Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé?
Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni.
Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og.
Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!
22/11/2011 ved 14:00 |
Hei Gunda! No har eg spreidd bodskapen om årets julegåve både på facebook, og i bloggen min der eg omsider har somla meg til å melda Smalhans: http://juksemat.blogspot.com/2011/11/heimkunnskap-reloaded.html
Helsing Mari
22/11/2011 ved 15:59 |
Lykke til med boksalget
Ta en titt her:
http://www.egedenne.com/2011/11/introduser-din-blogg.html
Fint om du blir med
25/11/2011 ved 22:31 |
Det var ein god ide
26/11/2011 ved 08:50 |
[...] Eg vil berre minne deg om dette. Du kan altså bestille signerte eksemplar av Smalhans frå Samlaget. Enkelt og greitt, forlaget betalar portoen og du må berre hente pakken på posten. Så er julegåvene i boks! Eg ynskjer deg ein fin laurdag. Share this:StumbleUponDiggFacebookTwittere-postPrintRedditLik dette:LikVer den første til å like dette post. [...]
03/12/2011 ved 12:39 |
[...] er vi på veg ut døra, for å feire fine fetterar, mellom anna. Men først vil eg berre minne om dette. Viss du vil gje bort ei signert utgåve av Smalhans, så send mail til samlaget, og så kjem den i [...]