Arkiv for juni, 2011

I gang igjen…

30/06/2011

Jepp, det er bryllupskaketid igjen.

I helga giftar mi fine kusine seg, og eg gjev dei ei bryllupskake i gåve. Den kjem til å likne på den du ser her til høgre, men den skal stå på eit sunnmørsk kakebord som mor og tanter har bakt til i over ei veke, så denne vert berre i tre etasjar.

Oppskrifta til kaka finn du her, Eg lagde litt meir enn to porsjonar for å fylle former på 18, 24 og 32 cm.

Og for de av dykk som er bekymra for forkjølinga mi, det er ingen grunn til å bli uroa. Eg har hatt assistent til alt arbeid med den så langt, så kaka har ikkje blitt hosta på. Takk til Maria for assistanse!

Så til helga skal vidunderet fraktast til Lysebu, og bli fortært av ei strålande fin forsamling. Gratulerer på førehand, kjære brudepar!

 

Remedie nr. 3

29/06/2011

Ok, no har eg prøvd smoothie proppa med vitaminar, og eg har prøvd ”décoction anti-infectieuse”.

I dag tenkte eg å prøve noko som var basert på ei oppsummering av alle dei gode råda i går. Eg fekk mange råd, med stor variasjon, frå kvitløk og ingefær til hot whiskey og raudvin.

Så då vart det eit kompromiss av alle desse råda. Eg hadde ståande ei halv flaske raudvin frå festen som var her på fredag. Den var rett nok alkoholfri, sidan den var medbrakt av ein gravid gjest, men det fekk meg eigentleg berre til å føle meg litt skikkeleg og snill, som ein skal når ein er sjukmeldt.

Raudvinen vart varma opp i ei gryte, og oppi vinen hadde eg fire kardemommekjerner, fire nellikspiker, fire skiver fersk ingefær, ei kanelstang og safta av ei raus skive sitron. Dette fekk stå og trekke i 20-25 minutt.

Då det hadde trekt ferdig, hadde eg i ei skei med honning, og så kom eg på at eg hadde litt rom ståande. Det var berre ein liten slant som vansmekta på ei flaske, så eg tok den oppi. Då var prinsippet om skikkeleg og snill fråveke, men det fekk vere.

Dette brygget smakte veldig godt, litt gløggaktig, men friskare på grunn av sitronen og den ferske ingefæren. Slett ikkje verst som forkjølelsesmedisin!

Kva skal vondt fordrive?

28/06/2011

No har eg prøvd med forkjølelsessmoothie, det hadde ingen særleg effekt.

I går kveld prøvde eg mi franske venninne sin ”décoction anti-infectieuse”. Då kokte eg opp 0,5 l vann med sitronskall, kanelstang og 3-4 nellikspiker. Eg lot det trekke litt, før eg pressa oppi sitronsafta av ein halv sitron og raust med honning. Dette heng på greip, sitron har eteriske oljar i seg som løyser opp slim, og nellik og honning er bakteriedrepande.

Mor mi tyr alltid til honning. Av og til sit ho ganske enkelt med ei skei i munnen, og let honningen smelte sakte men sikkert. Eg har også fått forslag om kamillete med honning, og timiante.

Kva råd har du å by på? Kva tyr du til når sommar- (eller vinter-)forkjølelsen slår til for fullt? Eg tek gjerne imot tips og oppskrifter i kommentarfeltet. Prosit!

Pick-me-up

27/06/2011

Ja, eg veit ikkje om dette fungerer, men ei vitaminbombe til frukost må vel kunne bidra til å kurere ein sjukling?

Eg har sutra over forkjølelsen min tidlegare, og den er framleis ikkje gått over. Dette blir frukosten min i dag, og så krysser eg fingrane for at kombinasjonen væske og vitaminar gjer susen.

Væska gjenopprettar balansen i kroppen, og vitaminane styrkar immunforsvaret. Det er iallfall teorien min.

Slik lagar eg min forkjølelsessmoothie:

Forkjølelsessmoothie

2 nektarinar

To nevar steinfrie, raude druer

1 dl mana-juice

1 dl melonyoghurt

Rens frukta, og del den opp grovt. Putt alt i ein blender. Køyr det glatt. Drikk det frå eit romsleg glas med sugerør medan du ligg på sofaen med dyne på.

Nytt prosjekt!

26/06/2011

Eg har tidlegare fortalt om Smalhans, kokeboka mi med oppskrifter på god mat for trange tider.

Samlaget vil ha fleire bøker frå meg, og det neste prosjektet er allereie i gang. Det skal handle om korleis vi handterer ting vi har i hagen og i skogen, og eg skal mellom anna skrive om svarthyll.

GundaM skal ta bilda til boka mi, og ho er i Trøndelag. Difor treng vi tilgang til svarthylltre i Trøndelag som ho kan fotografere, og som vi kanskje kan få plukke av til vi skal lage svarthyllsaft. Veit du om eit slikt tre, og kan vi få lov til å boltre oss med det midt i juli?

Er du ren? Er du tro?

24/06/2011

Kan speilet tale?

Speilet kan tale

Speilet skal se på dig hver morgen,
forskende,
se på dig med det dybe, kloge øie,
- dit eget!
hilse dig med det varme, det mørkeblå øie.
Er du ren?
Er du tro?

Det er dramatisk, dette diktet av Sigbjørn Obstfelder. Eg møter ofte menneske som seier at det er så viktig for dei at ein er ærleg og open. Dette er eigenskapar eg og set stor pris på. Alt for mykje vert fortia, pynta på og feia under teppet.

Samstundes er det påfallande at løgn er ein del av den sosiale smøringa menneske imellom. Vi lyg om at maten var god, vi lyg om at vi har det fint når vi eigentleg føler oss heilt knust og vi lyg om at vi har planar ein kveld vi vert invitert i selskap, medan det vi treng er å tilbringe ein kveld i sofaen.

I nære relasjonar er løgna med på å halde oss saman. Kjærestar, særleg dei nyforelska, lyg for å framstå som meir attraktive for den andre. Eg song i kor ein gong, der det viste seg at ni av dei tolv røykarane i koret røykte i smug for foreldra sine. Alle ni var mellom tjue og tredve, altså fullt ut i posisjon til å innrømme at dei røykte, og stå for det.

Likevel vert vi utruleg opprørte over at andre lyg til oss når vi får vite om det. Enkelte går så langt at dei plagar dei som dei er i eit forhold med, fordi dei føler at den andre held tilbake, pyntar på sanninga, ikkje vil dele informasjon om kva som har skjedd i tidlegare relasjonar, eller kva partneren tenker om menneske dei møter.

Men kva levevilkår har ærlegheita? Korleis møter du eit ærleg svar? Korleis kan ein skape ein kultur for ærlegheit og open dialog i ein familie eller i ein relasjon? Noko av det viktigaste er kanskje å alltid møte eit ærleg svar med ro og med eit ope sinn. Ein må gjere sitt beste for å unngå å bli opphissa, sint eller iskald i møte med eit ærleg svar.

Eg har brukt lang tid på å lære (og å vise) barna mine at eg vert mykje mindre opprørt over sanninga enn over ei løgn. Men dette gjeld ikkje berre overfor barn, det gjeld også vaksne imellom.

Ofte heng det saman med å takle å bli avvist. Viss den som får sanninga servert opplever sanninga som ei avvising, og blir opprørt eller iskald over det, så lærer avgivaren av det ærlege svaret at eg kan ikkje vere ærleg ovanfor denne personen. Her må eg i framtida passe på å pynte på realitetane, for eg meinte ikkje å avvise. Eg ga berre eit ærleg svar.

