Kunst, Musikk
Comment 1

Where corals lie

«Du har sunget med mange», sa sonen min til meg, i eit av dei mange tilfella der vi høyrde nokon synge på tv eller radio, og eg sa h*n har eg sunge i kor med! 

Eg var altså så heldig at eg fekk synge i eit fantastisk kor tidleg på nittitalet. Mange av dei som var med der var sangstudentar på musikkhøgskulen, og har seinare fått suksessrike karrierer.

Ei av dei flottaste stemmene eg sto skulder ved skulder med var Marianne Beate Kielland. Ho bur i Nord-Norge, men fartar land og strand rundt og syng med si flotte mezzosopranstemme. Her syng ho «Where corals lie» frå Edvard Elgar sin syklus «Sea pictures». Nydeleg.

This entry was posted in: Kunst, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Åh, nå ble jeg rørt og nostalgisk her! Jeg var nemlig så heldig å få synge på en nyttårskonsert med henne, i en tusen år gammel steinkirke i hjembyen min i nord for mange år siden. Utenfor kirkevinduene raste snøstormen, og inne var mørket opplyst av lysekroner med levende lys. Og sang. «Fra fjord og fjære», Poulencs julemotetter, Brittens «Hymn to the virgin» og så videre. Det er helt seriøst den aller fineste konserten jeg har både vært med i og hørt. Helt magisk.

Leave a Reply