Arkiv for mai, 2011

Prince kjem til byen!

31/05/2011

Han var på Roskilde og i Bergen i fjor, og i år kjem han til Oslo for å spele i Spektrum.

Eg får dessverre ikkje dratt dit, eg er i Arendal og står i baren på Moringen pub medan desse karane spelar.

Men har du lyst? Startar billettsalet i morgon, seier du? Eg har eit triks. Her er oppskrifta:

1. Gå inn på Facebook

2. Søk opp Atomic Soul og trykk “like”.

3. Gå inn på arrangementer.

4. Finn Prince og følg lenka

Her er salkartet:

 

Journalnotat

31/05/2011

Skadeseksjonen på legevakten: 30.05.2011

Kuttet seg på kjøkkenkniv i kveld. 3. finger hø: Kutt i distale deler av midfalang radialt, virker ikke dypt, ligger pent. Normal perifer status og bevegelse i DIP/PIP.

V/T: Stripses, skal sitte i 10 dager, rekontakt ved forverring.

RF-1114 Næringsdrivendes søknad om utsatt frist for levering av selvangivelsen for inntektsåret 2010

Diptyque: Vetyverio

30/05/2011

Eg har samla på meg nokre Diptyque-dufter det siste året. Det byrja med Eau de Tarocco, så kjøpte av Eau Duelle frå ei parfymevenninne som ikkje trivdest med den, og så fekk eg 34 Boulevard St. Germain av verdas snillaste femtenåring.

Men eg hadde heilt gløymt at innimellom det heile kjøpte eg Vetyverio. Eg har skrive om vetiver før, dette grove graset med ei grøn, jordaktig, litt skarp duft. I Vetyverio er den kombinert med fruktige notar som aprikos og mandarin, men også med klassiske Diptyque-notar som rose og geranium.

Muskat, sedertre og musk er med på å forme basen i parfymen, så alt i alt er dette ikkje ei så kald og grøn duft som ein kanskje kunne vente med ei vetiver-duft.

Vetyverio har også den fascinerande eigenskapen at den kjem og går litt. Etter ei stund syns eg den har blitt borte, men når eitt par timar har gått er den tilbake for fullt, med nye fasettar og notar som kjem fram.

Denne er definitivt unisex, eg har nettopp spraya den på kjæresten min, og han karakteriserer den som “overraskande frisk”. I tillegg kamuflerer den effektivt diesel-lukt. :-)

Medan vi held på med ugras

29/05/2011

Skvallerkål er også eit næringsrikt og velsmakande ugras. Her får du oppskrift på pai og suppe med skvallerkål. Et ugraset!

Brennesle i hagen

28/05/2011

Kan eg få minne om at no er tida for å gå ut i hagen (og langs vegkantar og liknande) og plukke brennesle til suppe?

Du treng ikkje lage suppa akkurat no, du kan forvelle nesleblada og fryse dei ned til du får lyst på suppe. Så no er det på med hanskar, ta med ei korg eller ei bøtte, og ei god saks. Kos deg med ugraset!

Vårmat – frittata med jordskokk og asparges

27/05/2011

Vårmat

Asparges og jordskokk er perfekt vårmat. Men passar dei saman?

Eg er så heldig at eg har asparges i hagen min, og ei fleste vert etne rå medan eg held på i hagen. Men av og til kjem det så mange så fort at eg kan ta dei inn og bruke dei i ein middag.

Venninna mi har jordskokkar, og kvart år til bursdagen min i mai kjem ho over plenen med ei korg full. Jordskokkar er eigentleg eit ugras, tenk nøye over kvar du plantar dei. Dei invaderer gjerne pene staudebed og grønsakshagar viss dei får lov.

 Jordskokken veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. No på våren er den på sitt største, og du finn den i velassorterte grønsaksbutikkar.

Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av trøffel, og eit søtleg preg.

Så i dag hadde eg asparges og jordskokkar i kjøleskapet, og det må ein vel kunne finne på noko med? Eg kutta jordskokkane i tynne skiver, og lagde ein slags frittata av det heile. Frittata er ein spansk omelett som eigentleg blir laga med poteter og løk. Tynne potetskiver og løkskiver vert lagt lagvis i ei eldfast form eller i ei steikepanne, og så blir det heile bakt lenge og vel til potetene er møre og det heile smakar himmelsk, så enkelt som det er.

Ein kan gjerne kalle det eg lagde ein grateng, og det same fyllet kan brukast i ein pai. Kjært barn kjem i mange variantar. Kor mange egg du treng i denne frittataen varierer med kor stor form du har. Eg hadde ei ganske romsleg form, så då måtte eg bruke mange egg for å fylle den opp. Slik gjorde eg det:

Frittata med jordskokk og asparges

5-6 store jordskokkar

Ein bunt asparges, ca. 400 g

Ein stor gul løk

150 g manchego

10 egg

2 dl fløte, kremfløte eller matfløte

1 ts salt

1/2 ts kverna peppar

Sett ovnen på 180 grader. Skyll jordskokkane godt, og skrell dei. Knekk av aspargesen på det lågaste punktet den gir etter på stilken når du prøver å knekke den. Skrell nederste del av aspargesstilken for å få bort det som er treent. Skrell løken.

Kutt jordskokkar og løk i tynne skiver, eg brukte ein såkalla mandolin. Då kuttar du grønsakene tynt og jamnt fort, og utan å skade fingrane. Forvell jordskokkskivene i to minutt i fosskokande vatn. Ta skivene opp, og la dei renne av på eit papir. Smør ei eldfast form, og legg eit lag med jordskokkskiver i botnen. Legg eit lag med løk oppå der, og så eit lag med asparges. Fortsett til du har brukt opp både løk, jordskokkar og asparges.

Visp saman egg, fløte, salt og peppar, og hell over grønsakene. Riv manchego-osten grovt. Du kan bytte den ut med annan, fast, gul ost. Fordel den utover forma.

Bak frittataen til grønsakene er møre, ca. 20-25 minutt. Eg serverte min frittata med sprø, friske reddikar, rømme krydra med litt urtesalt og litt spekeskinke.

Denne frittataen passar godt på ein buffé, du kan til dømes lage den i ei brødform, og skjere dekorative skiver. Servert åleine er den vegetarisk, og med laktosefri fløte er den også god for mjølkeallergikarar. Den er også fin til forrett.

Eg må berre seie det.

26/05/2011

Eg har eit lite vesen som sit på eine skuldra mi og seier: No sa du det igjen. “Du er så fin.” “Eg har det så godt saman med deg.” Det er så deilig å vere kjæresten din.” “Eg elskar deg.”

“Du berre gjentek deg sjølv”, seier vesenet. “Det er berre ordgyteri. Når du seier det så ofte fell verdien av det du seier.”

Men eg feiar dette kritiske vesenet ned av skuldra mi, og seier det så ofte som eg har lyst til: Du er så fin. Det er så deilig å vere kjæresten din. Eg elskar deg. Det blir ikkje mindre sant fordi om eg seier det kvar dag, tvert om. Det vert sannare og sannare for kvar dag som går.

Du gjorde det igen

25/05/2011

Du gjorde det igen
Alldeles nyss
Du sa det där man aldrig får säga
Du sa det till mig, det outhärdligt
hänsynstlöst förbjudna
Du sa jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig

Du la din hand på min rygg
Jag vände mig om och du gjorde
det man aldrig får göra
Du strök min panna med stora, värma,
sträva, trygga händer
och sa, jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig

Säg det igen, säg det igen, säg det igen
Jag vill höra, så säg det igen, säg det igen,
säg det igen, säg det igen.

Nu blir jag aldrig mera fri,
nu har du mig fast
Jag kan aldrig nånsin leva förutan
Du sa det till mig, det jag längtat hela livet
att få höra

Du sa, jag älskar dig, jag älskar dig, jag älskar dig
Och säg det igen, säg det igen, säg det igen,
jag vill höra, så säg det igen, säg det igen, säg det igen,
säg det igen, säg det igen

Diptyque: 34 Boulevard St. Germain

24/05/2011

Parfymehuset Diptyque byrja med den første  butikken i 34 Boulevard St. Germain for femti år sidan. Dufta med same namn er laga for å feire dette jubileet.

Konseptet bak denne dufta er at Diptyque ønskte å gjenskape den dufta som sat i veggane i denne butikken. Eg har dessverre ikkje vore der, men eg kan lett forestille meg at ein butikk luktar som dette.

34 er sett saman av eit stort antall notar, og den gir eit krydra, varmt inntrykk til å byrje med. For meg var det å få på meg denne dufta som å kome heim. Den passar ikkje inn i nokon duftkategoriar. Det fascinerer, og det gjer at den er unisex. Både menn og kvinner kan gå med denne.

Du finn hint av fikenblad, rose, solbær, kardemomme, nellik og edeltre. Dufta er lekkert komponert, og å ha den på er som å hylle seg inn i eit varmt og elegant teppe.

At eg har lukkast i oppdraginga av barna mine fekk eg bekrefta då eg hadde bursdag i forrige veke, og femtenåringen ga meg denne i gåve. God smak!

Spansk kikertsuppe

22/05/2011

Det spanske kjøkkenet har hamna i skuggen av det franske og italienske. Likevel finn du mange gode smakar der. Denne suppa har sommarsmak i seg, og den mettar godt. Kjapp å lage er den også.

Spansk kikertsuppe

Ein boks kikerter

Ein boks hermetiske tomatar

Ein gul løk

Ei reven gulrot

To stilkar stangselleri

1 ts spisskummen

2 fedd kvitløk

1 ts tørka basilikum

1 ts tørka persille om du har

Chili etter smak

5 dl vatn

Olivenolje

2 ss tomatpuré

2 ss sitronsaft

Sukker, salt og peppar

Finhakk løk og kvitløk. Fres løken med spisskummen, chili og tomatpuré i olivenolje i ei vid gryte til løken er blank og aromaen i tomatpuréen og spisskummin får kome fram.

La kikertene renne av. Ha halvparten av dei i gryta saman med tomatane og vatnet. La det heile koke opp før du køyrer det glatt med ein stavmiksar. Ha i resten av ertene saman med dei siste grønsakene, sitronsaft, basilikum og persille. La det koke i ti minutt. Smak til med sukker, salt og peppar. Server med brød til.

Tips: Har du friske urter som basilikum, persille eller koriander, så dryss over litt i kvar skål når du serverer suppa.

Menyen i dag

21/05/2011

Eg har fått spørsmål om kva som skal serverast på bursdagsfesten, som faktisk er ein felles bursdagsfest for min kjære og meg. Her er menyen:

Tortilla

Tomatrøre – Pan catalan

Tapenade – Olivenrøre

Albondigas - Kjøttbollar i tomatsaus 

Gazpacho – kald tomatsuppe

Spansk kikertsuppe

Sopp, gratinert i tomatsaus

Aïoli

Saltbakte poteter

Empanadas

Oliven, grøne og svarte

Dessert:

Manchego med fikenmarmelade

Melon  - Oppskoren honningmelon, galiamelon, nettmelon

Kaker - Ostekake, gulrotkake, pavlova

Oppskriftene som manglar kjem etter kvart! :-)

Ein fin dag

20/05/2011

God morgon!

Eg gir meg sjølv ein blome, og ynskjer alle dokke som stikk innom i dag ein fin dag! :D

Boligbytte

19/05/2011

Er ferien i boks?

Viss den ikkje er det er det framleis tid til å finne eit godt boligbytte. Du finn masse info her.

Fleire mai-rettar: Grøn ertesuppe

19/05/2011

Eg hadde ein maimeny i Sunnmørsposten på laurdag, der presenterte eg oppskrift på kylling med saltbakte poteter og nudelsalat, og rabarbrarull til dessert.

Forretten til maimenyen er ei grøn og frisk ertesuppe. Den er ganske langt frå den gule som du kan få til pannekakene. Denne er rask å lage, og den blir også best om den vert lagd rett før servering. Eg garnerer den med reker, men den kan også pyntast med krutongar, ein rømmeklatt eller med litt sprøsteikt bacon. Denne suppa er gluten- og mjølkefri, og med grønsaksbuljong er den også eit godt vegetarisk alternativ på bufféen. Slik lagar eg den:

Grønn ertesuppe

 100 g løk, vårløk eller purre

2 ss olivenolje

Ein liten skalk sellerirot eller to selleristilkar

1 liter vatn

Ein buljongterning eller 1 ss flytande buljong

500 g grøne erter

Fire mynteblad viss du har

Salt og peppar

Varm opp oljen i ei gryte. Hakk løken fint. Skrell og hakk sellerirota i små terningar. Surr grønsakene til løken er blank og fin, og slå over vatnet. Ha i buljong, og la det koke i 10 minutt. Ha i ertene, og la suppa koke opp att.

Hakk mynteblada fint, og ha dei i. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar, og smak den til med salt og peppar. Server i små glas. Tre to nypilla reker på ein tannpirkar eller eit lite grillspyd, og legg på glaset som garnering. Eg serverer denne suppa i småglas, mine er faktisk til telys, kjøpt på IKEA. Skal dette vere ein ordentleg forrett bør du bruke litt større glas eller pene suppeskåler.

Yr tok feil

18/05/2011

-Og det vart ein kjempefin dag.

Alle bidrog kvar på sin måte. Min kjære lagde for eksempel desse fantastiske pikekyssa med flaggfargar. Flotte vart dei! (Og etter å ha ete ein blå vart tunga knallblå. Stilig!)

Yr tek feil!

17/05/2011

Det er eg heilt sikker på.

Der står det nemleg at regnet skal kome klokka elleve, men frå klokka ti serverer vi brunch i hagen for 22 gjestar, så det kan ikkje regne.

Vi har ein plan B, med buffé og free seating inne, men vi kryssar fingrane for at vi kan ta plass ved langbordet i solskinet. Gjestane får servert ulike typar skinke, fersk, røykt og speka, mårpølse, laks og eggerøre, skagenrøre og aioli. Mors nybakte rundstykke høyrer også med. Deretter kjem det forskjellige ostar med marmelade, og til slutt blir det servert ei rullekake og fruktsalat, krem og muffins i raudt, kvitt og blått.

Eg ynskjer deg ein fin 17. mai, med sol og glede!

Maikaker

16/05/2011

No er det like før det smell, men gode råd treng slett ikkje alltid vere dyre.

Her finn du mine kaketips for 17. maifesten, Den er gull verd for dei som er i komitéen for det heile. I tillegg har eg lista opp masse gode oppskrifter under her, som eg vonar kan inspirere til baking i seine kveldstimar. Ha ein fin 17. mai!

Lys langpannekake – grunnoppskrift

Kanelbollar

Gulrotkake

Brownie

Mor Monsen

Sjokoladekake

Kvæfjordkake

Appelsinkake med firkløverglasur

Appelsinkake med melisglasur

Marengskake med sjokolademousse

 Cheesecake brownie

 Rabarbrapai

 Suksessterte

Bedehuskake med korintar

 Ostekake

Blåbærpai og skogsbærfromasjkake for allergikarar

Festkake med rabarbra

 Ananaskake

Fransk mokkakake

Rabarbrarull til maifest

15/05/2011

Til dessert på maifestbordet mitt serverer eg rabarbrarull. Rabarbraen sprutar ut i hagen min, og eg brukar den så mykje eg kan. Dette er ein ny kakevariant, som vart ganske god, om eg skal seie det sjølv. Slik gjer du det:

Rabarbrarull

275 g kveitemjøl

5 ss sukker

1 ts bakepulver

½ ts salt

75 g smør

1 egg

½ dl mjølk

Fyll:

350 g rabarbra

6 ss sukker

1 ts finreve sitronskal

1/2 ts kardemomme

Pynt:

1 egg

litt perlesukker

Sett steikeovnen på 220 grader. Bland dei tørre ingrediensane og smuldre i kaldt smør. Pisk egg og mjølk og rør inn i deigen. La deigen kvile ein halvtime i kjøleskap.

Kjevle deigen til et rektangel (ca. 25×30 cm). Eg gjer dette rett på eit bakepapir av silikon, då vert deigen enklare å handtere.

Bland rabarbra, sukker, sitronskal og kardemomme, og fordel det over deigen. La det stå igjen 1 cm langs kanten. Pensle deigkantane med samanpiska egg. Brett inn deig-endane og rull sammen kaka som ei rullekake. Legg den på steikebrett med skjøten ned.

Pensle kaka med samanpiska egg, og dryss på perlesukker. Steik kaka midt i omnen i ca. 30 minutter. Avkjøl kaka litt, og server den med crème fraîche rørt med litt ekte vaniljesukker, krem eller vaniljesaus. Denne kaka gir ca. 8-10 porsjonar.

Ha ein fin mai-fest!

Festmat i mai

14/05/2011

I mai kjem festdagane tett som hagl, og spekemat og grilling har lett for å gå igjen på menyen.

 Men det er kjekt med nye rettar på festbordet, og her kjem ein dose inspirasjon frå meg. Desse rettane er enkle, ikkje så dyre og med spennande smak.

I dag får du oppskrift på kyllingfilet med salat og saltbakte poteter. Kyllingen kuttar eg i strimlar, og så steiker eg den og serverer med ein sterk og søt mangosaus. Har du det travelt kan du bruke vanleg søt chilisaus på flaske, som du finn i butikken. Steiker du kyllingen i olje er denne retten også mjølke- og glutenfri. Slik gjer du det:

Kyllingfilet med sterk mangosaus

Mangosaus:

3 dl eple- og mangojuice

Raud chili etter smak

1-2 ts maisenna

2 ss vatn

Salt og peppar

Kok opp juicen, og skum av. Ha i finhakka chili, og la det koke litt. Det er best å byrje med litt chili, og så heller ha i litt meir om du syns sausen treng meir punch. Rør ut maisennamjøl i vatnet, og slå i sausen litt og litt, til den er passe tjukk. Smak til med salt og peppar. Sett til side.

800 g kylllingfilet

Salt og peppar

Smør eller olje til steiking

Lime

Strimle kyllingfileten i lange strimlar. Steik den i smør og dryss på salt og peppar. La den gjerne ettersteike litt i omnen.

Legg på fat, og ringle over mangosaus. Press over safta av ein halv lime, og pynt med limebåtar.

Saltbakte poteter

Bruk små amadine-poteter. Vask potetene godt. Ha potetene i ei kasserolle og kok dei i ca 7 minutt.

Legg potetene i langpanne saman med mengder av grovsalt. Stikk nokre små hol i potetene med ein gaffel. Dryss over litt rosmarin og ein skvett olje. Bak dei i omnen på 200 grader i ca 15 minutt.

Nudelsalat

200 g eggnudlar

4 ss olivenolje

4 ss sitronsaft

1 ts malt ingefær

Vårløk

Agurk

Blanda salat

Raud løk

Eddik til marinade

Kutt raudløken fint, og legg den i eddik til marinering. Dette kan du gjerne gjere i god tid før servering.

Kok nudlane i godt salta vatn så lenge som det står på pakken. La dei renne av i eit såld før du har dei tilbake i gryta. Bland saman olje, sitronsaft og ingefær, og vend nudlane i dette i gryta. La det heile kolne.

Finhakk vårløken. Skrell agurken, del den i to, fjern frøa og kutt agurken i strimlar med ein ostehøvel eller liknande. Skyll salaten og tørk den.

Bland alt saman på eit stort fat. Server med appelsinvinaigrette.

Appelsinvinaigrette

3 ss appelsinmarmelade

3 ss vineddik eller annan kvit eddik

2,5 dl olivenolje, extra virgin

Urtesalt og nymalt peppar

1 eggekvite

Litt vatn

Varm opp marmeladen med eddiken. Det skal ikkje koke, berre varmast opp slik at marmeladen smeltar. Ha i eit blenderglas og køyr glatt med olivenoljen. Smak til med urtesalt og peppar.

Ha i eggekvita til slutt, og køyr den litt til med stavmiksaren. Eggekvita gjer at dressingen emulgerer, olje og vatn blandar seg. Spe med litt meir vatn viss du syns dressingen vert for tjukk.

Gaeng Keo Wan Gai

13/05/2011

Dette vart litt komplisert, men Gaeng Keo Wan Gai betyr kylling i grøn karri på thai.  Kjæresten min ynskte seg thaimat i går, og sjølv om eg har lagd thaisuppe før så måtte eg ut i den store verda for å finne inspirasjon.

Thaimat er godt krydra og aromatisk, og dette kjøkkenet vert meir og meir populært. Dei “faste” ingrediensane er karripasta, raud eller grøn, kaffirlimeblad, fiskesaus, galangal eller ingefær, chili, lime og kvitløk. Kokosmjølk er den vanlegaste basen for sausen.

Dette er eigentleg kjapp mat, sjølv om det tek litt tid dei første gongane ein lagar det så får ein det etter kvart inn i fingrane. Kutt opp krydder, grønsaker og kylling først, slik at alt er klart når du byrjar å lage retten. Eg brukte ein wok, men du kan godt lage dette i ei vid steikepanne. Slik gjorde eg det:

Gaeng Keo Wan Gai

400 g strimla kyllingfilet

1 ss grøn karripasta

2 fedd kvitløk

1/2-1 chili

1 ss riven ingefær

to-tre kaffirlimeblad eller 1 ts tørka, flaka kaffirlimeblad

1 aubergin

3-4 vårløk

3 ss asiatisk fiskesaus

1 ts sukker

Ein liten boks bambusskot

Ein boks (400 ml) kokosmjølk

Skal og saft av ein halv lime

200 g ris eller nudlar

Olje til steiking

Skjer auberginen i tynne skiver, og strø salt mellom dei. Stable dei på fjøla, og la dei renne av litt.

Varm opp oljen, og steik kyllingstrimlane til dei er pent brune. Legg dei til side på eit fat. Kutt auberginskivene i fire, steik dei fort i olje og legg dei og til side.

Ha i litt ekstra olje, og ha i karripastaen. La den frese litt. Ha i limeskal, limesaft, finhakka kvitløk, riven ingefær og chili og fres vidare. Slå på kokosmjølka og eventuelt avkok av woken etter at du steikte kyllingen. La dette koke inn litt, ca. 10-15 minutt. I mellomtida kan du koke ris eller nudlar.

Ha i bambusskudd, oppkutta vårløk, kylling og aubergin, og la det heile bli gjennomvarmt. Server med det du valde av ris eller nudlar.

Alt godt på radio!

12/05/2011

Berre i NRK Møre og Romsdal, men likevel; i dag mellom elleve og tolv skal eg snakke om mai-kaker. Oppskrifta eg kjem til å presentere er denne oppskrifta på frosen ostekake som eg har fått av Heidi:

Har du laga denne kirsebærkaka ein gong vert det neppe siste. Ho er aldeles nydeleg og du slepp at ho dett ned, brenn seg eller blir mislykka. Eg er overbevist at dette vert far sin klassikar i alle gebursdagar og konfirmasjonar frametter våren. Du kan godt bruke ein pakke ferdig kirsebærkompott, men eg har steinfrie kirsebær i frysaren.

Kvar haust kjem det ein bil frå Austlandet til Volda som sel frosne bær, og i haust selde denne bærmannen steinfrie kirsebær. For oss som ikkje likar å spytte kirsebærstein er dette ein fulltreffar. Eg lurer på kva maskineri som gjer bæra steinfri, men sidan ho kjem frå Sverige er vel det mogeleg, eg er i alle fall imponert!

Kirsebæriskake

15 kornmokjeks

Fyll:

3 egg

2 dl sukker

1 pakke kremfløyte (3 dl)

I pakke philadelphiaost (naturell)

Knus kjeksa godt og legg dei i botnen på den eldfaste forma. Pisk eggedosis av eggeplomme og sukker. Rør kremosten mjuk, og pisk den inn i eggedosisen. Stivpisk kremfløyten, og bland den inn. Pisk dei tre eggekvitene du har igjen stive, og vend dei inn i røra heilt til slutt. Slå røra i forma og set ho i frysaren.

Slå 1 pakke kirsebærkompott over kaka når du tek ho opp. Dette vert ei iskake som vil smelte etter 4-5 timar, så ta ho opp av frysaren rett før servering.

Pizzasnurrar

11/05/2011

I går lagde eg pizzasnurrar til min kjære og meg sjølv. Det er vel eigentleg på kanten til barnemat, men vi er litt barnslege. Slik gjorde eg det:

Pizzasnurrar (18 stk)

4 dl lunka vatn

4 ss olivenolje

2 ts tørka basilikum

1 ts tørrgjær

1 ts salt

Mjøl til passe deig

200 g kjøtdeig

1 ts tørka basilikum

2 fedd kvitløk

1 ss tomatpuré

0,5 dl vatn

150 g raud pesto

10 cm purre

200 g riven ost

Ha vatnet, oljen, salt og basilikum i bakebollen. Elt inn mjøl med tørrgjæra innblanda til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel.

Steik kjøtdeigen på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i basilikum og tomatpuré. Slå på vatn, og la det heile koke inn til kjøtdeigen er gjennomsteikt.

Smør på raud pesto, og og strø over kjøtdeig, finsnitta purre og mesteparten av osten. Rull leiven forsiktig saman til ei lang pølse. Skjer den i 2 cm tjukke skiver og legg dei rett på bakepapir. La dei etterheve i 20-25 minutt. Steik snurrane i 15 minutt på 210 grader. Du kan kaldheve snurrane viss det gjer livet ditt enklare, då lagar du deigen med kald væske, og let den heve kjøleg over natta. Så kan du gå rett på utrulling og steiking i middagstida.

Den raude pestoen kan du lage sjølv, det er ikkje vanskeleg. Kok opp 2 dl vatn, og legg 100 g soltørka tomatar oppi. La det koke i 10 minutt. Avkjøl, og ha både tomatar og vatn i ei matmølle med eit kvitløksfedd, ein neve fersk basilikum, 100 g pinjekjerner og 100 g riven parmesan. Køyr det glatt, og spe med ein god olivenolje til pestoen får ein fin konsistens.

Spring i beina

10/05/2011

Jeg har så mye spring i beina, sa datra mi då ho var liten og rastlaus, og sprang rundt som ein jojo.

Her ser du også nokre som har spring i beina:

This is how it feels:

09/05/2011

Opphav: xkcd.com

Love it, love it

08/05/2011

Denne musikken gjer meg berre tvers igjennom glad. Nyt og dans!

The first thing I remember, I was lying in my bed
I couldn’t've been no more than one or two
And I remember there’s a radio, coming from the room next door
My mother laughed the way some ladies’ do

Well it’s late in the evening, and the music’s seeping through

The next thing I remember, I am walking down a street
I’m feeling alright I’m with my boys and with my troops, yeah
Down along the avenue some guys are shootin’ pool
And I heard the sound of acapella groups, yeah

Singin’ late in the evening, and all the girls out on the stoops, yeah

Then I learned to play some lead guitar, I was underage in this funky bar
And I stepped outside to smoke myself a j
When I come back to the room, everybody just seemed to move
And I turned my amp up loud and I began to play

It was late in the evening, and I blew that room away

First thing I remember when you came into my life
I said I wanna get that girl, no matter what I do
Well I guess I’ve been in love before and once or twice have been on the floor
But I’ve never loved no-one the way that I love you

And it was late in the evening, and all the music’s seeping through


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers