Arkiv for september, 2011

Ei enkel haustgryte

30/09/2011

Eg lagde desse ostefylte sjampinjongane her om dagen.

Dei hadde eg som tilbehør til ei enkel haustgryte med paprika, løk og saus med kremost. I kjøleskapet sto det noko kremost som holdt på å gå ut på dato, og då var utfordringa å bruke den opp i tide.

Halvparten av osten vart fyll i dei store sjampinjongane, resten vart brukt som jamning i gryta eg lagde. Som krydder i gryta brukte eg soppmjøl. Det fungerer fint med barna mine, som ikkje har noko imot smaken av sopp, men dei vert kvalme av konsistensen.

For å lage soppmjøl legg eg rensa traktkantarellar på eit bakepapir på steikebrettet. Så set eg brettet i omnen på 40 grader med varmluft på. I omnsdøra set eg ei sleiv, slik at fukta slepp ut av omnen.  Slik får det stå over natta, og dagen etter har eg knusktørre traktkantarellar. Dei har minska betrakteleg i storleik, men er fulle av deilig smak.

Du kan oppbevare soppane slik, men eg brukar alltid å køyre ein del av porsjonen i matmølla til det er fint som mjøl. Eg gir bort glas med soppmjøl til jul og i vertinnegaver, det brukar å falle i smak. Ei skei med soppmjøl i gryta løftar smaken, og samstundes slepp barna mine å pille soppen ut. Eg surrar soppmjølet i smør, eg innbiller meg at det får fram smaken endå betre. Slik lagde eg haustgryta til fire personar:

Haustgryte

500 g oksemørbrad, delt i terningar

Ein stor løk

To paprika

2 ts soppmjøl viss du har

Smør eller olje til steiking

3 dl vatn

1 ts fond

4 ss kremost

4-5 skiver brunost

1 ts tomatpuré

Salt og peppar

Ha smør eller olje i ei gryte, og varm det godt opp. Ha i kjøtet, og steik det pent brunt. Dryss på soppmjølet, og la det frese litt. Ha i løk og paprika, og la det og bli gjennomvarmt. Slå på vatn og ha i fond. La det surre til alt er mørt.

Rør inn kremost, brunost og tomatpuré. Smak til med salt og peppar. Server med ostefylt sjampinjong og kokt ris, poteter eller det du måtte ha lyst på.

Og husk at skogen er full av sopp no, ha ein fin tur i skogen i helga!

Reint/ikkje reint

29/09/2011

Vi har tidlegare snakka om ryddigheit her i bloggen, og eg må innrømme at eg gjerne vil at det skal vere nokolunde reint rundt meg. Halde det reint heller enn å gjere reint, er vel mitt motto.

Men i det siste har eg slite med oppvasken. Oppvaskmaskinen er ei fantastisk oppfinning, alt blir reint og skinande når det får ein runde i den. Inntil for nokre månader sidan, då eg oftare og oftare kjente at det var “grus” på glasa. Skålene vart heller ikkje reine, uansett korleis eg plasserte dei.

Eg har bytta vaskemiddel, eg har fylt på og justert glansemiddel og eg har rensa filter til den store gullmedaljen. Eg har kjøpt slike små, dyre, blå posar med stoff som skulle gjere sjølve maskinen skinande rein innvendig. Likevel vart ikkje glasa mine ordentleg reine.

Til slutt vurderte eg å tilkalle reperatør, vi har prøvd å sjekke vassinntaket, men det viste seg svært vanskeleg. Av alle ting stengte ledninga som fører straum til komfyren for det eine støttebeinet slik at maskinen er svært vanskeleg å dra fram.

Etter endå ein runde med nærlesing av bruksanvisninga så fann eg ut at det kan ha kome noko inn i vasspumpa. Ut med filter, fram med skrujern av ein obskur type som verdas finaste kjæreste sjølvsagt hadde i tølene sine, og opp med eit deksel.

Eg fekk ut vatnet, og med vatnet kom det noko seigt noko og eit upoppa popcorn. Eg rota nedi der som best eg kunne, men ingenting meir var å hente. Dekselet vart skrudd på igjen, og under over alle under: Glasa vert reine!

Om det var den seige klumpen eller popcornet som lagde elendigheita veit eg ikkje, det var kanskje kombinasjonen. Men no er alt som det skal vere, skyllevatnet er reint og det kjennest ikkje som om det er grus på mjølkeglasa.

Det er utruleg at det kunne vere så enkelt, og ikkje minst så billig å løyse dette problemet. Eg såg for meg ei rørleggarrekning som svei på kontoen, i staden fiksa eg det sjølv. ein kan bli overmodig av mindre. Moralen er: Hald deg med ei velutstyrt verktøykasse, ta vare på bruksanvisninga og gi ikkje opp.

No er tida her…

28/09/2011

Akkurat no er det rette tida for å sette løk i jorda.

Det gjeld dei fleste typar, iallfall om dei er av den typen som vil ha ein runde med kulde før dei veks og trivest. Kvitløk, tulipanar, allium og krokus kan gå i jorda no.

Snøklokker bør plantast friske, då dei bør du tigge til deg når dei har avblomstra neste år. Å selge snøklokkeløkar no grensar til lureri spør du meg.

Eg har nokre posar ståande frå sommarferien, då vi var i Oxford hadde løkane akkurat komt i butikkane. No er det like før dei kjem på salg, så då er det mogeleg å gjere kupp.

Kvitløk som spirer kan puttast i jorda no, og då kan du hauste store, fine løkar neste år utpå seinsommaren. Toppløk kan også gå i jorda no. Er du i byen kan du stikke innom, så skal du få eitt par av meg. (Eg har gitt opp utsending…)

Kva løk planlegg du å plante? Eller har du allereie fått dei i jorda?

Ei påminning…

27/09/2011

Karriere, utdanning og ambisjonar til tross, ikkje gløym dette. Av og til treng eg berre ei lita påminning.

 

Saftige eplemuffins

26/09/2011

Dagens kaffimat er nokre gode eplemuffins, no når hagane bugnar av eple. Eg har faktisk tenkt meg opp til Ullevål hageby på epleslang, der står epletrea tunge, og det ser ikkje ut til at dei får ete dei opp.

Er dette muffins eller cupcakes? Eg veit ikkje, eg har vel eigentleg ikkje forstått skilnaden. Det viktigaste er at dei blir gode, ikkje kva ein kallar dei, spør du meg.

 Eplemuffins

250 g mjukt smør

250 g sukker

250 g kveitemjøl

4 egg

2 ts bakepulver

3/4 dl mjølk

3 eple

2 ss sukker

1 ts kanel

 Glasur:

100 g kremost, ikkje light

50 g smør

1 ts sitronsaft

 Sett omnen på 200 grader.

 Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske.

Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei med røre i kvar form. Eg får vanlegvis ca. 20 muffins av denne røra.

 Skrell og rens epla, og del dei i relativt små bitar. Ha bitane i ei skål, og vend dei med sukker og kanel. Dytt eitt par teskeier med eplebitar ned i kvar muffins.  Steik muffinsane på 200 grader i 20 minutt.

Rør saman ost, smør og sitronsaft til glasur, og smør på muffinsa når dei er blitt kalde. Pynt med det du har i huset, vi brukte millions (minifruktdrops) med skogsbærsmak frå Oxford, og slikt pulver som du får kjøpt i rør i godtebutikkar.

Denne muffinsoppskrifta kan brukast til alle typar frukt og bær. Eg har lagd den med bjørnebær, det smakte fantastisk. Den er også god med pærer eller med plommer.

Kvit bacalao

25/09/2011

Eg fekk servert kvit bacalao ein gong, og etter det har eg med ujamne mellomrom tenkt at det må eg lage igjen.

 Tradisjonell bacalao er med tomatsaus, men denne gongen skal det altså ikkje vere tomatar i gryta. Eg baserer min saus på fløte, men den kan også lagast med ein klassisk bechamel. Mange bakar kvit bacalao i omnen, då vert den meir som ein grateng.

 Den varianten eg lagar i dag er bacalao fresco, som er bacalao med fersk eller lettsalta fisk. Bacalao med klippfisk skal gjerne koke lenge, klippfisken toler det. Bacalao med fersk fisk kan naturleg nok ikkje koke så lenge, fisken vert gjennomkokt på nokre få minutt. Min kokte litt for lenge, men smakar knallgodt for det.

 Sjølv om denne bacalaoen er kvit og fersk skal det likevel vere litt punch i smaken. Det oppnår eg med ei klype cayennepeppar og litt røykt paprika. Røykt paprika kan du få kjøpt i krydderbutikkar på nettet, i spesialforretningar og i utlandet. Eg kjøper alltid med meg krydder heim som suvenirar, så difor har eg røykt paprika i hylla. Interessant nok må ein ha svart peppar i tillegg, cayenne og svart peppar gir to ulike pepparsmakar, som utfyller kvarandre perfekt.

(Vil du ha meir cayenne i, så gjerne. Denne oppskrifta er “medium” krydra, men lag den gjerne sterkare.)

 I ein kvit bacalao kan grønsakene varierast. Fenikkel er godt i denne, det same er ulike kvite rotgrønsaker, som pastinakk eller persillerot. Du kan også ha i gulrøtter. Det viktigaste er å koke grønsakene heilt møre først, og så ha i fisken. Når fisken kjem i gryta skal den nærast berre bli gjennomvarm, og så er det velkommen til bords. Slik gjer du det:

 Kvit bacalao

 600 g torskerygg, fersk eller lettsalta

800 g poteter

2 gule paprika

3 løk

3 dl kremfløte

2 dl vatn

1 knivsodd cayennepeppar

1 knivsodd røykt paprika

Salt og peppar

Smør og olje til steiking

Mjøl til jamning

 To hardkokte egg til garnering

 Har du lettsalta torsk, så rens den, og la den ligge litt i vatn. Har du fersk torsk, så dryss på godt med grovt salt, og la den ligge ein times tid.

 Rens og kutt løk, paprika og poteter. Eg brukte amadinepoteter, så dei skrelte eg ikkje. Brukar du grovare poteter må dei skrellast. Varm opp ei skei olje og ei skei smør i ei låg, vid gryte, og legg i poteter, løk og paprika lagvis. Slå på kremfløte og vatn, og ha i cayenne, røykt paprika viss du har og litt salt og peppar. Bland ut ei spiseskei mjøl i litt av vatnet, og slå det på. Vri gryta fort rundt nokre gongar, slik at alt blandar seg. Gjenta dette jamnt og trutt til det heile har kokt opp.

 Når grønsakene er møre, deler du fisken i passe store serveringsbitar. Sett ei sleiv ned i gryta, dreg til side og slepp nedi fiskebitane. Fortsett til all fisken er i gryta. La det trekke på låg varme. Smak på gryta etter nokre minutt, og tilsett eventuelt litt meir salt og peppar. Unngå å røre for mykje, då vert fisken grautete.

Server bacalaoen med kokt egg delt i båtar, og eventuelt nybakt brød.

Ostefylt sjampinjong

24/09/2011

Eg likar dei store soppane. Det er lettast å finne på morsomme ting med dei.

I går fann eg fire store aromasoppar i butikken, og dei fekk bli med heim. Mi erfaring er at sopp som blir bakt som dei er fort får ei litt seig overflate. Difor pensla eg soppane med olje. Så fylte eg dei med ein ostekrem, og bakte dei til dei hadde fått fin farge.

Denne bakte soppen er eit fint tilbehør til både fisk og kjøt, og dessutan eit godt vegetarisk alternativ på ein buffé. Finn du ikkje aromasopp kan du bruke vanleg sjampinjong. Slik gjorde eg det:

Ostefylt sjampinjong

Fire store sjampinjongar, aroma eller vanleg

2 ss olje til pensling

4 ss kremost, naturell

2 ts dijonsennep

1 ts tørka eller 1 ss frisk timian

Set steikeomnen på 180 grader og varmluft eller 200 grader utan varmluft.

Kna saman ost, sennep og timian til ein mjuk krem. Pensle soppane med olje på utsida, og legg dei i eit eldfast fat. Vri ut stilken, den kan du bruke i ei gryte eller i ein saus.

Legg ei raus skei med ostekrem i kvar sopp. Det kan godt vere litt topp på, ostekremen smeltar ned i soppen, og tek mindre plass når det heile er bakt. Set forma inn i omnen, og bak soppane i ca. 20 minutt, til dei har fått ei fin, gylden overflate. Server som tilbehør til det du måtte ha lyst på av steikt kjøt og fisk.

Finn fram lommetørkleet…

23/09/2011

Huska eg på å fortelje…

22/09/2011

…at det er (eller var) kantarellar på Eika?

Lysande gule og fine sto dei der og venta på ei som kunne sette pris på slikt. Der er sikkert meir, berre du leitar.

Akkurat kvar eg fann dei vil eg sjølvsagt ikkje seie, kantarellplassane kan ein ikkje dele med nokon. Men der var ein del å ta av, det kan eg seie.

Gå litt utanfor grusstien, så får du noko gyldent og vakkert å ha på brødskiva, i risottoen, til pasta eller i ein god saus. Mmmm!

Flø er fint!

21/09/2011

Og storbåra bryt.

Lenger inne er det stillare.

Pappatur til Eika

20/09/2011

Pappa og eg tok ein tur ut til Eika på søndag.

Eika er ei øy som ligg nedanfor sørspissen av Hareidlandet. Sundet mellom Eika og Hareidlandet heiter treffande nok Eiksundet, og over dette sundet går det kjende Eiksund-sambandet, som gir Herøy, Sande og Hareidlandet fastlandssamband.

Fram til Eiksundsambandet opna i 2008 var Eika utan rutesamband med omverda. Ein måtte ha eigen båt, skulle ein ut dit. No derimot, går brua som fører ned til den undersjøiske tunellen over frå Hareidlandet til Eika, og der er laga ei avkøyrsle som gjer at det er lett å dra på fottur over Eika.

Eg veit ikkje så mykje om Eika, bortsett frå at den var ein del av Herøy kommune fram til 1964, då den gjekk over til Ulstein. Eg har blitt fortalt at namnet kjem av at den hadde den nordlegaste eikeskogen i Noreg, men om dette stemmer veit eg ikkje. No finst det eikebestandar fleire stader i Møre og Romsdal, iallfall, men eg trur vårt fylke framleis er rekna som den nordlege grensa for naturleg forekommande eik.

Eika er langstrakt, i følge Wikipedia er den 3,8 km lang frå nord til sør. Så å gå den frå ende til annan er ein fin tur. Ein får pusten i gang og, for vegen er ganske kupert.

Turteknisk er den ikkje perfekt, det hadde vore finare om ein kunne gå “rundt” øya, slik det no er må ein gå same veg fram og tilbake. Men terrenget er flott, og landskapet er som å vere tilbake til gamle dagar, så det gjer ingenting å gå same vegen to gongar.

Husa på Eika er ei blanding av gamle, fine fiskarbondehus og nyare hytter. Det er tydelegvis stor restaureringsaktivitet, og det er ikkje så rart. Frå å vere eit tungvint og isolert reisemål er Eika no bokstaveleg tala midt i straumen.  Eg kan tenke meg at husa på Eika har hatt ein formidabel verdiauke.

Den finaste delen av øya er kanskje på sørvest-sida, med utsikt til Yksnøya og Velsvika.

Der endar vegen i eit vakkert lite tun, velstelt og vestvendt. Der er også fleire nybygde hytter i dette området.

Nordenden er også flott, med utsikt til Liadalsnipa og resten av fjella rundt Ørsta. Omtrent midtvegs passerer ein den vesle skulestova.

Frå parkeringsplassen og nordover går ein på gamle, tilgrodde gardsvegar.

På sørsida er det lagt ny veg over åsen til dei gamle gardane og hyttene på sørsida. Eg veit ikkje når denne vegen vart lagd, men den virkar relativt ny.

Kanskje gjekk skuleungane frå sørsida over åsen på stiar for å kome til skulen? Eller kanskje rodde dei? Eg veit ikkje. Er det nokon som veit meir om dette vesle lokalsamfunnet?

Fint, ikkje sant?

19/09/2011

Men kven var det som kom på å barbere leggen på den furua?

 

Desse er også veldig søte…

18/09/2011

Mykje nyttig vaksenopplæring her:

Kva skjedde, Volda?

17/09/2011

For meg er Volda eit fint minne frå barndommen min og tidleg ungdom. Vi dro til Volda på julehandel, og når mor mi gjekk på lærarskulen der inne dro eg av og til inn og møtte henne. Det var alltid spennande, og ho hadde mange venninner som vi hadde det veldig kjekt med.

“Byen” Volda var som eit eventyr for meg. Små, søte hus, gater som slynga seg oppover lia og spennande små butikkar der du kunne kjøpe kunsthandverk, te og kaffi og kule klede som dei ikkje hadde i Ulsteinvik eller Fosnavåg.

I går besøkte eg Volda igjen, for å møte studentane på matkulturstudiet og snakke med dei om Smalhans. Etter foredraget hadde eg litt tid for meg sjølv, så eg gjekk litt rundt i mitt barndoms Volda. Sjeldan har eg blitt så trist og skuffa over ein bygdeby som der.

Kva har skjedd? Dei har laga eit senter i eine enden av Volda, Spinneriet. Det har ført til at dei aller fleste butikkane har flytta dit. I dei små gatene ligg dei søte husa tome med “Til leige”-lappar i vindauga. Det er så trist!

Dei få butikkane som er igjen i sentrum stenger halv fem, ein fin keramikkbutikk som eg gjekk forbi hadde til og med funne det for godt å halde ope frå ni til tre! But why? Kva er dette? Ja, iallfall er det ei effektiv oppskrift på korleis ein øydelegg eit bygdebysentrum.

Og når det gjeld Spinneriet: Det er det mest uoversiktlege og rotete senteret eg har vore i i mitt liv. Gangar inn og til venstre, kronglete og snirklete, mange nivå, kvar etasje er ulik og “daude” butikkar utan særpreg.

Volda har alle føresetnader for å vere ein fin og koseleg plass. Men med denne måten å drive byplanlegging på ekskluderer dei seg sjølv frå å vere ein plass det er kjekt å dra til. Det blir ikkje fleire julehandleturar til Volda på meg, iallfall. Det kan eg love.

Paradiseple!

16/09/2011

Eg har så lyst til å prøve å lage noko av paradiseple, men eg har det ikkje sjølv. Ikkje veit eg om andre som har det heller.

Har du? Eller veit du om eit slikt tre? Kanskje står det eit i ein fråflytta hage eller i eit parkanlegg?

Kunne eg få plukke litt mot eit glas eller to med gode greier? Det ville gjort meg så glad! Skriv ei melding i kommentarfeltet viss du veit om slikt.

Slepp taket!

15/09/2011

Første foreldremøte på vidaregåande skule er gjennomført. No er det offisielt, vi har ei dotter som held på å bli vaksen.

Det er mogeleg eg har eksepsjonelt godt minne, iallfall syns eg at eg huskar vidaregåande veldig godt. Eg huskar at far min utstyrte meg med fullmakt først i meldingsboka til å skrive mine eigne meldingar, og at eg måtte passe på å rekke bussen kvar dag kvart over åtte.

Noko foreldremøte høyrde eg aldri om, det er mogeleg dei var der ein tur då vi fekk vitnemål. Vidaregåande var mi eiga greie. Då klarte eg meg sjølv, eg lagde min eigen matpakke og ingen passa på at eg gjorde leksene mine. (Det hadde dei vel ikkje følgt opp så tett tidlegare heller, desse foreldra mine. Dei satsa vel på at det gjekk bra, og det gjorde det, men ikkje fordi eg gjorde så mykje lekser.)

Men no er det ein annan musikk. I klasserommet i går kveld sat det tredve bekymra, solskada vestkantmødre som ikkje var klare for å sleppe taket.

Når får vi første utviklingssamtale, spurte den eine. Det har vi ikkje på vidaregåande, sa læraren. Eg har ein elevsamtale med eleven. Send meg ein mail om det er noko de lurer på. Men viss noko skjer med mitt barn, får eg beskjed då, spurte ei anna. (Det rykte i meg då ho sa “barn” om ein sekstenåring, men det var visst berre eg som reagerte.) Nei, sa læraren, ikkje med mindre det er noko alvorleg, eller viss det blir veldig høgt fråver.

Tilbakemelding frå dei andre lærarane då, spurde ei då ho vart informert om at klassestyraren berre hadde dei i samfunnsfag, og difor berre kunne informere frå tre timar i veka. Det er ikkje alle av dei som er like glade for å bli kontakta, sa læraren. Vi skal kanskje la den kontakten gå gjennom meg til å byrje med.

Angsten breidde seg i klasserommet. Dette er mødre som har bakt bollar, pakka sekk og smurt matpakke og gjort alt som vart forventa av dei og meir til i seksten år. Mange av dei har jobba redusert for at barna deira ikkje skal kome heim til tomt hus. (Mine elskar å kome heim til tomt hus, ei stille stund for seg sjølv er pur lykke. Eg forstår dei godt. Eg syns også at tid for meg sjølv er deilig.)

No må desse mødrene sleppe taket. Dei kan ikkje lenger kontrollere alle aspekt av livet til barna sine, og vite alt om kva dei gjer. Dei kan ikkje lenger rekne med “tett dialog” med dei som ser barna deira mest. Dei har vore “på” i alle desse åra, og det har vore det rette å gjere. No innrettar samfunnet seg på at dei må vere meir “av”. Det er smertefullt.

Samstundes er det jo to år att til avkommet blir myndig. Ein vil jo helst vere trygg på at dei kjem seg igjennom ungdomstida utan å skade seg, drikke seg under bordet, og med alle lemmer i behold.

Dei gamle metodane for å sikre seg at alt er bra fungerer ikkje lenger. Dei sluttar å ta telefonen når du ringer. Telefonen er “utlada” når mamma er på tråden. Du er ditcha på facebook. Vennane dekker for kvarandre. Dei andre foreldra veit ikkje meir enn du om kvar dei er. Prinsippet om kort lenke står for fall.

Kva gjer ein då? Ein må ganske enkelt snakke saman. Ein kan ikkje lenger basere seg på å ha læraren som informant. Ein må skape arenaer i form av felles aktivitetar og samver som gjer at ein får veksla nokre ord, og bygd tillit. I desse samtalane må kontroll og styring vike for interesse og openheit, utan fordømming. Og ein må godta å bli lurt.

Eg seier alltid til min tenåring at eg kan hente henne. Uansett kvar og når. Ho kan berre ringe. Det gjorde min far med meg, og det fungerte. Eg drakk ikkje, og venninnene mine drakk mindre. Er ho åleine får vi oss ein koseleg prat i bilen. Det er noko med den varme, tørre fine bilen, der ein ikkje ser kvarandre i augene. Då er det lettare å få praten til å gå. Ein får ta dei med på ein biltur, ganske enkelt. Køyr ein tur og slå av ein prat.

Men det er klart; har oppdragingsregimet vore basert på kontroll, straff og streng styring kan det vere vanskeleg å få dei andre, nye strategiane til å fungere. Det er ikkje så lett å plutseleg be om tillit og openheit når ærlege svar tidlegare har blitt møtt med kjefting og oppstrekk. Barn lærer fort. Fungerer ikkje ærlegheit må ein lyge. enkelt og greitt. Om ikkje anna for å skåne seg sjølv for ei skyllebøtte ned mellom kragen. Har du sleppt taket?

Denne er berre så søt!

14/09/2011

Du må sjå denne. Dei er så fine!

Enkelte ting…

14/09/2011

…til dømes logoar og slikt, toler ikkje å krysse landegrenser.

I don’t want to bore you with it…

13/09/2011

I see us in the park
strolling the summer days
of imaginings in my head.
And words from our hearts
told only to the winds
felt even without being said.

I don’t want to bore you
with my trouble
But there’s something ’bout your love
that makes me weak and
knocks me off my feet.
There’s something ’bout your love
that makes me weak and
knocks me off my feet
knocks me off my feet.
I don’t want to bore you with it
oh but I love you
I love you
I love you.
I don’t want to bore you with it

oh but I love you
I love you

I love you more and more.

Stevie Wonder

Eg slit!

12/09/2011

Eg slit med brødbakemaskinen vår.

No har eg to dagar på rad bakt flate brød. Kva kan det skuldast? Eg følgjer godt med på deigen, sidan eg bakar på tidleg kveldstid. Den oppfører seg fint i bollen, og hevar seg flott. Men på eit eller anna tidspunkt rundt steikinga fell brødet saman.

Eg slit med å finne ut kva eg gjer feil. Eg er relativt nøyaktig med oppskrifta, og midtvegs står deigen der og hevar så fornøgd og glad.

Likevel klappar den saman før brødet er ferdigsteikt. Nokre gongar vert det bra, men no har eg bomma to gongar på rad, og er mismodig. Har nokon med brødmaskinerfaring nokre praktiske tips å kome med?

Sjokolademousse

11/09/2011

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant.

Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar.

Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det:

Sjokolademousse

300 g mørk sjokolade

1 pk/ 1/3 liter kremfløte

1 dl appelsinjuice

Tre små eller to store egg

3 ss sukker

2 ts kvitvinseddik

1 klype salt

Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv.

Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir flytande.

Vend den smelta sjokoladen inn i den stivpiska kremen. Vend deretter eggedosisen inn i sjokoladekremen, og til slutt skal eggekviten roleg arbeidast inn slik at det vert ein glatt og fin mousse. Fyll massen i porsjonsglas eller i ei serveringsskål, og set kaldt. Moussen bør stå minst eitt par timar før servering.

Server med mokkabønner, med sylta appelsin eller med ein kremklatt.

Denne moussen kan smaksettast i alle retningar. Litt sylta eller fersk chili gir ein deilig punch. Moussen kan få ein endå meir intens appelsinsmak med rive appelsinskal eller litt Cointreau eller Grand Marnier. Likar du kombinasjonen sitron og sjokolade kan du ha i litt limoncello.

Med eitt par skeier pulverkaffe løyst opp i bittelitt kokande vatn får du ein fin mokkamousse. Eg har fått servert sjokolademousse smaksett med amaretto, altså med mandelsmak. Du kan også ha i knust krokan, og få ein deilig krunsj i moussen.

Pasta med pestomarinert kylling og squash

10/09/2011

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket.

Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt.

Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar.

Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt buljong og litt sitronsaft, eller litt eplejuice. Slik gjorde eg det:

Pasta med kylling og squash

250 g fersk pasta

To kyllingfiletar

4 ss pesto

Ein squash

To vårløkar

1 dl vatn

1 dl kvitvin

2 ss kremost naturell

1 ts honning

Salt, peppar

Smør til steiking

Del kyllingfiletane i bitar, og vend dei i pestoen i ei skål. Sett til side.

Del squashen i to, og fjern frøa viss dei er grove. Dei er ofte det på denne tida av året. Skjer squashen i skiver, og steik den fort i smør eller olje  i steikepanna. Ta den ut, og legg den til side. Rens vårløken, og kutt den fint i skiver. Legg til side.

Smelt litt meir smør i steikepanna, og steik kyllingen slik at den får litt farge. Pass på at pestoen ikkje vert brent. Når den er steikt på alle sider kan du slå på vin og så litt vatn. Skrap godt opp av steikepanna. Rør inn kremosten og honningen. Smak om du må salte og pepre.

Slå sausen over nykokt pasta, og vend inn vårløken. Den skal altså ikkje varmebehandlast anna enn i møtet med pasta og saus. Server med godt brød og eit glas vin om du har og har lyst på.

Shopping i Kiel

09/09/2011

Color Line har dei to staselege båtane Color Magic og Color Fantasy som går mellom Oslo og Kiel. Mange bedrifter brukar desse båtane til seminar og teambygging, og ein kan difor innimellom risikere å stå der med ein billett til Kiel-ferja.

Fordelen for arbeidsgjevar er at det er relativt lite tid som går bort til shopping og bykos, iallfall mykje mindre enn når ein reiser med København-båten. Fordelen for oss som får reise er at Kiel faktisk er ein fin shoppingby.

Med litt velvilje og samarbeidsvillige pensjonistar på veg ut av båten kan ein få opptil tre og ein halv time i Kiel. Det er ikkje all verda, men det rekk eit stykke på veg. I teorien skal båten ankome Kiel klokka ti og dra klokka to, men i realiteten tek det så lang tid å kome av båten, og oppmøte er kvart på to med eit stykke å gå frå sentrum.

Vel i land er det nærliggande å spasere rett fram, over gangbrua som krysser hamna, og over til kjøpesenteret Sophienhof. Der finn du butikkar med diverse interiørgreier, nokre fine spiseplassar og Rossmann som sel alt av toalettsaker, makeup og reingjeringsting. Der er også ein stor elektrobutikk i andre etasje. Damemote og sko er det også flust av.

Går du vidare til høgre finn du det klassiske tyske varehuset Karstadt. Oppe er det parfyme, smykker og papirvarer, nede er det klede og sko. Dei har alltid nokre tilbodshyller med dufter, så det er mogeleg å gjere gode kjøp her. Men rimelegare parfymer som Puma, JLo og liknande kan du få billigare på dei enklare parfymeria lenger bort i Holstenstrasse.

For når du har gått igjennom Karstadt går det ei lang rulletrapp ned til gågata Holstenstrasse. Her finn du fine kjøkkenbutikkar, meir klede og sko og lærvarer. Tyskland er ikkje kjend for mote, men enkle basisplagg kan ein finne svært rimeleg. Eg syns personleg dei er flinkare på sko, du finn Ecco-butikkar og butikkar med godt utval i Peter Kaiser og Gabor både inne i Sophienhof og i Holstenstrasse.

Heilt i enden av Holstenstrasse finn du fleire koselege pubar, i området Alte Markt. Viss du går litt vidare kjem du inn Dänische strasse, der det ligg ein del meir eksklusive merkebutikkar. Og i byrjinga av gata ligg det eit lekkert parfymeri som fører Serge Lutens, Etro, Acqua di Parma og mange andre merke ein ikkje finn så mange stader. Rause med prøvene er dei og!

Men Kiel har fleire shoppingområde å by på. Viss du i staden for å gå Holstenstrasse til endes går til venstre opp gjennom byparken, mellom dei to dammane som ligg der, kjem du opp til Die Arkaden på Holtauer Strasse. Der går det fine arkader på begge sider av gata, og der finn du fine leikebutikkar, konditori, interiørbutikkar og ikkje minst ein lekker tebutikk. Der sel dei også aromatiserte eddikar, og eg er alltid innom der for å få med meg ein halv liter fikeneddik. Dei har dei fine Roy Kirkham-koppane, og eit enormt utval i teutstyr, klyper, filter og kanner. Earl greyen deira er også førsteklasses.

Det siste shoppingområdet eg vil nemne er Citti-Markt, eit kjøpesenter utanfor Kiel sentrum. Det tek ca. 8 minutt med taxi for å kome dit. Husk på at veldig få taxiar i Kiel tek kort, så du bør ha tatt ut euro.

Citti-Markt er eit tradisjonelt tysk kjøpesenter med alt hjartet måtte få lyst på. Der finn du masse matbutikkar, utsal av vin og brennevin, klede, store parfymeri og sportsbutikkar. Dersom du planlegg å dra til Citti-Markt er det like greitt å gjere det med det same du går av båten, det er lett å bruke heile dagen der. Det er vanskeleg å kombinere tidsmessig med å “gjere byen” viss du skal tilbake med ferja same dag.

Eg syns Kiel er ein fin shoppingby. Den er ikkje så sjarmerande som Lübeck, ikkje så stor som Hamburg, men oversiktleg og grei. Tyskerane kan øl og god mat, så ein bør unne seg noko godt å spise og drikke medan ein er der. Iallfall er eit konditoribesøk eit must, du finn mange gode kaker i Kiel. God tur!

Eg er her!

08/09/2011

Eg presterte berre å ta ein tur på seminar til Kiel utan mobilladar, og utan den kjære macen min. Då blir det tyst frå mi side.

Eg sto i resepsjonen og tasta medan telefonen lada, men blogginnlegg vart det ikkje noko av. Men eg kjem sterkare tilbake.

I og med at mange tek båten til Kiel tenkte eg å kome med nokre shoppingtips frå denne fine, tyske byen som ein dessverre berre får vere i tre timar om ein reiser med ein av color-båtane. Stay tuned!

Haustetid

06/09/2011

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er.

I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess.

Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og.

Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar den ut, då blir den endå lettare å handtere. Denne deigporsjonen passar akkurat i mi form på 22 cm. Slik gjorde eg det:

Haustpai med fenikkel og pastinakk

Paiskal:

200 g kveitemjøl

100 g smør

1 ts salt

2-3 ss iskaldt vatn

Ha mjølet i matmølla. Eg brukar å sette bollen på vekta og nulle den ut, og så ha i mjølet. Så nullstiller eg på nytt, før eg kuttar opp smøret i bitar litt etter litt, og har det i  saman med saltet. Køyr det til smøret er finfordelt. Ha i vatnet, og køyr til deigen har samla seg som ein klump rundt midtpålen i matmølla. Ta den ut, og ha den i plastfolie. Klem den gjerne ut til asjettstorleik før du legg den på kjøl.

 Set omnen på 200 grader. Kjevle deigen ut, og ha den over i forma. Klem den ut i kantane og i botnen. Riv kantane røft av, men la dei henge over kanten. Prikk botnen, og legg noko i botnen for å hindre at den bles seg opp. Eg brukar glassteinar frå IKEA. Forsteik den i 10 minutt på 200 grader. Kutt av kantane med ein skarp kniv. Set den til side.

Paifyll:

1 stor løk

1 pastinakk

1 fenikkel

1 raud paprika

400 g sopp, eg brukte vanleg sjampinjong

200 g kremost

6 egg

Salt og peppar

Smør og olje til steiking

Eg lagar fyllet medan deigen kviler, det vert mest effektivt. Skrell pastinakken og løken. Fjern om det er noko stygt på fenikkelen, og rens paprikaen. Kutt grønsakene i skiver. Varm smør og olje i ei steikepanna, og la grønsakene surre på middels varme, ein sort om gongen. Dei skal ikkje bli brune, berre bli mjuke og fine.

Legg grønsakene lagvis i det forsteikte paiskalet. Pisk saman ost, egg, salt og peppar, og slå det over grønsakene. Bak paien på 200 grader i 30-40 minutt til den er pent gyllen. Server med ein god urtedressing.

God urtedressing

1 beger rømme eller kesam

1 ts urtesalt

1 ts honning

2 ss hakka, ferske urter

Bland alt, og la det stå og trekke. Eg brukte basilikum og bladpersille i denne dressingen, men du kan bruke det du har, eller bruke berre urtesalt. Smak til om det er salt nok. Server med paien. Velbekomme!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 257 other followers