Arkiv for april, 2011

Ostebrød frå Berlin

30/04/2011

Kva et dei i Berlin? Det fekk vi høve til å finne ut då vi var der no i påska.

For meg er matstellet på nye stader ein av dei viktigaste grunnane til å reise. Det er alltid spennande å sjå korleis det ein et endrar seg frå land til land. Like spennande kan det vere å sjå likskapane, at du finn dei same rettane frå land til land, berre med nye namn.

Det tyske kjøkkenet er veldig variert, som det naturleg er i eit land med over åtti millionar innbyggarar. Pølser og øl er sterkt tilstades, men tysk mat er også inspirert av polsk og tjekkisk mat, og frå deira nye landsmenn, i overvegande grad tyrkarar. Difor finn du gulasj-liknande rettar side om side med falaffel, døner kebab og pitabrød.

 Nettopp pitabrødet har inspirert mi tyske venninne til å lage eit ostebrød. Pitabrød i Tyskland er ikkje små, runde ”lommer”, men store flotte leivar med sesamfrø. Ursula fyller brødet med ein krem av fire ulike sortar ost, krydra med kvitløk. Kvar gong vi kjem til henne bakar ho dette brødet til oss.

Eg sleit med å finne den same typen brød her i landet, så eg bakte mitt eige store pitabrød for å lage ”Käsebrot” til min familie. Slik gjorde eg det:

Pitabrød til åtte

500 g mjøl

Ein halv pakke gjær

1 ss olje

3,5 dl lunkent vatn

1 ts salt

2 ss sesamfrø

Egg til pensling

Ha lunkent vatn i ein bolle, og løys opp gjæra i vatnet. Ha i olje og salt, og elt inn mjølet litt og litt. Kanskje brukar du alt mjølet og treng litt meir, kanskje er 500 g for mykje. Prøv deg fram til du får ein passe fast deig, ikkje for blaut og ikkje for fast. Elt deigen i fem minutt.

Set omnen på 220 grader. La deigen kvile eit kvarters tid før du kjevlar den ut til ein 2 cm tjukk runding. Legg leiven på ei bakeplate som du har strødd med mjøl. Prikk rundingen med gaffel eller liknande, og pensle med egg. Strø på sesamfrø. La leiven heve i 30 minutt. Set den i omnen, og steik leiven på 220 grader i 12 minutt. La den kolne på ei rist.

Ostekrem

150 g gulost

150 g fetaost

150 g kremost, philadelphiatype, ikkje light

150 g brie utan skorpe

3 fedd kvitløk

Eit egg

Litt salt og peppar

Riv gulosten, smuldre fetaosten og ha brie og kremost saman med gulost og feta i ein romsleg bolle. Knekk i egget, og ha i finhakka kvitløk. Bruk ein handmiksar, og køyr dette til ein nokolunde glatt masse. Smak til med salt og peppar.

Del pitabrødet i to langs kanten, og legg ostemassen på den nedre delen. Legg på loket. Legg brødet i ei eldfast form eller på eit bakebrett, no er det ikkje nødvendig med bakepapir. Bak pitabrødet i 6-8 minutt, til osten har smelta. Server umiddelbart med eit godt glas raud vin, og gjerne ein salat.

Eg kan nesten ikkje tru det

29/04/2011

Emma Kirkby syng i Oslo på tirsdag!

Barokkanerne har konsert på Caféteatret, og har med Dame Kirkby som solist. Dette er eit sjeldant høve, så vidt eg veit var ho i Noreg sist i 2005 under kyrkjemusikkfestivalen. Skund deg, billettane vert sikkert fort utselde. www.billettluka.no/cafeteatret

Turnéen denne gongen ser slik ut:

• Søndag 1/5 kl. 1900: Arena scene i Moss
• Mandag 2/5 
kl. 1930: Hedmarksmuseets aula,
Musikkens venner Hamar og omegn
• Tirsdag 3/5 
kl. 1930: Cafebarokk, Cafeteatret i Oslo
• Onsdag 4/5
 kl. 2000: Resonans, Gjøvik

Emma Kirkby har ein vakker, slank renessanse-/barokksopran, størst inntrykk på meg gjorde ho i ei innspeling av Pergolesis Stabat Mater som eg har skrive om tidlegare her i bloggen. Ho burde vere mykje meir kjent enn ho er, så uttrykksfullt, vakkert og presist som ho syng. Her får du høyre ei innspeling av An evening hymn av Henry Purcell.

Now that the sun hath made his flight

and bids the world goodnight

to the soft bed my body I dispose,

but where shall my soul repose ?

Dear God, even in thy arms,

and can there be any more sweet security ?

Then to thy rest O my soul,

and singing, praise the mercy that prolongs thy days.

Alleluia.

Kvifor trur du?

28/04/2011

Eirik Strandabø har bloggen Verden – en bruksanvisning for barn. Den har eg digga lenge.

Her får du høyre eit kåseri han har halde i NRK, som er utruleg bra. Heia, Eirik!

Eg kjedar meg…

27/04/2011

1. Navnet ditt stavet baklengs? tdog tla ;-)

2. Hvor ble foreldrene dine født? Sunnmøre og Målselv

3. Hva er det siste du lastet ned på PC-en din? Ei oppdatering av Itunes

4. Hva er favorittrestauranten din? Trattoria Muntagniola i Berlin.

5. Når svømte du sist i et basseng? Huskar ikkje…

6. Har du noensinne deltatt i et skoleteaterstykke? Jepp, eg var ein av assistentane til Christoffer Colombus på hans strabasiøse ferd over Atlanteren.

7. Hvor mange barn vil du ha? Eh, to er nok.

8. Hva slags musikk misliker du sterkest? Danseband.

9. Har du stemmerett? Ja?

10. Har du kabel-tv? Ja.

11. Har du noensinne kjørt moped? Ja.

12. Har du noensinne tulleringt til noen? Har eg kome til Furu? Nei, dette er hos Gran. Oj, då har vi klatra opp i feil tre. Svaret er ja.

13. Har du noensinne fått parkeringsbot? Ja.

14. Har du lyst til å hoppe i strikk eller fallskjerm? Nei.

15. Det fjerneste stedet du noensinne har reist til er? (Altså det som ligger fjernest fra ditt normale tilholdssted.) Bhaktapur, kanskje?

16. Har du hage? Ja, ein bitteliten ein.

17. Hva er favorittegneserien din? Nemi.

18. Kan du virkelig alle ordene i nasjonalsangen? Nei.

19. Bad eller dusj, om morgenen eller kvelden? Morgen.

20. Den beste filmen du har sett den siste måneden? Stekte grønne tomater.

21. Favoritt-topping på pizza? Chevre.

22. Potetgull eller popcorn? Ja takk, begge delar, men ikkje samtidig.

23. Hvilken leppestiftfarge bruker du vanligvis? Lipfinity Spicy

24. Har du noensinne røkt peanøttskall? Hæ?

25. Har du noensinne deltatt i en skjønnhetskonkurranse? Nope.

26. Appelsin- eller eplejuice? Appelsin.

27. Hvem var den siste personen du gikk ut og spiste middag med, og hvor spiste dere? Barna mine og kjæresten min i Berlin, som over.

28. Favorittsjokolade? Walthers mandler.

29. Når stemte du sist i en meningsmåling? Sist det var valg.

30. Når spiste du sist en hjemmedyrket tomat? I fjor sommar.

31. Har du noensinne vunnet et trofé? Ja, førsteplass i luftgeværskyting for jenter 13 år.

32. Er du en god kokk? Grei nok.

33. Klarer du å fylle bensin selv? Sjølvsagt.

34. Har du noensinne bestilt en vare fra en reklame? Huskar ikkje.

35. Sprite eller 7-up? Ingen av dei.

36. Har du noensinne måttet bruke uniform på jobb? Ja, i krystallavdelinga på Glasmagasinet midt på åttitalet.

37. Hva var det siste du kjøpte på apoteket? Ibux.

38. Har du noensinne kastet opp på et offentlig sted? Nei, trur ikkje det.

39. Hva vil du helst; bli millionær eller finne ekte kjærlighet? Har funne kjærleiken, så eg tek millionane.

40. Tror du på kjærlighet ved første blikk? Jepp! :D

41. Noensinne ringt et 820-nummer? Spådamer? Nei.

42. Kan eks-er være venner? Ja.

43. Hvem var det siste mennesket du besøkte på et sykehus? Vene venninna mi.

44. Hadde du mye hår da du var baby? Ikkje stort.

45. Hvilken beskjed ligger på telefonsvareren din? You know what to do.

46. Hvem er din favorittkarakter i Saturday Night Live? Veit ikkje.

47. Hva var navnet på ditt første kjæledyr? Kattepusen Nancy, eller var det Lurven?

48. Hva finnes i veska di? Ein heil del.

49. Favoritting å gjøre før du legger deg? Kose med kjæresten min.

50. Nevn én ting du er takknemlig for i dag. Dei eg bur saman med, at vi er friske og tek vare på kvarandre.

Tek du utfordringa?

Ned i undergrunnen

26/04/2011

Neida, eg er ikkje borte. Men dei siste dagane i Berlin vart tilbrakt med “meine Berliner Mutti”, ei venninne av mora mi som har teke på seg ansvaret for å vere mor for meg når eg er i Berlin. Det har kome vel med tidlegare, men det er ei anna historie. Ho er gull, den dama, og familien hennar og. Men internett har ho ikkje, difor har du ikkje høyrt så mykje frå meg.

Laurdag var vi i Berliner Unterwelten. Det er eit slags museum under bakken, der ein får tilgang til å vandre rundt i gamle bunkerar og bomberom, og ein får også sjå på nymotens bomberom i tilknyting til u-bahn-systemet i Berlin.

Dei gamle bunkerane vart bygde i samband med at u-bahn-systemet først vart bygd. Dei var av svært dårleg kvalitet, og ville nok ikkje tolt særleg mange påkjenningar, men likevel vart dei flittig brukt under luftraida inn over Berlin under andre verdskrigen.

I dei gamle bunkerane var det ikkje lov å ta bilde. I dei nye bunkerane, som faktisk kan ha ein funksjon i fall eit åtak med atomvåpen, bakterielle eller kjemiske våpen rammar Berlin, fekk vi lov til å ta nokre få bilde av, så desse bilda er derfrå.

Bomberomanlegget vi besøkte er dimensjonert for rundt 3500 menneske, altså ein drope i havet i forhold til Berlin sine nærare tre og ein halv million innbyggarar. Det finst tilsvarande anlegg andre stader i byen, men dei er ikkje i nærleiken av å kunne gje eit tilbod til alle som bur der.

Bunker-Barbie, som du ser på biletet har på seg den fine syntetiske joggedressen som alle vil få på etter at dei har dusja og lagt frå seg alle eignelutar og klede i renseslusa som fører inn til anlegget.

 Lufta inn til anlegget vert rensa gjennom mur og sand, for å unngå at farlege gassar og radioaktivitet kjem inn i anlegget. Det er sjølvforsynt med vatn og elektrisitet i inntil 14 dagar.

Anlegget ligg på u-bahn-stasjonen Pankstrasse, og det er konstruert slik at u-bahn-stasjonen vert avstengt umiddelbart etter at dei to næraste toga har køyrt inn og parkert. Dei vert så ståande opne, slik at perrongen og toga vert ein del av anlegget.

Inngangsdøra er diskret, for å seie det forsiktig. Kjem du på Pankstrasse stasjon ville du aldri gjette at det ligg eit anlegg med fasilitetar for 3500 menneske bak denne døra, ville du?

Berlin Unterwelten har fleire omvisingar kvar dag på ulike språk, så det er vel verd å ta ein tur dit, og lære meir om tryggingsarbeidet under den kalde krigen, og om kva tyskerane gjer i dag for å vere budd på ei krise.

Mine barn på tolv og femten hadde godt utbytte av turen, men guidane snakkar engelsk med noko aksent, og snakkar om relativt kompliserte ting, så særleg mykje yngre barn enn det ville eg ikkje ta med meg ned.

Gratulerer med dagen, min kjære!

23/04/2011

Säg till om jag stör,
sa han när han steg in,
så går jag med detsamma.

Du inte bara stör,
svarade jag,
du rubbar hela min existens.
Välkommen.

Eeva Kilpi

Ein urban dag

23/04/2011

I går var vi så kulturelle og hageorienterte, i dag var vi meir urbane av oss. Etter ein lang og sein frukost dro vi inn til byen og såg checkpoint Charlie, minnesmerket over jødane som døde under andre verdskrigen, Gendarmenmarkt og Brandenburger Tor.

Undervegs fann vi ein fin sushibar ved hjelp av Google maps. Det fungerer faktisk!

Sushien var både saftig, frisk og god, men ein smule på den dyre sida.

Men den var likevel så og seie gratis, samanlikna med dette prakteksemplaret av fenomenet bil; Bugatti Veyron. Fin, ikkje sant? Men altså, eg skulle ha hatt ganske mykje pengar til overs før eg i det heile teke vurderte å skaffe meg ein slik.

Ein hagedag

22/04/2011

Vel, ikkje berre hage. Vi tok ein tur i Pergamonmuseet, der hovodobjektet er  det gjenoppbygde Pergamonalteret frå Bergama i vestlege Tyrkia. Fantastisk! Det er store dimensjonar over dette byggverket.

Men så hamna vi ut i det grøne. Eg har eit prinsipp: Når ein lokal person inviterer deg med på noko, sei alltid ja. Du får garantert ein unik opplevelse.

Vi vart invitert med på ein togtur over ein halvtime utanfor sentrum, til Marzahn. Der fekk vi sjå Gärten der Welt. Det var ubeskriveleg vakkert, særleg for meg, som kom frå eit Norge som ikkje hadde bytta farge frå grått til grønt enno, iallfall ikkje då eg dro.

Men først måtte vi sjå på desse to mennene som sto og vippa på eit tak:

Deretter bar det inn i hagen, som inneheldt velkomponerte bed og temahagar. I den kinesiske blomstra magnoliaene.

Overalt var beda fylt med flotte sommarblomster og løkplantar.

I den japanske hagen fann vi vassfall, rhododendron og dei lekre, raka gruslagde flatene.

Og i den balinesiske hagen fann vi lekre orkidéar som liknar på marisko.

Dei gamle egyptarane…

21/04/2011

…heldt på i hagen, dei og. I Neues Museum har dei ei imponerande samling av egyptisk kunst, både i stein, i tre og på papyrus.

Eg syns denne jenta med ein katt var så søt, figuren er ikkje meir enn 20 cm og skoren i tre.

Her er teiknet for Egypt:

Dette bildet er teke frå toppen av Berlinerdomen. Ser du hjartet?

Hulter til bulter

20/04/2011

Rapportane mine blir litt hulter til bulter, men det får vere. Dagane er hulter til bulter og, så det er eigentleg ganske representativt for reisa vår. Detaljplanlegging er ikkje blant våre satsingsområde.

Vi var og såg Topographie des Terrors, den store utstillinga som beskriv korleis det Hitlerstyrte tyske riket oppsto, regjerte og fall. Skræmande, grundig og tankevekkande.

Bildet under er av eit datakort (!!) som vart brukt for å måle og beskrive kroppslege karakteristika. Hvorfor gjorde de det da, spurde femtenåringen, og eg vart svar skuldig.

Det var litt trivelegare på Alexanderplatz, der hadde dei funne eit høve til å lage fest, det var ganske enkelt ein vårfestival, med telt, servering og underhalding. Vi vart imponert over store gryter med gulasj, steikt sopp, poteter og masse andre gode greier.

Dei kan krangle så busta fyk, desse to barna mine, men av og til er dei uendeleg søte mot kvarandre. Eg kunne ikkje anna enn å slakke på, og ta eit bilde av dei då dei gjekk bortover mot Potsdamer Platz.

Fine dagar i Berlin

19/04/2011

Her ser du parymehimmelen: Første etasje på KaDeWe i Berlin. Dei har faktisk fleire merke ann Printemps og Lafayette i Paris. Eg fann ikkje Diptyque og L’Artisan, elles var alle dei store, og ei uendeleg mengde små leverandørar der.

Femtenåringen fekk seg eit par veldig, veldig kule solbriller frå American Apparel:

Og så dro vi tilbake til Trattoria Del Muntagniola, og traff att sjølvaste fjelljenta, som har gitt namn til restauranten. “Die Mamma” har vore med sidan starten, og er opphavet til alle oppskriftene. Ho snakkar praktisk talt ikkje tysk, men er ein solstråle, som kvar kveld sjekkar at gjestane har det bra.

Vi var der sist i 2002, og ho som no er femten fekk teikne på papirduken på bordet, og syntest det var kjempestas. No fekk vi alle møte att fru Montagniola, og eg fekk teke eit bilde. Restauranten ligg i Fuggerstrasse 27, bak KaDeWe, om du vil ta turen dit. Be om capunata til forrett, du blir ikkje skuffa.

Eksponeringsterapi

18/04/2011

Viss du syns slangar er litt slitsomt å ha i nærleiken kan du vere glad du ikkje var i Zoologische garten i går:

Denne dvergflodhesten var ganske søt, ikkje sant?

Og for ordens skuld: Mor var heime og jobba. Eg sat med manuset til kokeboka, aller aller siste korrektur. Men femtenåringen tok fine bilde, også nokre berre for å glede mora si:

Den har byrja.

17/04/2011

Blomstringa, altså. I Berlin er syrinane i ferd med å springe ut, innan påska er over står dei nok i fullt flor.

Dersom du kjem hit til Neukölln kan du leite opp Richardplatz. Det er ein fin liten plass utan så mange butikkar, men med ein fin liten restaurant som heiter Villa Rixdorf.

Der kan du spise schnitzel med kvite asparges, no for tida får du så mange du vil ha, trur eg. Det gjorde eg. Eller du kan bestille dette imponerande grillspydet.

Syrleg appelsinsorbet

16/04/2011

Appelsinsorbet er ein perfekt dessert til påskelammet, og dessutan er appelsinane på sitt aller søtaste no. Du kan lage denne desserten med juice og, men velg i så fall ein søtare juicetype. Dei billigaste juicane vert beiske og for sure til denne desserten.

Eg har ein ismaskin, det gjer det til ein leik å lage slike sorbetar. Har du ikkje det, er ein stålbolle tingen, då må du innom frysaren og røre ein gang i blant, slik at sorbeten vert glatt og mjuk, og ikkje nålete og hard.

Appelsinsorbet

Saft av 7-8 appelsinar, til saman 7 dl appelsinsaft

Filetar av ein appelsin, finhakka

50 g sukker

Press appelsinane, og mål opp juicen. Kok den opp i ei gryte saman med sukkeret. Skum av det gule skummet som samlar seg på toppen. Ha i appelsinkjøtet. Set gryta kaldt.

 Slå blandinga i ismaskin, eller i ein stålbolle, og set den i frysaren. Rør i isen med ein gaffel ein gong i halvtimen, til den er ferdig. Server i pene glas med pynt av sitronmelisse.

Påskelam

15/04/2011

Å spise lam i påska er noko eg er vand med frå eg var lita jente, og vi fekk servert eit lammelår som var drege i pulk opp til hytta og steikt i vedfyrt omn. Seinare i livet har eg valt å droppe det med skigåinga, så lammelåret vert steikt i bynære strok. Denne påska er det vel dei færraste som skal på ski, men lam er godt uansett.

Eg er ikkje så oppteken av å gjere mat komplisert. Min mat er ofte enkel og liketil, men det gjer den ikkje mindre smakfull. Lammelår vert ofte servert med poteter, saus og grønsaker, men i dag får du oppskrift på ein ny vri på lammetilbehøret. Denne påska serverer eg lam med bulgur og tsatsiki.

Lammet kan settast i omnen i god tid, og steike medan ein går ein tur eller driv på med andre ting. Eg brukar steikepose til lammelåret. Grunnen til det er at kjøtet vert saftigare, kjøtsafta fordampar ikkje like mykje som når låret står ope i omnen. Det held også betre på krydderet som eg gnir inn kjøtet med. Sjya som samlar seg inne i posen er perfekt til å lage saus med, eller som eg brukar det, til bulgurkraft.

Eg får slaktaren min til å skjere av beinet ved lårbeinkula, og la kjøtstykket nedanfor lårkula sitte på. Det foldar eg inn mot lårbeinet og knyter fast, og så får eg ei meir kompakt steik som det er lettare å skjere fine stykke av.

Enkelte i vår familie insisterer på at det må vere poteter til kjøt, så dei får vinaigrettepoteter i staden for bulgur. Oppskriftene er til seks personar.

Lammelår

Eit lammelår, ca. 2 kg

2 ts rosmarin

Salt og peppar

3-4 fedd kvitløk

Set omnen på 125 grader. Salte kjøtet godt, og skjer små snitt djupt i kjøtet med ein liten, skarp kniv. Del kvitløksfedda i skiver, og dytt ei skive ned i kvart snitt. Kvern over peppar og dryss på tørka rosmarin. Ha kjøtstykket i ein stor steikepose, og legg det i ei langpanne. Set kjøtet inn i omnen, og la det steike i rundt tre timar. Dette gjev godt steikt og mørt kjøt. Vil du ha kjøtet rosa, så bruk steiketermometer, og ta det ut når termometeret viser 67-68 grader. La det kvile eit kvarters tid før du skjer i kjøtet.

Grøn bulgursalat

4 dl kokande vatn

5 dl grove bulgurgryn

Steikesjy frå kjøtet

Ein grøn paprika

To stilkar stangselleri

150 g sukkererter

Fire stilkar vårløk

Ha vatnet i ei gryte saman med steikesjya. Ha i bulgurgryna, og la det koke opp. Slå varmen ned på lågaste stille, og la det stå å dampe i 10-15 minutt til gryna er møre. Smak på dei undervegs. Smak til med salt og peppar viss smaken er tam.

Rens og snitt grønsakene fint. Vend alt unntatt vårløken inn i bulguren, og la det stå under lok på avslått plate i nokre minutt. Ha i vårløken rett før servering.

Tsatsiki

1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt

1 agurk

1 ts salt

to klyper svart peppar

1 fedd kvitløk utan det grøne

1 ts dill

Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt. Syns du den vert for syrleg og skarp så smak til med litt honning.

Poteter i vinaigrette

1 kg små poteter

1 dl kvitvinseddik

½ ts urtesalt

1 ts sukker

1 ts sennep

2 dl olje

To eggekviter

Vask potetene, og kok dei møre. Legg dei på fat og la dei bli lunka.

Bland saman alle vinaigretteingrediensane i ein høg bolle, og køyr den glatt med stavmiksar. Smak den til. Slå vinaigretten over potetene og server.

Har du faste poteter kan du ha dressingen på i god tid. Med mjølne poteter, som lettare trekker til seg dressing, kan det vere lurt å vente til like før servering.

Eggekvitene i dressingen gjer at den emulgerer, og vert stabil. Oljen og eddiken skiljer seg altså ikkje slik som ein vanleg vinaigrette.

I går, altså

14/04/2011

gjekk frøa i posten. Eg rir ikkje den dagen eg salar, men no er det gjort. Takk for tolmodet!

Romantisk laurdag

13/04/2011

Har eg fortalt deg om forrige laurdag?

Det skjedde sikkert mykje i byen då, men det min kjære og eg var med på var opninga av gangbrua over spora på Oslo S, brua som går frå Grønland, Annette Thommessens plass og over til Bjørvika. Brua har teknisk sett fått det prosaiske namnet Stasjonsinngang Øst, fordi det med tida vil kome trapper ned til stasjonsspora frå den.

Denne gangbrua vart altså opna med ordførar og pomp og prakt, og det var mange arrangement i området for å markere dette evenementet. I tillegg var det bestilt eit performancekunstverk av kunstnarduoen Stian Ådlandsvik & Lutz-Rainer Müller.

Dei lagde verket Bakomland, som skulle vere med på å prege opninga. Verket skulle vere eit kjærleikserklæring til menneska, prosjektet og byen, og besto i at ca. 50 kjærestepar skulle stå på brua og kysse og kose medan folk som kom for å gå over brua passerte. Vi vart oppringt av eit castingbyrå, fordi dei sleit med å finne folk over førti som ville kysse.

Vi ville altså, så difor tilbrakte vi laurdagen frå to til fire kyssande og kosande på gangbrua. Den beste/verste kommentaren var det ei dame i femtiåra som kom med då ho såg oss: Her står det jammen meg gamle folk og kliner også! (Gamle, vi? Vi er jo i vår beste alder?)

Lurer du på korleis det var å kysse i to timar? Det var veldig fint, særleg fordi eg har den finaste kjærasten i heile verda.

Marokkansk lammegryte

12/04/2011

Eg held meg rundt middelhavet for tida, og i dag tek eg deg med til Marokko. I Marokko er lam mykje brukt i gryter og supper.

Denne helga lagde eg lammelåret som skal få pryde Sunnmørsposten på laurdag, og sidan vi var berre fire til bords vart det mykje lam til overs. Denne gryta er ein fin måte å få brukt opp slike lammerestar på. Ofte får ein for mykje kjøt, men ikkje nok til ein full middag til. Men i ei gryte er det nok til mange.

I Marokko vert gryterettane stort sett lagde i ein tagine, ei leirgryte med eit høgt, spisst lok med opning for dampen øverst. Desse grytene står på eit stativ i bålet i dei tradisjonelle beduinleirane. Eg har ikkje ei slik gryte, og har ikkje funne ei heller som fungerer på vanleg komfyr, så eg brukar ei låg, vid stålgryte eller jerngryte.

Det marokkanske kjøkkenet har enkelte særtrekk. Det vert brukt mange varme krydder, ofte krydder vi forbitt med søt mat, som kardemomme, kanel og koriander. I tillegg er sitrus viktig.

Couscous er den marokkanske ekvivalenten til ris, det er grove semulegryn. I butikkane rundt her eg bur finn eg mest fin couscous, men når eg finn den grovare typen kjøper eg det. Den klistrar seg ikkje så lett saman i klumpar. Couscous er lettvint tilbehør, men du må passe på når du lagar det, så det ikkje vert liggande i gryta utan å bli rørt i. Då får du ein tung kladd i botnen før du veit ordet av det. Ha litt feitt i form av smør eller olje i kokevatnet, det hjelper på.

Med ferdig steikt lammekjøt er denne gryta skikkeleg hurtigmat. Eg trur eg brukte eit kvarter frå eg byrja å kutte løk til eg var i mål. Slik gjorde eg det:

Marokkansk lammegryte til fire personar

Ein stor løk

8 svisker

4 dl kraft, buljong eller fond oppløyst i vatn

To boksar hakka tomatar

1 ts korianderfrø

1 ts spisskummen

3-4 kardemommefrøkapslar

1/2 ts kanel

Ein boks kikerter

500 g steikt lammekjøt

Salt, peppar og olje til steiking

Varm opp olje i ei låg, vid gryte. Rens løken, og del den i båtar. Fres den i oljen saman med alt krydderet. Gni kardemommekapslane og korianderfrøa litt mellom hendene før du har dei oppi gryta. Kutt sviskene i strimlar, og ha dei i gryta. Slå på kraft og tomatar, og la det koke nokre minutt. Ha i kikertene, og smak til med salt og peppar. Er tomatsmaken litt for syrleg, kan du runde av med litt honning.

Ha i kjøtet til slutt, og la det heile bli gjennomvarmt. Poenget med å ha kjøtet i til slutt er at det trevlar seg så lett, og det ser ikkje så delikat ut. Mitt tips er at du rører minst mogeleg etter at kjøtet har kome i.

Couscous

300 g couscous

4 dl vatn

Salt, evnt. kraft/buljong om du vil og har

1 ss sitronsaft

Litt smør

Slå vatnet i gryta saman med salt, eventuelt buljong eller kraft og sitronsaft. Ha i smør og, eg hadde eit kryddersmør med tomat som måtte brukast opp. Difor er min couscous mørk i fargen. La det heile koke opp. Ha i couscousen, rør litt og slå av varmen. Rør i couscousen med ein halv ballongvisp eller gaffel etter eit par minutt for å forhindre at den klumpar seg. Gjenta dette jamnt og trutt til alt er klart.

Legg couscousen opp på tallerknar i ein haug med ei dump i. Legg lammegryta i dumpa. Dryss på mandelflak om du har. Enjoy!

Gresk kjøtpudding

11/04/2011

Denne kjøtpuddingen er både smakfull og saftig, og ganske kjapp å lage til ein kvardagsmiddag.

Eg har også lagd den med oliven i, men to av dei rundt bordet “liker ikke oliven”, så olivenane vart uteletne denne gongen. Det er ganske mykje urter i denne oppskrifta, eg brukte basilikum, persille, timian og litt sitronmelisse. Har du ikkje friske urter kan du godt bytte dei ut med 1 ts tørka timian og 1 ts tørka basilikum. Slik gjorde eg det:

Gresk kjøtpudding

400 g kjøtdeig

1 egg

To brødskiver utan skorpe

1 dl mjølk

4 ss hakka, friske urter av ulikt slag

5-6 avrente, grovhakka soltørka tomatar

1 ts salt

peppar

Set steikeomnen på 180 grader. Kutt brødskivene i terningar, og slå på mjølka. Dette kan du gjere rett i bollen der du sper kjøtdeigen. Ha i kjøtdeigen, saltet og egget, og elt det heile godt. Eg brukar K-kroken til kenwooden min, men ei anna kjøkkenmaskin eller hendene gjer same nytta. Ha i urtene. pepparen og dei soltørka tomatane, og elt det inn.

Smør ei form som rommar ca. ein liter godt. Legg i farsen, og bak kjøtbrødet på 180 grader i ca. 40 minutt til det er gjennomsteikt, og har gått fin skorpe. Det brukar å danne seg litt kjøtkraft i forma. Sil frå den, og bruk den til å gje smak i bulgurkrafta.

Grøn bulgursalat

4 dl kokande vatn

5 dl grove bulgurgryn

Steikesjy frå kjøtpuddingen

Ein grøn paprika

To stilkar stangselleri

150 g sukkererter

Fire stilkar vårløk

Ha vatnet i ei gryte saman med steikesjya. Ha i bulgurgryna, og la det koke opp. Slå varmen ned på lågaste stille, og la det stå å dampe i 10-15 minutt til gryna er møre. Smak på dei undervegs. Smak til med salt og peppar viss smaken er tam. (Byrjar du med gryna før kjøtpuddingen er ferdig steikt, så kan du røre inn sjya til slutt.)

Rens og snitt grønsakene fint. Vend alt unntatt vårløken inn i bulguren, og la det stå under lok på avslått plate i nokre minutt. Ha i vårløken rett før servering.

Tsatsiki

1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt

1 agurk

1 ts salt

to klyper svart peppar

1 fedd kvitløk utan det grøne

1 ts dill

Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt. Syns du den vert for syrleg og skarp så smak til med litt honning.

Gi labb!

09/04/2011

Er du klar for ein god latter?

Vi var på Fredrik Steen sitt standupshow Gi labb i går, og det var ein strålande måte å tilbringe ein fredagskveld på. Vi lo så vi er støle langt bak øyrene.

Så eg vil anbefale deg å sjå denne forestillinga. Ta med vennar og kjente, og få ein lattermild kveld. Showet går i kveld, og i tillegg 5., 6. og 7. mai.

Picasso og Tage Andersen

08/04/2011

Noko gamalt og noko nytt. Denne gongen er Tage Andersen det gamle, den plassen eg alltid besøker når eg er i København. Denne gongen hadde eg med meg glade kollegaer, som også sette pris på det han har å by på.

Fasanen var i godt lune som vanleg, sjølv om vi kom midt i matpausa hans:

Julerosene er nydelege, men syng på siste verset:

Picassoutstillinga på Louisiana var det nye på denne turen, og eg var paparazzi-fotograf som vanleg. Eg byrjar å få teken på å ta bilde når vaktene ser ei anna lei.

Hockney har oppdaga fenomenet iPad, og har laga eit heilt rom fullt av bilde på slike. Kult!

Ein liten svipptur…

06/04/2011

Jepp, eg er på veg til København i dag.

Det er eit businessoppdrag denne gongen, men eg kryssar fingrane for at eg også får tid til å sjå krokusplenen i Kongens have.

Forøvrig vonar eg at eg lærer eitt og anna, kanskje kan eg lære andre noko, og iallfall er eg heilt sikker på å treffe mange koselege kollegaer og forretningspartnarar.

Eg er tilbake før du veit ordet av det, med inspirasjon og bilde, forhåpentlegvis. Ha ein fin dag!

Ich hab’ noch einen Koffer…

05/04/2011

…in Berlin! Iallfall har eg ei reservemamma og ein Berliner Bruder som det er alt for lenge sidan eg har sett. Ikkje har dei møtt Kjærleiken heller.

Difor har vi kjøpt flybillettar ned dit i påska. Vi byttar husvere med ein familie som bur i Karl-Marx-Allée, men vi kjem nok også til å vere mykje i Rüdow, hos reservemammaen.

Det skal bli fint å sjå dei alle igjen, og eg gler meg til å vise byen som eg ein gong følte som min til min kjære og til dei to ikkje fullt så små som før, som ikkje har vore der på seks år. Kvar går di påske?

 

Gunstige grep

04/04/2011

Mi venninne og framtidige samarbeidspartner Gunda Marie Næss lagar bloggen containergirl og GundaM som du finn på høgre side her hos meg.

Denne helga har Adresseavisa laga ein artikkel om arbeida hennar, artig!

Gårsdagens soundtrack

03/04/2011

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers