Arkiv for mars, 2011

Over halvvegs!

30/03/2011

I løpet av i går og i forgårs lagde vi og fotograferte 32 rettar. Vi er slitne, men held humøret oppe.

Tove Breistein er utruleg proff å jobbe med, og veit akkurat kva ho vil ha. Vi er eit bra team, trur eg, vi tre som romsterer på kjøkkenet mitt desse dagane.

I tillegg kjem sultne vennar og naboar innom, og tolvåringen og femtenåringen kjem oppsiktsvekkande tidleg heim, sjølv om det eigentleg er pappaveke. Fine greier!

 

Unntakstilstand

29/03/2011

Ja, no er det unntakstilstand på kjøkkenet mitt.

I dag har vi lagd, styla og fotografert tolv rettar, og fotografen “min”, Tove Breistein, seier at det er bra. Ho meiner å ha vore på langt meir kaotiske “førstedagar” enn denne, og det er vel ein kompliment?

I kveld har eg og min kjære laga nokre til, slik at vi har noko å byrje med i morgon tidleg. Eg driv altså først og fremst og lagar maten til, Tove gjer styling og tek seg av det fotografiske. Innimellom får eg teke nokre få bilde av det eg held på med, som denne deilige paien som vi har kosa oss med i heile ettermiddag, etter at den vart steikt og fotografert, altså.

Og du, er du i byen i kveld, har ingenting å gjere på og er svolten, så stikk innom. Vi har alt for mykje mat, så vi treng spisehjelp. Eg har ikkje hjarte til å kaste noko. Det kan hende du vert sett til å vaske opp litt, men det klarer du sikkert.

Vi deler ut til andre og. Butikkmannen vår, Singh og kona hans har allereie fått tomatsuppe og spansk kikertsuppe på boks. Min kjære får med seg blåbærpannekaker og mulligatawnysuppe på jobb i morgon. Ovedia har vore her og fått med seg baba ganuosh og hummus, samt ein bit av den gode paien til sin kjære. Så vi delar goda her i byen. Ha ein fin dag!

Kule sko!

28/03/2011

Ein tolvåring nær meg ynskjer seg veldig desse. Dei var ganske kule, ikkje sant? Same mønster som vaffeljernet.

Fylte kyllingfiletar

27/03/2011

Kylling eller svin? ropte eg. Kylling! kom det frå stova.

Gode råd var dyre, eg hadde kylling og brekkbønner i kjøleskapet, noko parmesan og soltørka tomatar på olje. I tillegg hadde eg akkurat kjøpt ei potte med basilikum.

Då vart det fylte kyllingfiletar til middag. Slik gjorde eg det:

Raud pesto:

4 ss soltørka tomatar i olje

2 ss riven parmesan

Ein neve basilikumblad

2 fedd kvitløk

Olje

Andre ingrediensar:

4 kyllingfiletar, store

4 dl buljong

300 g brekkbønner

50 g riven parmesan

3 ss soltørka tomatar i olje

2 ts honning

Set omnen på 180 grader. Mos alt til pestoen i ei matmølle. Spe med meir olje om konsistensen vert for fast. Den skal vere lausare enn leverpostei men fastare enn vanleg pesto.

Ta ein stor kyllingfilet per person. skjer av indrefileten, den tynne strimla med kjøt på undersida. Del den i to på langs. Legg inni 1,5 ss raud pesto i kvar filet. Lukk opninga med ein tannpirkar utan peppermyntesmak.

Legg filetane i ei eldfast form. Slå på buljongen, eg brukte vatn i tillegg til fond frå flaske. Strø over soltørka tomatar, og ringle over honningen. Del brekkbønnene i to eller tre, og fordel dei i forma. Dryss over parmesan, og bak forma i omnen på 180 grader i 20 minutt.

Server med ein god salat og kokt ris.

Har vi begått ran?

26/03/2011

Nei, vi har faktisk fått låne det. Glasmagasinet har vore så rause at vi kunne kome og hente det vi trengte til fotograferinga av Smalhans.

Så her ser du det vi har å boltre oss med, i tillegg til det som allereie er på mitt eige kjøkken. I dag går vi i gang for fullt, vi byrjar dagen med å handle inn, og så går det slag i slag heile helga med matlaging. Mandag kjem fotografen, så då vert kjøkkenet mitt gjort om til fotostudio. Stas!

Viss du orkar…

25/03/2011

kan du jo ta ein titt på denne videoen her. Mykje tøv på fjorten minutt.

Og viss du vil ha noko meir velbegrunna enn at det er tøv, kan du lese denne artikkelen til Gunnar Tjomlid. Der pillar han frå kvarandre alt tullet denne dama bryt utav seg. Det er lov å bruke hovudet til noko anna enn å la hår vekse på.

Vår, tralala vår…

24/03/2011

Våren er i gang! Eg fann dei første snøklokkene i går og, men dei var lukka og det byrja å skumre, så eg klarte ikkje å få eit skikkeleg bilde av dei i farta. Det klarte eg derimot faktisk med desse perleblomane.

No har tolvåringen fått nye vårsko, og femtenåringen masar også, så eg må vel til pers. Jaja, det høyrer med til årstida. Ha ein fin dag!

Kloke ord om kjønn og identitet

22/03/2011

Ei eg kjenner tipsa meg om denne artikkelen som Geir Gulliksen har skrive. Les den! Han skriv drivande godt, og eg syns det han skriv om er utruleg spennande.

Klarer eg det denne gongen?

22/03/2011

Sist eg prøvde å dele ut frø vart det rot, nokre fekk og nokre fekk ikkje. Eg tok litt skrekken av det heile om eg skal vere ærleg.

Men det er som når ein krasjar med bil, det er berre å sette seg i bilen igjen og køyre vidare.

Saka er altså at eg sit på masse frø av kvann, angelica archangelica. Vossakvann og fjellkvann er kjende namn på den, nokre kallar den også jol.

Dersom du vil ha ein porsjon frø av kvann så send meg ein pm på altgodtblogg@gmail.com, så skal eg gjere alt eg kan for at ein konvolutt med frø skal hamne i di postkasse.

Eg veit ikkje korleis du sår den best, men eg veit at kvannestilkar er fine saman med rabarbra, og at dei kan kandiserast. Planten er toårig, så den set frø andre året. Då kan du dele ut frø. :-)

Lokkemat

21/03/2011

Eg føler av og til at eg driv og lokkar lesarane mine utpå med dei mest vanvittige idéar.

Før helga var det å buljongbake blodappelsiner. Det er jo ganske sprøtt, kanskje på linje med saltsylta sitronar.

Men når eg får deg til å vurdere om du skal prøve noko så vilt, så føler eg eit visst ansvar for å gje deg nokre fleire døme på korleis du kan bruke det du lagar.

Eg var heime åleine her om dagen, og så steikte eg meg eit stykke laks. Før laksen smørsteikte eg eit lite lass med aromasopp, og til dette hadde eg ein salat med buljongbakte appelsiner i. Det smakte veldig deilig, og eg fekk då konstatert at dei var like gode seks dagar etter at dei var lagde. Så mykje lenger trur eg ikkje dei held seg.

Eg brukte litt av buljongkrafta som appelsinene var bakt i til å slå på steikepanna slik at eg fekk ei fin sjy til laksen. På toppen av det heile lagde eg ein vinaigrette med appelsinskiver i.

Denne oppskrifta er til ein person, bortsett frå vinaigretten. Den held seg til gjengjeld i kjøleskapet i fleire dagar. Slik gjorde eg det:

Laks med sopp og appelsinsalat

100 g blanda bladsalat

Litt agurk

Litt alfalfaspirar

1 skive buljongbakt appelsin

Parmesan

200 g aromasopp

Kraft frå appelsinene

170 g laks

Kutt soppen i bitar, og steik den i smør i ei steikepanne på middels varme. Legg gjerne lok på panna, slik at soppen lettare slepp væta og vert smaksrik og fin. Hald den varm.

Steik eit laksestykke 2-3 minutt på kvar side i smør. Slå på nokre skeier buljong frå appelsinene det siste minuttet.

Skyll og tørk salaten, eg brukar ei salatslynge for å få den tørr. Anrett den på tallerkenen med oppkutta agurk. Fordel ein liten neve alfalfaspirar eller andre spirar over salaten. Del appelsinskiva i små bitar, og ha over salaten. Riv over parmesan. Server med ein vinaigrette:

Appelsinvinaigrette

2 skiver buljongkokte appelsiner

3 ss balsamico

6 ss olivenolje

1 ts honning

Salt og peppar

Køyr det heile glatt i ei minimatmølle eller med ein stavmiksar.

Anrett laksestykket på ein tallerken med sopp og salat, og ringle vinaigretten over salaten.

Appelsinmuffins

20/03/2011

Her om dagen lagde eg nokre saftige dessertmuffins. Dei fekk trekke til seg ein lake av brunt sukker og blodappelsinsaft så dei vart soggy og fine.

Desse muffinsa er ikkje noko å gøyme på, dei er best når du serverer dei lunkne. Eg satte dei i omnen når gjestane kom, tok dei ut og dynka dei like før  vi sette oss til bords, så dei var perfekt lunkne til desserttid. Dynkinga gjer at dei blir intenst søte og appelsinsmakfylte, og dermed egnar seg perfekt til dessert. Slik gjorde eg det:

Appelsinmuffins

220 g mjukt smør

2 dl sukker

2 egg

4 dl mjøl

1 ts bakepulver

2 dl surmjølk

Skal av 2 appelsiner

”glasur”:

1 dl brunt sukker

1/2 dl appelsinsaft av den appelsinen du tok skalet frå

Set omnen på 200 grader. Vask appelsinene godt, og riv skalet av dei.

Ha smør og sukker i ein bolle, og pisk det med handmiksar til det er lyst og luftig. Pisk inn egga eitt og eitt. Bland saman mjøl, appelsinskal og bakepulver i ei anna skål, og vend det inn i smørblandinga vekselsvis med surmjølka. Fordel røra i 10-12 muffinsformer, og steik muffinsa på 200 grader i 20 minutt.

Sjekk med ein spagettipinne eller ei kakenål om dei er ferdige. Sit det røre att på pinnen når du stikk dei inn i muffinsen må dei få nokre minutt til.

Bland saman brunt sukker og safta frå ein av appelsinene. Dynk kvar muffins med vel ei spiseskei av denne glaseringa medan dei framleis er varme og står i forma si. La dei kolne i forma, før du eventuelt anrettar dei på ein dessertasjett. Eg serverte mine muffins med blodappelsinfiletar og vaniljekesam.

Sitrustid

19/03/2011

Viss du reiser til dei sørlege delane av Europa frå jul og nokre månader framover, ser du at det er sitrustid.

Sitronar og appelsiner bugnar på trea, det er berre å plukke med seg. Det merkar vi og, ved at butikken er full av flotte klementiner rundt juletider. Framimot påske finn du store og flotte appelsiner, fulle av saft. No finn du også aromatiske og raude blodappelsiner. Dei er eg veldig glad i, både å spise dei heile og å bruke dei i mat. I dag har eg bakt dei med buljong, og eg har laga ein salatdressing av safta frå blodappelsiner.

Eg har laga to rettar i dag som eg serverte til ein lekker vårlunch. Ein bit svinefilet vart marinert og krydra godt, og steikt sakte på relativt låg varme. Eg lagde ein salat med feldsalat, ruccola og smørsteikt sopp, og så garnerte eg den med svinefileten og dei bakte appelsinene. Til dette lagde eg ein blodappelsinvinaigrette.

Salaten byrja med at eg fekk det for meg at eg skulle bake blodappelsiner. I etterpåklokskapens klare lys kan eg fortelje at om dei var blodappelsiner eller ikkje kanskje ikkje var så veldig nøye. Fargen vart iallfall borte etter runden i bakaromnen. Men det er ein klar fordel at dei var små, og det er jo blodappelsiner. Smaken er også distinkt, så viss du finn dei blodige, så bruk dei. Slik gjorde eg det:

Bakte blodappelsiner

2 blodappelsiner

3 dl kyllingkraft

1 ss smør

1 ts hakka rosmarin

Set omnen på 200 grader. Skjer appelsinene i relativt tynne skiver, ca. ½ cm. Legg dei som takstein i ei eldfast form. Ha i varm kyllingkraft, og legg på nokre klattar med smør og rosmarin. Dekk forma med lok, eg brukte folielok.

Bak appelsinene på 200 grader i ein og ein halv time, til du ser at skalet ikkje er heilt kvitt i kjøtet lenger. Sjekk under loket iblant om det har kokt tørt, og fyll på med kraft viss det har det.

Ta ut dei appelsinskivene du skal bruke med ein gong, og legg dei på eit fat slik at dei kolnar. Dei bakte appelsinene kan du bruke som her i salatar, som ”krydder” i ein marokkansk gryterett eller som tilbehør til steik av ulike slag.

Salat med svinefilet og bakte appelsiner

600 g svinefilet

2 ss balsamicoeddik

1 ts sennep

3 ss appelsinsaft

Smør og olivenolje til steiking

Grøn salat, eg brukte ca. 200 g til fire

50 g spirar, eg brukte alfalfaspirar og løkspirar

4 skiver bakte appelsiner

100 g blåmuggost

200 g aromasopp

Smør og olje til steiking

Dressing

3 ss appelsinsaft

2 ss olivenolje

1 ts sitronsaft

1 ts honning

½ ts sennep

Salt og peppar

Bland saman balsamico, olivenolje, blodappelsinsaft og sennep. Legg fileten i ein ziplockpose, og hell i marinaden. La dette ligge ein halvtimes tid. Rens soppen, og steik den i smør og olje til den er gyllen og fin. Salt den lett, og set til side for å kolne.

Tørk marinaden av fileten, strø godt med salt og peppar på, og steik den rundt omkring på alle sider til den har pen farge. Set steiketermometer i fileten, og legg loket på steikepanna.

Set varmen ned på nest nederste trinn, og la fileten surre til kjernetemperaturen er rundt 75 grader. Dette kan du gjere tidlegare på dagen, eller dagen før. Gjer du det dagen før, så kjøl fileten raskt ned etter steiking, og legg den i kjøleskap. Ta fileten ut av kjøleskapet i god tid før servering, slik at den er romtemperert når du serverer den. Skjer fileten i tynne skiver.

Miks alt som skal til i vinaigretten, og smak den til med salt og peppar. Anrett salaten med det du har av grøne blad, spirar, bitar av blåmuggost, steikt sopp og bitar av dei bakte appelsinene.

Kan eg berre få minne om…

18/03/2011

fenomenet geriljahaging?

Butikkane er fulle av fine potter med vakre løkblomar. Den du ser til høgre her er ein narsiss eller ei påskelilje, av typen bridal crown. Er den ikkje vakker?

No i helga kjem folk til å bere heim frå mester grønn og liknande vakre løkblomar som sit på løken sin. Det eg ynskjer meg er at løkane skal få kome i jorda når dei har visna ned.

Grav løkane ned på ein jordlapp nær deg, så gler du mange neste år. Er ikkje det ein fin tanke? Det blir på ein måte ei mangedobbelt glede.

Først vert du, familien din og vennane dine som kjem på besøk glade for at blomane spring ut hos deg. Så vert tilfeldig forbipasserande glade neste vår, når løkane spring ut på nytt og på nytt.

Så legg løkane tørt til jorda er smidig, og grav dei ned slik at dei får leve vidare. Det er det dei er til for. Ha ei fin helg!

 

Nye ammebølger

17/03/2011

Eg har hamna opp i nokre ammediskusjonar i det siste. Alt går i bølger, seier dei vise, og slik er det også med amming.

Då eg fekk barn i 1996 og 1998 var nok ammeregimet på det strengaste. Det var berre ikkje snakk om å ikkje amme. Mødre som ga barna sine flaske skulle ha ein utruleg god grunn. Dette står i sterk kontrast til det vi som var mødre hadde blitt oppfostra med. Vi var vel meir eller mindre ein heil generasjon som voks opp på sukkervatn (på fødeavdelinga) og morsmjølkserstatning (mme) gjennom heile sekstitalet og første del av syttitalet.

Mi amming vart redda av ei bestemt sjukesøster på nattevakt på Ullevål i februar 1996. “Du må dytte henne innpå puppen”, sa ho, og viste med eit fast grep. Det funka. Særleg når eg forsto at væske ut betyr væske inn først, altså at eg måtte drikke rikeleg når eg amma. Ei god sittestilling var også avgjerande, puta i ryggen redda meg, då bøygde eg meg fram, og barnet fekk skikkeleg tak.

Men dei siste åra har eg merka ei annleis stemning. Protestane mot “ammepolitiet” har blitt heftigare, og fleire babyar blir flaskemata enn for nokre år sidan. No er det oppslag i media om at regelverket er for strengt når det gjeld informasjon om mme og korleis det skal brukast. Produsentane av mme følgjer lojalt pålegga frå helsestyresmaktene, og informerer berre til helsepersonell. Informasjonsflyten frå helsepersonellet til foreldra med barn som får mme ser ut til å stoppe opp. Ammepolitiet er der framleis, tydelegvis.

Eg merkar ein stor skilnad mellom meg og mine medsøstre som var gravide og fekk barn for 15-20 år sidan og dei som er mødre no: Dei som får barn no er mykje meir redde for å gjere feil enn vi var. Eg forholdt meg ganske matter-of-factly til heile barnegreia, og satsa på at ting gjekk seg til undervegs. Så skjedde det noko, om det var i informasjonsopplegget frå Helsetilsynet eller kva det var veit eg ikkje. Plutseleg byrja ting å vere farleg.

I mi tid skulle ein ikkje spise rått kjøt og rå fisk, og ikkje upasteuriserte ostar. Det siste var ikkje å oppdrive unntatt hos Smør-Pettersen på Majorstua, så det var uaktuelt uansett. Dette var før sushi og carpaccio sto på alle bord, så det var ikkje så komplisert. Men brått vart alt farleg. Ein sup vin var heilt uaktuelt, all ost unntatt norvegia ga grunn til bekymring, og no er til og med kokt skinke farleg, med mindre pakken er opna same dag. Salami og fårepølse kan ein berre drøyme om.

Med advarslane kom angsten. Angsten for å gjere feil, og for å skade barnet. No drikk ikkje mødrene vin i “prøveperioden”, og tryggleiksnivået er i taket. Når barnet så er vel på plass i livet er det nye ting å uroe seg for. Får barnet mitt nok mat? Legg det nok på seg? Et eg mat som gir mageuro eller knip?

Berre for å ha sagt ein ting: Eg veit at enkelte kvinner slit med amming trass i at dei verkeleg prøver. Såre brystvorter, betennelse og andre fysiske hinder gjer at mme og flaske er ei heilt legitim erstatning for mange. Det eg lurer på er om vi opplever eit tilbakeslag, at ein kombinasjon av angst og ein higen etter lettvinte løysingar kan gjere at fleire kvinner reknar seg blant dei som ikkje kan amme enn nødvendig.

Det som trigga heile dette innlegget var ein kommentar til ei mor som uroa seg for eit lite nurk på under ein månad som sovna når det skulle spise. Gje ei flaske mme, då blir barnet mett, og du kan slappe av. Er det ein lettvint utveg å ty til mme for å få fred, for å sleppe gråtinga og kavinga i aukedøgna?

Eit aukedøgn oppstår når barnet veks, og treng meir mat. Då har naturen ordna det så viseleg at barnet vert meir svoltent, syg mjølk oftare, og dermed aukar mjølkeproduksjonen til mora. Aukedøgn er slitsomme, det veit alle som har vore oppe i det. Det virkar som om barnet er larven aldri-mett, og stress og uro hos mora gjer det ikkje lettare. Dersom ein tek den “lette” vegen ut, og gjev barnet ei flaske mme om kvelden kjem ikkje auken, og ein kjem inn i ein vond sirkel.

Det er eit dilemma, dette. Informerer ein om mme og korleis det skal brukast, risikerer ein å stå i vegen for at mødre utviklar ei godt fungerande amming for barnet sitt. Informasjonen vert overlete til nettfora, diskusjonsgrupper og barselsprat, og den faglege gehalten er basert på hören-sagen.

Tek vi for lettvint på det? Toler foreldra for lite kaving, kveldssutring og uro? Er det for lett å ty til mme når ungen viser teikn til å ikkje vere mett? Trur mødrene at det dei sjølve produserer ikkje er bra nok? Eg høyrer framleis historier om “tynn mjølk”, er vi ikkje forbi det stadiet?

Eg har vel ikkje så mange svar på spørsmåla eg sjølv stiller bortsett frå dette: Ammehjelpa har framleis sin misjon. Det er mange praktiske grep ein kan gjere for å gjere amminga enklare, og av og til er det eit slit. Av og til må ein lide seg igjennom nokre slitsomme kveldar. Det går over.

Eg blir sett pris på!

16/03/2011

Bloggaren c’est la vie har hatt ei bloggkåring, og eg er blant dei som blir sett pris på! Slikt gjer meg barnsleg glad.

Reglane for denne kåringa er enkle:

Lenk til den som ga deg prisen
Besvar spørsmåla
Gje prisen vidare til ti bloggarar.

Det er vel overkomeleg? Her er spørsmåla:

1. Hvorfor startet du å blogge?

Det var fordi eg las mange andre bloggar, og kjente sterkt at eg hadde lyst til å gjere det same. Eg har alltid skrive, og bloggmediet framsto som ein enkel og open måte å uttrykke seg på. Og eg har ikkje angra!

2. Hvilke blogger følger du?

Eg følgjer bloggar som har eit godt og levande språk, som har tema som engasjerer meg og som har ei personleg stemme. Parfyme, hage, livet og kjærleiken ispedd litt politikk, det er vel ein ganske presis beskrivelse av mitt bloggleseliv.

3. Favorittmakeupmerke?

Det må bli Estée Lauder. Spesielt mascaraene derfrå er veldig bra, og med eit lite “kit” derfrå finn eg alltid noko fint.

4. Favorittklesmerke?

Der er eg enkel, eg handlar stort sett på kjedebutikkar. Når eg verkeleg skal slå ut håret går eg til Marina Rinaldi, men det er sjeldan, stort sett i utlandet og på salg.

5. Ditt må-ha make-up-produkt?

Det er nok ein god, ikkje for dekkande foundation. Med eit godt grunnlag er det lett å legge på meir, eller berre gå ut av døra.

6. Favorittfarge?

Raud, utvilsomt.

7. Parfyme?

Den var verre, det er så mange. Akkurat no er det den nye Belle d’Opium, men spør du meg om ei veke har eg sikkert skifta meining.

8. Favorittfilm?

Love Actually, vår faste julefilm, som vi alle elskar.

9. Hvilket land vil du besøke og hvorfor?

Akkurat no har eg planar om å få til ein tur til Marokko, det er eit land eg har vore i ein gong før, og eg trivdest der. Shopping, varme og strender, what’s not to like? Men eg ville aldri, aldri seie nei til ein tur til New York.

10. Still og besvar det siste spørsmålet selv: Vil du noengang skrive ei bok?

Hehe, manus er levert!

Eg har eit dilemma når det gjeld nominasjonane av dei eg skal gi prisen til, nokre av dei har nok til dømes ikkje noko favorittmakeupprodukt. Men det får så vere, eg tek sjansen. Eg gjev prisen til dei følgande bloggarane:

Hilde og Hagen:  Hilde er som meg, ho bloggar om livet, hage, musikk og alt som er fint.

Hagen på hytta: Britt Åse driv med parfyme som meg, hage, som meg og mat, som meg. Fin blogg!

ByP: Ein annan blogg med fokus på parfyme. Språkleg ekvilibrisme og lekre bilde gjer at denne bloggen er ein nytelse.

Elisabeth: Som er den einaste som får meg til å elske, verkeleg elske Nord-Norge.

Glamourbibliotekaren: Ingen over, ingen ved sidan av.

Velduftende: Ein annan grundig og inspirerande parfymeblogg.

Unfiltered perception: Eg har lenka til Gunnar Tjomlid før, han skriv så skarpt og bra at eg bøyer meg i støvet.

Ida Jackson: Fordi ho er fine Ida.

Busters notater: Han oppdaterer ikkje så ofte, men han har den finaste fotobloggen. (Han har nok heller ikkje ein favorittmakeup.)

Suziluz: Fine Suziluz, som lever livet sitt heilt og fullt, som er hjarteskjerande ærleg og som er aldeles skjønn på alle sett og vis.

 

 

Smeltedagane

15/03/2011

For meg er dei blant dei beste dagane i året, desse dagane då sola står på, snøen må gi etter og det dryp frå takskjegg og takrenner. Det er frost i skuggen om ettermiddagen, men det gjer ingenting, det er berre eit teikn på at det vert sol i morgon og.

Når eg syklar heim frå jobb er det meir berrt enn slik det var då eg sykla til jobb. Eg kan bruke stiar eg ikkje har sykla på sidan tidleg i november. Det gjer ingenting at eg gløymer hanskane, og buffen kan ligge att i gangen.

Eg spring i kjellaren for å finne olje til sykkelkjedet, og når eg kjem ut att så kjenner eg ikkje skilnad på temperaturen i kjellaren og ute. Naboen smiler til meg og spør om eg har teke fram sykkelen for våren, ho skulle berre visst kor mykje eg har sykla i vinter.

Langs husveggane trekkjer snøen seg tilbake, og snart kan eg byrje å leite etter snøklokker og krokus. Dei ligg klare og ventar på berre litt meir sol, berre litt meir varme. Det er ei fin tid!

The beautiful mind

14/03/2011

Heaven Scent held no til på Eger, og får stadig inn nye, spennande dufter.

Det siste tilskotet deira er dufta The Beautiful Mind, som parfymøren Geza Shoen har lagd som ein hyllest til ei kvinne utanom det vanlege, Christiane Stenger. Christiane Stenger er kjend for at ho har ein ekstremt god hukommelse, ho Grandmaster of memory etter å ha vunne Junior World Memory Championships. Ei noko annleis muse for ei duft, altså.

Parfymen er basert på den tropiske blomen Tiaré, og har følgande notar: Bergamot, mandarin,  rosa pepper, magnolia, fresia, osmanthus, rose, tiaré absolute, musk, sedertre, sandeltre og aromakjemikaliet cashmeran.

 

Skal du lese ein ting i kveld…

13/03/2011

så bør det bli denne artikkelen til Gunnar Tjomlid der han imøtegår Gro Lystad sine påstandar om vaksiner, homeopati og andre former for alternativ behandling.

Säkert

11/03/2011

Eg har ikkje så mykje å seie anna enn at det var ein fin konsert, at den var på Blå, at kjæresten min alltid tek meg med på konsertar med band som eg ikkje har høyrt om og som eg blir veldig glad for å høyre. Det var berre det. God helg!

DeLillos i Kolbjørnsvik

10/03/2011

Moringen pub i Kolbjørnsvik har ein årleg sommarkonsert som samlar lokale og tilreisande til fest, moro og fin musikk.

I fjor var det Stavangerensemblet med Froddy i spissen som spelte. I år får dei om mogeleg endå finare besøk.

DeLillos kjem til Moringen! Sett av 23. juli i kalenderen, billettar får du på Billettservice, i Arendal kulturhus eller på Moringen pub.

DeLillos høyrde eg første gong live i Frukostkjellaren på Universitetet i Oslo, Suser avgårde var soundtracket til studia mine, saman med Hunting High and Low. Det var fine tider!

Ovedia og eg treng nok ikkje å vere cateringcrew i år, dei skal bu på fint hotell i byen, og blir nok ordna for der. Vi får nok stå  i baren i staden.

Buljongterningar og margarin

09/03/2011

Eg har fått ein kommentar til bloggen min som gjorde at eg måtte tenke litt. Kommentaren går på at eg i enkelte oppskrifter brukar margarin, gjerne flytande margarin, buljongterningar og anna “styggedom”.

 

Jeg har vært innom bloggen din ved flere anledninger og ser jo at du er opptatt av mat, så jeg stusser over at du bruker margarin. Det samme gjelder oppskrifter der du bruker buljongterning.

Nå som du skal til å lage kokebok er det vel på sin plass å rydde unna slik skit, og dra fram smøret og ordentlig kraft, eller?

Viss du søker på smør og margarin her i bloggen min så vil du oppdage at eg stort sett brukar smør. Eg har ein gjesteskribent, Heidi, som ofte brukar margarin, eg brukar margarin sjeldnare.

Men enkelte gongar er det heilt fint med margarin. Euroshopper flytande margarin er mjølkefri, og når eg brukar den kan også venninna mi som er mjølkeallergikarar spise desse browniesane. Det er populært, iallfall hos henne. Eg brukar stort sett flytande bremykt når eg lagar dei viss ikkje ho skal kome, det gjer eg fordi det smakar godt og går veldig raskt.

Buljongterningar er ei enkel og grei løysing i kvardagen. Har eg kraft brukar eg sjølvsagt det, men eg lagar mat til mange dagleg, eg jobbar fullt pluss at eg skriv kokebok for tida, skriv i ein avis og bloggar. (Puh…) Då er det å koke kraft til alle måltid der det er aktuelt urealistisk reint tidsmessig.

Stort sett brukar eg flytande fond når eg lagar mat heime. Eg handlar på ein engrosbutikk innimellom, og har tilgang til litersflasker med fond som kostar litt over ein hundrelapp. Men eg har ikkje samvit til å skrive berre om det (og/eller heimelaga kraft) i bloggen. Dei småflaskene du får tak i i butikkane er grisedyre, fullstendig overprisa.

Bloggen min er ein blogg for kvardagsmat, eg hadde ikkje så høge ambisjonar med den då den starta. Undervegs har det klaka på seg, eg har fått fleire lesarar, forlag har kontakta meg om å lage bok basert på det eg har skrive og det heile har blitt noko større enn det det heile byrja som. Eg prøver å halde matlaginga på det nivået som er naturleg for meg.

Det finst nok av molekylærmatbloggarar, skribentar som er i Frankrike fem gongar i året og kjøkkensjefar med skrivelyst. Eg er ein heilt alminneleg amatør, eg elskar det eg held på med, men eg er ikkje på nokon måte proff.

Eg skriv om mat for slike som meg, som av og til brukar margarin, buljongterningar og lapskausblanding på pose. Eg brukar kyllingkjøtdeig sjølv om det er bannlyst blant mange, eg lagar mat til barna mine som ikkje alltid er bloggbar og eg prøver ikkje å utgje meg eller bloggen min for å vere noko meir enn det den er – eit hobbyprosjekt for ein matentusiast frå bygda. 

 

Å nei, håret mitt!

07/03/2011

Kva er det med dette håret? Det er mogeleg eg har hatt uflaks, men dei tre-fire gongane eg tilfeldigvis har sett på Top Model så slår det ikkje feil: Ei av jentene som er med fell om i krampegråt fordi dei må klippe håret.

Men i alle dagar, sjekk ut catwalkane rundt omkring, sjekk ut moteblada. Viss du ser bort frå Norsk Ukeblad: Er det modellar med lyst linhår du ser overalt? Nei, det er jo ikkje det. Skal ein først inn i modellbransjen så må ein vere budd på å skifte uttrykk. Surprise! Kunden vil ikkje ha berre ein ting!

Ein får kjensla av at jentene er med for å få bekrefta at dei framleis er penast i klassen, ikkje for å lære eit yrke. Dei står der som ein annan hulkande Samson Goliat, all deira gjennomslagskraft låg i det håret som no er klipt av eller farga raudt. Dustedamer. Det er ein jobb, dette, ikkje ei utstilling av søte jenter.

Wuthering heights

07/03/2011

Kate Bush var mi heltinne for lenge sidan, og kvar gong eg høyrer henne så forstår eg at ho framleis er det. Dette er flott!

Søt og salt fastelaven

06/03/2011

Denne helga er det fastelavenssøndag, og då serverer eg fastelavensbollar til alle som vil ha.

Bollar og eg har eigentleg aldri vore heilt gode vener. Mor mi er ikkje så lidenskapeleg oppteken av å lage mat, men bollar og ball har vore hennar spesialitetar. Dermed har eg overlete det til henne, og ikkje perfeksjonert mi eiga bollebaking.

Men eg har bestemt meg for at slik kan det ikkje fortsette. Å lage gode og luftige bollar med god smak utan å ty til skitne triks som posemiks og tilsetjingsstoff bør eg klare. Så no er det ofte bollar her i heimen.

Ein brutalt ærleg venn av huset smakte på bollane mine og sa: Det er noko som manglar. Han tenkte seg lenge om før han sa: Salt. Og han har heilt rett. Mi gamle oppskrift har vore for tam i smaken, trass i kardemomme og meir enn nok sukker. Salt i deigen framhevar dei andre smakane, akkurat som med sjokolademousse, der eg alltid har i ei klype salt.

Så no har eg revidert bolleoppskrifta mi. Denne fastelavenen vert det også ein fastelavenskrans, bollane set eg saman i ein ring, slik at dei heng i hop. Så deler eg ringen i to vassrett etter at bollane er steikte, og fyller med ein deilig marsipankrem. Slik gjer eg det:

Fastelavenskrans

600 g /11-12 dl kveitemjøl

3,5 dl mjølk

1 pk gjær

100 g smør

100 g sukker

1 ts bakepulver

1 ts kardemomme

1 ts salt

1 egg

3 dl kremfløyte

2 ss melis

1 ts vaniljesukker

100 g riven marsipan

Ha mjølet, saltet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 20 bollar. Form dei til runde, fine bollar.

Ta 10-12 av bollane og legg i ein ring på bakepapir på ei bakeplate, ganske tett saman. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt før du steiker dei på 200 grader i ca. 15 minutt, alt etter korleis din omn er.

Resten av bollane kan du putte rosiner i, og steike på same måten som kransen. Den porsjonen brukar eg å putte i frysaren, for å ha i påkomande tilfelle.

La bollekransen kolne. Pisk kremfløyten til krem med vaniljesukker og melis. Del kremporsjonen i to. Bland inn den rivne marsipanen i halvparten av kremen.

Del bollekransen i to, og grav ut litt av botnen av bollane. Legg marsipankrem på den nederste delen, så ei skei vanleg krem, og så legg du toppen på. (Eg delar kremen i to fordi marsipankremen ser litt grynete og rar ut. Det blir penare med glatt krem øverst. Syns du ikkje det er så nøye med estetikken, så bland marsipanen i heile kremporsjonen, og fyll i bollane. Alt blandar seg i magen likevel.)

Dessert: Marsipanterte

05/03/2011

Dette er bortimot den enklaste kakeoppskrifta eg veit om, fire ingrediensar er alt som skal til.

Det er ei marengskake som er bakt med marsipan, eg serverer den med brinebær og piska krem til. Pynt og tilbehør kan varierast etter smak og behag. Slik gjer du det:

Marsipanterte

90 g marsipan

3 eggekviter

1,5 dl sukker

Ei klype salt

Set omnen på 175 grader.

Riv marsipanen fint. Ha eggekvitene med saltet i ein bolle, og pisk den ganske stiv. Ha i sukkeret litt etter litt, og pisk til det blir ein stiv masse. Vend marsipanen inn i marengsmassen. Legg bakepapir i botnen av ei springform, eg brukte 24 cm. smør kanten inne i forma 2-3 cm opp.

Fyll i massen, og bak kaka på 175 grader i 12 minutt. Den hevar seg, men skal synke saman. La den kolne i forma. Skjer rundt kanten før den er heilt kald. Ta botnen ut av forma, og dra forsiktig av bakepapiret. Legg botnen på eit fat, og pynt med bringebær. Pisk 2 dl kremfløte med 1 ts ekte vaniljesukker, og server.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers