Arkiv for kategorien ‘Duft’

Nye vennar

10/02/2010

Eg legg til og tek bort lenker til bloggar her på sida innimellom.

 Dei eg tek bort er stort sett bloggar som ikkje lenger er aktive, eller som eg sjølv har slutta å lese. Og ein gong i blant “møter” ein nye bloggarar som er opptekne av noko av det same som meg, som eg legg til lista.

Mine to nye bekjentskap denne veka er Per Christian og Helge og Jorid. Helge og Jorid bloggar saman, om partikkelfysikk, japansk og parfymer. Og jammen står det ikkje noko om korps der og. Per Christian er ferskare i gamet, og konsentrerer seg berre om parfyme. Spennande bloggar, begge to. Ta ein tur innom om du får tid!

Skal vi møtast?

03/02/2010

Eg har lurt på dette ei stund. Skal vi møtast, vi parfymeelskarane? Skal vi ha eit sniffetreff? Eg trur det ville vere kjempestas, sjølv om vi pratast på nettet så blir det ikkje heilt det same som når ein samlast medbrakt flasker og prøver og kan oppleve ” the smell and feel of it”.

Det er mange alternativ, vi kan møtast hos nokon, vi kan finne eit passande lokale, vi kan vere i ein butikk (Glasmagasinet er ikkje uinteressert, Gimle er fint men for trangt, Heaven scent ville vere fantastisk) eller vi kan dra ein stad. Eg har fått ein uformell invitasjon frå DFDS om å invitere med meg duftgale på Københavnbåten til ein gunstig pris. Då kunne vi dra ned ein fredag med foredrag og sniffing, parfymeretta vandring i byen og så båten tilbake søndag, for eksempel?

Kva av dette kunne dokke tenke dokke å vere med på? Eg har laga ein poll under her, der det er mogeleg å velge fleire alternativ. Skriv gjerne i kommentarfeltet kva du har mest lyst til.

Har du sett noko så søtt?

01/02/2010

Desse vart med heim frå Heaven Scent på laurdag. Er dei ikkje nydelege?

Merket er fransk, og heiter Crazylibelule and the poppies, enkelt og greitt. Produktet er ein voksparfyme, i ein beholdar som ser ut som ein stutt og tjukk lypsyl. Akkurat passe til kosmetikkpungen på fest, kontorskuffen eller handveska.

Trettenåringen valde ut “Toi mon prince”, og eg valde “dans tes bras”.

Den har ingenting til felles med Frederic Malle si duft med det same namnet. Malle si utgåve har opptil fleire ting eg ikkje klarer, som til dømes iris, fiol og heliotrop.

Denne er ein heilt annan parfyme, ikkje berre fordi den er ein fast voksparfyme. Den er ein nær slektning av Feminité de bois, så nær at eg faktisk har tenkt å ha den i veska som eit supplement utover dagen når eg har på meg Faminité frå morgonen av.

Den andre vi kjøpte, Toi mon prince, er ein fruity floral, fast på ett bra sätt, som svenskane seier. Den er balansert og fin, med eit hint av eple og mango, og med ein lekker muskprega inntørking. Begge varer anstendig lenge, og så er dei fine å ta med seg, viss ein vil ha meir “opmh” utpå dagen.

Crazylibelule and the poppies har mange dufter, og Heaven Scent har dei fleste av dei, så det er vel verd å stikke innom om du er i byen, og sjekke dei ut.

Ein liten tur rundt i byen…

30/01/2010

Eg har vore ein liten runde på dei viktigaste plassane, og funne ut at det er altfor lenge sidan eg var på shopping.

Det har skjedd store ting, mellom anna har Gimle fått inn Byredo! Byredo er eit svensk parfymemerke, og har hatt ein enorm internasjonal suksess. Byredo har vore særleg populært i USA. Eg lukta på dei sist eg var i Paris, og vart aldeles förtjust.

Eg har Byredo Blanche på mi venstre hand, den er lett, grøn, elegant, floral, ei perfekt sommarduft. Den minner meg litt om Kenzo Amour Florale. Deilig.

Den andre hendinga er at Estée Lauder Jasmine White Moss er i byen! Denne dufta er ein del av Estée Lauders eksklusive Private Collection. Dei skal berre selgast i butikkar som Aerin Lauder sjølv ville ynskje å gå inn i, og Gimle er den utvalde butikken i Oslo.

Det er ei lekker duft, litt høgrøysta i starten, men den endar opp som eit delikat, kjøleg slør av silke. Å lukte på denne er vaksenopplæring for parfymørar som trur at jasmindufter må vere store, søtlege og påtrengande. Den er så flott komponert, med eit hint av isprinsesse. På ein god måte. Denne må du berre lukte på. Den er allereie ein klassikar, og fortener det.

Det er fleire nyhende og, som vert offentleggjort i februar/mars. Eg har fått teieplikt, men eg kan berre seie at det er noko som kjem til å glede mange av oss parfymegale. Hang in there!

Cartier-kupp

23/01/2010

Glasmagasinet sluttar å selge Cartier no i desse tider. No har dei sett fram på salg til halv pris alle saman, så det er mogeleg å gjere eit skikkeleg kupp.

Delice er ei deilig duft dersom du vil ha ein velkomponert fruity-floral, og dei har også ein del av Delice Eau Fruitée, som har blitt hylla som ein vinnar av parfymeekspertar verda over.

Dei har også So pretty, som eg faktisk ikkje har lukta på, men som sikkert er vel verd ein sniff. Baiser du dragon er dei tomme for dessverre, det er min favoritt.

På herresida har dei Pasha, Roadster (den nye i liggande flaske som skal sjå ut som ein bil), Déclaration, Santos og ein til som eg ikkje huskar. (Note to self: Ta bilde. Alltid.)

Santos må dei ha henta opp frå kjellaren, den har eg ikkje sett til sals i Norge på mange år.

Så viss du er i byen, og er glad i Cartier, så bør du nytte høvet. Ha ein fin laurdag!

Boudoir

20/01/2010

Imagine you are a young man, just passed twenty. You are in Paris, at Pigalle, and have been invited to Moulin Rouge to see a show. Who invited you? You’re not sure, you got a card in the mail, and the instructions said to show it to the man in red uniform at the door.

You go there, with plenty of time before the show starts. When you show the card you got to the doorman, he ushers you to the left, through a hidden door in the velvet wall, into the corridors of the Moulin Rouge wardrobes.

A elderly woman follows you through the hallway which surrounds the scene. It’s full of equipment, gaffers running back and forth, all with a designated mission. You pass the wardrobe of the chorus, all the girls who are in the lineup for the show which is taking place in less than half an hour. They are putting on makeup, getting their hairpieces together and putting on their stockings and shoes.

It’s an electricity in the air, the tension which keeps everyone at a high pace, checking their lists and putting things where they are supposed to be.

The last door in the corridor has a star on it. It is being opened for you without a sound, and you go in. The room is quite dark, except for the lightbulbs around the makeup mirror straight ahead of you. The walls are covered with costumes, and everything sparkles and beams at you.

At the table on the right, there are several crystal vases with huge bouquets of flowers. It’s easy to see that one is from Tuesday, the roses have hung their heads down. The other one is from Wednesday, that’s the narcissuses. They are bursting yellow, firm and fragrant, with a sharp green scent. The one from yesterday is a oppulent bouquet of jasmin, white and innocent, completely contrary to the mood in the room, and still perfect.

A woman is sitting on the chair in front of the mirror. She turns her body halfway towards you, and smiles at you. She has put on her costume and makeup, and although it looks as she is ready for you, you know that everything is done for the audience in the theatre. Her hand is being lifted, and you grasp it and kiss it lightly.

She smells of powder, of having made love to somebody not long before you arrived, and there is a hint of sweat too. All these aromas mix with the flowers, and makes the air thick, repulsive and tempting.

If you go up close and sniff her it is almost too much, too intense. But from an inch away it smells like heaven of a man’s world. Sweet, naughty, sexy and frightening. You can smell that she is quite a few years older than you, and that entices you and scares you all at once. You are on the verge of running out the door, but at the same time there is nowhere else you would rather be than here in her Boudoir.

This is written in English for my scented friends abroad. ;-)

Ein liten runde på salg

09/01/2010

Eg har vore ein liten runde på byen, og sjekka kva nokre av parfymeria har lagt ut på salg.

Nokre plassar har nokre få gode kjøp, som Eger, som har YSL Elle og Jean Paul Gaultier (dame) i gavepakke til halv pris. Det er eit kupp, om du likar dei duftene. Dei har også kroppsprodukt til Angel til halv pris.

Steen og Strøm og Glasmagasinet ser ut som om dei er rana, veldig lite dufter igjen, og ingen gavesett så vidt eg kunne sjå. Dei har framleis mange kroppsprodukt, også for kurante dufter.

Den butikken som verkeleg har slått på stortromma for å selge parfyme på salg er Kicks i same bygg som Steen og Strøm. Dei har 30% på masse kurante dufter. JLo-duftene er satt ned, både Miami glow og Deseo, det same er ein flanker av Kate Moss.

Secret obsession er satt ned, det same er Tresór, Diesel (herre og dame), fleire clean-dufter og Jasper Conran (som dei er åleine om å selge i Norge).Versace versense er ei deilig grøn sommarduft, den får du også i gaveeske til -30%.

Blant herreduftene finn du Baldessarini, CKin2u og Hugo Boss, for å nemne nokre få. Her er det mogeleg å gjere eit duftkupp, altså!

I Bodø

30/11/2009

Eg er ein liten svipptur til Bodø for å halde eit kurs her. Bodø har mange gleder, her er nokre av dei: 

Utsikta frå eit herverande kontorbygg: 

Ei parfymesamling eg kom over, dei femten på første rekke blir med meg heim for nesten ingen pengar:

Og ein parfyme eg aldri har sett før. Markant tonkapreg, har ikkje sjekka ut notane enno. Fekk litt sånn clinton-følelse…

Ein fin tur, altså! :D

Eg har trekt!

29/11/2009

No har eg trekt ut vinnarane som skal få ein pakke med parfymeprøver kvar.

Eg var innom Glasmagasinet, og dei putta så mange prøver oppi posen min at eg gir bort to damepakkar, har eg kome fram til.

Vinnarane blant damene var Mayblomst og GundaM, og herrevinnaren er Helge. Du får få din pakke gjennom vår felles forbindelse Ovedia, tenker eg, Helge.

Mayblomst og GundaM: Ta kontakt, slik at vi får snakka litt om preferansar og slikt, og ikkje minst at eg får adresse å sende pakken til.

Takk til alle som deltok!

Nye dufter, og litt om Tuberose – Polianthes tuberosa

14/11/2009

Eg var ute på ein bitteliten runde i dag, faktisk var det ikkje ein runde i det heile. Eg var berre innom min faste plass; parfymeavdelinga på Glasmagasinet. Der hadde dei fått inn nokre interessante dufter.

Eg prøvde på meg Eau Mega, den nye dufta frå Viktor & Rolf. Den byrja litt søtleg og rotete, ein del søtleg frukt, men morsomt nok endar den opp med ei elegant, kjøleg inntørking som er prega av sandeltre og musk. Den minner meg om Kenzo Amour Florale, og det er ein kompliment. Om den varer noko veit eg enno ikkje, men førsteinntrykket er positivt.

Men den store overraskinga er den nye duftserien frå La Prairie. Dette er ei av dei mest spennande lanseringane dette året, etter mitt syn.

La-Prairie-Life-ThreadsGold er den enklaste av dei tre, den mest lettlikte. Den er ein krydra floral parfyme, med plomme og tangerin, ei sitrusfrukt med tjukt, aromatisk skal. Under ligg myrra og ulike krydder som gir varme og djupn.

Eg vil tru at veldig mange vil kunne trivast med denne. Dette er ei duft du godt kan kjøpe i gåve, gjerne til ei elegant, vaksen kvinne.

Platinum er ei klassisk chypre-duft, med eikemose/bleiktjafs, patchuli og lær langt framme i duftbildet. Etter mitt syn er dette ei unisex-duft, eg kan veldig gjerne tenke meg å lukte denne på ein mann. Amber og kardemomme gir også varme til denne, men mest av alt er det ei markant duft som eg assosierer med Chanel Cristalle på testosteron.

Silver er den store bomba, med tuberose som hovudnote, saman med ein deilig, skitten, sexy jasmin, ein tørr og rampete vetiver og elegant sandeltre. Denne tek opp stor plass på skrivebordet mitt, sjølv om den berre er på ein liten papirlapp.

Denne har sillage, den tek altså plass når du har den på deg. Ein sprut på ryggen eller bak knehasene er nok passe dosering av denne til dagleg.

tuberoseTuberose er ein note eg slit litt med, den blir for voldsom å gå med på huda for min del. Men eg kan tenke meg at mange av dokke som les om dufter her set pris på denne noten. Dersom du likar Y eller Fracas er Silver definitivt noko du bør prøve.

Tuberose er ein kvit blome med sverdforma blad, og jordknollar som svell ut og er svært aromatiske. Trass namnet er dette ikkje ei rose, det er ei lilje, nær i slekt med påskeliljer. Dufta er karakteristisk, ein grønn floral note som ikkje er skarp, heller fruktig, men ikkje syrleg. Eit hint av honning har den og.

Når den tørkar inn får den eit pudrete preg, og er del av ei lang rekke klassiske damedufter. Eg har allereie nemnt Y og Fracas, eg kan legge til Arpege frå Lanvin, Juicy Couture, Carnal Flower (Frederic Malle) og Poison. Verd å prøve altså, dersom du er komfortabel med tuberose som “din” note.

Til dei hagegale av oss kan eg berre seie at det er mogeleg å få tak i tuberoseknollar i Norge, eg har sett dei både hos Brumunddal frø og hos Hageglede. Men den vil ha 4 månader varm sommar for å blomstre, så den er for optimistar i sone 1.

Meir parfymebråk

14/11/2009

Ikkje før har vi lagt bak oss parfymeinnbrotet i Grimstad, får vi denne saka frå Motala i Sverige. Ei kvinne i førtiåra trua ein anna kvinne på same alder med å ta livet av henne fordi ho hadde på seg for sterk parfyme. Det skal ha toppa seg etter langs tid diskusjon om denne parfymen.

Vi får berre trøste oss med at det er ho som trua som no er beden om å halde seg unna arbeidsplassen, og ikkje ho med parfymen…

Like glad i parfyme som meg?

10/11/2009

Odden parfymeri i Grimstad har blitt rana for eksklusive dufter verd 2 millionar! Ojojoj, eg kjenner parfymegale i Grimstad, men så desperate er dei ikkje, trur eg. Vi får vone at duftene får kome tilbake til sin rettmessige eigar raskt. Og vi får halde augene opne for “for billige” dufter.

The One

10/11/2009

Eg har fortalt at eg elskar D&G The One? Sjekk ut denne:

Bond no. 9 i Oslo

17/10/2009

IMG_2277Gimle har teke inn New York-merket Bond no. 9. Parfymøren Patrice Rahme, opprinneleg frå Frankrike, har budd i New York i 25 år, og har latt byen og menneska inspirere seg til å lage ei rekke på 39 dufter.

Gimle har fått inn 35 av desse, som har dei kulaste flaskene du kan tenke deg. Bond no. 9 har samarbeidd med kjente kunstnarar for å lage flaskene, og sjølv om alle har same stjerneforma fasong så framstår dei som forskjellige.

Duftene er velkomponerte, spennande, varierte og moderne. Ta ein tur innom og sniff deg igjennom dei!

I’m in love!

10/10/2009

IMG_1444Eg skreiv om Printemps og La Fayette, og kva dei hadde av dufter, men det var før eg hadde vore på Le Bon Marché. Le Bon Marché ligg på Rive Gauche, venstresida, som eigentleg er nedsida, nedanfor Notre Dame og Seinen. St. Germain er bydelen,

Le Bon Marché er rekna som verdas første kjøpesenter, Emile Zola sin roman Damenes paradis foregår i denne butikken. Den har blitt kjøpt og selt mange gongar, men det gjer ingenting. Når det gjeld fashion inneheld den Chanel, Vivienne Westwood, Comme Des Garcons og andre grisedyre merke.

Men når det gjeld parfyme har den ALT. Miller Harris, Serge Lutens, Byredo, Isabey, Annick Goutal, Kilian, Aqua di Parma, Diptyque, Hermès, L’Artisan, Delrae pluss  alle dei vanlege.

IMG_1447Og midt inni der, i undertøysavdelinga, ligg det ei nydeleg lita Caron-avdeling. Ein lekker toalettkommode, der du kan sette deg ned og prøve alt dei har å by på av Caron-dufter.

Det einaste usjarmerande ved heile butikken var eit strengt praktisert fotoforbod. Men der har eg blitt ganske rutinert, eg held kameraet klart, ryggen til motivet, så snur eg meg rundt som ein annan papparazza og knipsar. Veldig effektivt, eg lurer dei kvar gong. Er du i Paris, og har to timar, så bruk dei på Le Bon Marché.