Arkiv for februar, 2011

Olav H. Hauge, Bodil Cappelen: Brev 1970-1975

28/02/2011

Eg hadde eit vagt minne om å ha høyrt om at forfattaren Olav H. Hauge levde saman med ein tekstilkunstnar som flytta til han, Bodil Cappelen.

Av ei eg kjenner fekk eg før helga boka som attgjev breva dei sende til kvarandre i perioden 1970-1975. Dette er ein korrespondanse som vart starta av Bodil, og som utløyste eit nært venskap, så eit personleg møte og til slutt at ho valde å flytte til Ulvik i Hardanger der han budde, for å leve saman med han.

Ho eg fekk den av fortalde at då ho byrja å lese den klarte ho ikkje å stoppe, ho las den ut på ei natt. Eg hadde det nesten slik, eg og. Det som gjer den så utruleg medrivande og rørande er mange ting. For det første har vi vel alle ein kikkar i oss. Det er noko freistande i å lese noko andre har skrive. Samstundes er ei god kjærleikshistorie aldri å forakte.

For meg er det også noko besnærande i å lese denne langsame korrespondansen mellom to menneske. Brev tek to dagar frå det er posta til det kjem fram, mange av breva i boka vart skrivne over fleire dagar, dette er sakte kommunikasjon, på alle plan.

Også sakte fordi dei skreiv til kvarandre i tre og eit halvt år før dei faktisk møttest i levande live. Så brukte dei lang tid på å handtere og å forstå og å ta konsekvensen av dei kjenslene som oppsto mellom dei i det møtet og i dei møta som følgde etter.

Vi er vande til at ting skal gå fort. Ein sender ei melding, og får ein ikkje svar i løpet av fem minutt vert ein frustrert. Ofte går ting fort, heilt av seg sjølv. Men for ei øving i tolmod det måtte vere å bruke den tida det tok å kommunisere med brev. Samstundes er det heilt tydeleg at slik dei gjorde det var heilt rett for dei.

Dette er ikkje banale kjærleiksbrev. Dei to analyserer lyrikk og skrivekunst, dei diskuterer astrologi, forfattarpolitikk, oversetjingsmetodikk og kunstnarliv. Men noko av det mest oppslukande er den dempa men sterke understraumen av kjensler som bølgar fram og tilbake mellom dei. Jane Austen kunne ikkje gjort dette betre.

Noko anna som også fascinerer meg er at vi høyrer veldig lite om møta, korleis dei skjedde og kva som vart sagt då. Vi får hint om at dei var stader og møtte folk, men møta mellom dei to må lesaren berre førestelle seg. Møta skjer mellom to brev. Dette er også ein kontrast til slik kjærleiken vanlegvis vert formidla, malande, eksplisitt og ekspressiv.

Eg kan berre seie dette: Les denne boka. Eg la den att i Nord-Norge fordi eg ville at mor mi skulle få lese den, og eg unner henne det, men eg angrar allereie. Eg vil lese den om att.

Du veit du er på ein bra fest…

27/02/2011

når du blir invitert tre-fire timar før den byrjar.

når vertskapet viser seg å ha spelt i køntriband i mange, mange år.

når det blir servert meir konjakk enn kvitvin.

når det på det meste er fem gitarar i aksjon, herunder ein steelgitar og ein tolvstrengar.

når du ber ein av gitaristane gå og stemme, og så gjer han det.

når musikken som blir spelt er enten frå før 1982 eller Vassendgutane eller DDE.

når du sit rett ovanfor ein sound-alike til Bjarne Brøndbo.

når Proud Mary, Sweet home Alabama og Have you ever seen the rain går attacca.

når dei som spelar ikkje veit kva attacca er.

når heiagjengen er ein entusiastisk gjeng med tjueåringar.

når det vert fødd ein kalv i fjøset midt under festen.

når du går heim i skuterspor i snøen.

Avsløring: Det hemmelege prosjektet!

26/02/2011

Tidlegare har eg hinta om at eg held på med eit stort prosjekt som eg ikkje kunne avsløre innhaldet av. No har det heile kome så langt, og blitt så konkret at eg har fått klarsignal for å presentere planane mine her i bloggen.

For dei som kjenner meg, og som kjenner bloggen min, er det vel ikkje vanskeleg å legge saman to og to her. Men iallfall: Eg skal gje ut ei kokebok!

Kokeboka handlar om billig mat, om god og sunn matlaging på eit trangt budsjett. Den skal gjevast ut på Samlaget, og arbeidstittelen er Smalhans.

Min ambisjon er at den skal kunne vere ei god handbok for mange målgrupper. For studentar kan den vere  ei rettleiing i korleis ein kan få studielånet og ekstrajobblønna til å strekke til, og likevel spise sunt og næringsrikt.

For arbeidsledige og folk som lever på arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd kan den inspirere til å ta tak i maten som ein reiskap for å fylle livet med meining og glede. For dei som vil leve meir etisk og avsette eit mindre ressursmessig fotavtrykk kan den vere ei hjelp til å unngå å kaste mat, kjøpe inn dei rette råvarene og handtere dei rett.

Men eg har ei utfordring: I tillegg til tittelen Smalhans treng ein god undertittel. Mitt eige forslag er God og billig mat for dårlege tider, men eg veit ikkje om den tittelen sit heilt.

Har du eit betre forslag? Har du det, vert du sjølvsagt belønna med ei gratis, til og med signert om du vil, bok, samt deltaking på ein heidundrande lanseringsfest. Kom med gode forslag i kommentarfeltet!

 

Nordover igjen!

25/02/2011

I dag vender vi nasa nordover, min kjære og eg. Dei to ikkje fullt så små er der oppe allereie, dei har tilbrakt ei veke allereie med bestemor og slekt og venner.

Det blir masse besøk og slarving på oss og, vi skal ikkje stå på ski, men gå frå dør til dør og drikke kaffi, tenker eg.

Fjortenåringen vart femten i går, så det skal behørig feirast i morgon, med heilt andre gjestar til stades enn dei som vanlegvis er der. Men det blir nok eit selskap i Oslo når vi kjem ned att, kjenner eg henne rett.

Det er koseleg å ha ankerfeste fleire plassar i landet. Slekta er stor, vi held kontakt på facebook og andre kanalar, men det er noko spesielt med å møtast ansikt til ansikt. Vi gler oss!

Te og sjokolade

24/02/2011

I julegåve fekk eg eit te- og sjokoladekurs i regi av Palais de Thés.

Eg har vore innom der og handla te tidlegare, men det var veldig spennande å få ein nærare introduksjon til teane dei har i butikken. Vi fekk smake på 13 ulike tear i løpet av kvelden, av svært forskjellig karakter. Wong, som leia te-delen av kurset er utruleg kunnskapsrik, og sprudla over med te-inspirasjon.

Vi smakte oss igjennom fem menyar med to ulike tesortar til ein sort sjokolade, frå kvit sjokolade til sjokolade med 100% kakaoinnhald. Heftig og deilig.

Ikkje minst var det artig å treffe Sebastien frå Sebastien Bruno, som driv sjokoladebutikk i Skovveien.

Han har mellom anna laga konfektar inspirert av teane til Palais de Thés. Det var ei heilt ny oppleving! Sjekk ut nettsidene til Palais de Thés, dei har slike kurs kvar månad.

No på søndag har dei te-fest i butikken på Olaf Ryes plass, med te, makronar og aktivitetar for heile familien frå kl. 13 til kl. 17. Stikk ein tur innom om du er i nærleiken.

Lars-Erik Larsson/Hjalmar Gullberg: Förklädd gud

23/02/2011

“I gamle dagar” song eg i eit skikkeleg bra kor, om eg skal seie det sjølv. Vi framførte mykje samtidsmusikk, store symfoniske verk og hadde a capella-konsertar med avansert program.

Etter ein sesong med krevande, store verk fekk vi utdelt “Förklädd gud” av Lars-Erik Larsson. Vi hadde ikkje meir enn kasta eit blikk på det før vi snøfta overlegent: Husmortersar. Dette var enkelt materiale, eigentleg forsto vi ikkje heilt kvifor vi skulle framføre dette. Kunne ikkje amatørane ta seg av denne typen stoff?

Men dirigenten vår var standhaftig, og det sto på orkesterprogrammet, så det var ikkje noko å diskutere. Vi sleit oss uinspirerte gjennom noteheftet.

Så kom tida for orkesterprøvene. Vi hadde fått vite at Ernst-Hugo Järegård skulle resitere teksten, men så vart han brått sjuk. Som vikar fekk dei tak i Stina Ekblad. Ho hadde eit barn som var rundt eit år, trur eg, så ho hadde med barnepike som passa barnet medan vi hadde prøver.

Midt under ei prøve kom barnepassaren inn med barnet, som gret sine modige tårer. Koret sto klart, dirigenten og orkesteret var på plass, så gode råd var dyre. Stina Ekblad tok barnet sitt på armen, roa det og byrja å lese:

Ej för de starka i världen
men för de svaga.
Ej för krigare men för bönder som plöjt
sin jordlott utan att klaga
spelar en gud på flöjt.

Tårene rann på meg. Der, i møtet med den vakre musikken, den meiningstunge og samstundes lettforståelege teksten, resitert av ei mor med barnet på armen, rørte dette verket meg på ein måte som musikk berre sjeldan gjer.

Eg legg ikkje med nokon video. Det ligg nokre stakkarslege variantar på youtube, men ingen av dei yter dette verket rettferd. Radiokören spelte dette inn i Gasklockan i Stockholm, også med Stina Ekblad som resitatør, i 2008. Eg ventar på at den skal kome på dvd. Av og til går det i reprise i Svt, då gjeld det å nytte høvet. Å kjøpe verket på CD er også sjølvsagt eit alternativ. Uansett: Høyr det om du finn det, og nyt det.

Vem spelar på en pipa en låt av gryningsluft
för himmelsk att begripa, höjd över allt förnuft?
Vem äger lösenorden, flöjtvisans dolda text?
Vem spelar på jorden för djur och växt?

Vem är den gode herden som för sin flock i vall
och som med gräs förser den och toner av kristall?
Vem går på betesängar i sommardagens kvalm
och sover bland drängar på jordisk halm?

Apollon bor i ett tessaliskt stall.
Ej bär han lager kring sitt gyllne hår:
han sändes från Olympens gudahall,
dömd att försörja sig som dräng ett år.
Det bor en gud i ett tessaliskt stall.

Bland tjänstefolket vandrar han förklädd.
Längst ner vid bordet är hans sked och skål.
Bland kreatur i ladan är hans bädd.
Han äger inget jordiskt föremål.
I herdekappa går en gud förklädd.

Kring höstlig vaktelds bränder församlar han frysande får
och sköter med kloka händer de djur som har sår.

Hans sanna hem är sagan,
hans själ är lyra och dikt.
Dock gör han utan klagan
sin jordiska plikt.

Välsignelse följer i gudarnas spår.
Om kappan än döljer hans gyllene hår,
så blomstrar den mark där han går.

Han spelar för djuren som följer hans takt,
för solen, för skuren i nyplöjd trakt,
där döden förlorar sin makt.

Husbonden må prisa säll,
Tessaliens monark.
När han står upp vid hanegäll,
är han på helgad mark.
Ty den som bland hans drängar bor
och äter deras mat
är solens herre, månens bror
och stjärnornas kamrat.

Vad faller över träden för silverglans
vid pipans bröllopskväden och djurens dans?
Vad är det för ett rike han kommer från,
han som ej är vår like. men blott ett lån?

Erinrar han sig, fången vid äng och vik,
en värld som är förgången en glömd musik?
Erinrar han sig lyra och jungfrukör,
ett liv av helig yra som aldrig dör?

Än vandrar gudar över denna jord.
En av dem kanske sitter vid ditt bord.

Tro ej att någonsin en gud kan dö.
Han går förbi dig, men din blick är slö.

Han bär ej spira eller purpurskrud.
Blott av hans verkan känner man en gud.

Den regeln har ej blivit överträdd:
är Gud på jorden, vandrar han förklädd.

Tror du att fåren skulle beta i morgonglans
på gräsklädd jordisk kulle, om inte gudar fanns?
Tror du att våren skulle binda sin blomsterkrans
på alla dödas kulle, om inte gudar fanns?

Bjuder ett människoöga till stilla kärleksfest oss,
kyliga och tröga, som folk är mest

lägger, som himmelsk läkning för djupa själasår,
en vän, fri från beräkning, sin hand i vår,

synes en ljusglans sprida sig kring vår plågobädd
– då sitter vid vår sida en gud förklädd.

Hjalmar Gullberg

Blodappelsingelé i kjærleikens teikn

22/02/2011

Eg hadde ulike idéar eg drodla med då eg planla den store bryllupskaka, ein av dei var å stikke ut hjarte av melonskiver, og legge i geléen.

Eg lagde nemleg for mange år sidan ei bryllupskake der eg hadde veldig dårleg tid, og då brukte eg marsipanlok med utstansa marsipanhjarte på. Det vart kjempefint.

Så eg kjøpte ein stor melon, og fann fram mandolinen. Ein mandolin er ein kuttemaskin, det er ein slik du ofte får demonstrert på messer og på tv-shop midt på natta. Eg skar melonen i skiver med eit 7 mm tjukt kuttejern, og stakk ut hjarte.

Det fungerte berre sånn passe som kakepynt, så eg droppa den idéen og gjekk for bær i staden. Men eg hadde fleire hjarte klare, så då lagde eg ein ekstra porsjon med blodappelsingelé, og brukte hjarta i den. Slik gjorde eg det:

Blodappelsingelé

Saft av fem blodappelsiner

4 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum av det som dannar seg på overflata og langs kantane.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme appelsinsaftblandinga. Rør godt, slik at dei smeltar.

La geléen kolne. Legg hjarte som du har stansa ut av melonskiver i botnen av ei brødform, og hell på eit lag med gelé som berre såvidt dekker melonskivene. La dette stivne i kjøleskap. Når det har stivna, heller du på resten av geléen. La det heile stå kaldt til geléen er ganske fast. Server med vaniljesaus til ein eller ei du er glad i.

Finn ei duft igjen!

21/02/2011

Her om dagen dumpa det ein mail ned i mailboksen min frå Snuffeldyret. Snuffeldyret, som er ei dame, ville gjerne ha hjelp til å finne seg ei god duft, men er litt treg i avtrekkaren. Det skal vi ikkje bruke mot henne. Her er hennar beskrivelse av seg sjølv og hennar duftopplevingar:

Jeg vil ha en lett, frisk duft. Ikke for kryddret, tung eller for søt. Ikke for puddret. En helårsduft som kan brukes til alt. Gjerne en klassiker som ikke går av moten med det første.

Jeg elsker engelske roser og små sære planter. Liker fancy kjøkkenting a la Alessi. Glad i sushi, fisk og rådyr. Kunne levd på bare grønnt. Elsker kaffe og te. Sykler og står telemark.

Siste forsøk var den nye Daisyen til Marc. For søt og udefinerbar vemmelt.
Før det var det den nye til Issey Miyake. Lovende i starten, men svettelukt etterhvert.
Escada incredible me er for søt og tung.

Escada med røde prikker er fin i starten, men får en kant som jeg ikke liker. Jeg føler jeg lukter over hele kontoret.

Versace versus time for pleasure var ok. Ble etterhvert litt for flat og nei.
Calvin klein euphoria er for søt og tung til hverdags.
Escada marine groove er den siste jeg hadde som jeg var fornøyd med. Liker solbærduften i den. Jeg må beskjemmet innrømme at jeg har hatt sikkert 5-6 av de siste sommerduftene til Escada.

Alle Clean luktene var hel bom. alle Chance duftene ble også helt feil.

Som Du sikkert har skjønt er jeg sær og vanskelig i duftveien. Jeg blir heller ikke sur om du ikke har tid til å hjelpe meg.

Snuffeldyret

Sjølvsagt har eg tid! Men først vil eg ha forslag frå dokke duftfolka som les bloggen min. Kom med innspel!

Den store bryllupskaka

20/02/2011

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar.

Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her.

Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det:

Ostekake

400 g digestivekjeks

125 g meierismør

500 g kremost

600 g (to beger) crème fraïche

3 dl kremfløyte

2 pakkar sitrongelé

200 g melis

Skal og saft av ein sitron

Frukt og bær til pynt

Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i sprekka der du opnar den for å utvide den. Dette er for å unngå at ostemasse eller gelé renn ut før den stivnar.

Knus kjeksa i ei matmølle. Smelt smøret. Bland saman kjeks og smør, og press det ned i ringen og ut i kantane. Det er viktig at dette er heilt tett, elles renn massen ut mellom botnen og ringen. Set kaldt medan du lagar ostemassen.

Lag dei to sitrongelépakkane, men med halv mengde vatn, altså 5 dl vatn til to pakkar. La det kolne. Vask sitronen godt, og riv av skalet. Press ut safta og set det heile til side.

Pisk fløyten stiv. Bland saman ost, crème fraïche, sitronskal og saft samt melis, og ha det i kremfløyten. Ha i sitrongeléen til slutt. Hell ostemassen i forma, og set det til kjøling. Har du det travelt kan du byrje å pynte kaka etter fem-seks timar.

Blodappelsingelé

Saft av fem blodappelsiner

4 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum av det som dannar seg på overflata og langs kantane.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme appelsinsaftblandinga. Rør godt, slik at dei smeltar.

La geléen kolne. Det tek ei stund før den stivnar, så du har ein times tid på deg til pyntinga.

Set kakene på ein plass der dei kan stå medan geléen stivnar, eg sto og arbeidde ute på tørkeloftet, med fleecejakke og det heile. Å flytte på kaker med rennande gelé i er sjeldan vellykka. Hell på eit tynt lag med flytande gelé, og legg på dei første bæra. Begynn med dei store som skal vere i midten. Eg brukte jordbær, bjørnebær, rips, pasjonsfrukt og physalis.

Etter kvart som det stivnar kan du legge på meir frukt og bær og helle på meir gelé. Husk at det er lettare å helle på gelé først, og så legge på frukt og bær enn omvendt. Skulle geléen i gryta di stivne, kan du berre smelte den litt igjen, slik at den kan hellast på.

Når kaka skal monterast, skjer du med kvass kniv langs kanten på kakeringen heile vegen rundt. Kutt teipen forsiktig med kniven, elles kan forma vere vanskeleg å opne. Opne forma, og dra den forsiktig opp og av.

Skulle det kome kjekssmular på det kvite på ostekaka, så fjern det forsiktig med ein skarp kniv.

Pynt rundt kanten på fatet med det du har att av frukt og bær. Min kjære kjøkkenassistent og sjåfør kom med den geniale idéen å feste bæra langs kanten med flytande honning. Det funka som ei kule.

Lykke til med kakebakinga!

Prosjektet mitt

19/02/2011

OK, her kjem første bilde.

Dette skal altså bli ei fire etasjers bryllupskake. Eg har blitt fortalt at ein ikkje skal vise fram slikt før den blir servert, så difor får dokke sjå den utan pynt. Oppskrift og bilde av ferdig pynta kake kjem i morgon. Eg lovar.

(Og til dei som kjenner meg, og lurer på kven som giftar seg: Fetteren til kjære.)

Kven er Tine?

18/02/2011

Tine er ei flott dame. Snill, raus, språkmektig og hagegal.

I 2009 fekk Tine konstatert at ho hadde brystkreft. Livet hennar med kreft kan du lese om i bloggen godbedring. Stikk innom der, og bli betre kjent med Tine. Du vil lære noko av det.

God fredag, og klem dei du er glad i!

Tinga vi ikkje lærte

18/02/2011

Ja, eg veit det er lite mat her for tida, det er ikkje fordi eg ikkje lagar mat, for det gjer eg. Problemet er at kameraet mitt er på Oslo Fashion week. Ikkje saman med meg, vel å merke.

Så i mellomtida får eg finne på andre ting til deg. Sjekk ut denne. Der finst ting som menn aldri har lært om kvinner, og der finst ting som kvinner aldri har lært om menn. Amanda Gore lærer oss det. Enjoy!

I dag!

17/02/2011

I dag byrjar Mammutsalget, og eg vil berre minne om denne lista, som du kanskje vil ha glede av. Er du på utkikk etter barnebøker har mammadamen ei fin liste over dei ho anbefalar.

Eg veit iallfall kvar eg skal tilbringe lunchen i dag, det blir nok i den lokale bokhandelen!

Kva som helst, eigentleg.

16/02/2011

Ein må berre ha eit ope sinn, meiner han visst.

Det er ikkje så viktig.

15/02/2011

Det er berre noko handelstanden har funne på, for å få selt ting med hjarte på, blomar og smykke. Vi var einige om det. Han tok ein avsjekk, han hadde gjort ein avtale på mandag, eg reagerte ikkje på datoen før han dobbeltsjekka.

Eg farta rundt med bilen, ordna masse greier, hadde fått vite at avtalen med kompisen var kansellert, og tenkte at eg skulle lage middag – slik eg brukar å gjere. Fekk ikkje tak i han, prøvde sms og msn. Borte.

Eg kom heim med masse greier, og der sto han, sveitt og litt stressa, med soppstuing, biff, salat med asparges og pinjekjerner og god, god vin. Epleis med flapjacks til dessert, og ein fin kveld anføttes i sofaen. How sweet it is, honey.

Verda går framover,

14/02/2011

den har ingen annan stad å gå. Er ikkje dette fint?

Åfyttikatta…

13/02/2011

Han gjer det ikkje berre ein gong, nei! Ganske imponerande!

Tätt intill dig

12/02/2011

Den finlandsk-svenske forfattaren Bo Carpelan, fødd 1926, har gått ut av tida. Dette er eit av dei dikta han har skrive som eg likar aller best.

Tätt intill dig

Så lägger jag mig tätt intill dig
i lä för de höga rösterna,

fogar mig in i dig här i mörkret
som blir allt kortare medan vi vilar,

du i din vila, jag i min.
Så lägger jag för en stund ifrån mig
min vila, mina irrande drömmar

för det verkliga nära dig,
för det ordlöst nära.

Den største krafta

12/02/2011

Eg brukar tv-opptakaren mykje. I natt sat eg oppe og såg på Skavlan frå slutten av januar. Eg er visst ikkje heilt ajour.

I det programmet intervjua han Gudrun Schyman, og det vart eit fascinerande møte. Ho er herostratisk berømt for sine alkoholproblem, men det var ikkje det som gjorde at eg sat med tårer i augene. Det var forteljinga hennar om korleis ho møtte han som ho no lever med, Jacques.

Hennar skildring av den sterke, overveldande, reservasjonslause kjærleiken rørte meg. Hennar kjærast kom til henne i juni på besøk, kom attende i august og dro aldri tilbake. Eg kjende meg att i den kjensla, og delar hennar tankar om den.

Ho fortalde om å bruke omgrepet “eg elskar deg”, kor nytt og kor sant det har blitt for henne. Dette omgrepet, som fram til då hadde vore eksklusivt for barna hennar, vart brått gyldig for mannen ho ville dele livet sitt med.

Eg har også vore sparsam med det omgrepet, det har ikkje blitt sløst med. Det er eit omgrep som eg må vere fullstendig hudlaus, uendeleg nær og uendeleg open for å kunne bruke. Det er kanskje difor det kjennest så rett når eg brukar det.

I hope they speak Norwegian…

11/02/2011

Denne er berre så bra.  Henta frå Russells Teapot, som eg ikkje lenger finn. God fredag!

Trinetrall – fram og tilbake er dobbelt så langt

10/02/2011

Det er ikkje så greitt når ein uttalar seg friskt, og så blir det dårleg motteke, og så vil ein så gjerne at dei andre skal syns at ein er grei likevel, så seier ein  - tulla! Useriøst og flåsete, spør du meg.

Men det verste, det er at dama kallar seg spesialist på sosiale medier. Tvi vøre, for ein spesialist. Snart kjem ho vel innom, blid og glad, og meiner eg berre snakkar om henne fordi eg vil ha trafikk i bloggen min. Jaja, det får stå si prøve.

Fritidsproblem?

10/02/2011

Har du for lite å fylle tida med? Og er glad i søtsaker?

Då må du bestille dette søte settet for å bygge sushi med godterismak. Som ei slags visuell tilvenning til sushi, kanskje? Settet får du kjøpt her.

Norsk nettleksikon og meg (via Ida Jackson)

09/02/2011

Ida Jackson har fått ny jobb – og ny blogg! Supert, spør du meg. Les og bli klok.

Jeg har fått jobb. Og det står om det i VG idag. Jeg har aldri hatt en jobb i hele mitt (korte) liv. Jeg har bare vært selvstendig næringsdrivende. Alle penger jeg har tjent, har kommet inn på kontoen på grunn av Virrvarr.net, Jenter som kommer og Sosiale medier-boka. (Til deg som er grisk og lurer: Det har vært mer penger i bloggen enn i bøkene.) Men nå har jeg altså fått jobb. I Norsk nettleksikon. Vet du ikke hva det er? Det er Store norske le … Read More

via Ida Jackson

Kva skjer i Egypt?

09/02/2011

Eg syns det er vanskeleg å få oversikta over det som skjer i Egypt. Enkelte av lesarane mine har kanskje fått med seg at vi bytta hus med ein familie i Kairo for tre år sidan. Det var ei stor oppleving, og vi lærte mykje, syntest vi, av den turen.

Vår husbyttepartner Nora har blitt mi facebook-venninne. Ho posta denne artikkelen i går, som iallfall for meg var nyttig å lese. Nokolunde balansert nformasjon får ein ikkje nok av.

Eit meme

08/02/2011

Fru Storlien hadde dette memet for nokre dagar sidan, og i dag låner eg det.

4 tv-program eg ser:

Sex og Singelliv – ja, eg innrømmer det. Eitt par av venninnene mine meiner faktisk at eg “er” Samantha. Sjokkerande, men kanskje med eit snev av sanning i kortare periodar av livet mitt.

CSI: Las Vegas er favoritten, New York nummer to og Florida er nederst på prioritetslista.

Grey’s Anatomy: Eg heiar på Meredith og Derek, sjølv om det er tøft akkurat no.

Downton’s Abbey: Eg elskar britiske kostymedrama, særleg når dei er så elegant gjort som her. Men kvifor berre fire episodar? Det er jo berre ein ond oppeggelse. Eg kjenner at eg er litt opprørt over det.

4 ting eg har gjort i dag:

Trent, det skjer ikkje så ofte, men det følest godt.

Sykla til og frå jobb på den nye, fine sykkelen min. Note to self: Kjøp piggdekk. I morgon.

Lagd ein ganske god middag, med kyllingvingar, salat og ein god vinaigrette. Fjortenåringen lagde ein slags risotto til, som også vart god.

Vore på styremøte i burettslaget. Kjæresten meiner eg er ein vervmagnet, og eg er kanskje det. Skal trappe ned, eg lovar det.

4 ting på mi ønskeliste:

Eit koseleg boligbytte med berre oss to på ein varm plass i løpet av hausten.

At einkvan med magiske evner set seg ned med meg og lærer meg fransk.

Nattakos. Kvar kveld.

Det fjerde fann eg ikkje, eg er ganske fornøgd, faktisk.

4 ting jeg liker dårlig:

Folk som seier det dei trur eg vil dei skal seie i staden for det dei eigentleg meiner.

Å legge meg. Konstant, kronisk lakenskrekk, sjølv om det har blitt betre dei siste, fire månadane.

At tida flyg når ein har det koseleg. Då vil eg at den skal vare leeeenge.

At fine folk som har masse å by på ikkje skal finne seg meiningsfylt arbeid.

Tek du over stafettpinnen?


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers