Arkiv for november, 2010

Hemmeleg hagemann søker duftopplevingar…

30/11/2010

Eg har fått ein ny førespurnad om parfymehjelp, denne gongen er det heile litt mystisk. Eg veit nemleg ikkje kven han er! Men her er “søknaden”:

Han er mann, arkitekt, opptatt av design og mote, arkitektur og hage selvsagt, klassisk musikk, men også religion. Han er kristen og jobber frivillig i kirken her i byen.

Han har i årevis brukt Chanels Anteaus, men kun i deodorantform og som aftershave. Er litt redd for parfyme. Liker ikke det som er altfor krydret, men liker røykelse.

OK, folkens, her må vi ha noko å bidra med. Fyr laus!

Ovnsbakt kylling

29/11/2010

Her er ein enkel kyllingrett som eg lagde tidlegare i veka.

Den lokale butikken hadde heil, stor kylling til tilbod, og då er eg ikkje vond å be. Eg delte den opp, krydra den og serverte den med bakte poteter og tomatar. Det fine med denne “komposisjonen” var at eg lagde alt i omnen, ingen gryter å vaske opp etterpå. Potetene og kyllingen lagde eg i same form, og tomatane bakte eg på eit lite eldfast fat då det var ti minutt att av steiketida. Slik gjorde eg det:

Ovnsbakt kylling til tre personar

Ein stor kylling, ca. 1,2 kg.

Ein sitron

Salt og peppar

2 fedd kvitløk

urtesalt, gjerne heimelaga

Olivenolje

8 mandelpoteter

250 g cherrytomatar

Set ovnen på 220 grader.

Kutt låra av kyllingen, og del dei i to i leddet. Legg dei i ei romsleg eldfast form. Kutt av vingane og, og legg dei i forma. Del skroget i to langs brystbeinet, og skjer bort alt unntatt brystfiletane med ribbeina på. Del dei og i to, og legg dei i forma.

Press eller finhakk kvitløken, og ha den i oljen saman med rive sitronskal og safta av ein halv sitron. Kna det litt saman før du fordeler det over kyllingbitane. Dryss rikeleg med salt og peppar på.

Del potetene i to på langs og ha dei i ein bolle. Ha ei raus teskei urtesalt i 3-4 ss olivenolje, og bland godt. Slå urteoljen over potetene og vend det heile rundt slik at alle potetene er dekt av olje og urter. Legg dei i forma ved sidan av kyllingbitane. Fordel det som er att av urteoljen over potetene og sett det heile i ovnen på 220 grader i 30-40 minutt.

Del tomatane i to, og legg dei på eit eldfast fat. Ringle over olivenolje, og dryss på salt og peppar. La dei bake øverst i ovnen dei siste ti minutta av steiketida til kyllingen. Flytt kyllingen lenger ned viss det vert trangt.

Før frukost

28/11/2010

I helgane vert frukosten ofte sein (og lang) her i huset. Då er det godt med noko før frukost.

I dag hadde eg liggande ein mango som var på veg til å bli overmoden, eitt par brune bananar og to appelsiner. Då lagde eg ei gul vitaminbombe som vart servert medan teen trakk og ferske rundstykke sto i omnen. Slik gjorde eg det:

Gul smoothie

1 mango

2 appelsiner

2 bananar

6 dl kefir

2 ss honning

Rens all frukta, og ha den i blender. Køyr den glatt medan du “sper” med kefir. Smak til med honning til slutt. Server i fine glas med sugerør.

Ida Jackson: Sosiale medier

27/11/2010

Hvordan ta over verden uten å forlate huset er undertittelen på Ida Jackson/Virrvarr si nye bok.

Dette er ei innføring i framvoksteren av sosiale medier, ho beskriv dei ulike variantane av sosiale medier og dessutan gir ho eit stort knippe tips og råd om korleis ein skal både oppføre seg i og handtere sosiale medier.

Boka oppsto som ein reaksjon på medierådgjevarar av meir eller mindre solid kaliber som dukka opp i 2008/2009, og plutseleg var ekspertar og kunne selje timar på å fortelje folk kva sosiale medier var. Ida Jackson var blant dei som hadde vore med på dette sidan det oppsto. Det gjorde at ho i langt større grad enn mange andre har føresetnader for å seie noko om dette.

Å ha ei handbok for å forstå sosiale medier er fint, men det er ikkje mest difor du bør kjøpe denne boka. (Du les jo allereie bloggar, då er du jo “på innsida”.

Boka er lesverdig først og fremst på grunn av Ida Jackson sitt medrivande, presise og levande språk, dei skarpe analysene hennar og humoren hennar.

I tillegg er boka på mange måtar eit kart over sosiale medier i Norge, og Ida har skaffa seg oversikt over svært mange bloggnettverk som ho presenterer og analyserer. Sosiale medier i Norge vert sett på både frå ein sosiologisk, psykologisk og politisk synsvinkel, og dei skarpe observasjonane til Ida imponerer meg.

Sjølv om Ida kjenner området ho skriv om svært godt, og dette området til dels kan vere ganske smalt og prega av stammespråk og internvitsar, så har ho (sikkert med god hjelp frå forlaget) klart å forklare dette feltet på ein veldig lettforståeleg måte. Lenkeapparatet og registeret bak i boka er omfattande, og ei gullgruve for dei som vil lære meir om dette, eller berre finne fine bloggar å lese.

Har du ambisjonar om å blogge sjølv, eller allereie gjer det er boka ei verktøykasse full av praktiske tips og råd som du garantert vil ha bruk for. Tipsa går både på språk, kjeldebruk, tekniske utfordringar og på korleis ein handterer lesarane sine når dei kjem. Det er fare for at det kjem til å ligge nokre eksemplar av denne under juletre som eg soknar til i år.

Ein månad for seint, men likevel

27/11/2010

Today I took a walk up the street
And picked a flower and climbed the hill
Above the lake

And secret thoughts were said aloud
We watched the faces in the clouds
Until the clouds had blown away

And were we ever somewhere else
You know, it’s hard to say

And I never saw blue like that before
Across the sky
Around the world
You’ve given me all you have and more
And no one else has ever shown me how
To see the world the way I see it now
Oh, I, I never saw blue like that

I can’t believe a month ago
I was alone, I didn’t know you
I hadn’t seen or heard you’re name
And even now, I’m so amazed
It’s like a dream, It’s like a rainbow, it’s like the rain

And somethings are the way they are
And words just can’t explain

Cause I never saw blue like that before
Across the sky
Around the world
You’ve given me all you have and more
And no one else has ever shown me how
To see the world the way I see it now
Oh, I, I never saw blue like that before

And it feels like now,
And it feels always,
And it feels like coming home

I never saw blue like that before
Across the sky
Around the world
You’ve given me all you have and more
And no one else has ever shown me how
To see the world the way I see it now
Oh, I, I never saw blue like that before

Snart helg!

26/11/2010

No er det vel like før helga byrjar, ikkje sant?

Eg er iallfall klar for å slappe av i heimen fram til mandag. Denne helga blir roleg, i motsetnad til ein del av dei helgane elles denne hausten, der eg har sprunge frå det eine til det andre.

Kanskje får eg nokolunde oversikt over julegåvene, og kan sette opp handleliste. Kanskje får eg lagd nokre julekort og dekorert nokre pakkelappar. Kanskje eg til og med får med meg dette:

Oslo og omegn roseforening får besøk av Thomas Proll fra Tysklands ledende roseforedler, Kordes Roser.
Vi får høre om nye Kordes-roser som er robuste og lettdyrkede og tilpasset norske forhold, blant annet roser fra Kordes’ nye serie med klatreroser, Fairytail-rosene med gammeldags sjarm, og Rigo-rosene som er spesielt robuste og lettstelte. Kordes har satset spesielt på sykdomsfrie roser.
Kom og bli inspirert!
Lørdag 27. november kl. 14.00
Biblioteket på Bekkestua (Gamle Ringeriksvei 44).
Informasjon ved irene.k@getmail.no eller tlf 95826100
100 kr for medlemmer, 150 kr for ikke-medlemmer (men det går an å bli medlem på stedet).

Det som er heilt sikkert er at eg skal treffe suziluz med følge, og at eg skal kose masse med kjæresten min. Eg vonar du og finn på noko spennande å fylle dagane med. Uansett kva du finn på, ha ei fin helg!

Parfumerie!

26/11/2010

Parfumerie hadde sin opningsfest i går, stor stas!

Novemberkos

Goodie bags til alle

Førsteklasses mat


Sjå på denne….

25/11/2010

medan du ventar på bokmeldinga mi om korleis ein kan ta over verda utan å gå ut av huset

Idétørke – eg treng hjelp!

24/11/2010

No står det heilt stilt her.

Neste torsdag skal eg ha kollegaene mine heim til meg på konjakksmaking. (Konjakkpresentasjonen tek ein spesialist seg av.)

Men eg står heilt fast når det gjeld kva eg skal servere dei! Det må vere enkel mat, få ingrediensar, men varm. Den kan lagast i omn eller gryte, men helst ikkje ta så lang tid å førebu. Den må tole å stå på varmen litt, for den skal serverast etter konjakk-delen av kvelden.

Dei som kjem er flest menn, mellom 25 og 65 og opne for det meste, trur eg. Det er ingen som har allergiar, intoleransar eller mat dei ikkje kan ete av religiøse grunnar. Vi blir ca. 15, og det blir “sitte der du finn deg ein plass”-opplegg.

Vanlegvis er det eg som kjem med tips, men no må dokke lesarane mine hjelpe meg med forslag. Kva trur du kollegaene mine vil like å få servert?

Coleslaw og dei deilige potetene

24/11/2010

Du såg ribba i går? Den serverer eg med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. Coleslaw er finsnitta kål, ofte også med gulrøtter. Eg hadde eit eple liggande og, og det vart med i salaten. Dressingen er krema og lett sursøt, den og. Slik gjer du det:

Coleslaw

Ein kålskalk

Ei stor eller to mindre gulrøtter

Eit halvt eple

Litt sitronsaft

2 ss majones

2 ss kesam

2 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv gulrota og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Sett til side.

Ovnsbakte mandelpotetar

4-5 potetar per person

1 dl olivenolje

1 ss urtesalt

Bland urtesalt og olivenolje i ein vid bolle. Del potetene i to på langs, og ha dei i bollen. Rist potetene rundt i bollen slik at dei vert dekt med urteolje.

Ha dei i ei langpanne, syt for at alle potetene vert liggande med kuttsida opp. Fordel det som er att av urteolje over potetene.

La dei steike øverst i omnen dei siste halvtimen av steiketida for ribbene.

 

Ny ribbevri

23/11/2010

Ribba er nesten gratis for tida. Det er sjølvsagt berre no ei god stund før jul, på veslejulaftan er den dyr igjen, sann mine ord.

Men no, medan den er billig, kan vi jo ha det litt gøy med den, og lage mat vi elles ikkje lagar om vinteren. Spareribs er ein amerikansk grillklassikar, men den kan like gjerne lagast på denne tida av året i steikeomnen. Når du skal finne ribbe til spareribs, så velg heller ei som er tynn og vid i utstrekning enn ei som er tjukk i kjøtet. Den tjukke får lang steiketid, og bitane blir meir handterlege når dei ikkje er så tjukke.

Eg serverer ribba med omnsbakte mandelpoteter, ein deilig sursøt grillsaus og coleslaw-salat. i dag får du oppskrift på saus og ribbe, i morgon kjem resten.

Ein god barbequesaus høyrer med når ein serverer spareribs. Denne kan kjøpast ferdig, men dei sausane er fulle av e-stoff og salt, og ikkje så gode syns eg. Denne tomatbaserte sausen framhevar den fine ribbesmaken, og balanserer godt med krydderet i kjøtet. Slik gjer du det:

Barbequesaus

1 løk

2 fedd kvitløk

litt olje til steiking

1 boks hakka tomatar

3 ss kvitvinseddik

1 paprika

Chili etter kor sterk du vil ha sausen

2 ss soppsoya (mushroom soy, finst i innvandrarbutikkar)

Sjy frå ribbene

1 ss worchestershiresaus

1 ss sennep

1 ss paprikapulver

1 ts salt

½ ts peppar

1 ss sukker

Fres finhakka løk og kvitløk i olje. Finhakk chilien, og ha i saman med paprikapulver, sukker, sennep og peppar. La dette surre litt. Rens paprikaen, del den i bitar og ha den i. Ha i alt det andre, og la det putre i eit kvarters tid. Køyr sausen glatt med stavmiksar. Denne sausen held seg i eitt par veker i kjøleskap.

Spareribs

1,2 kg ribbe

1 ss paprikapulver

1 ss kvitløkssalt

1 ss brunt sukker

1 ts peppar

4 ss dijonsennep

Set omnen på 180 grader. Bruk ein skarp kniv, og fjern svora av ribba. Del ribba i lengder etter kvar beina er delt. Rør saman paprika, kvitløkssalt, brunt sukker og peppar.

Legg ribbelengdene i ei lita langpanne med bakepapir i. Pensle lengdene med sennep, og dryss på krydderblandinga. La ribbene steike i 2-3 timar, snu dei midtvegs. Server med ovnsbakte mandelpoteter, coleslaw og barbeque-saus.

Gåveidéar

22/11/2010

Eg fekk ei oppfordring om å samle gåveidéane eg har hatt i bloggen min på ei side. Det gjer eg gjerne. Her er nokre tips:

Her er oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik.

Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong.

Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei.

Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! Det er ei fin gåve, gå i gang no, så er dei klare til jul.

Eg har også lagd trøflar som er smaksett med skogsbær, dei vart kjempegode. Du finn oppskrift på ein frisk, kvit gløgg i same lenke. Lag ein stor porsjon av ekstraktet, og gi bort i pene flasker med ein lapp med gløggoppskrift festa til halsen.

Det er nemleg lurt å byrje no, skal ein kome i mål! Har du forslag til gåver ein kan gje bort+ Pøs på i kommentarfeltet!

EDIT: Elisabeth meiner at eg bør legge inn oppskrifta på peanøttkaker, for dei brukar ho å bake, og dei er gode og fine å gje i gåve. Så då gjer eg som ho seier.

The way that you hold me

21/11/2010

Søkeordspoesi

21/11/2010

Mine søkeord er ofte kjedelege, det er ei lang liste av oppskrifter, basically. Men her er ein del av dei:

pikekyss Det er mogeleg du ikkje er ute etter marengs, men det er pikekyss med marengs du finn her.
alt godt Det er meg, seier dei.
syltaflesk Julemat som eg ikkje et. Eg er ei matpingle, det har eg sagt før.
jordskokk Gjer at du prompar. Styr unna, med mindre du lever med folk som toler det.
marengskake Deilig. Du finn ei oppskrift her.
minestrone God og billig suppe. Ooops, no kom eg på at eg har ein boks med slik suppe i kjøleskapet. Må spisast fort.
ekte mat andreas viestad Fin bok.
partering av lam Dette er det Heidi som meiner noko om.
prokrastinere Å utsette ting. Berre spør meg om dette, eg er ekspert.
versailles barnevogn Hæ? Er det noko nytt dei har byrja med?
zucchero parfyme Vanilje frå ende til annan.
middag barn Dei et det meste, mos det viss dei ikkje vil ha det, så et dei det likevel.
tage endersen Du meiner Andersen, ikkje sant?

Endeleg ein mann!

20/11/2010

Anette har meldt på mannen sin i mi parfymerådgjevingsteneste. Her er det ho skriv:

Jeg vil gjerne ha hjelp til å finne en ny duft, ikke til meg, men til mannen  min. Han har forsøkt mye rart opp gjennom årene, men det er faktisk bare to dufter som har luktet virkelig godt på ham: CK Be og en parfyme med det utrolig cheesy navnet GeirPower, av Geir Ness. (CK One lukter bare barskog når han får den på.)

Han er glad i god mat, særlig krydret – chili og kajenne er en favoritt, samt nykvernet pepper, men han setter også veldig pris på en god biff, Han liker også rødviner med mye syre og eik, og brunt brennevin, helst armagnac eller whisky. Dessuten drikker han veldig mye grønn te og oolong.

Tror ikke han har noen formening om blomsterdufter i det hele tatt, han er ikke særlig opptatt av søte smaker eller dufter (selv om han tar godt for seg av hjemmelaget julekonfekt, og så spiser han honning som om han var Ole Brumm). Han røkte tidligere og jeg tror han fortsatt liker lukten av tobakk, særlig sigar eller pipe.

Andre lukter han liker: gamle bøker, stekt kjøtt, lær, serranoskinke, gress, appelsin, bakte epler, nykvernet kaffe.

Vi har forsøkt veldig mange dufter på ham, men selv om de lukter svært ulikt på flaske blir mange ganske like på ham – en slags generisk billig aftershave-duft (tenk Mennen eller Axe fra tidlig nittitall).

Derfor sitter vi for tiden litt fast i de to duftene nevnt ovenfor. Hvis du og det fantastiske kommentarfeltet ditt kan komme opp med noen nye forslag til oss blir vi veldig glade begge to :)

Ja, kva skal vi foreslå, folkens? (Og berre så det er sagt: Å svare i mitt kommentarfelt krev ingen spesiell kompetanse. Kjenner du til ei herreduft som du likar, så foreslå den. Det kan vere du som treff!)

Sein fredag…

19/11/2010

Eg er pinleg seint ute med fredagshelsinga mi, forrige veke vart den dessverre heilt borte.

Slik går det når livet skyt fart, og ein flyt på ei deilig bølge. Eg har ikkje sett gullrekka på nesten to månader, det seier vel det meste.

I dag er eg heime i sofaen med fjortenåringen, ho har to gongar presisert at ho hadde tilbod om å dra med venninner til byen, men at ho heller ville vere heime.

Det er eg glad for. Vi har laga oss deilig ovnssteikt kylling med mandelpotetar og bakte tomatar, og nikosar oss med Beat for Beat. Fine damer! I morgon skal vi sjå og høyre ei anna fin dame, Sissel Kyrkjebø, saman med Unni Wilhelmsen.

Eg ynskjer alle som stikk innom ei deilig helg, ta vare på dei du er glad i, og fortel dei det.

Margit Vea: Kjøkkenpatruljen

19/11/2010

Margit Vea har laga fleire kokebøker, alle eg har funne er konsentrert om oppskrifter for barn, eller mat til barn.

Denne gongen har eg fått boka “Kjøkkenpatruljen” frå CappelenDamm. Margit Vea har ein ledig og fin stil, og oppskriftene hennar er ei fin blanding av tradisjon og nyskaping. Her finn du oppskrift på frikassé og prinsefisk, saman med wraps og smoothies.

Eg har ikkje mykje å bemerke til oppskriftene, dei virkar gjennomarbeida og grundige. Viss eg skulle bruke lasagne-oppskrifta ville eg ha dobla mengda ostesaus, elles er det meste i fornuftige proposjonar og ikkje for komplisert.

Boka er godt, om enn ikkje så veldig kreativt utforma. Den er lett å forstå og å bruke. Siste delen av boka er lagd spesielt for barn som er på sjølvstyr i kjøkkenet, og den gir både ei innføring i grunnteknikkar, kva utstyr ein skal bruke og til kva, og grunnreglar for å arbeide i eit kjøkken.

Eg likar spesielt forslaga til kva oppgåver barn på ulik alder kan gjere når ein lagar mat med dei. Eg likar også filosofien om at barn som får delta i matlaging blir glade i mat, og glade i å lage mat. Dette er ei kjempefin gåvebok til barnefamiliar, den vil kunne skape mykje kjøkkenglede og inspirasjon.

Og for ordens skuld: Eg driv ikkje med dette:-?

Vi må hjelpe Berit!

18/11/2010

Berit frå Hagegal har også bede om parfymehjelp. Ho seier dette:

Dette ble for morsomt til å motstå.
Jeg har faktisk tenkt på å søke hjelp for å finne ei duft som jeg kan trives med.
Nylig rydda jeg skapet for det som var av gamle flakonger, så nå er jeg totalt fri.
Ikke husker jeg navn på de jeg kasta heller, det var ingen av dem jeg likte spesielt.
Jeg er av dem som ikke bruker sminke annet enn bittelitt til festbruk.
Tenker meg en duft som må være ganske diskret, ikke tung og påtrengende.
Gjerne litt spennende likevel.
Kler meg hovedsaklig praktisk/sporty.
Har vegring mot shopping, om det ikke er hagesentre eller bokhandler.
Mat: Liker det meste, fra tradisjonell husmannskost til det mer eksotiske.
Avstår helst fra lutefisk, rakfisk og ål. Når jeg er ute på reise, er det å smake på lokale retter en vesentlig del av opplevelsen.
Drikke: Vann, farris, kaffe, hvit eller grønn te samt svart te uten tilsetninger og essenser.
Drikker gjerne god vin av alle kulører, med en forkjærlighet for italiensk.
Øl kan være godt, spesielt baier, og gjerne en liten akevitt eller bitter.
Foretrekker cognac/armagnac til kaffen framfor likør.
Fritid: Hage, spesielt roser, friluftsliv, båtliv, litteratur, hyggelig sosialt samvær, litt handarbeid.
Dufter jeg liker, men ikke nødvendigvis på meg sjøl: roser, linnea, syrin, hegg, narsisser, primula, våt skog, jord, nymalt kaffe, harpiks.
Hopper i det og står fram med fornavn, siden noen av dere duftdamene vet om meg og kjenner litt fra forum og blogg. Kanskje kan det kjennskapet gi tips utenom det jeg har skrevet her?

Til deg

18/11/2010

Eg gjev meg ikkje så lett!

17/11/2010

Det var nemleg mange damer som ville ha hjelp til å finne duft for seg. Her er May sin “søknad”:

Jepps. Kan godt tenke meg anbefaling på duft på dette viset.
Liker mat, dvs mage slag. Alt frå tradisjonsmat, raspeballer.. italiensk, franks, texmex.
Alt til si tid rett og slett. Drikker helst øl, men lite slår lammelår med rødvin. Kvitvin og reker nam.
Portvin. Akevitt til ølet..
Blomster: Har kolonihage. Elsker duften av syrin, roser
Jobb og fritid går litt i kvarandre som freelancer. Kan bli seine kvelder med masse jobb, eller fri midt på dagen og kaffe på cafe. Gå på ski om vinteren er stas.
Mi duftfortid har bestått av kjente klassikarar,  ikkje nokke rart og mystisk her:
Rive Gauche. Anais Anais ( Den er vel den eg har brukt mest i mi parfymetid)
Beautiful, littegranne.
Paris. Ein periode i 20-åra.
Ein gang fekk eg ei flaske Opium i gave. Det var HEILT feil.
Som gravid og ammende kvinne, slutta eg med nesten alle dufter. Blei berre sånn.
Er stadig innom parfymeri og tester. Men finn liksom aldri den som er heilt meg.
No for tida brukar eg Elizabeth Ardens Grean Tea. Den kan ein bruke stort sett heile tida.
Men hadde vært kjekt med nokke nytt. Liker vel dei som ikkje er for tungde og bedøvande.
Kva skal vi foreslå for May, folkens?

Slett meg!

16/11/2010

Det er oppretta ei ny nettside som marknadsfører seg som ein fin måte å leite fram bursdagane til vennane dine.

Men samstundes er det sjølvsagt ein enorm database som sannsynlegvis inneheld dine personopplysingar. Eg søkte opp meg sjølv, og fekk opp info om både det eine og det andre.

Slikt irriterer meg grenselaust. Eg går ut frå at mange av lesarane mine heller ikkje vil ha sine personopplysingar i ein slik database. Difor kan du gå inn her og slette det som står om deg.

Søk opp deg sjølv, klikk på namnet ditt og velg å slette innhaldet. så får du ein mail med ei slettelenke.

Ei sterk historie

15/11/2010

Viss du ikkje har sett det før, så bør du. I kveld kl. 22:30 på NRK 1 går tv-forteljinga En sterk historie.

Den fortel om Bjørn Hansens møte med den kvinnelege pastoren Jeanne Beharry.  Møtet fann stad under raseopptøyane i Los Angeles i 1992, utløyst av frikjenninga av fire kvite politimenn som mishandla Rodney King.

Du får høyre historia bak denne reportasjereisa, og i tillegg har Bjørn Hansen dratt tilbake for å møte Jeanne Beharry igjen. Skru på.

Kjempetabbe!

15/11/2010

Eg las ikkje denne mailen frå Fru Storlien nøye nok, og dermed så gjekk det meg hus forbi at ho skulle til London i helga som var. Jaja, vi får prøve å hjelpe henne som best vi kan utan London-handling i tankane. No har vi jo fått mange fine parfymeri her i Oslo og med stort utval. Her er hennar “søknad”:

Dette må jo testes og i tillegg passer det bra siden jeg drar til London fredag og er klar for å fornye godluktene mine.
Jeg bruker en del parfyme, men handler mye på innfall. De jeg bruker mest, eller har vært gladest i er:
Fantasia di Fendi ( som har gått ut), Mirto di Panarea fra å (hjelp, jernteppe, det italienske merket), og den rosa fra Stella McCartney, peony?, samt Flowerbomb fra Victor & Rolf.
Hva jeg liker av mat; tja, sjømat, frukt og grønnsaker, pasta, skikkelig reinsdyrkjøtt, sjokolade.
Og drikke; det går jo mest i kaffe til hverdags, svart kaffe og kaldt vann. Ellers er ikke vin å forakte, hvit eller rose. Rødvin får jeg vondt i hodet av.
Blomster ; levende, fioler, markblomster, pioner, liljer. jeg er glad i blomster både ute og inne, men kan ikke ha hvite, avskårne blomster inne. Bterk blomsterduft i parfymer føler jeg ikke passer meg, det blir lett for mye.
Fritid/hobby; håndarbeid; husflid, bunad, strikking, brodering. Jeg leser mye, er ute med barn, bikkje og mann.
Og ellers liker jeg lukten av bål, våt jord, fersk bakst og rene klær, og fersk sigarduft.
Lykke til,
hilsen
Fru Storlien

Torta della Nonna

14/11/2010

I dag serverer eg ei klassisk italiensk kake, Torta della Nonna. Torta della Nonna betyr Bestemors kake, og dette er ei kake som det finst like mange oppskrifter på som det finst italienske bestemødre. Den er eigentleg ein pai med søt paideig, som er fylt med ein vaniljekrem.

Vaniljekremen kan smaksettast på ulikt vis, og det kan faktisk også deigen. Mange har sitrusskal i deigen, i dag droppa eg det. Derimot hadde eg litt sitronskal i fyllet, men det kan du droppe viss du ikkje likar det. Husk at du ikkje skal ha kjensla av å spise sitronkrem, vanilje og ost skal vere hovudsmaken.

Eg har eksperimentert med å ha smelta sjokolade i fyllet, og det kan eg love deg smakar fantastisk. Kremen kan også smaksettast med Cointreau eller annan sitruslikør, viss du har i skapet. Denne vaniljekremoppskrifta er så enkel og ”safe” at  du gjerne kan bruke den i andre samanhengar der du skal ha vaniljekrem. Husk å bruke ekte vaniljesukker når du lagar denne kaka. Det grønstripete frå Tørsleff som dei har på ICA, veit du. Slik gjer du det:

Torta della Nonna

Fyll – vaniljekrem:

2,5 dl heilmjølk

1 ts vaniljesukker

3 eggeplommer

1 dl sukker

125 g kremost, naturell

2 ss mjøl

Skal av ein sitron, eventuelt 2 ss cointreau

Deig:

225 g mjøl

100 g sukker

120 g meierismør

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

¼ ts salt

1 egg

Til pensling:

1 eggekvite

25 g pinjekjerner

Melis

Ha mjølka i ei tjukkbotna gryte saman med vaniljesukkeret, og la det koke opp. Ta til side. Ha eggeplommer, mjøl, ost og sukker i ein bolle, og pisk det glatt med handmiksar. Ha i smakstilsetninga du brukar og rør godt. Slå i den nyoppkokte mjølka medan du rører godt. Ha alt tilbake i gryta, og set det på plata igjen. La det heile koke opp att medan du rører flittig. La det boble forsiktig i eit minutt. Ta gryta av plata og hell kremen i ein bolle. Set den kaldt medan du lagar paiskalet.

Finn fram ei 22 cm paiform. Set steikeomnen på 175 grader. Ha mjøl, sukker, bakepulver, vaniljesukker og salt i ei matmølle. Køyr det litt for å blande ingrediensane. Ha i smøret i klumpar. Køyr det til alt smøret har fordelt seg i mjølblandinga. Ha i egget, og køyr til deigen samlar seg om midtpålen i matmølla. Legg deigen kaldt litt.

Del deigen i to. Kjevle den eine, gjerne på gladpack eller på godt strødd bordplate. Flytt deigen over i paiforma, og trykk den godt ut i kantane. Skjer bort det som går over kantane med ein skarp kniv.

Ha den kolna kremen i paiskalet. Kjevle ut den andre halvdelen av deigen, og legg den oppå kremen. Brett kanten på det nederste deiglaget ned på det på toppen. Stikk nokre luftehol i topploket, og steik paien i 35-40 minutt, til den er pent gylden.

Rist pinjekjerner i tørr steikepanne til dei er pent brune. Dryss dei over kaka. Ha litt melis i ein tesil, og pudre over til slutt. Har du ikkje pinjekjerner kan du bruke mandelflak. Server med jordbær frå frysedisken som du tiner og køyrer glatt med litt sukker til ein bærsaus.

No er det HildeG sin tur…

13/11/2010

HildeG er ein flittig kommentator her, og god venn frå Hagegal. Ho har også eit ønske om å få forslag til dufter. Her er hennar “sjølvmelding”:

Hehe, jeg er antagelig en relativt håpløs kandidat, men tar gjerne imot noen gode forslag.

Halvgammel, nokså ujålete kjerring. Liker å lukte godt innimellom, ikke minst setter mannfolket pris på det :-)
Bruker ikke parfyme til daglig siden jeg jobber i helsevesenet.

Liker: Mat: ris og pastaretter, asiatiske ting, egentlig ganske altetende? Liker IKKE: rakfisk, rømmegrøt og joikakaker.

Drikke: Farris med mango (men vil IKKE ha mangoduftende parfyme…), vin, kaffe. Ingen tedrikker, men kan drikke blåbærte eller eple/kanelte. Liker cognac, men ikke whisky.

Blomster: Ja takk! Liker nesten alle blomster. De bør dufte, men kan ikke komme på noen bestemt blomsterduft jeg liker best – alle har sin sjarm og hele hagen bør dufte.

Andre dufter: De vanlige? Liker hage, lukten av jord om våren, god middag i ovnen, ferske brød.

Har to parfymer jeg har brukt de siste årene som jeg liker godt: Kenzo Flower og Calvn Klein Truth.

Brukte tidligere Salvador Dali på grønn trutflaske, husker ikke hva den het.
Cabochard likte jeg også en gang i urtiden.

Forslag, anyone? Noko seier chypre såvidt eg kan forstå, kva seier sniffefolket?


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers