Livet, Lykke
Comments 2

Endeleg snart mandag?

Ja, akkurat no skulle eg faktisk ønske at det var mandag. Dokke veit, kjærleik får ein til å ønske seg andre ting enn ein trudde ein ønskte seg. Mandag er min kjæraste tilbake i Norge, og vi får tilbringe ein kveld saman. Så enkelt er det å bli lykkeleg. 🙂

Men det vert ei fin helg likevel. Kjære, den flotte mannen hennar og eg vender nasa mot sørlandet, og den fine lokalpuben Moringen i Kolbjørnsvik vert vår «hangaround-plass» denne helga. Hisøya, here we come!

Eg ynskjer alle som er innom her i dag ei fin helg, ta vare på kvarandre, og fortel dei du er glad i at du er det.

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Du verda, så kjekt å høyre at du har det så godt! Når berre helga er over, då. Du: Inger Christine og eg skal ete føremiddagsmat saman på fredag om ei veke. Har du lyst til å vere med?

  2. Det høyrest veldig spennande ut! Eg trur det skal gå fint, så vidt eg veit har eg ingen spesifikke planar den dagen.

Leave a Reply