Arkiv for august, 2011

Valg på tv

31/08/2011

Eg må innrømme at eg svært sjeldan ser valgsendingane på tv. Eg har sånn omtrent bestemt meg for kva eg skal stemme, kva politikarane seier på tv kjem ikkje til å påverke det noko særleg.

Men her ein kveld vart eg sittande og sjå på ei av valgsendingane til tv2, og då dukka ein gammal helt opp. Kjellen Bigset!

Han var tidlegare billettør på ferja mellom Eiksund og Rjånes, men då det vart nedlagt måtte han finne seg anna arbeid. No køyrer han buss for Fjord1. Han slit med å styre temperamentet sitt, og han fører eit MEGET friskt språk, for å seie det med hans eigne ord.

Femtenåringen sa det slik: Det er en fordel å ha vært litt på Sunnmøre, for da vet man at slike finnes. Her kan du sjå han gjere opptil fleire tapre forsøk på å kome seg på ferie.

Ein ny, gamal Kenwood i huset

30/08/2011

Min kjære Kenwood Major har tent meg villig og lojalt i femten år. Den luktar litt rart når den må gjere skikkeleg tunge jobbar, men førebels har den klart seg utan anna oppdatering enn ein ny kremvisp.

I England hadde vi brødbakemaskin, og vi vart litt tent på idéen om å vakne til velduftande, ferskt brød om morgonen. Tilfeldigvis fekk vi tilbod om å kjøpe ein brukt Kenwood BM 250 rett etter at vi kom heim, og slo til på det.

No har vi brukt den to gongar, og har hatt ei 50% suksessrate. Det skræmer ikkje oss, i Oxford sleit vi og litt i byrjinga, men etter kvart fekk vi teken på det.

Det blir spennande å bli kjent med dette vesenet dei neste vekene. Eg er ikkje ein presisjonskokk, så instinktet mitt seier at det umogeleg vere så nøye om det er 385 eller 400 ml væske.

Andre i hushaldet vårt er meir nøye, og veg nøyaktig opp kva som skal vere i bollen. I kveld skal eg vere skikkeleg rampete, og bruke ballesåd til brødvæske, så får vi sjå kva BM 250 seier til det.

Det er i allfall fint å vakne til den gode lukta, utfordringa er å huske på å kjøpe mjøl og gjær. Etter fleire år med kjøpebrød er ikkje dei innkjøpa automatisert. Men vi lærer.

Har du brødbakemaskin, og har forslag til oppskrifter, kombinasjonar og triks som vi ikkje har oppdaga så høyrer eg gjerne frå deg i kommentarfeltet. God baking!

Siste påminning!

29/08/2011

Du kan framleis bestille ei signert utgåve av smalhans som vert sendt ut frå forlaget på førstkommande onsdag.

Viss du vil ha ei slik bok går du inn her, og følgjer instruksane. For at forlaget skal få bestilt nok bøker i tide, må dei ha bestillingane innan klokka to i ettermiddag. Så kast deg rundt viss du ikkje allereie har bestilt. Du finn også boka i dei fleste bokhandlar, men dei er utan min signatur. :-)

Heavy metal beads

28/08/2011

Ei nettvenninne av meg har laga dette flotte kunstverket:

For alle som har vore i nærleiken av perlebrett og hama-perler så er det innlysande for ein kjempejobb dette er. Bildet er 1,4 x 1 meter, og er av bandet Motorpsycho.

Utfordringa er at ei mamma med for mykje fritid har meldt på eit fingermalingsbilde som toåringen hennar har laga i den same konkurransen. Så går dama på facebook, og går på slike “Give votes, get votes”-sider, og får folk frå heile verda til å stemme på fingermalingsbildet. Det gjer at dei to knivar om sigeren, utruleg nok.

Det syns eg er uryddig. Kamilla har laga eit flott bilde som det ligg masse arbeid i, og ho fortener å vinne, syns eg. Viss du er einig med meg, og har facebook, kan du gå inn her, og gi di stemme til Heavy Metal Beads. (Trykk liker, altså.)

Syns du andre ting er finare kan du gje stemme til det og. Godt valg!

Lenke til sendinga

27/08/2011

Fekk du ikkje høyrt på meg då eg var på radioen og snakka om Smalhans? Du finn sendinga her.

Gunda Djupvik på nitimen

(Og eg måtte til og med synge! :-o )

 

 

Nitimen! I dag!

27/08/2011

Mellom ti og elleve blir eg intervjua om Smalhans. Skru på og heng med! :-)

 

Bruktmarknad på St.Hanshaugen

26/08/2011

Er du i byen i morgon? i så fall bør du ta turen opp Geirmyrsveien.

Stikk inn i bakgården i nummer 31, der finn du den finaste bruktmarknaden i byen! St.Hanshaugens glamorøse damer har rydda i skapa sine, og teke fram det dei ikkje brukar meir.

Der kan du finne skattar i form av klede, sko og tilbehør til ein relativt billig penge. Dette er damer med god smak, så be prepared to be amazed!

Ein runde til!

25/08/2011

Det kjem altså framleis inn bestillingar på Smalhans. Eg må altså ha ny signeringsrunde.

Det skal eg klare, men eg må berre advare dokke: Eg skriv som ein gris. Dette er ikkje formskrift, altså. Men om du vil ha ei Smalhans-bok med mine kråketær i, så gjeld altså framleis instruksen:

Send ein mail til e.nome@samlaget.no, vil du at eg skal skrive noko spesielt så skriv det, har du ingen spesifikke ønske så skriv eg ei helsing frå eige hovud.

Ja, og så må du skrive ditt eige fulle namn og adresse. Forlaget byr på frakta, så på fakturaen kjem det til å stå 299,- per bok.

Det blir nok eit signeringsbesøk ned til Samlaget i midten av neste veke, så då veit du kva tid du har på deg. Takk! :-)

Ein av dei siste?

24/08/2011

Ja, eg må vel innrømme at eg trur det. I går var ein av dei siste sommardagane.

Eg var så heldig at eg fekk tilbringe kvelden på Oslofjorden, i ei skute med master og segl. Det var fleire slike på fjorden i går, mellom anna den du ser under. Det var ein fin kveld, med fine folk.

Det er i utide trolla skal drepast

23/08/2011

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis.

I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie.

Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis.

Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa.

Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og liknande. Eg er for gjenbruk når det kjem til sylting. Slike glas er god emballasje, og dei kjem i hus jamnt og trutt.

Syltetøyet fekk koke i eit kvarters tid, og så tok eg ut anisen. Eg putta stavmiksaren fort i gryta, ikkje slik at syltetøyet vart heilt jamnt, men slik at dei største bitane vart borte. Så rørte eg saman syltepulveret med 200 g sukker til, og rørte det inn til sukkeret var heilt oppløyst.

Til slutt fiska eg glasa ut av vasskjelen, vende dei på eit reint kjøkkenhandkle, og så helte eg syltetøyet på glasa og satte på lok med ein gong. No er eg klar for vaffelsteiking, trur eg.

Dette plommesyltetøyet går sjølvsagt fint å lage med kjøpeplommer også. Nytt høvet no, dei er på det finaste akkurat i desse tider!

Møt familien Plommesyltetøy:

 

Vi er dei vi er

21/08/2011

Eg har tenkt litt på dette med angsten for at kulturar skal blande seg, som enkelte tydelegvis ber på. Snikislamisering og “multikulti” er uttrykk som vert brukt på ei utvikling der folk migrerer, og tek med seg skikkar, religion og levesett i ulik grad.

Midt i livet som eg er har eg reist ein del. Vi byttar hus, eg har reist i jobbsamanheng og eg elskar å reise. Hadde hypotesene til dei med kulturblandingsangst slått til skulle det gått i retning av at det vart meir og meir likt rundt om i verda, særleg i Europa, dit “alle” vil.

Mine erfaringar tilseier at dette ikkje stemmer på noko sett og vis. Sidan vi ofte bur i private heimar så ser vi korleis folk har det i den næraste sfæren, der relativt få slepp inn. Mange ting er likt, men veldig mykje er også ulikt. Når vi går ut døra har kvar by, sitt land sitt distinkte særpreg. Eg er aldri i tvil om kva land eg er i. Når eg snakkar med folk så har dei stor glede av nettopp å formidle sitt og landet sitt særpreg til oss.

Samstundes er dei vi møter stort sett alltid veldig gjestfrie. Vi vert ofte invitert med heim til folk vi møter, til Rameesh i Kathmandu, til Penny og David i Oxford og til naboen som eg ikkje huskar namnet på i Esbjerg. Alle formidlar seg og sitt, og er stolte av det. Det gjer vi og, når vi får besøk her, eller når vi møter turistar eller innvandrarar.

Det eg er, har eg lært og internalisert frå mine foreldre, frå vener og deira familie, frå skulane eg gjekk på og frå jobbane eg har hatt. Og ikkje minst har eg skapt mine eigne tradisjonar og vanar for meg og mi familie. Vi menneske endrar oss ikkje lett. Men det som endrar oss aller mest er møte med andre menneske. Eg trur det er det aller viktigaste vi kan gjere for å skape ei betre verd. Å ikkje vere redde for å kome andre menneske i møte. Ikkje for å lære dei noko, men for å lære sjølv, og for å vere den vi er midt oppi den kvardagen vi står i.

Eg er ikkje det minste redd for at Noreg skal bli islamisert. Dei eg kjenner som stammar frå land med islamsk kultur er like opne som meg når vi møtest, og vi lærer av kvarandre. Men eg sluttar ikkje å servere bacon til frukosten av den grunn, eg serverer det berre ikkje når dei er her. Eg lever mitt liv, som eg sjølv har skapt, og det same gjer dei. Det er faktisk ikkje farleg. Ikkje det minste grann. Det farlege er når vi let vere å snakke saman, let vere å møtast, og går og skular på kvarandre. Då skapar vi førestellingar som ikkje har rot i røynda, men i vår eigen irrasjonelle angst.

Heime er det som er så nær at vi ikkje ser det, seier Karl Ove Knausgård. Kanskje er det difor enkelte er redde for at det skal bli utvatna, borte, viska ut. Men det blir ikkje det. Vi er meir særeigne, unike og sjølvstendige enn vi trur. Og ikkje minst, det vi er er meir bestandig enn det vi trur. Angsten for at det norske skal bli utvatna kjem kanskje at vi ikkje er nok ute, ikkje er nok saman med andre, ikkje besøker andre kulturar nær nok. Vi er så nær oss sjølve at vi ikkje ser kva vi er lagd av, kva vi representerer. Det er ingenting å vere redd for.

Kva butikkar

20/08/2011

bør selge smalhans? Smalhans skal sjølvsagt i alle bokhandlane, men den kan også seljast i andre typar butikkar.

Førebels har ein møbel- og interiørbutikk teke den inn, men har du forslag til andre butikkar som bør selje boka? Det kan vere kaffebarar, matbutikkar, kaféar eller andre hyggelege og sjarmerande plassar som vil kunne presentere boka på ein fin måte. Kom med forslag i kommentarfeltet!

(Og det må gjerne vere over heile landet, dette er ikkje ei Oslo-bok.)

Bestillingane tikkar inn…

19/08/2011

Jamnt og trutt. Difor har Samlaget utsett signeringa mi til onsdag, så vil du ha signert bok kan du bestille fram til onsdag rundt lunchtider.

Då klikkar du berre på denne lenka, og gjer som det står der. Takk for at du er interessert i boka mi! :-)

Forøvrig så ynskjer eg alle lesarane mine ei fredeleg helg, utan dramatikk men med masse kos. På søndag er det soppturtid, det er masse snop i skogen no. Få med deg ein som kan sopp viss du er nybyrjar, og kast deg uti det. God helg!

Har eg fortalt

19/08/2011

at kjæresten min ofte tek meg med på veldig fine konsertar?

Denne vekar har det vore unntakstilstand i livet mitt, med retur til Norge, matlaging, lanseringsfest og opprydding, så for å samle meg saman igjen tok han meg med til Sentrum Scene i går, på Oslo Jazzfestival sin konsert med Susanne Sundfør.

Ho hadde med seg eit synth-stjernelag, som besto av Ådne Meisfjord (120 Days), Øystein Moen (Jaga Jazzist/Puma), Morten Qvenild (Susanna & The Magical Orchestra/The National Bank) og Christian Wallumrød (Christian Wallumrød Ensemble/Close Erase).

Bestillingsverket ”A Night at Salle Pleyel” er komponert for fem Blofeld-synthesizarar, og inspirasjonen til tittelen kom etter ein konsert i den parisiske konsertsalen Salle Pleyel der Sundfør høyrde musikk av Rakhmaninov og Stravinskij.

At verket er klassisk inspirert var tydeleg, med ei klar satsinndeling, sterk struktur og nærast bach-liknande fraseringar. Det var lekkert komponert og framført, og ikkje minst var samspelet mellom scenedesign, lysdesign og musikk fascinerande. Til og med ein pikardisk ters fekk ho med på slutten av tredje sats.

Enkelte i salen var skuffa over at ho ikkje song, men dette var eit utelukkande instrumentalt verk. Kompromisslaust og av ypperste kvalitet, som det meste ho har gjort er. På slutten av konserten tildelte Maja Ratkje Susanne Sundfør Edvard-prisen, TONO sin pris for beste opphavsperson innan populærmusikk for 2010.

Mari Kvien Brunvoll opna konserten, med sin spesielle samplingsmusikkpoesi. Veldig fint, det og.

Puh…

18/08/2011

No er eg heilt slakt, etter ei svært hektisk veke så langt.

Vi byrja med London-tur på mandag, frå tidleg morgon til sein kveld. Vi kom att med veskene fulle av fine matvarer, ikkje så mykje anna, men også fulle av opplevingar.

På tirsdag brukte vi dagen på å rydde og stelle i huset vi hadde lånt, og å kome oss heim. Med avreise frå Oxford klokka fire var vi heime halv tolv om kvelden. Onsdag morgon sto eg tidleg opp, og rasa avgarde for å hente lefser hos Pågens, før eg møtte ein gjeng flotte damer på skulekjøkkenet til Ila skule.

Eg hadde nemleg fått i oppdrag å lage maten til haustlanseringa til Samlaget! Onsdag kveld skulle dei presentere alle haustens bøker, og maten var frå Smalhans. Sidan eg var i Oxford hadde eg engasjert tre, og etterkvart fire venninner av meg, til å byrje på matlagingsarbeidet utan meg.

Desse damene prøvde eg etter beste evne å fjernstyre frå Oxford med handlelister og arbeidsplanar, og så vart eg sjølv med frå onsdag morgon. Det vi lagde var:

Gazpacho

Spansk kikertsuppe

Lefserullar med laks

Toast med eggesalat

Gullsprø med ostekrem

Kylling med taboulé

Chilimarinerte reker

Edit: Poteter i vinaigrette

Hummus

Aioli

Baba ganoush

Tapenade

Bakt frukt med rømmekrem

Marengs

Banankakemuffins

Og alle vart glade! Iallfall fekk vi mykje skryt for maten, og det var ein fin måte å presentere boka på, sidan alle oppskriftene står der. Du kan framleis bestille den signert av meg, så kast deg rundt, så får du smake, du og. :-)

Bestill Smalhans!

16/08/2011

Vil du bestille Smalhans? Signert av meg?

I så fall: Send ein mail til e.nome ætt samlaget.no, og oppgi ditt namn og di adresse. Vil du ha noko tekst i tillegg til mi helsing og signatur, så skriv den. Det kan til dømes vere aktuelt viss du vil bruke boka som gåve til nokon. Boka kostar 299,-.

Eg har sett av torsdag til signering, og bøkene går i posten etter kvart som bestillingane kjem inn og eg får signert. Til dokke som har sagt “Eg bestiller” til meg på Facebook; dokke må sende ein mail til Elizabeth også. Takk! :-)

(Og er du bloggar, og kunne tenke deg å anmelde boka; send ein mail til Elizabeth om det og.)

Edit: Uansett om du bloggar eller bestiller på vanleg måte, så får du boka tilsendt fraktfritt! :D

Boka er ute!

14/08/2011

Uæææ! Sjeldan har kjensla skrekkblanda fryd vore meir tydeleg for meg enn no. Her finn du ho! Og meg! Slutt på anonymiteten, og hei, verda.

Vil du ha boka? Du får den sjølvsagt signert, alle blogglesarane mine får det viss dei vil. I morgon kjem eg med info om korleis du bestiller, og så skal eg strekke ut venstrearmen (ja, eg er venstrehendt, endå ein ting du ikkje visste, kanskje?) og dra ned til Samlaget og signere til alle som vil ha. Juhu!

Og når det gjeld torsdag

13/08/2011

så hadde vi ein knallfin tur på sykkel til verdsarvstaden Blenheim Palace i Woodstock. Femtenåringen skriv fint om den turen, så du kan jo like gjerne klikke deg hit.

Denne butikken…

13/08/2011

…veit eg om ei som hadde likt. Ser du det runde kakefatet med ni kakeasjettar nede til venstre i bildet? Det vart med heim. Og dei hadde eit loft og, fullt av fine ting. Minst ei julegåve er i boks. Denne butikken fann vi i Stow on the Would.

Fine Cotswold

12/08/2011

Minn meg på at eg må skrive noko meir om Cotswold ein gong. Det er så utruleg fint der, og lett å kome dit. Litt tourist trap-følelse, men likevel veldig fint.

Vegen dit går gjennom grøne enger kransa med lauvskog. Lauvskogen vert så tett at av og til følest det som å køyre i ein grøn tunnell, vegen er omslutta av det grøne.

Smale vegar leier deg til små byar som ikkje har endra seg så mykje anna enn at slaktaren er bytta ut med ein godteributikk, ei antikvitetsforretning eller ei sjabby-sjik ruskograsksjappe, fordi det er det turistane vil ha.

Stow on the Would, med små, fine butikkar, søte hus og deilig pub-mat. Og eit utruleg flott nettverk av stiar rundt omkring som ein kan gå tur på.

Eg har lært meg å drikke cider til fish and chips. Stor jente!

Her kunne vi budd. Sa eg at det er mange søte små hus her? Cotswold cottages, kallar dei desse husa. Me like.

Bourton upon the water, litt meir turistifisert, men likevel veldig sjarmerande og lett å slå i hel nokre timar i. Også med eit fantastisk turnettverk rundt om seg.

No worries

10/08/2011

Eg får meldingar heimafrå om at folk uroar seg for oss. Det er ingen grunn til det, kjære dokke.

Til alle bekymra sjeler: Vi har det fint og trygt i eit roleg strøk av Oxford. Oxford er ein stille by med lite ramp og for tida mykje synleg politi i gatene. Dei som kunne finne på rampestrekar her omkring vart meir eller mindre fotfølgde gjennom gatene, dei vert haldne i kort lenke.

I dag tenker vi oss avgarde til Cotswold, eit vakkert område nordvest for Oxford. Min kjære køyrer, og eg les kart og gjev ordre. Det har eg øvd på sidan eg køyrde inn i Paris med far min tidleg på åttitalet. Så det går nok bra! :-)

Rare tider

09/08/2011

Vi sit her i fredelege Oxford og les om opptøyar og plyndring i London og Birmingham. Det synest heilt uverkeleg at områda der vi gjekk på fredag vert raida av “opprørarar”.

Bakgrunnen for desse opprøra er ikkje heilt klar for meg, men slik eg har forstått det er det utløyst av at politiet i Tottenham, nord i London torsdag skulle pågripe ein person som var mistenkt for eit brotsverk. Den mistenkte heitte Mark Duggan.

Under pågripinga trakk Mark Duggan våpen, og vart då skoten. Han døydde av skotskadane. Politiet sine “familiekontakter” hadde møte med familien til Mark Duggan, og dei vart då einige om at varslinga av foreldra til Mark Duggan om at sonen deira var død skulle familien ta seg av.

Det er noko uklart kva som vidare skjedde, men foreldra til Mark Duggan følte at dei ikkje fekk ordentleg beskjed, og at kontakta med det lokale politiet var for dårleg. Familien organiserte derfor på laurdag ein protest mot dette, og denne protesten utarta til det første “opprøret”.

Mark Duggan var av afrikansk opphav, og skal ha tatoveringar som indikerte at han var med i ein jamaicansk kriminell gjeng i Nord-London. Nokre av dei som protesterte meiner at politiet har ein tendens til å gripe inn langt oftare og meir brutalt mot farga personar enn mot andre.

Mange unge er også frustrerte over stor arbeidsløyse, over store skilnader i økonomisk velstand og over å bli forfølgde for småkriminalitet som cannabisrøyking medan dei store haiane går fri.

I drabantbyane vert ungdomsklubbar lagt ned, kommunale spareplanar går ut over dei som treng ekstra undervisning og andre tilbod som kan gjere livet betre og tryggare for dei som bur i desse områda.

Andre av dei som protesterer er ganske enkelt ute etter å lage bråk. Meldingar som “meet up at Oxford sircus – we’ll smash shops, get free stuff” har blitt utveksla på blackberry messenger, eit medium som gjer at det har gått “under radaren” til politiet, som etter kvart har fått ganske god kontroll på Twitter og Facebook.

Protestane oppsto i område av London som nærast kan reknast som slum, men den ultimate hevnen for “opprørarane” er å dra inn til dei dyre butikkane midt i byen, og knuse og rane dei. Gjengar som tidlegare sloss mot kvarandre står no saman skulder ved skulder mot politiet.

Men desse som berre er ute etter bråk – kvifor er dei det? Og kva er feil med eit land som kan fostre eit så stort antall unge som faktisk finn det å vere ute etter bråk som ein bra ting å gjere?

Det gruppepsykologiske aspektet er interessant, for desse gjengane asar nok kvarandre opp til å gjere vanvittige ting, men samtidig ville det ikkje vere grobotn for denne oppførselen viss det ikkje var noko grunnleggande feil i samfunnsstrukturen frå før av.

Eg kan på ein måte forstå den rusen desse ungdommane føler no desse dagane. Plutseleg kjenner dei seg mektige, dei kan påverke media, dei kan bli intervjua og dei kan blir frykta, om ikkje respektert. Dei har nok ikkje blitt sett på som mektige og innflytelsesrike før. Er dei det no?

Politiet går no ganske enkelt ut med oppmodingar til foreldra om å halde ungdommane sine innandørs. Mange av dei som er med på dette er veldig unge, og er nok mest med på det fordi det er forrykande spennande.

For dei som vert innestengte på jobb fordi dei ikkje kjem seg heim med t-bana, eller som er redde for å miste huset sitt i brann er det ikkje spennande, berre skræmande.

Vi kryssar fingrane for at politiet klarer å rydde opp i dette, at politikarane tek fatt i det som eventuelt må endrast politisk og at foreldra passar på barna sine. Fleire jobbar til dei som er unge, arbeidsledige og frustrerte vil også kunne gjere at slike situasjonar ikkje så lett oppstår igjen.

Viss nokon veit meir om dette enn meg, så suppler gjerne (eller korriger) i kommentarfeltet.

Ein slakk dag i parken

07/08/2011

I går hadde vi ein slakk dag, vi trengte å kvile beina etter ein slitsom dag i London dagen før.

I staden for å vere turistar så tok vi med piknikpledd og eit spel under armen. Vi stakk innom næraste pizzasjappe, og fekk med oss to store pizzaer og to flasker med brus, og så vandra vi til South Park her i Oxford.

Spelet vi hadde med var Perudo, eit enkelt terningspel som ein kan sjå spelt mellom anna i Pirates of the Caribbean. Spelet finst i mange kulturar under mange namn. Dudo, Bluff eller Liar’s dice er andre namn på det.

Du treng ein kopp og fem terningar til kvar spelar. Alle ristar terningane i koppen, og vender koppen oppned på eit brett (eller ei pizzaeske). Så skal ein gjette kor mange av kvart slag som totalt er under koppane på bordet.

Ein kan gjette to trearar, nestemann må gjette høgare, enten i antall eller verdi, og når det kjem så høgt at det høyrest usannsynleg ut seier nestemann dudo, som betyr “eg tvilar”. Då viser alle kva dei har, og ein tel opp terningane. Dersom tvilaren hadde rett misser forrige veddar ein terning. Dersom forrige veddar hadde rett, misser tvilaren ein terning.

Dudo er eit av mange spel som er lett å ta med på tur. Kortstokkar og lommeludo er klassikarar, men også andre spel egnar seg til dette. Vi har hatt med ulike spel, og det er alltid suksess. Vi har med datamaskiner når vi reiser, og ein blir lett sittande ved den om kvelden etter at vi har spist, og då blir det ikkje å sosialt. Når vi tek fram eit spel er alle med, og vi er saman på ein heilt annan måte enn elles.

Det hopar seg opp med filmar heime som vi ikkje har sett. ”Vi har den, men eg har ikkje sett den”, er vanleg svar når eg vert spurt om ein film. Difor brukar vi ofte å ha med filmar i ei mappe når vi dreg på ferie. Filmar tek liten plass, og fordi vi byttar hus er det som regel alltid enten blu-ray-spelar, dvd-spelar eller playstation 3 der vi kjem.

Så langt har vi på denne turen sett The dark knight, Black swan og Brokeback Mountain. Det er sosialt å sjå film saman, og det passar fint å sjå ein film etter at vi har blitt kasta ut av pubane der vi ofte et middag. Etter åtte skal alle under 18 vere ute av lokala, så då tuslar vi oss heim.

Hva gutta gjorde mens damene var i London

06/08/2011

Vi tok tog til Tackley, og gikk ved en kanal i 3 1/2 mil (engelsk). Vi krysset noen togskinner, og etter at vi hadde passert togskinnene så kom et annet tog i 150 km/t (give or take), du vet, ikke noe spesielt.

På veien langs kanalen møtte vi et gammelt par i ein båt.

Vi hjalp dem å åpne slusene for at de skulle komme videre på Oxford Calal. Det var koselig.

Da vi kom frem til Heyford så fant vi ut at det neste toget gikk om en og en halv time, så vi stoppet litt på en kioskaktig kafe  i ca. 45 min.

Så bestemte vi oss for å spise litt nachos på en pub som het The bell inn.

Etterpå gikk vi mot togstasjonen og møtte en mann som het Jan som kom fra Australia. Han skulle også til Oxford med tog så vi snakket med han gjennom togturen.

Da vi kom fram til Oxford så spiste vi på en resturant som het Shanghai 30.  Jeg spiste kun pao (krydret kylling med ris og grønnsaker) og Kjetil fikk Shanghai svin med egg og ris. Godt for meg, passe for Kjetil. :-) Det var stort sett det vi gjorde der mens damene shoppet.

Hilsen Vemund

Knocking ourselves out

06/08/2011

London ligg og freistar ein time med toget frå Oxford.

I og med at enkelte i familien har ei sterk og uthaldande evne til shopping, medan andre ikkje har det, kan det i slike situasjonar vere best å splitte opp familien for å hindre uvennskap og trykka stemning.

Difor foreslo eg i torsdag kveld for min kjære at hankjønna skulle bli att i Oxford fredag, medan vi damene skulle utrette store ting i storbyen. Han syntest det var fornuftig, og tok på seg ansvaret for å halde aktivitetsnivået oppe blant dei mannlege medlemmane i familien medan vi var borte.

Vi damene satte oss på toget til London i titida, og gjekk i gang med powershopping med krum nakke.

Eg må innrømme det; eg har fostra eit luksusdyr. Mitt eige forbruk er ganske moderat syns eg sjølv, det eg har av solbriller er kjøpt på Hennes & Mauritz, og eg har ingen vesker som kostar meir enn 800 kroner. Av bitter erfaring veit eg at eg har ein tendens til å rote bort ting, eller dei vert skada eller stolne.

Ho som er femten derimot, er litt meir luksuriøst anlagt. (Dessutan er ho ein kløppar til å passe på tinga sine.) Ho har surfa nettet i lengre tid, og sjekka kvalitet, merke, prisar og utsalsstader. Ho har nemleg tent sine eigne pengar i sommar, og har allereie planlagt kva ho skal bruke dei på.

Det var ikkje noko gjennomsnittleg rusk ho planla å kjøpe. Sko og veske frå Mulberry, og eit skjerf frå Hermes var det som sto på handlelista. Då er rett nok all lønn brukt opp, men investert i lekre designobjekt som vonaleg varer lenge.

Så i går var vi på New Bond Street og kjøpte desse fine tinga. Vi gjorde andre hyggelege ting og, som å drikke og spise afternoon tea i restauranten på Fortnum & Mason og å gå i arkadene på Picadilly, men hovuddelen av dagen vart tilbrakt i luksuriøse butikkar. Der vart vi varta opp etter alle kunstens reglar, og kom derifrå med flotte ting i fine posar med småfuglar på og kvitteringane i ein brun konvolutt.

Kva som har gjort at denne unge dama har bestemt seg for å bruke pengane slik veit eg ikkje. Vel, eg veit at eg har lært henne at det er betre med ein fin ting enn mange dårlege. For min del byrja det med at ho ville sminke seg, og eg ga henne ein ordentleg mascara, og den måtte ho bruke opp før ho fekk ny. Tre for prisen av to på Cubus har ikkje vore mi tilnærming til slikt.

Så eg har nok på ein måte påverka det. Men Mulberry? Det har eg ikkje foreslått. Det har ho tenkt ut sjølv, og det er alltid like fascinerande når dei gjer det, og resultatet blir eit heilt anna enn det eg ville valt, men valget er flott likevel. Ho handlar for eigne pengar, og å bruke dei på ting med varig verdi har eg vondt for å kritisere sjølv om ho vel annleis enn eg ville gjort.

(Og på veg gjennom Paddington Station for å ta toget heim vart vi overraska av eit korps. Give it up for Great Western Railway Paddington Band.

Er dei ikkje søte?)


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers