Arkiv for januar, 2011

Mysteries

31/01/2011

God knows how I adore life
When the wind turns on the shores lies another day
I cannot ask for more

When the time bell blows my heart
And I have scored a better day
Well nobody made this war of mine

And the moments that I enjoy
A place of love and mystery
I’ll be there anytime

Oh mysteries of love
Where war is no more
I’ll be there anytime

Tekst: Beth Gibbons, Melodi: Paul Douglas Webb

Matbøker på Mammut 2011

30/01/2011

No er det like før Mammut 2011 brakar laus, det store boksalget som kjem kvart år i februar.

Eg har gått igjennom katalogen, og funne fram nokre perler til deg som du bør sikre deg viss du delar kokeboksmak med meg.

Morten Schakenda si første, store bakebok  er på mammutsalg i enkelte butikkar. Eg har mellom anna sett den i Norli si liste.

Det er ei flott bok, men sjekk at du ikkje får første opplag, der er det nokre trykkfeil med doble kryddermengder og andre ting som kan vere noko forvirrande. Sett bort frå trykkfeila er det ei inspirerande og morsom bok som verkeleg gjev lyst til å ta fram mjøl og forkle.

Norli har også lagt ut Sølvskjeen på mammutsalg.

Sølvskjeen er det italienske motsvaret til den rutete kokeboka for norsk mat, og Larousse for fransk.

Denne boka er eit flott standardverk med andre ord, med over 2000 oppskrifter frå heile Italia.

Den utkom første gong for over femti år sidan, og har etter det lege på salgstoppen for kokebøker i Italia meir eller mindre samanhengande.

Vel verd å ta med seg heim, altså.

Den tredje kokeboka eg vil anbefale er 365 middager i en gryte av Guro Usterud.

Den er ei fin kokebok med mange kvardagsoppskrifter, og felles for dei alle er at du kan lage retten i ei gryte. What’s not to like?

Er du glad i sjømat og skalldyr er det ei bok som er særleg aktuell å ta med heim. Det er den svenske nestoren Leif Mannerström og Jesper Lindberg si bok Skalldyr.

Den er svært grundig og gjennomarbeida, Leif Mannerström er ein kokk som har halde på lenge, men som alltid har fornya seg.

Her lærer du mange grunnleggande teknikkar, og ikkje minst får du gode forslag til tilbehør og menyar med skalldyr. Dette er ei kvalitetsbok som alle skalldyrelskarar bør sikre seg.

Den siste boka eg vil anbefale er Tessa Kiros si bok Mat for store og små. Eg har veldig sansen for Tessa Kiros sine oppskrifter og ikkje minst det at ho samlar inspirasjon på så ulike stader som Sør-Afrika, Finland og Hellas.

Denne boka er like fin og inspirerande som dei andre ho har laga, og ikkje minst set eg pris på tankane ho har om det å lage mat som heile familien vil spise. Ho tenker ernæring, men ikkje på ein belærande måte, og ikkje minst lagar ho veldig lekre bøker. Sjekk ut denne, den er ein skatt og ei kjelde til nye idéar på kjøkkenet.

Eit glas vin er vel greitt?

29/01/2011

Hilde Pape har i mange år forska på alkoholbruk i familiar. Ho har i det siste uttalt at det er ingen indikasjonar på at det at barn opplever vaksne som drikk alkohol automatisk tek skade av det. Det er mengda, oppførselen til dei vaksne og samanhengen drikkinga skjer i som er viktig, seier ho.

Det er fredag i heimen, fjortenåringen er på seminar, så det er tolvåringen, kjærleiken og eg som kosar oss her heime. Vi et ferske reker med loff og majones, og vi vaksne drikk kvitvin til. Vi spelar kokkelimonke og har det heilt fortreffeleg.

Enkelte hevdar med hard hand at ein aldri skal drikke framfor barn. Eg vaks sjølv opp i ein heim der alkohol aldri kom på bordet. “Kven er det som har fått i hus dette ølet”, sa far min, då han fann Munkholm i kjøleskapet på julaftan, det var vel ein av svigersønene som ikkje hadde forstått opplegget der i huset.

I min eigen heim har eg praktisert det annleis. Vi har servert alkohol i det vi har vurdert som rimelege og fornuftige mengder i bursdagar, barnedåpar og andre selskap, uavhengig av om det var barn til stades eller ikkje. Vi har ingen i familien som ikkje kontrollerer alkoholforbruket sitt og blir utidige, alle veit å passe måten, for å bruke eit gamalt uttrykk.

Paal André Grinderud har gått hardt ut mot Hilde Pape, og fortalt om alle barna han har møtt som har lidd under alkoholbruken i familiane dei har vakse opp i. Dei fortel om angst, om misbruk på alle måtar, om vaksne som ikkje har klart å sette og å sjå grensene mellom barneverda og vaksenverda.

Eg har stor respekt for Paal André Grinderud og arbeidet han har gjort ved Wanda-senteret i Drammen. Det er viktig at nokon talar barna si sak i desse spørsmåla.

Samstundes kjem eg i eit dilemma når eg sjølv ikkje praktiserer det han vil skal vere hovudregelen, nemleg at barn skal sleppe å forholde seg til alkoholbruken til dei vaksne. Gjer eg det feil? Skadar eg barna mine? Er eg ei dårleg mor? Ein treng ikkje gå langt inn i internettet før ein møter store mengder moralisme, mødre (det er flest av dei) som meiner at all alkoholbruk i same rom som barn er forkasteleg.

Dilemmaet mitt vert ikkje mindre av at eg veit at om eg går ut og seier det eg meiner, nemleg at ein kontrollert og moderat alkoholbruk saman med barn ikkje skadar barna, så kan mine oppfatningar brukast som forsvar for dei som ikkje bør bruke det; dei som faktisk har eit drikkemønster som er skadeleg for deira eigne barn.

For det er ikkje tvil om at Paal André Grinderud har rett; mange barn vert utrygge og redde av vaksne sitt alkoholforbruk når dei er saman. Korleis kan eg vite at min alkoholbruk er ok, medan andre sin ikkje er det? Det er ikkje sikkert at det nyttar å spørje barna heller, barn er lojale, og seier som regel det dei trur at foreldra vil høyre.

Eg prøver å handtere dette ved å snakke med barna mine, ved å kontinuerleg sjå meg og dei eg har rundt meg utanfrå, og ved å begrense antallet situasjonar då alkohol vert sett på bordet. Det er ikkje sjølvsagt at det står raudvin på bordet her når det er søndagsmiddag. Når eg merker alkoholpåverkinga går eg over til vatn. Når eg får folk i huset som eg ikkje heilt stolar på, set eg mindre alkohol fram, og er flittig med å fylle i vassglasa.

Mine barn har aldri sett meg tydeleg berusa. Eg har bremsene på, både om dei er der eller ikkje. Eg spurte tolvåringen om han syns at vi vert forandra av vinen vi drikk. “Nei, vin er jo som deres brus”, seier han. Det er den relasjonen eg vil lære mine barn å ha til alkohol. Brus tek ein fram til fest, når nokon har bursdag eller viss noko spesielt skjer. Det er ikkje til kvardags, og det er ikkje ubegrensa. Klarer eg å formidle det så har eg oppnådd det eg ville.

Men dilemmaet står att: Ville det vere best om dei slapp å forholde seg til det fullstendig? Eg er i tvil om det, men har vel konkludert med at sidan alkohol har kome for å bli, så vil eg heller at dei skal sjå kva eit normalt forhold til alkohol er, enn at det skal vere eit ukjent fenomen som møter dei som eit sjokk på første heime åleine-fest. Berre tida vil vise om eg har valt rett.

Mørk kjøttsuppe

28/01/2011

Vegen blir til medan ein går, og slik er det ofte med mat og.

Denne suppa byrja med at eg hadde eit stykke røykt juleskinke liggande i kjøleskapet saman med eit raudkålhovud. Eg hadde ein del grønsaker og, når alt hadde kome ut av skuffene og opp på benken såg eg at eg hadde tilfang til ei god suppe. Har du andre grønsaker enn meg, så er denne oppskrifta perfekt til å variere. Bruk ditt beste skjønn, og nytt høvet til å få rydda i grønsaksskuffa. Slik gjorde eg det:

Mørk kjøttsuppe

300 g røykt kjøt, i terningar

Eit lite raudkålhovud

4 gulrøter

3 poteter

2 raude laukar

Ei persillerot

Ein purre

2 l kjøttkraft, eg brukte vatn og fond

1 ss tomatpuré

3 ss olivenolje til steiking

Timian, salt og peppar

Rens alle grønsakene, og kutt dei i cm-store bitar. Fres løken i olivenolje, dryss på timian og la det surre til løken er mjuk. Ha i tomatpuréen, og la det frese litt før du har i resten av grønsakene. Slå på kraft og la det koke i 15 minutt.

Kutt kjøtet i terningar og ha det i suppa. La det koke til kjøtet er gjennomvarmt. Smak til med salt og peppar, og server med flatbrød og godt smør.

Sjå denne!

27/01/2011

-Ein fantastisk dokumentar om Rotschild-arvingen Anna Panonnica Rothschild, som var muse for Thelonious Monk og mange andre New York-artistar. Den ligg ute på NRK sine sider berre fram til i morgon. Vel verd å bruke tid på!

Priceless II

27/01/2011

Er du og bekymra for Finland?

Linsegryte

26/01/2011

Sjølv om det kan ha noko negative konsekvensar for innemiljøet er eg veldig glad i belgfrukter. I går lagde eg ei deilig linsegryte, den vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Eg lagde den med kyllingkjøttdeig, dette utskjelte produktet som heile tida er på tilbod.

Grønsakene kan varierast, dette er det eg hadde i kjøleskapet då eg lagde den. Har du squash er det kjempegodt i. Finsnitta kål kan du og ha, om du har eit hovud liggande. Du kan bruke alle typar og fargar linser i denne gryta. Slik gjorde eg det:

Linsegryte

200 g linser

400 g kyllingkjøttdeig

Ein boks tomatar

Tre fedd kvitløk

To gule løkar

Tre gulrøtter

Ein halv purre

Tre stilkar stangselleri

5 dl vatn

1 ss fond, buljongpulver eller 2 terningar

Spisskummen

1 ts tørka timian

Smør og/eller olje til steiking

Sitronsaft, salt og peppar

Set linsene i blaut i rikeleg med vatn.

Finhakk løk, kvitløk og gulrøtter. Surr det i ei gryte på middels varme. Dra det til side i gryta, og steik kyllingkjøtdeigen ved sidan av. Ha i purre i skiver og stangselleri i tynne skiver i gryta, og slå på vatn med buljongpulver. Ha i timian og spisskummen, og la det heile koke ein halvtime medan du koker linsene møre. Smak til med salt og peppar.

Slå av bløytevatnet til linsene. Kok opp rikeleg med vatn med 2 ts salt og ein buljongterning, og kok linsene til dei er møre.  Vend ei skei smør eller margarin inn i linsene, og ha litt sitronsaft over viss du har.

No kan du velge om du vil vende linsene inn i gryta eller servere dei ved sidan av. Begge delar fungerer heilt fint. Server med godt brød til.

Kor mange er han eigentleg?

25/01/2011

Minst fem på same tid, iallfall. Imponerande.

 

Fine Audun er borte

24/01/2011

Audun Tylden døydde i dag, 62 år gamal. Han døydde “in action” , han hadde akkurat vore på Midem, den årlege internasjonale platemessa som gjekk av stabelen i Cannes.

Det var i denne samanhengen eg møtte han, då han var styreleiar i FONO på slutten av nittitalet. Sjeldan har eg møtt ein varmare og meir positiv mann enn Audun. På fest var det berre å sette seg ved sidan av han, då hadde du ikkje eit kjedeleg minutt.

Han var genuint interessert i så mange ting. Då han høyrde namnet mitt kunne han liste opp bilnummera på bussane til far min. (Eg vonar nokon tek godt vare på samlinga hans av bussbilde.) Han spurte om vi hadde teke vare på T 1261, for det var ein fin buss.

Platesamlinga hans er historisk, det same er ølflaskesamlinga hans. Men aller mest samla han på menneske. Eg kjenner ingen som har vore med i krigen så mange gongar, men som har så få uvennar. Det gjekk ikkje an å vere uvenn med Audun. Han var berre ganske enkelt ein fin fyr.

Bildet er frå www.tylden.no, og viser Audun saman med sin kompanjong, Tom Hovde.

Å sylte i januar

24/01/2011

At ein syltar i juli, august og september er nok det mest vanlege, men eg syltar også i januar.

Som eg skreiv om her så fekk vi mykje frukt i huset rundt juletider. Nokre av desse epla vart faktisk liggande heilt til no. Skrukkete og slitne var dei, sjølv om dei hadde blitt utsett for gjenopplivingsforsøk med netter i kaldt vatn i kjøleskapet. (Ingen skal seie at eg hiv mat utan at eg må.)

Har du ikkje eple liggande, men får lyst på litt frisk eplemos kan du bruke dei billige elstar-epla som du får kjøpt i posar på to kilo. Dei er søte og gode i smaken, og passar godt til mos.

Eplemos kan ein alltid lage. Eg hadde seks eple, og enda opp med to glas med deilig eplemos. Epla var ikkje av den syrlege sorten, og ein månads lagring i kjøkkenet mitt gjorde at dei ikkje var spesielt saftige heller. Difor måtte eg tilsette litt væte for at dei ikkje skulle brenne seg i gryta. Det brukar eg vanlegvis ikkje gjere når eg lagar eplemos av haustfriske eple.

Sitronsyre tilførte frisk smak og gjorde at mosen beheldt den fine, lyse fargen. Har du ikkje sitronsyre kan du bytte det ut med litt sitronsaft. Eg brukte lite sukker, mosen vart søt nok av eplesødma av dei overmodne epla.

Sidan eg planla å bruke mosen til tilslørte bondepiker, lot eg ei kanelstang koke med epla. Eple og kanel saman blir aldri feil. Har du ikkje ei kanelstang liggande etter jul blir mosen god utan og. Slik gjorde eg det:

Eplemos

600 g eple, skrelt og utan kjernehus

250 g sukker

1/2 ts sitronsyre

15 g (1 ss) syltepulver

1 dl vatn

Ein bit kanelstang om du har

Kutt dei rensa epla i bitar, og legg dei i ei gryte saman med kanelstanga om du vil ha kanelsmak på mosen. Ha i vatn, og la det koke friskt til epla er møre, ca. 5 minutt.

Trekk gryta til side. Bland saman sukker, sitronsyre og syltepulver, og ha det i gryta. Set den på varmen igjen, og la det heile koke i to minutt medan du rører godt slik at geleringsmiddelet i syltepulveret ikkje klumpar seg. Fisk ut kanelstanga til slutt.

Fyll eplemosen på kokte, varme glas, fyll dei heilt opp og skru loket på med ein gong.

Ball og ballebrød

23/01/2011

Lagar du ball? Ja, eg veit det er eit sensitivt spørsmål.

Mange kvinner som meg, med mødre som lagar verdas beste ball, har berre styrt unna denne middagen. Vi ynskjer oss ball til middag kvar gong vi skal heim til middag, altså til barndomsheimen. Resten av året et vi det ikkje anna enn på IKEA. Det er for gale. Det er heilt slutt på at torsdag er balldag, det er berre på Kaffistova det er slik lenger.

Eg har lagd ball kanskje tre gongar på ti år. Alle tre gongane har dei kokt ut i kokevatnet. Sist eg lagde forma eg tjueto ballar, og eg fann att elleve. 50% svinn, altså. Men eg må innrømme at eg var slumsete, og hadde nok for lite mjøl i. Eg har lova kjæresten min og meg sjølv at no skal eg lage ball oftare. Då vert eg sikkert flink til å gjere det og.

Husk på at det er på denne tida at potetene er på sitt beste til ball. Dei er ikkje så fuktige og ferske som dei er tidleg på hausten. Eg brukar Heidi Brunstad Øyehaug si oppskrift, den veit eg er til å stole på. Slik gjer eg det:

Potetball  (18 stk)

1 kg rå poteter

200 gram (3 stk) kokte poteter.

150 gram byggmjøl

50 gram havregryn, lettkokte

1 ss salt

1 ts pepar

1 svineknoke til kraft

Dette krev at du har ei rimeleg stor ballpanne, ei som tek omtrent 6 liter vatn må du ha. Kvern dei rå og dei kokte potetene oppi ein balje, og bland inn mjøl, havregryn, salt og pepar til du får ein passeleg tjukk deig. Den skal vere ganske laus, men ikkje så laus at du ikkje klarer å handtere den.

Kok knoken i 30 minutt og legg ballane saman med knoken og la dei trekke i minimum 45 minutt. På slutten av trekketida legg eg i skiver med kålrot og nokre halve gulrøter. Desse kan også kokast ved sidan av viss det vert trangt i gryta.

Skrell dei rå potetene og mal dei med kjøttkvern eller med kniven i matmølla. Mos dei kokte potetene og bland dei inn. Tilsett mjøl og havregryn saman med salt og pepar. Det er lurt å koke ein prøveball for å sjå om han er fast nok. Om ikkje vil han løyse seg opp i vatnet. Kunsten er å få ein ball som ikkje er for blaut, då løyser han seg opp i kokevatnet, men heller ikkje for fast, då kan du spele bordtennis med han. Du må rett og slett prøve deg litt fram. Øving gjer meister. Men la denne oppskrifta vere utgangspunktet.

Ulike potetsortar er meir eller mindre lause i seg sjølve og krev ulik mengde med mjøl for å verte passe faste. Nokre likar å ha litt kveitemjøl i ballen. Ta då litt mindre havregryn og tilsett nokre ss kveitemjøl. Ballen skal ikkje koke, han skal berre trekke like under kokepunktet. Eg brukar ikkje ha noko inni ballen, medan andre har litt flesk eller mør inni. Eg likar heller ikkje å lage for store ballar.

Steikt bacon, kjøtpølser eller dampa mør er godt til. Og hugs rikeleg med smelta margarin.

Når så ballen er kokt og fortært står du der med ei diger gryte med sø.  Dei fleste let det sikkert gå i vasken. Men ikkje heime der eg kjem frå, der bakar vi brød med det! Det vil seie, mor mi gjer det. Det vert fantastisk gode brød, saftige, smakfulle og haldbare. Det er ikkje naudsynt å ha salt i brødet, for ballesøet er salt frå før. Slik gjer du det:

Mor sine ballebrød

50 g gjær

1,5 liter ballesø

200 g kveitekli

250 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

1,2 kg kveitemjøl

Lunk søet, og løys opp gjæra i det. Ha det i bakebollen, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La deigen heve til dobbelt storleik, ca. 40 minutt.

Del deigen i fire og form brøda. Smør langpanna di med margarin, og legg i eit og eit brød. Smør margarin mellom brøda slik at dei vert lette å ta frå kvarandre. Set omnen på 200 grader. La brøda etterheve godt. Dusj dei med vatn og steik dei i 40-45 minutt. La dei kolne på rist medan dei framleis heng saman, del dei frå kvarandre når dei har kolna noko.

 

Svar frå NRK

22/01/2011

Huskar du denne? Eg har fått svar frå NRK, det kom i går kveld. Dei meiner altså at det er humor. Skal tru om dei fortalte astrologen at dei meinte det ho heldt på med var humoristisk? Hadde ho stilt opp då? Ho trur vel på det ho held på med?

Hei,

Denne eposten ser det ut som jeg ikke har svart på. Beklager.

Først og fremst: Takk for innspill.

Vi har nok forskjellige oppfatninger om denne bruken. Vi mener bestemt at den unge mannen i innslaget ikke har økonomiske utfordringer, han har full kontroll på økonomien sin. Bruken av astrologi i dette tilfellet var ment som et bittelite humoristisk element i sendingen og slettes ikke gravalvorlig. Men humor er vanskelig.

Med ønske om en god helg!

Mvh
FS
Redaksjonsleder i FBI

Glad fredag!

21/01/2011

I dag er ein fin dag! Ein lang morgon med kjæreste, aviser, god te og frukost er aldri feil. I tillegg har eg hatt eit inspirerande møte med ei som eg er sikker på kan hjelpe meg med eit prosjekt eg held på med, tusen takk for innspel og løft!

No skal eg ut i verda og treffe to fine damer, ei av dei har invitert oss på middag, og det gler eg meg til.

I morgon skal vi spise middag med gode vener, og så blir det sikkert masse kos, te, litt rydding og generelt velvære.

Eg ynskjer alle som kjem innom ei fin helg, husk på å seie kor mykje dei du har rundt deg betyr for deg. Å få vite slikt løfter ein, og det treng ein av og til.

Ein hjartepai – eller quiche?

21/01/2011

Mat laga med hjarta er den beste, ikkje sant?

Denne gode paien var middag i går, hjarta lagde eg av ein slik lang, tynn paprika som vart delt i to og så sett saman motsett veg. Du kan berre legge ringane på paien og. Slik gjorde eg det:

Hjartepai

125 g smør

250 g mjøl

0,5 dl vatn

Ei klype salt

5 egg

Eit beger kremost, eg brukte krydderost

2 dl matfløte

150 g skinke

Ein raud paprika

20 cm purre

To stilkar stangselleri

Salt og peppar

Set omnen på 180 grader. Ha mjøl og smør i ei matmølle, og køyr det med kniven til det er grynete. Ha i vatnet, det må vere iskaldt. La kniven gå til deigen samlar seg rundt den.

La paideigen kvile litt før du kjevlar den ut slik at den er litt større enn forma. Dytt den godt nedi og oppover kantane. Den krymper når du steiker den.

Prikk nokre hol i botnen på paien, og forsteik skalet i 10 minutt. Ta den ut. Set omnen opp til 200 grader.

Knekk egga i ein bolle, og ha i fløte, kremost, ca. 1 ts salt og rikeleg med grovmalen peppar. Køyr dette glatt med ein stavmiksar, eller rør godt med ein visp.

Rens paprika og purre. Finhakk det og stangselleristilkane. Del opp skinka slik du vil ha den. Fordel grønsakene og skinka i paiskalet, og slå på eggeblandinga. Steik paien i 30 minutt på 200 grader. Server med ein salat og ein god dressing.

Innisegsjølv-opplevelse

20/01/2011

Eg likar å sjå på folk som dansar. Eg likar å danse sjølv og, men å sjå på andre er like gøy.

Det finaste med det er å sjå dei som ikkje er så sjølvbevisste, som ikkje tenker på korleis dei ser ut når dei dansar, men som berre er inni musikken og nyt det. Desse to fyrane er søte, han i raud t-skjorte er berre full av energi. Overvinn russekjensla (musikken) og sjå ekte danseglede.

Vaksenmiddag

20/01/2011

Denne gryta kom til etter at eg hadde noko tysk øl i kjøleskapet som faktisk nærma seg utløpsdato, og i tillegg eit kjøtstykke som nok hadde passert den med god margin.

Så fann eg ut at eg skulle bruke ølet som kraft i ei kjøtgryte. Denne gryta skulle etast av heile familien, så difor tok eg ikkje så mykje øl i, men supplerte med buljong. Er det berre ølelskande vaksne som skal spise hos deg kan du vere rausare med ølet.

Storfekjøt er best rundt utløpsdato, så lenge ingen har kverna det så er den datoen berre rettleiande i mitt hovud. Eg luktar på det, luktar det godt så puttar eg det i maten. Ingen klagde, tvert imot. (Ingen visste heller, unntatt meg, det er den andre sida av saka.)

For øvrig var dette ei “man tager hvad man haver”-gryte, det som burde etast opp fekk vere med. Slik gjorde eg det:

Oksegryte med ølkraft

600 g storfekjøt, eg brukte ytrefilet

To raude løkar

Tre gulrøtter

Ein paprika

1 ts timian

1 laurbærblad

Ein buljongterning eller 1 ss fond

1,5 dl øl

4 dl vatn

1 ss mjøl

Smør eller margarin til steiking

Salt, peppar og 1 ts sukker

Skjer kjøtet i tynne skiver. Rens grønsakene, og del dei opp i passe store bitar. Smelt smør i ei gryte, og steik kjøtet til det får god farge. Steik 1/3 av kjøtet i kvar omgang, og kok ut panna med vatn og øl mellom kvar steikerunde. Ta vare på utkoket. I siste steikerunde strør du på 1 ss mjøl, rører godt og kokar panna ut med væska.

Ha alt kjøtet tilbake i panna, og ha i grønsakene, buljong, timian og laurbærblad. La det heile koke til grønsakene er møre. Smak til med salt, peppar og litt sukker. Server gryta med kokt ris og brokkoli.

 

Nystelt!

19/01/2011

Nei, det er ikkje sommar enno, men eg fekk gåvekort på stell av hender og føter, og slik vart resultatet nederst. Det kjennest veldig bra!

Denne veka har eg heimeveke, eg arbeider med eit spennande prosjekt som framleis er hemmeleg. Eg får testa ut evna mi til å drive meg sjølv framover, og til ikkje å la meg rive med i internettdiskusjonar og spennande surferundar. Eg går faktisk ikkje noko særleg i butikkar heller. Stort sett sit eg framfor den store macen min og prøver å produsere fornuftige ting. Ønsk meg lykke til, det treng eg!

Strålande Steiner-slakt

18/01/2011

Les det Ida Jackson (Virrvarr) skriv om Steinerskulen som religiøs friskule her. Det er så bra!

Dei har øvd.

18/01/2011

Og jammen vart dei ganske flinke og. Sjekk ut dette:

Rask fiskegryte med laks og scampi

17/01/2011

Denne middagen vart til etter at eg hadde fått med meg heim ein boks med scampi frå ein fest vi var på som ikkje vart oppetne. Eg er glad i å utnytte restar, så då lagde eg ei deilig fiskegryte med scampiane og litt laks som låg her.

Ein tenker ofte at det må vere 200 g fisk eller kjøt til kvar person. Dermed kan ein utsette å bruke restar, fordi ein tenker at det er ikkje nok. Men det gjeld ikkje viss du brukar det i ei fyldig gryte med god saus og masse fine grønsaker. Sausen og tilbehøret dryger kjøtet eller fisken, så det er meir enn nok med mellom 100 og 150 g fisk eller kjøt.

Denne gryta er også fort gjort å lage, fordi den berre inneheld grønsaker som treng kort koketid. Eg lagde den på rekekraft, her ser du korleis du gjer det. Bytt ut vassmengda med rekekraft, viss ikkje krafta er veldig innkokt. Slik gjorde eg det:

Rask fiskegryte til fire

500 g laks

200 g scampi, kokte og rensa

200 g sukkererter

2 gulrøtter

15 cm purre

Hummerfond eller rekekraft

4 dl vatn

1 pakke kremfløte eller eit beger creme fraiche

Salt og peppar

Rens grønsakene og skjer dei tynt. Rens laksen og del den i passe store bitar. Kok opp vatnet med kraft eller fond og ha i laksen. La det koke i eitt par minutt. Ha i gulrøttene og purren saman med fløte eller creme fraiche. La det heile koke litt til før du har i sukkererter.

Heilt til slutt, rett før servering, smaker du til med salt og peppar, og har i scampiane. Har du ikkje scampi kan du bruke pilla reker, helst ferske eller frosne som har fått tint. Server med kokte poteter.

Tilbake igjen

16/01/2011

Tre og ein halv månad har gått sidan vi var her. I går kveld spelte Wildbirds and Peacedrums i Oslo igjen, og vi var der saman.

Kva er det som skjer når kjærleiken oppstår, bryt ut, eksploderer og omfamnar? Eg har ingen svar, men eg kan fortelje deg at når det skjer så merkar du det.

Tre og ein halv månad har vi hatt i lag. To menneske som vil det same på same tid, som ikkje vert skremde av å snakke om å flytte saman etter to dagar, som tenker alle tankar heilt ut men som ikkje har det travelt.

For meg handlar det om å bli sett. Om å kunne vere ærleg og open utan at det vert brutalt eller vert tolka som ei avvising. Det handlar om å møte ein som er like nysgjerrig som meg, som gjerne pausar filmen for å finne ut kva den musikken er, og som må slå opp for å sjekke noko heller enn å krangle om det.

Det handlar også om å vere raus, om å lytte og å få bli lytta til, og det handlar om å finne eit menneske som bygger sine eigne relasjonar til alle “mine”. Ting går ikkje gjennom meg, det er befriande. Det handlar om eit møte mellom to menneske som har den same innstillinga til å yte og å nyte, vi gjer begge delar så mykje vi har kapasitet og lyst til.

Eg føler meg teken vare på, eg føler meg forstått og sett pris på. Eg nyt å vere saman med ein som er like tøysete og barnsleg som meg, som lik meg ikkje uroar seg utan at det verkeleg trengst og som hiv seg rundt og tek ansvar når noko skal gjerast. Eg har det utruleg godt for tida, og skal gjere alt som står i mi makt for at dette skal vare. Og det veit eg han som er glad i meg vil og. Eg er heldig. Vi er heldige.

Because of you, boy

15/01/2011

Dusty Springfield har ei veldig spesiell stemme. Torsdag på musikkquiz var ho ute av hovudet mitt, men her er ho jammen i bloggen i dag. Fint, ikkje sant?

Eple-bh?

14/01/2011

Dei som kjenner meg veit at eg er glad i Apple-produkt. Eg eig to macar, eg skreiv på min første i 1988 og har stort sett halde meg til dei tinga Apple har levert etter det.  Men er Apple alltid Apple? Sjekk ut denne videoen.

Kyllingtagine med sylta sitronar

13/01/2011

Huskar du dei saltsylta sitronane? Heiv du deg på?

Viss du gjorde det så får du ei oppskrift der du kan bruke dei på tradisjonelt marokkansk vis. Dette er ein kyllingtagine, og den skal eigentleg lagast i eit vidt keramikkfat med høgt og spisst lok med hol for dampen. Det har ikkje eg, så eg måtte ty til steikepanna. Eg brukte også kyllingfiletar i staden for ein heil kylling, som dei nok ville ha gjort i Marokko.

Men smaken trur eg at eg har klart å fange opp. Slik gjorde eg det:

Kyllingtagine med sylta sitronar

3-4 ss matolje

1 stor løk

4 fedd kvitløk

1 ts malt ingefær

1 ts malt kanel

Ei klype safrantrådar

seks kyllingbryst

1/2 l hønsebuljong

Ein neve grønbrune/svarte oliven, i mangel av tradisjonelle marokkanske brukte eg kalamata

Koriander og/eller persille viss du har

2 ts honning

Ein halv saltsylta sitron

Varm opp oljen i ei vid gryte eller steikepanne som du har lok til. Steik kyllingbrysta på begge sider, til dei får ein gylden farge.

Rens og finhakk løk og kvitløk. Ha dei i gryta, ha i meir olje viss det trengst. Støt saman det tørre krydderet, og slå det over løken. La det frese til alt har fått fin farge og duftar godt.

Legg kyllingbrysta på løkblandinga, og slå på buljong. Legg på lok. La det heile surre til brysta er gjennomsteikte, ca. 8-10 minutt. Sjekk med ein kniv på undersida om kjøtet er ferdig. Er dei rå i midten, så gje dei litt meir tid under lok.

Fjern eventuelt fruktkjøt av sitronen, og skjer sitronskalet i tynne strimlar. La dei koke med dei siste minutta. Smak til med honning, salt og peppar. Ha i oliven og dryss eventuelt på hakka urter rett før servering. Server med couscous som du kokar etter anvisninga på pakken.

Vil du på reiselivsmessa?

12/01/2011

Det er reiselivsmesse på Lillestrøm til helga.

Eg har fått to invitasjonar, men kan dessverre ikkje gå. Men kanskje du vil? Det kostar 250 å kome inn, så det er litt å spare. Send meg ein mail på altgodtblogg ætt gmail.com, så får du den tilsendt viss du er nr. ein eller nr. to til mølla.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers