Parfymehuset Diptyque byrja med den første butikken i 34 Boulevard St. Germain for femti år sidan. Dufta med same namn er laga for å feire dette jubileet.
Konseptet bak denne dufta er at Diptyque ønskte å gjenskape den dufta som sat i veggane i denne butikken. Eg har dessverre ikkje vore der, men eg kan lett forestille meg at ein butikk luktar som dette.
34 er sett saman av eit stort antall notar, og den gir eit krydra, varmt inntrykk til å byrje med. For meg var det å få på meg denne dufta som å kome heim. Den passar ikkje inn i nokon duftkategoriar. Det fascinerer, og det gjer at den er unisex. Både menn og kvinner kan gå med denne.
Du finn hint av fikenblad, rose, solbær, kardemomme, nellik og edeltre. Dufta er lekkert komponert, og å ha den på er som å hylle seg inn i eit varmt og elegant teppe.
At eg har lukkast i oppdraginga av barna mine fekk eg bekrefta då eg hadde bursdag i forrige veke, og femtenåringen ga meg denne i gåve. God smak!
24/05/2011 ved 18:41 |
Fin gave! Jeg har problemer med å finne parfyme til meg selv. Tror jeg prøver en ny parfyme hver gang jeg går innom en taxfree eller et parfymeri, men sjelden jeg finner noe som passer.
24/05/2011 ved 22:25 |
Vi får ta ein fest for nakne kvinner snart, så skal du få snuse i skapet mitt: http://altgodt.wordpress.com/2010/10/13/pa-utstilling/
26/05/2011 ved 10:11 |
Eg var i butikken deira i april! Det lukta godt langt ut på gata.
30/05/2011 ved 07:25 |
[...] så kjøpte av Eau Duelle frå ei parfymevenninne som ikkje trivdest med den, og så fekk eg 34 Boulevard St. Germain av verdas snillaste [...]