Diptyque: Vetyverio

Eg har samla på meg nokre Diptyque-dufter det siste året. Det byrja med Eau de Tarocco, så kjøpte av Eau Duelle frå ei parfymevenninne som ikkje trivdest med den, og så fekk eg 34 Boulevard St. Germain av verdas snillaste femtenåring.

Men eg hadde heilt gløymt at innimellom det heile kjøpte eg Vetyverio. Eg har skrive om vetiver før, dette grove graset med ei grøn, jordaktig, litt skarp duft. I Vetyverio er den kombinert med fruktige notar som aprikos og mandarin, men også med klassiske Diptyque-notar som rose og geranium.

Muskat, sedertre og musk er med på å forme basen i parfymen, så alt i alt er dette ikkje ei så kald og grøn duft som ein kanskje kunne vente med ei vetiver-duft.

Vetyverio har også den fascinerande eigenskapen at den kjem og går litt. Etter ei stund syns eg den har blitt borte, men når eitt par timar har gått er den tilbake for fullt, med nye fasettar og notar som kjem fram.

Denne er definitivt unisex, eg har nettopp spraya den på kjæresten min, og han karakteriserer den som “overraskande frisk”. I tillegg kamuflerer den effektivt diesel-lukt. :-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s