Arkiv for desember, 2010

Nye dansesko…

31/12/2010

I september var eg på Storo og sjekka ut det nyopna kjøpesenteret, og i ein skobutikk fann eg dei perfekte danseskoa.

Eg har alltid vore glad i sko frå Gabor, og der sto dei, perfekte, med raud såle, glatte og fine for å fungere på dansegolvet, og med ei lett stropp over vrista for å site godt på gjennom ein tango. Men finansane var elendige, så eg lot dei stå.

I går var eg der igjen. Eg hadde ikkje gløymt skoa, men det var for usannsynleg at dei skulle ha dei att i min storleik. Fjortenåringen var tolmodig, og vart med meg for å sjå om dei sto der.

To par hadde dei att, eit par i str. 37 og eit par i min storleik. Dei er like perfekte som dei var i september, og no syns eg at eg fortenar dei, for å ha venta så lenge. Eg drog kortet, og no er dei mine. Er dei ikkje flotte? Mine er ikkje semska, men i glatt skinn. Og med lysande raud såle, sjølvsagt. Lekkert!

Cartier: Le Baiser du Dragon

30/12/2010

Le Baiser du Dragon (Dragens kyss) kom i 2004, og var ei av dei store treduftene for kvinner lansert i rekka etter Diors Dolce Vita.

Den er orientalsk, men i ein annan kategori enn Opium og Mitsouko. Den opnar floralt med appelsinblomst (neroli) og gardenia, første gongen eg lukta på den trudde eg det var mynte i den. Men det er dei florale notane som gir opninga eit lett preg, lettare enn Dolce Vita, som går meir rett på trenotane, med eit innslag av frukt.

Etter ei stund blir Le Baiser varmare på huda, og den tek ikkje stor plass. Du skal ganske nær for å kjenne den, med mindre beraren har overdosert.

Ein kan få assosiasjonar til vanilje, men det er patsjuli og amber som gir sødma i botnen. Men først og fremst er Le Baiser ei treduft, med sedertre som blir runda av med musk og dei søtlege notane.

Den er ikkje så skarp som Feminité de Bois, og den er varmare og søtare i avslutninga enn Dolce Vita. Den tek ikkje på langt nær så stor plass som Opium.

Le Baiser du Dragon fortener å bli brukt meir, den er tiltalande og lett å gå med, samstundes som den har karakter. Flaska er lekker, inspirert av kinesisk trearbeid og lakkerte skap.

Inn ei ny dør

29/12/2010

Korleis vi får nøklane varierer. Av og til møter vi ein nabo, nokre gongar møter vi dei vi skal bytte med her i Norge eller der vi kjem, og andre gongar ligg dei i ein konvolutt i ein ekspedisjon eller eit hittegodskontor på flyplassen, gjerne saman med bilnøklane, parkeringslappen som vi skal betale for og eit hyggeleg brev med instruksar om korleis vi skal køyre.

Når vi kjem fram er det stilt, vi parkerer bilen og stig ut. Stort sett reiser vi “lett”, vi har alltid tilgang til vaskemaskin, og sengetøy og handklede brukar vi av det som er i huset. Det gjer at vi reiser med små koffertar, eller klede til to i ein koffert.

Når vi låser oss inn er det alltid spennande å sjå om vi kjenner oss att frå bilda på boligbytte.no. Vi går frå rom til rom, avtalar kven som skal sove kvar, sjekkar ut badet og kjøkkenet, og gjer oss kjent i huset. Skal vi ha gjestar i løpet av opphaldet planlegg vi kvar det er best at dei søv. Sengene vi har avtalt å bruke er oppreidde med nye, reine sengeklede, slik vi forlot det hos oss.

Så pakkar vi ut av koffertane. Toalettsakene går naturleg nok på badet, står det noko av deira att prøver eg å få plass til det i hyller og skap slik at vi ikkje “blandar” tinga våre. Som regel er det gjort god plass til våre klede, nokre hyller er rydda ut slik at vi har plass til vårt. Viss det mot formodning ikkje skulle vere rydda plass puttar vi koffertane våre slik at vi kan bruke den som “skuff”.

På kjøkkenet må ein og gjere seg kjend, eg sjekkar i kjøleskapet, og viss eg ser noko som manglar som vi vil ha skriv eg ei handleliste. Det er tradisjon for å etterlate seg litt mat i kjøleskapet, ein middag eller noko godt pålegg og litt mjølk og juice. Nokre gjer som meg, og set att sausar, sennep, relish og pastaer. Andre ryddar heilt reint, det varierer frå heim til heim.

Barna gjer seg kjende med tv, spelkonsollar, bøker, filmar og andre ting dei kan underhalde seg med. Som regel får vi vite på førehand kva konsollar dei har, og viss vi har spel som passar tek vi dei med. Til land i sør-Europa tek vi med eigne filmar, det er heilt håplaust å finne filmar med engelsk tekst. Ei lita mappe gjer at vi kan ha koselege filmkveldar i løpet av tida vi er der.

Så tek vi oss gjerne ein tur i nabolaget, med instruksane frå huseigarane i handa. Det kan vere til fots, viss vi bur nær eit sentrum, på sykkel eller i bil. Vi får stort sett alltid ein liten bunt med ark der dei har skrive kvar vi bør gå for å handle, kvar dei fine restaurantane i nabolaget er og kva ting som er verd å sjå i området der vi bur. Det kan vere alt frå klosterruinar til badeparkar, frå museum til akvarier.

Å besøke den lokale bakaren er alltid stas, av ein eller annan grunn er ferskt brød veldig godt når ein er på tur. Nokre kaker får vi også med heim, og mor, som stiller strenge krav til te, må innom ein kolonial og finne ut kva for ein earl grey som er best.

Når ein bur hos andre slik vi gjer så brukar ein salt, peppar, kveitemjøl og andre tørrvarer av det som er i huset. Går noko tomt, eller forsyner vi oss grådig av noko, kjøper vi att. Likevel gjer dette at vi sparer masse i forhold til om vi skulle leige eit hus som er tomt for slikt. Det meste brukar ein berre litt av, så det gjer ikkje eit stort innhogg i hushaldet, det vi forsyner oss med. Vi set sjølvsagt att det vi har kjøpt undervegs av andre ting, og det er alltid artig å kome heim og sjå kva dei andre har sett att hos oss.

Vi har aldri opplevd at dit vi kjem ikkje er reint og velstelt. Enkelte har sjølvsagt framme meir ting enn vi er vande med, då ryddar eg det berre diskret bort. Når vi reiser heim tørkar vi over alle flater, og vaskar dusj og toalett, kjøkkenvaskar og kraner. Dei plassane der vi har hatt hushjelp (ja, dei finst faktisk, sjølv om vi ikkje har hushjelp i bytte) har vi sluppe det, men betalt hushjelpa litt ekstra for å ta vår avslutningsvask.

Vi set på vaskemaskin med våre sengklede før vi reiser, og rekk vi det heng vi dei også opp til tørk. Vi leiter også fram nye sengeklede og legg dei på, det er hyggeleg for dei når dei kjem tilbake.

Sidan vi vil forlate huset nokolunde i orden brukar vi å reise heim på ettermiddagen. Det gjer at vi får tid til å etterlate huset slik vi ynskjer å finne vårt. Vi har aldri blitt skuffa på dette punktet. Det er faktisk ei av dei mange gledene med boligbytte, at når du kjem heim til deg sjølv er det strøkent. Eg merkar det når eg reiser bort utan å bytte, når eg kjem heim ser eg rotet eg etterlot meg.

Når vi reiser legg vi att ei lita gåve, viss vi ikkje etterlot oss ei gåve til dei då vi forlot vår heim. Det kjem an på kva vi gir. Sist vi hadde franskmenn her la eg att ei bok om Oslo, den var fin å ha når dei var her, så den fekk dei her. Då vi var i Egypt hadde vi med oss ei bok om norske troll, den la vi att i Kairo, så dei skulle sleppe å dra den med seg i bagasjen då dei reiste heim. Vi set også ei flaske vin på benken, og presiserer at dei kan drikke den viss dei vil, med tanke på norske polprisar.

Dei ein møter når ein byttar hus er nok dei rause menneska. Dei som ikkje er redde for kva som kan skje, dei trur at dei fleste ein møter vil ein vel. Alle vi har bytta med har strekt seg langt for at vi skulle ha det bra, dei har avtalt med naboar og sytt for at vi hadde nokon å spørje, dei har alarmert nevøar og nieser for å hjelpe oss med å kome på internett og dei let vere å stanse avisa si, slik at vi kan stave oss igjennom den og lære meir om landet vi er i. Opplevingane vi har hatt med å bytte hus sannar mi tru på det gode i mennesket.

Tilboda rausar inn!

28/12/2010

Romjula er tid for avslapping, ettertanke og frøbestilling blant dei hagegale. Men det er også beste tida for å sende og å motta boligbyttetilbod.

Berre dei siste dagane har vi motteke tre tilbod frå Italia og eit frå Sveits. Det hus og husvære i vakre byar, pittoreske og sjarmerande. Det er tydeleg at det gode flytilbodet frå Nord-Italia, både Bergamo og Treviso, er med på å gjere Norge attraktivt for italienske boligbyttepartnerar.

Håkken skal ein godblunke til, er spørsmålet vi må stille oss sjølve. Førebels har vi ikkje teke fast på noko, men det er ikkje lenge til vi må bestemme oss, iallfall seie nei til dei vi ikkje vil bytte med, slik at dei kan gå vidare i samtalar med andre.

Vi byttar gjennom Homelink, som du kan besøke på www.boligbytte.no. Sjølv om du ikkje er medlem kan du gå inn og kikke for å sjå kva aktuelle bytteobjekt som finst der du vil reise. For den reiseglade er det reine godtebutikken å virre rundt på favorittdestinasjonane og sjå kva som byr seg.

Erfaringane våre har eg skrive meir om her. Vi har berre hatt gode opplevingar med boligbytte, etter å ha hatt 14 bytte på seks år. Viss det er noko du lurer på kan du spørje i kommentarfeltet, så kan eg prøve å svare. Du finn også mykje nyttig info på boligbytte-sidene til Homelink.

For lite dansing på jobb?

27/12/2010

Det er berre å gjere det, veit du. Få med deg gjengen og rist på rumpa.

Juleevangeliet

26/12/2010

Her har du den moderne versjonen.

Jul – ei bruksanvisning

25/12/2010

Vinter på vestlandet

25/12/2010

Slik ser det ut viss du står i stova til foreldra mine, og ser ut over havet i retning Volda. Er det ikkje vakkert?

Og når vi set oss i bilen og reiser dit min kjære kjem frå møter vi denne utsikta omtrent midtvegs. Kjem du der grytidleg om morgonen kan du sjå hurtigruta passere.

God jul!

24/12/2010

No luktar det fantastisk av fåreribbe i huset, rabbene (kålrabi på sunnmørsk) kokar og det er ikkje så lenge til vi skal sette oss til bords.

Eg ynskjer alle mine lesarar ei god jul, ta vare på dine og tell til ti når gamleonkel seier dumme ting, slik at verdskrigen bryt ut ein annan gong enn rundt julebordet. Har du bestilt julenisse vonar eg han er betre til beins enn han her.

Kvelden før kvelden

23/12/2010

Freden har senka seg.

No står karamellpuddingen i omnen, fåreribba ligg i vatn og vi er på veg til eit seint førjulsselskap. Viss du gjekk glipp av grevinna og hovmesteren så finn du den her, så kan du sjå den når du vil.

Fredeleg jul!

Kjedar du deg?

23/12/2010

Nei, sjølvsagt gjer du ikkje det. Denne dagen er det ingen over 20 som kjedar seg. Dei som er under 20 held på å døy av keisemd, viss dei ikkje vert piska rundt av foreldra sine.

Men uansett; skulle du ha ei stille stund for deg sjølv, så sjekk ut dette. Kule damer brukar nynorsk. Berre så du veit det.

Heim til jul

22/12/2010

Maria Mena syng det også fint, men for meg har gode, gamle Chris Rea laga min ultimate heim til jul-song.

No køyrer vi frå Oslo og vestover, og det blir jul i heilt nye omgjevnader, heime hos familien til min kjære. Barna er saman med pappaen sin heime hos hans foreldre på Finnskogen, og har det kjempefint der. Vi hadde julaftan her på søndag, og vi traff med gåvene, virkar det som. Estée Lauder og Lego fall i smak.

Vi vender nasa nedover att om kvelden andre juledag, og så kjem barna hit tredje juledag og blir her over nyttår. Eg kjem til å blogge gjennom jula, men i kveld, når vi køyrer avgarde, passar det å ynskje alle lesarane mine ei fredeleg og fin jul. Fortell dei du er glad i at du er det, og nyt alt det gode rundt deg, lys, mat, drikke og fine menneske.

Eggeplommekaker

22/12/2010

Slit du og med at du får for mange eggeplommer?

Kvart år lagar eg plettar, og då står eg der med sju eggeplommer som eg slit med å bruke opp. Eg lagar juleaioli til kjære, i år fekk ho til og med to sortar, der gjekk det tre. Av og til lagar vi spagetti carbonara til middag desse dagane, men denne gongen passa ikkje det.

Men eg har funne ei oppskrift som er genial for å få brukt opp eggeplommer. Eigentleg er det ein slags omvendt marengs, med eggeplomme i staden for eggekvite. Skilnaden er at eggeplommekakedeigen vert fast og fin, og så bles kakene seg opp, nesten som popcorn. Gøy!

Desse kakene er også fine fordi dei er gluten- og mjølkefrie. Er du i det rampete hjørnet kan du smelte litt sjokolade og dyppe dei i, pass på at det er mjølkefri sjokolade viss du gir kakene til allergikarar. Kakene kan også smaksettast på ulike måtar. Eg gjorde det enkelt, med vaniljesukker, ørlite salt og litt sitronsaft, men her er det uante muligheiter. Slik gjer du det:

Eggeplommekaker

2 eggeplommer

ca. 250 g melis

Ei lita klype salt

1 ts sitronsaft

1 ts vaniljesukker

1/2 ts hornsalt

Ha alt i ein bolle, og bland til ein relativt fast deig. Ta opp deig med ei teskei, og form det som noko som liknar på ei klinkekule som du set på brettet på bakepapir. Du kan gå ut frå at dei firedoblar storleiken sin. Steik kakene i ca. 12-15 minutt på 160 grader. Følg med på slutten, dei skal ikkje bli brune, berre lys gyldne og luftige.

(Syns du det manglar bilde her? Kakene vart putta i boks og drog over plenen før eg rakk å fotografere dei. Sorry, skal skjerpe meg.)

Solsnu og snart jul

21/12/2010

I kveld er det solsnu, og eigentleg burde vi ete solsnugraut eller noko slikt.

Det står ikkje på mi to do-liste, eg skal lage marmelade, to slag kaker og så skal vi over plenen med julegåve til kjære og familien hennar. Viss alt klaffar klarer eg til og med å steike to biffar til middag/kveldsmat.

I mellomtida kan du kose deg med denne fine sangen frå Amalies jul. Den gjekk første gong som adventsbarne-tv i 1995, men gjekk i reprise i 1997 og 2000. I 2000 hadde vi akkurat flytta hit vi bur no, vi hadde det relativt kaotisk, med oppussing som medførte at vi i periodar mangla både tak i stova og vegg mellom stova og soverommet.

Fjortenåringen var då naturleg nok fire år, og NRK sin adventsserie gjorde stort inntrykk. Denne sangen song eg til henne og veslebroren når dei skulle legge seg i lang tid etter jul. Er den ikkje fin?

 

Juleselskap hos fine kusine

21/12/2010

Kvart år får vi ein veldig hyggeleg invitasjon. Ei av mine fine kusiner inviterer til førjulsselskap.

Der serverer ho gløgg, pølser til barna og ei fyldig kyllingsuppe til dei vaksne. Så leikar vi, spelar spel, gaular til singstar og byttar julegåver.

Vi dreg dit med fire posar til fire familiar, og kjem heim med fire posar frå fire familiar. Det er eit avslappande og fint selskap der alle kjem som dei er, og der alle vert tekne imot med opne armar. Serveringa er ukomplisert, men akkurat det vi treng.

Høgdepunktet for barna er å få pynte juletreet til fine kusine. Når vi kjem er det tomt, og når vi dreg igjen er det ferdig pynta med glitter, kuler og lys.

Fine kusine har gitt meg lov til å blogge oppskrifta på suppa. Det er ei slags moderne, krema mulligatawny-suppe, enkel og god. Dette er nok til suppe til åtte personar. Slik lagar du den:

Fine kusines kyllingsuppe

4 kyllingfiletar

2 eple

2 løkar

1 ss karri

4 boksar finhakka tomatar

1/2 liter vatn

6 dl fløte

2 terningar grønsaksbuljong

2 ts sukker

Salt og peppar, samt smør/margarin til steiking.

Det du måtte ha av grøne urter til å strø over

Skrell og finhakk løk og eple. Del kyllingen i relativt små bitar. Smelt smøret i ei vid gryte. Ha i karri, og la det frese litt før du har i løk og eple. Ha i kyllingen og la den surre til den skiftar farge.

Slå på vatn, tomatar og ha i buljongterningane. La det heile koke opp, og la det småkoke i ti minutt. Smak til med salt, peppar og sukker. Ha fløten i til slutt, og la det koke opp igjen.

Likar du suppa sterkare kan du godt supplere med litt chilipulver. Dryss hakka urter over rett før servering. Server med godt brød og smør til.

Være ventet, komme hjem

20/12/2010

LIVETS LYS

Det kan tenkes at de døde
møter dype ensomheter,
enda større ensomheter
enn de finnes på vår jord.

Driften imot evigheten
dør kan hende i de døde,
og små øyeblikk i livet
står som stjernelys for dem.

Ikke livets store stunder
tror jeg da en sjel vil savne,
ikke det som slekter minnes
av de dødes døde liv.

Men små øyeblikk som lyser
som en lys natts ene stjerne,
- halvt usynlig er den døgnets
dyre kjerne.

Kanskje klare sommerkvelder
som så lykkelig var like
at de salig faller sammen
blir det ene i ditt liv.

Sommerkvelden. Veien flyter
som en flod av fred i kornet.
Du går hjem og du er ventet.
Være ventet og gå hjem …

Fantes det da noe bedre?
Nei, i døden vil du minnes,
hvis du minnes, – dette ene:
Være ventet, – komme hjem.

Kanskje noe godt på bordet
viste at hun ventet på deg?
Kanskje noen flere tanker
ble til blomster ved din plass.

Tenne lampen? Ja, vi ser jo …
Jo, – i grunnen, – tenn den minste.
Se, din hustru, – sier lampen.
Alt er hennes, hun er din.

Skal forglemmegeien glemmes
for den går i ett med himlen?
Lykken er en hverdagsaften.
Gjør det livet mindre rikt?

Hvis de døde savner noe,
er det dette de må savne.
Ja, jeg vet at det er dette,
- og er ennu ikke død.

Gunnar Reiss Andersen, Horisont (1934)

Julekaker dei fleste kan spise

20/12/2010

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar.

Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt.

Du kan variere smaken ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Slik gjer du det:

Havrecookies

2 dl mjølkefri margarin

2 dl demerarasjukker

2 dl vanleg sukker

8 dl glutenfrie havregryn

2 små ts bakepulver

2 små ts natron

2 ts vaniljesukker

0,5 dl kokande vatn

1 ts kanel

2 dl rosiner

Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, og rør godt. Sett røra med skei på bakepapir. Desse kakene flyt veldig ut, så det går neppe meir enn ni på eit brett. Steik dei til dei er pent brune, ca. 15 minutt. La dei kolne litt på bakepapiret før du eventuelt delar dei frå kvarandre der dei har smelta saman.

Krumkaker vert normalt lagde med egg, og det gjer naturleg nok at dei som er allergiske mot egg ikkje kan ete dei. Denne oppskrifta er eggefri, men ikkje gluten- eller mjølkefri.

Krumkaker utan egg

2,5 dl kremfløte

90 g sukker

130 g kveitemjøl

litt vatn

Bland alt til ei passe tjukk røre, litt tjukkare enn til pannekaker. Steik dei i krumkakejern til dei er pent lysebrune. Rull dei eller form dei som ein kopp slik at du kan servere dessert i dei.

Julejule

19/12/2010

Sjekk ut denne!

Sverre Sætre: Den store kakeboka

19/12/2010

Den store kakeboka er akkurat det tittelen seier, verken meir eller mindre. Eg har vel aldri sett ei så omfattande kakebok, som famnar både norske tradisjonelle oppskrifter, franske spesialitetar og basisoppskrifter for alle typer deigar, kremar og pynt.

Sverre Sætre har verkeleg gjort ein kjempejobb med å samle, prøve ut og å presentere eit fantastisk utval av kaker. Du finn alt frå Kvæfjordkake til suksessterte, frå fruktterter til julebakst, frå eclaires til vørterbrød. Skilnaden på muffins og cupcakes får du også lære.

Oppskriftene er nøye nok til at alle kan klare å bake etter dei, og likevel enkle nok til at det ser overkomeleg ut. Dette er ei bok både for røynde bakarar og for nybegynnarar.

Det er svært lite å sette fingeren på i boka. Etter ei nøye gjennomlesing så kan eg konstatere at han lagar gulrotkake med olje utan salt, det ville ikkje eg gjort. Langpannesjokoladekaka hans blir nok litt tynn, iallfall med standard langpanner. I ei lita langpanne blir den fin. Bortsett frå slike petitesser så er eg veldig imponert over denne boka.

Finn du denne boka under juletreet kan du rydde i bokhylla, den erstattar iallfall tre-fire ulike bakebøker som eg har samla på meg igjennom åra. Finn du den ikkje, så unn deg den som nyttårsgåve til deg sjølv. Fordi du fortener det.

La fornufta råde!

18/12/2010

Eg har sagt det før: Gunnar Tjomlid er min helt. No er han i finalen i Tordenbloggen, og fortener at vi stemmer han fram.

For meg er bloggen Unfiltered Perception ei oase av sunn fornuft, skepsis og grundig research om tema som det er alt for mykje tåkeprat om. Gunnar pillar ubegrunna påstandar frå kvarandre med velfortent hard hand. Difor fortener han å vinne Tordenbloggen 2010, syns eg.

Avstemminga er open til i morgon, søndag 19. desember kl. 16. Stemmer i kommentarfeltet tel ekstra, og grunngjevne stremmer tel dobbelt. Fyr laus!

Mor har fått maske!

18/12/2010

Inspirert av min eigen vintersyklingstråd her inne på tirsdag så har eg sjekka marknaden for pustemasker for idrett.

No har eg vore på Oslo Sportslager, og lagt att nokre pengar for å skaffe meg denne flotte maska.

Dei andre hadde ein slik tut, og eg fekk litt romlingane-kjensle. Det er eg alt for forfengeleg til å gå med. Denne derimot, hadde ein slags kamo-dekor, men ikkje verre enn at eg kan gå med den. Eller sykle, for å vere heilt presis.

Eg spurte han som selde meg den kor ofte eg måtte skifte filter i den. “Når du ser at det har blitt misfarget”, sa han. Eg trur ikkje han har teke omsyn til alt det kvinner går med i ansiktet.

Mi maske er allereie lettare misfarga av eit lag med Max Factor Lasting performance i fargen pastelle, og i midten ein liten stenk av Estee Lauder Michael Kors Lipgloss i fargen Very Hollywood. Men så har eg ikkje sett så mange damer med slike masker heller.

Uansett, sjølv om eg føler meg som mammaen til Luke Skywalker, når det er kaldt fungerer den veldig godt for mine lett astmabefengte lunger. God sykkeltur!

I går…

17/12/2010

var vi og høyrde desse damene synge jula inn. Fyttikatta, dei er flinke. Give it up for Pitsj!

Lei av julemusikk?

16/12/2010

Sjå denne, så får du tårene tilbake i augene, og kjenner energien som musikk kan gje.

Nytt hus!

16/12/2010

Ja, vi bakar altså nytt pepparkakehus kvart år, og så knuser vi det på nyttårsaftan.

Årets modell er pynta av to fjortisjenter, stor innsats, litt rennande glasur og nytt godteriutval. Jellybeans og Lovehearts var årets pynt, som seg hør og bør.

No skal det få stå på hylla i spisestova og vere med på dei juleselskapa som måtte kome her i huset. Når det skal vere skikkeleg fest her legg vi inni ei batteridriven lyskjede, slik at det ser ut som det bur folk i huset. Her ser du korleis vi lagar dei fine vindauga.

Kanskje du kan lenke til bilde av ditt pepparkakehus, viss du har eit?

Walkout!

15/12/2010

Mine faste lesarar er vel kanskje ikkje i målgruppa for dette, men eg er så stolt at eg må berre skrive om det likevel.

Fjortenåringen har starta nettmagasin saman med vennegjengen sin! Dei har fått støtte frå Frifond, dei har kjøpt domene og dei publiserer over ein låg sko.

Magasinet heiter Walkout, og rettar seg til ungdom mellom 12 og 30 hevdar dei. Eg syns dei er flinke, og viss du kjenner nokon i målgruppa kan du jo sende dei ei lenke, kanskje?


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers