Laurdag kveld hadde vi besøk av dei aller beste naboane. Det å berre kunne vandre ein tur over plenen og få venskap, underhaldning, god mat og drikke gjer at eg føler meg priviligert.
Denne gongen var det vi som var vertskap, og vi byrja med kokelimonke og laurdagsgodt. Men etter kvart vart vi fysne på noko salt, og vi tok fram noko god italiensk ost, litt oppskoren bresaola og meir vin.
Til dette måtte det sjølvsagt serverast eit godt brød. Eg bakte eit urtebrød, som også smakte veldig godt til mulligatawnysuppa som vi hadde til søndagsmiddag. Slik gjorde eg det:
4 dl lunkent vatn
8 dl kveitemjøl
1,5 ts tørrgjær
1 ts salt
1 ts knust, tørr timian
1 ts tørka basilikum
1 ss maltekstrakt
2 ss olivenolje
Ha det lunka vatnet i ein bakebolle, og bland i mesteparten av mjølet og alle dei andre ingrediensane. Elt deigen i nokre minutt, og tilsett meir mjøl gradvis til du har ein fin deig som ikkje er for laus og som ikkje er for fast. La deigen heve i 45 minutt.
Set omnen på 225 grader.
Elt deigen saman, og form den slik du vil ha den. Eg lagde eit stort rundt brød, og la det på ei bakeplate strødd med mjøl. Så dryssa eg litt mjøl på sjølve brødet, og kutta eit enkelt aksliknande mønster i det med ein skarp kniv.
La brødet etterheve i ca. 40 minutt, før du bakar det på 225 grader i 30-35 minutt til det er pent gyllent og gjennomsteikt.

28/11/2011 ved 09:18 |
Dette skal jeg prøve som tilbehør til fiskesuppe, med kveitebiter og laksebiter i. Du skal få rapport
28/11/2011 ved 15:19 |
Coming to think of it; på en butikk i byen her får man kjøpt urteblanding for brød fra Judiths Urtehage i Lofoten. Den er beregnet på bruk i brød og har bare organiske urter, såvidt jeg vet. Kanskje det hadde vært noe å prøve?
28/11/2011 ved 16:21 |
Det høyrest kjempegodt ut! Urtene i dette brødet kan definitivt varierast, har du ei god provence-blanding kan den godt gå i deigen.
01/12/2011 ved 17:09 |
Maltekstrakt, er det for sødme og gjærboost, eller av andre årsaker? Hadde vært moro å prøve, men jeg har ikke maltekstrakt. Kunne agavesirup funke like greit?
15/01/2012 ved 15:49 |
[...] dag følte jeg meg litt husmoraktig, så jeg fant oppskriften på urtebrød fra Gundas blogg, og bakte det nøyaktig som oppskriften hennes sier, minus timian. Brødet mitt har stekt i [...]