Samstundes treng ein ikkje alltid vere brutalt ærleg. Somme tider kan det vere naudsynt å halde tilbake, ein må ikkje dele alt. Men då handlar det meir om å vise omsyn enn å lyge. Kanskje tok dei ni røykarane omsyn til foreldra sine når dei røykte i smug? Eg veit ikkje. Eg veit berre at eg syns dette er spennande og vanskelege spørsmål å tumle med.

Ja, vi et Rudolf

22/06/2011

Mine amerikanske vener ser med sjokk og vantro på at vi et Rudolf.

I svigerfamilien finst det jegerar, og jegerar kjem attende med slakt, deriblant reinsdyr. Nokre bitar av desse reinsdyra endar opp i frysaren hos oss. I helga tok vi opp ei diskret lita steik, i utgangspunktet var den nærare to kilo. Etter at den var reinskoren, mellom anna for eit stykke ribbein, var den 1,2 kg. Perfekt storleik for ein liten familie.

Når ein skal skjere reint kjøt er det fleire ting ein bør tenke på. For det første; fjern alt bein. Å steike kjøt på beinet tek lengre tid, og dessutan kan ein koke kraft på beinet. Klassisk vinn-vinn-situasjon.

For det andre; alt kjøtet treng ikkje henge saman. Har du bomullstråd kan du knyte steika saman slik du vil ha den. Får du bitar av kjøt som ikkje heng saman med sjølve steika så gjer det ingenting. Skjer steika opp, legg bitane inni, krydre og bind i hop.

For det tredje; fjern alle perlemorsfarga sener. Gjennom kjøtet går det kvitaktige sener som du kjenner er seige. Når dei er varmebehandla er dei om mogeleg endå seigare. Difor er det like godt å fjerne dei først som sist.

Slik gjorde eg det:

Reinsdyrsteik

minst 250 g kjøt per person

Salt og peppar

1 pk kremfløte

Soppmjøl om du har

Litt rognebærgelé

Litt tomatpuré

Olje og smør til steiking

Vatn

Set omnen på 125 grader.

Skjer bort bein og sener. Knus peppar i ein mortar. Eg brukte ei blanding av kvit og svart peppar, korianderfrø og sennepsfrø. Legg kjøtstykket på ei fjøl, og dryss salt og peppar inni. Har du andre kjøtstykke til overs etter reinskjeringa, så legg dei inn i kjøtstykket, og surr det tett saman. Knyt det fast med bomullstråd.

Varm opp litt olje i ei jernpanne. Ha i litt smør, og legg i kjøtet. Brun kjøtet på alle sider. Legg kjøtet i ei eldfast form, og sett i steiketermometer. Steik kjøtet på 125 grader i nærare to timar, til det har nådd kjernetemperatur på 65 grader. La det kvile under folie medan du kokar poteter og rosenkål.

Dryss litt soppmjøl i steikepanna viss du har. Slå på 2-3 dl vatn og kok ut panna medan du rører godt. Slå på meir viss det trengst. La det heile koke nokre minutt. Sil avkoket over i ei lita gryte. Slå på fløte, og la det koke opp. Smak til med salt, peppar, rognebærgelé og litt tomatpuré. La koke litt til det tjuknar.

Skjer steika i tynne skiver, og server med saus, kokte poteter og rosenkål.

Sommarjobb?

21/06/2011

Viss du er litt slapp for tida er denne perfekt for deg.  (Det verste er at det ser ut til å vere alvorleg meint.)

Når ein først er pjusk…

20/06/2011

-så gjer det ingenting at NRK har bestemt seg for å vise M/S Nord-Norge si reise frå Bergen til Kirkenes.

Eg har tidlegare fortalt om mitt spesielle forhold til Hurtigruta, eller Hurtigruten, som den eigentleg heiter. Eg er fødd ombord i M/S Lofoten, så desse båtane ligg mitt hjarte nær.

Difor er det eit fortreffeleg tidsfordriv å sjå ferda nordover på tv. Eg trur ingen forsto at dette skulle bli ein suksess, men det har det blitt. På facebook-sida til sendinga går praten natta igjennom, og både plassar, ruta og musikken som blir spelt vert livleg diskutert.

Følgjer du med? Bur du der nord, og er ute i båten din, eller var du med i Lødingen sykkelklubb, som sykla jamsides med Hurtigruta mellom Raftsundet? Var det du som sende ei helsing til Bitta?

Eg veit iallfall at mor mi og venninna hennar står på kaia på Finnsnes i dag litt over elleve, så vink litt ekstra frå sofaen eller frå kontorpulten din akkurat då. Send ein tanke til ho som vart sendt med M/S Lofoten ein maidag midt på sekstitalet med eit barn i magen.  Før ho kom fram til sjukehuset i Tromsø var barnet ute, og det var meg. Takk for tapper innsats, mamma!

Dårleg med smått stell

19/06/2011

Eg er pjasken for tida, den store sommarforkjølinga har kome over meg og plagar meg med sår hals, tett nase og vond kropp.

Så difor vert det ikkje så mykje aktivitet her i bloggen. Men eg får sende dei friske i familien (vi hostar alle, så mindre sjuke er vel meir presist) på kjøkkenet og lage oss litt sikringskost. Det hjelper på alt, også såre halsar og tette naser.

Kveldskos med rabarbra

17/06/2011

No er rababraen på sitt beste, om ikkje så lenge bør den få stå i fred.

Blomstrar rababraen din, så fjern blomane. Bruk dei grovaste stilkane no, så stimulerer du til ny vekst. Dei nye stilkane kan du ete ei stund utover sommaren, det er dei gamle stilkane som har mest oksalsyre, og som bør få stå i fred når vi har passert jonsok. Uansett er no tida for å bruke rabarbraen, gjerne i kombinasjon med jordbær, kvann eller pære.

I går kveld lagde eg ein liten porsjon rabarbragraut til tre av oss. For meg er det eit barndomsminne, syrleg og søt graut med mjølk på. Vi hadde berre ekstra lett mjølk, og det er berre sånn passe godt til rabarbragrauten. Men eg tok litt vaniljeyoghurt på, og det vart veldig godt. Du kan godt bruke vaniljekesam og.

Det viktigaste er at du et litt av noko mjølkeprodukt når du et rabarbra, så vert oksalsyra nøytralisert i kroppen. Slik lagde eg rabarbragrauten:

Rabarbragraut

1/2 l rabarbra, rensa og kutta i bitar

3 dl vatn

sukker etter smak, eg brukte ca. 0,75 dl

1 ts vaniljesukker, Tørslefs

1/2 dl vatn

1 ss maisennamjøl

Ha rabarbra, vatn, sukker og vaniljesukker  i ei gryte, og kok det opp. La det koke til rabarbraen er mør, hos meg tok det ikkje meir enn eitt par minutt. Rør saman 1/2 dl vatn og maisennamjøl, og ha det i grauten litt og litt til den er passe tjukk. Her er smaken forskjellig, nokre vil ha grauten så tjukk at skeia står i den, andre vil ha den meir flytande.

Server med ein klatt vaniljeyoghurt, kesam eller heilmjølk/matfløte.

Eit bidrag til bufféen

16/06/2011

Ja, det sto det på invitasjonen til klasseavslutninga til tolvåringen. Eg hadde det så travelt at gode råd var dyre.

Men eg hadde ei skål med kokte poteter i kjøleskapet, og masse deilige urter i hagen. Dermed vart det ein potetsalat med tre sortar løk, og med vinaigrettedressing. (På bildet ser det ut som ein rømmedressing, men det er ein emulgert vinaigrette. Det er berre litt overeksponert.) Slik gjorde eg det:

Potetsalat med tre sortar løk og vinaigrette

6-8 kokte, kalde poteter

6 blad ramsløk

Ein lang stilk toppløk eller to stilkar vårløk

Ein liten bunt grasløk

Dressing:

1 dl kvitvinseddik

2 dl olivenolje

1 ts honning

1/2 ts salt

Nykverna peppar

Nokre duskar kruspersille

Ei eggekvite

Skrell potetene, og kutt dei i terningar. Legg dei i ei skål. Kutt opp løken, og ha den i skåla. Hald unna litt grasløk til pynt.

Ha alle ingrediensane til vinaigretten i ein høg, smal bolle, unntatt eggekvita. Køyr dei glatte med ein stavmiksar. Ha i eggekvita til slutt, og køyr stavmiksaren litt til slik at det vert ein tjukk, majonesaktig dressing. Smak til om det trengst meir salt, peppar eller honning.

Vend dressingen inn i potet- og løkblandinga. Dryss på litt grasløk til slutt. Denne potetsalaten er mjølkefri, den er perfekt for mjølkeallergikarar.

Lurer du på den uformelle serveringsskåla? Eg klarer aldri å få med meg bollar og fat heim frå slike arrangement, så i dag vart det ein isboks.

You bring the sun out

15/06/2011

You bring the sun out
To warm my life up
To make my love grow everyday

You bring the stars out
To light the night up
To make the darkness go away

You bring the sun out
To warm my life up
To make my love grow everyday

You bring the stars out
To light the night up
To make the darkness go away

I reach to you
You reach to me
Not matter where I go I know you’ll always be
Never to far
Far from my heart
I’ll always have you here
I always know you’re near

You bring the sun out
To warm my life up
To make my love grow everyday

You bring the stars out
To light the night up
To make the darkness go away

 

Ein god idé

14/06/2011

Eg kjenner nokre fine matmenneske, det vil seie at dei er like matnerdete (til dels meir enn, faktisk) som meg.

Her om dagen gjorde vi ein avtale om at vi skulle møtast, og bytte kokebøker som vi aldri brukar. Det er jo alltid nokre som vert ståande ubrukte i hylla, eller du har laga den eine gode oppskrifta så mange gongar at du kan den utanat. Det er ein god tanke å få slike bøker i sirkulasjon til andre som kan ha bruk for dei, syns eg. Ein manns søppel er ein annan manns gull, seiest det. Det gjeld til fulle i slike situasjonar.

Difor samlast vi, ein liten gjeng med matentusiastar, for å bytte/gje bort kokebøker. Nokre av dei vi inviterte var ikkje så erfarne på kjøkkenet som oss, dei fekk sjølvsagt forsyne seg fritt utan å bytte med noko tilbake. Som du ser på bildet under var det ein smule kaotisk, litt vin, te og pikekyss vart servert, samt godt brød og ein dugeleg porsjon hummus.

Meir skal det ikkje til for å lage ein strålande flott kveld, der alle følte seg rikare og lettare til sinns då dei gjekk enn då dei kom.

Idéen let seg overføre til mange interesser og hobbyar. Har du noko du likar å stelle med, der du har drege på deg meir ting og reiskapar enn du treng? Lag ein byttekveld med nokre du veit delar interessa di. Inviter nokre nybyrjarar og, dei har stor glede både av kunnskapen til dei meir erfarne, og nybyrjarutstyr/litteratur.

Eg har vore med på det same med plantar og frø, vi er ein gjeng som møtest meir eller mindre fast kvar første mandag i månaden. Ein har jo alltid for mykje av ting, når ein går inn i noko med liv og lyst. Då er det godt å dele av det ein har med andre som treng noko, eller set pris på noko anna enn det du set pris på. Lykke til med byttinga!

Den største sorga

12/06/2011

Eg les og les i bloggen til Amelie, og føler så med henne i sorga hennar over å miste eit barn.

Då eg holdt tale for femtenåringen min i konfirmasjonen hennar fortalde eg henne om korleis eg opplevde det å få barn. Det er som om hjarta mitt kom ut av kroppen min, og vart henne. (Og to år seinare vart det også broren hennar.)

Så når ho vandrar rundt i verda er det hjarta mitt som vandrar rundt. Når ho ringer og fortel at ho sit på t-bana på veg heim etter å ha besøkt vennar på andre sida av byen, er det hjarta mitt som sit og bankar sårbart og ubeskytta der på t-bana. Samstundes må eg la hjarta mitt bevege seg fritt rundt, ho må bli stor, ho må lære seg å passe på seg sjølv.

Eg kan ikkje forestille meg korleis det ville vere å miste eit barn. Eg tenker på Amelie, og vonar at ho klarer å hele seg sjølv og familien for dei såra dei får ved dette tapet. Det er mogeleg å overleve eit slikt tap. Det går an å leve vidare, sjølv om det der og då virkar heilt umogeleg. Det går fordi det må gå.

Karamellbrødhapåpudding

11/06/2011

Dei som har lest oppskriftene mine ei stund veit at eg av og til finn på ganske vanvittige ting. I dag er “greia” ein brødpudding med karamellsmak.

Brødpudding er ein klassisk måte å få brukt opp gamalt brød på, men i dag hadde eg nokre tørre bollar eg ville bli kvitt. Dei fekk gå ut av verda på det stiligaste vis, i denne karamellbrødpuddingen. Du kan godt lage den med loff eller kneippbrød og, då bør du kanskje ha i litt meir sukker.

 Hapåen eg smører på bolleskivene gjev ein nydeleg karamellsmak på det heile, og særleg skorpa på toppen er utruleg god, smurt med ripsgelé som den er. Ripsgeléen kan sløyfast, men gjev ei flott, blank overflate, og ikkje minst litt syrleg smak, som balanserer alt det søte. Du kan også bytte den ut med eplegelé. Slik gjorde eg det:

 Karamellbrødpudding

 5 dl mjølk

3 dl fløte

3 egg

6-8 kveitebollar

50 g brunt sukker

50 g smør

Eit glas Hapå

Rosiner

1 dl ripsgelé eller eplegelé

 Set omnen på 180 grader.

Smør forma godt med smør. Knekk egga i ein bolle. Ha i mjølk, fløte og brunt sukker, og bland godt. Skjer bollane i skiver horisontalt, og smør på først litt smør og så godt med hapå på kvar skive.

 Legg bolleskivene i forma, og dryss på rosiner. La det øverste laget vere berre bolleskiver, rosinene vert lett brent i steikeomnen. Slå på eggeblandinga. Bruk ein steikespade, og dytt bolleskivene litt ned i eggeblandinga, slik at dei trekker væta godt til seg. Set forma i steikeomnen, og la puddingen bake i 40-45 minutt. Ta den ut, og la den kolne nokre minutt.

Smelt ripsgeléen forsiktig i ei gryte med ei skei vatn, eller gjer som meg, og bruk eit glas ripsgelé som aldri vart stivt. Pensle den over puddingen, gjerne fleire gongar, til all geléen er oppbrukt.

Server med ein klatt piska krem.

Jævla kjerring!

10/06/2011

Jepp, det var karakteristikken ein gutslamp ga meg her om dagen. Eg hadde havna på legevakta, og det hadde han og, saman med venen sin.

Kva type skade dei hadde pådrege seg er uklart, den var ikkje umiddelbart synleg, men vi hadde alle tre vore igjennom den første silinga. Sjukepleiaren i resepsjonen hadde altså vurdert oss som pleietrengande.

Dei to perane fann det for godt å bruke tida vi skulle tilbringe saman i eit relativt lite rom til å spele rytmisk musikk med kvar sin mp3-spelar. Dei spelte ulik musikk, naturleg nok, og hadde på øyretelefonar.

Ikkje desto mindre hadde dei det så høgt på at vi andre i rommet ikkje hadde hatt noko problem med å kjenne igjen musikken, hadde den blitt spelt åleine. To låtar samtidig oppå kvarandre vert brått vanskelegare. Når dei så skulle snakke saman, måtte dei naturleg nok overdøyve musikken sin og den til kameraten, så difor sat dei på toppen av det heile og ropte til kvarandre.

Etter ein halvtimes tid, då ingen av oss enno hadde blitt ropt inn, og eg forsto at dette kunne trekke ut i tid, spurte eg dei om dei kunne vere så vennlege å skru ned musikken. Først lot dei som om dei ikkje kunne norsk. Slutt med å tulle, sa eg. Dokke kan like godt norsk som meg. Slå av den musikken, den plagar oss. (Dei andre rundt meg nikka og var einige.)

Det var då orda falt frå den eine av dei. Men han skrudde faktisk ned musikken, og det gjorde kameraten og. Og eg fekk noko å tenke på. Skulle eg bli sur? Fornærma? Eg humra for meg sjølv. Dei to kjenslene var faktisk ganske uaktuelle. Eg kjende med heile meg at det var heilt greitt å vere ei jævla kjerring.

Dei fleste jævla kjerringane eg kjenner er av beste sort. Vi tek ikkje fem øre for å strekke opp gutslampar som bråkar eller har føtene på bussetet. Vi snakkar til vilt framande utan å skjems, vi kjøper det vi har lyst på og vi har sex når vi vil.

Prevensjon har vi slutta med, enten har vi fjerna livmora, eller så har vi så smått byrja å sveitte, og egga er daude. På jobb er vi dei kloke og litt strenge som nybyrjarane spør om råd viss dei tør, og dei blir veldig glade når dei oppdagar at vi eigentleg er ganske snille og kan ting nybyrjarane ikkje har lært enno.

Hurra for kjerringane!

Hot seigryte

09/06/2011

Denne gryta vart så god at den vart eten opp før eg rakk å ta bilde av den. Men det går vel bra?

Eg lagde denne kreolske auberginkompotten på søndag. Den vart det naturleg nok litt restar att etter, ein heil del, faktisk. Eg gjorde den om til ei smakfull og hot seigryte, som eg fekk skryt for rundt bordet. Slik gjorde eg det:

Hot seigryte

4 dl kreolsk auberginkompott eller ratatouille

500 g sei

2 dl kremfløte

Salt og peppar

Kok opp auberginkompotten. Ha i fløte, og rør godt. Smak til med salt og peppar.

Fjern beinrada i seien. Del seien i passe store bitar, og legg dei i gryta. La gryta trekke i fem minutt, til seien er ferdig. Server med byggrissalat.

Byggrissalat

200 g byggris

4 dl buljong, eg brukte flytande fond

2 ts sitronsaft

1 paprika

1/2 purre

2 stilkar stangselleri

Rens grønsakene, og finhakk dei. Kok byggrisen i buljong i 10-15 minutt, til den er mør. Vend inn grønsakene, og la det trekke i eitt par minutt.

 

Balansekunst

08/06/2011

Å lage mat handlar om å balansere mellom søtt og salt, sterkt og mildt, surt og bittert. Dei beste måltida får ein når balansen mellom smakselementa er rett.

I dag lagde eg nokre gode kyllingburgerar av kyllingkjøtdeig. Dei krydra eg ganske mildt, og serverte med rømme og heimebakte hamburgerbrød. Men til slik mild mat er det godt med noko ”hot” for å balansere det milde.

Det ”hotte” eg lagde var ein kreolsk auberginekompott. Oppskrifta liknar på fransk ratatouille og italiensk capunata, men er krydra sterkare. Du kan godt lage denne på førehand, og den kan serverast varm, lun eller avkjølt. For oss vaksne er denne kompotten ei fasjonabel erstatning for ketchup på burgeren. Slik gjorde eg det:

Kreolsk auberginekompott

1 stor løk

3 fedd kvitløk

2 auberginar

1 grøn paprika

1 raud paprika

To boksar tomatar

2 ts paprikapulver

1 ts timian

¼ ts kajennepeppar

1 ts spisskummen

Salt og peppar

1 ss brunt sukker

Olje til steiking

Rens og finhakk løk og kvitløk. Skjer auberginane i skiver, og strø salt mellom. La dei stå stabla og renne av. Press ut overflødig væske ved å legge auberginstabelen i eit papirhandkle, og presse litt.

Rens paprikaene, og del dei i passe store bitar. Varm opp olje i ei gryte, og la løk og kvitløk frese til det byrjar å skifte farge. Kutt auberginen i terningar, og steik den i same gryta. Ha i paprikabitane til slutt, og la dei surre litt. Slå på tomatar, og ha i paprikakrydder, timian, kajenne, spisskummen og brunt sukker. La det heile koke i 10-15 minutt. Smak til med salt og peppar, og server som tilbehør til kyllingburger.

Kyllingburgerar

800 g kyllingkjøtdeig

2 strøkne ts salt

½ ts nymalt peppar

1 ss finhakka timian

2 ts finhakka persille

2 egg

2 ss strøkavring

Olje/smør til steiking

Ha kjøtdeigen i ein bolle, og ha i saltet. Elt deigen seig med dette før du har i dei andre ingrediensane. Form farsen til karbonader, og steik dei i ei blanding av smør og olje til dei er pent brune og gjennomsteikte.

Hamburgerbrød

Pitabrød til åtte

500 g mjøl

Ein halv pakke gjær

1 ss olje

3,5 dl lunkent vatn

1 ts salt

2 ss sesamfrø eller valmuefrø

Egg til pensling

Ha lunkent vatn i ein bolle, og løys opp gjæra i vatnet. Ha i olje og salt, og elt inn mjølet litt og litt. Kanskje brukar du alt mjølet og treng litt meir, kanskje er 500 g for mykje. Prøv deg fram til du får ein passe fast deig, ikkje for blaut og ikkje for fast. Elt deigen i fem minutt.

Set omnen på 220 grader. La deigen kvile eit kvarters tid før du kjevlar den ut til ein 2 cm tjukk runding. Stikk ut rundingar med eit stort glas, og  legg dei på ei bakeplate som du har strødd med mjøl. Pensle med egg, og strø på frø. La brøda heve i 30 minutt. Set dei i omnen, og steik dei på 220 grader i 12 minutt. La dei kolne på ei rist med eit handkle over, så dei ikkje vert altfor harde.

Har du lyst på ei mamma?

07/06/2011

Her får du ei heilt gratis!

Fin film på NRK 2!

06/06/2011

Eg er litt treg med denne meldinga, men likevel: No klokka 23:10 kjem ein av mine absolutte favorittfilmar på NRK2: Me and you and everyone we know. Sjå den!

Å, så fint!

06/06/2011

Denne videoen er berre så flott. Sjekk ut Cold Mailman!

Full på kjøkkenet?

05/06/2011

Tihi…

Skokkar og kvann att!

04/06/2011

Eg har framleis skokkar og kvann att. Så send meg ein mail viss du tenkte at du skulle sende ein på tirsdag, men ikkje gjorde det.

Å sleppe seg nedpå

03/06/2011

Å sleppe seg nedpå er eit uttrykk eg har heimafrå, trur eg. Det betyr at ein ikkje er så flittig som ein brukar å vere , at ein ignorerer vedlikehald av eit eller anna, til dømes kropp, hus eller hage.

Sist sommar slapp eg meg skikkeleg nedpå i hagen. Det var frodig og flott, men eg skulka lukinga, iallfall på slutten av sommaren. Litt vassarve kan vel ikkje vere så farleg, tenkte eg.

Det betalar eg for no. I heile bedet er det tett  i tett med vassarve, som har hatt det godt i mitt feite, skuggevende bed.

I går gjekk eg ein runde med ei fiffig skrape eg har fått i gåve, så eg har fjerna det meste. Problemet er når vassarven vever seg inn mellom juleroser, salvie og andre stauder. Så eg noterer flittig for meg sjølv; ikkje slepp deg nedpå denne sommaren, kjære.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers