Cartier: Le Baiser du Dragon

Le Baiser du Dragon (Dragens kyss) kom i 2004, og var ei av dei store treduftene for kvinner lansert i rekka etter Diors Dolce Vita.

Den er orientalsk, men i ein annan kategori enn Opium og Mitsouko. Den opnar floralt med appelsinblomst (neroli) og gardenia, første gongen eg lukta på den trudde eg det var mynte i den. Men det er dei florale notane som gir opninga eit lett preg, lettare enn Dolce Vita, som går meir rett på trenotane, med eit innslag av frukt.

Etter ei stund blir Le Baiser varmare på huda, og den tek ikkje stor plass. Du skal ganske nær for å kjenne den, med mindre beraren har overdosert.

Ein kan få assosiasjonar til vanilje, men det er patsjuli og amber som gir sødma i botnen. Men først og fremst er Le Baiser ei treduft, med sedertre som blir runda av med musk og dei søtlege notane.

Den er ikkje så skarp som Feminité de Bois, og den er varmare og søtare i avslutninga enn Dolce Vita. Den tek ikkje på langt nær så stor plass som Opium.

Le Baiser du Dragon fortener å bli brukt meir, den er tiltalande og lett å gå med, samstundes som den har karakter. Flaska er lekker, inspirert av kinesisk trearbeid og lakkerte skap.

4 kommentarar til “Cartier: Le Baiser du Dragon”

  1. fru storlien seier:

    vet du, det er første gang du har skrevet om den parfymen jeg har på! jeg kjøpte den ifjor sommer, men har brukt den lite så nå er jeg på tilvenning. For meg er den nok mest en vinterparfyme, den oppførte seg dårligere på meg i sommervarmen…

  2. Annepålandet seier:

    Høres spennende ut! Får man den i Norge?

  3. Britt Åse seier:

    Kjempefin flaske og forlokkende omtale :D
    Det er nok en vinterparfyme vil jeg tro, ja.

  4. Alt godt seier:

    Fru storlien: Nei, eg trur nok at denne kan bli heftig om sommaren. Ei typisk vinterduft!

    Annepålandet: Tidlegare var den å få her, og det kan godt hende du kan finne den rundt omkring bortgøymd i ein krok. Men eg veit at Glasmagasinet og Steen&Strøm selde ut sine på salg i fjor, dessverre. Eg trur det var eit problem med ein distributør som kutta den ut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s