja, det kan det, svarte dei.
Eg eg er ikkje fri, sa ho. Gjer det du må, sa han. Eg ventar. Men eg vil du skal vere med meg.
Nokre timar etterpå var ho fri. Eg er så glad for at du er her, sa ho då han kom. Tenk viss eg hadde henta meg ny vin sjølv, før du kom, sa ho. Tenk viss eg hadde sett meg ein annan plass, sa han. Eg hadde nok funne deg uansett, sa ho.
24/10/2010 ved 10:41 |
Noen ganger er det så enkelt! Livet byr på overraskninger hele tiden, grip de og våg å hoppe!
24/10/2010 ved 12:25 |
Ja, så enkelt er det noen ganger, og det er grøssefrydelig med de derre “tenk om”-ene som ikke ble.
24/10/2010 ved 19:06 |
10/12/2010 ved 15:24 |
[...] deg, sjekk ut vilkåra og dersom du kan gje så gjer det. Eg er i karantene for tida, på grunn av den nye kjærleiken, så gje litt for meg og. Eg er tilbake med full styrke i [...]
29/01/2011 ved 08:49 |
[...] er fredag i heimen, fjortenåringen er på seminar, så det er tolvåringen, kjærleiken og eg som kosar oss her heime. Vi et ferske reker med loff og majones, og vi vaksne drikk kvitvin [...]
28/02/2011 ved 08:20 |
[...] ei melding, og får ein ikkje svar i løpet av fem minutt vert ein frustrert. Ofte går ting fort, heilt av seg sjølv. Men for ei øving i tolmod det måtte vere å bruke den tida det tok å kommunisere med brev. [...]
05/04/2011 ved 07:51 |
[...] reservemamma og ein Berliner Bruder som det er alt for lenge sidan eg har sett. Ikkje har dei møtt Kjærleiken [...]